Jump to content
Arkivverket

[#55815] Erkeb. Olav Engelbrigts. og slektskr. rundt han i Trondenes og omegn


Guest Finn Oldervik

Recommended Posts

Guest Tore H Vigerust

Løsningen må være at både Peder Pederssen (Staur) og Peder Pedersson (Rytter) er etterkommere til Aspa-ættene samt er i nær slekt med erkebiskop Olav Engelbrektsson. Kanskje begge er Olavs farfars brorsønnesønner. Ja, det må jo være slik, siden begge har vært i nærheten av Trøndelag mens erkebiskop Olav levde. Da må også begge ha hatt tilknytning til Trondenes, Nordmøre og alt som er. Da sier vi det slik. De som er uenig, må føre motbevis. Husk referanse til alle kildene.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Are Gustavsen!Eg trudde faktisk at du hadde såpass innsikt at du forstod at det er naudsynt å koma med ein del påstandar for å kunne formulera ei arbeidshypotese. Berre tida vil vise om påstandane held vatn. Så vidt eg hugsar er det berre ein påstand som så langt er prova å vera falsk i denne tråden, nemleg Tore sin påstand om at sønene til Ivar Trondsson i Aspa var oppført etter alder i den etter kvart så kjende tavla. Dette overser du glatt, det er jo mine ”påstandar” som er farlege?Ein slik gjennomgang som eg har lagt opp til her vil krevja innsats over lang tid, truleg fleire år. Det er altså ei slags form for teamwork eg har lagd opp til, utan at det så langt ser ut til å ha fungert heilt etter planen. Sjølv om eg har kasta ut fjernsynet, så er det likevel vanskeleg å finna nok tid til å gjera ein grundig nok jobb på eiga hand. Dei som truleg kunne ha levert mange viktige bidrag, vil ikkje menga seg med ”amatørar og nybyrjarar” (med eit hederleg unntak for Tore Vigerust inntil no), medan storparten av dei andre er bortskremde av måten dei er vorte handsama på av dei same sjølvutnemnde guruane (og paradigmeeigarane?). Eg veit at det finst folk her på forumet som har store lokalkunnskapar, og som til dømes straks er i stand til å identifisera ein gard ut frå eit namn som kan verka heilt framandt for ein ukjend. Det er m.a. frå slike eg treng hjelp. Bygdebokforfattarar sit ofte også inne med store kunnskapar om lokale tilhøve kringom i landet. Eg meinar med andre ord at det er unaudsynt at alle veit alt om vi samarbeider om å avdekkja sanninga i staden for å sitja på kvart vårt mørke kontor med lorgnetten på plass og blekkhuset innan rekkevidde, medan vi studerer den same litteratur frå 1800-talet og ivrig noterer opplysningar som truleg er gått ut på dato for lenge sidan.Når det gjeld dine planar for eit såkalla seminar, så må du gjerne arrangere det ein eller annan staden for meg. Langt på veg meinar eg at denne forma for arrangement er i ferd med å verta utdatert i dataalderen. Det ligg i alle fall langt frå det som eg finn som ei tenleg arbeidsform. Truleg ville eg ikkje ha delteke sjølv om du la det til min eigen hage.

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Are:Det aller meste av det som gjeld mål og vekt må gå ut som feilaktig. Steinnes rota til Landslova sine føresegner på det mest amatørmessige. Enno er Steinnes sine ville 'såld', merker og mæler gjeldande lære.Jordbrukshistoria må skrivast heilt om. Folltallet for korn var ikkje 3-4, men 6 (dette var det ein rekna med). Landskylda var ikkje 1/6 av bruttoproduksjonen, men 1/24. Korntienda blei svart på grunnlag av den pårekna nettoproduksjonen (i samsvar med landskylda), ikkje på grunnlag av den aktuelle bruttoproduksjonen (kvart tiande nek, etter Lunden). Korntienda var 10 %; tienda av andre varer var svært lita.Ålmennhistoria må også reviderast. Folkemengda i Fastlands- Norge før Manndauden var ikkje 400.000, men over 600.000, kanskje meir. (Folkemengda er lett å rekne ut når ein kjenner den samla landskylda.)Helle, Bjørkvik og Lunden, og fleire med dei, har rett og slett ikkje forstått det norske mellomaldersamfunnet. Å bere ut all 'skiten' tar tid, men eg er i full gang. Resultatet blir å finne i både artiklar og bok (sjølvsagt etter nøye fagfellevurdering).Når det gjeld framståande historikarar i Norge med genealogisk kompetanse kjenner vi alle disse (få), så eg treng ikkje nemne namn.

Link to comment
Share on other sites

Guest Are S. Gustavsen

Finn og Bjørn:Dette høres betryggende ut. :-)På den ene side slipper jeg å bekymre meg over å måte bistå ved et tenkt fagseminar, om dette nå enn måtte være aktuelt å holde i en hage på Aure eller i en nedasfaltert eller brolagt middelaldersk kålhage her i Bergen. Etter det jeg forstår vil det nå kun hyppes i vår alles kjære Cyber-kolonihage her på bruket. Virtuell demagogi kan se fremtiden lyst i møte skjønner jeg.På den annen side vil heretter det meste av nyskriving skje i atlanterhavsk eksil med tanke på bindsterke forskyvninger av vårt allmenne tankegods, og det i middelaldersk mangfold.På den helt tredje side vil det nå være aktuelt å invitere både Finn Oldervik og Bjørn Jonson Dale til å sammfatte de løse genealogiske trådene i flere av debattene, slik at redaksjonen i Norsk slektshistorisk tidsskrift kan få dette til vurdering.Som kjent har NST fagfellevurdering og jeg tviler ikke ett sekund på at man vil slippe til, om det finnes substans og godt språk til stede i de tilsendte utkastene. For 'teamwork' er vel og bra, men det å vinne ny viten kan vanskelig skje om man unnslår seg nasjonal publisering gjennom et faggenealogisk tidsskrift.Hansken er herved kastet!Are

Link to comment
Share on other sites

Guest Tore H Vigerust

Det har dukket opp nye kilder i Diplomatarium Norvegicum Lenke om at Peder Pedersson var sønn av erkebiskop Olav Engelbrektssons bror Peder Engelbrektsson. Dessuten viser det seg at Peder Pedersson levde i bigami og er stamfar til både slekten Staur og Rytter, fra hver av hans kvinner. Kun Rytter-grenen arvet Borregård-godset. Peder Engelbrektssons andre sønn, Jørgen Pedersson, arvet Bremsnes fra stamfaren Trond Ivarsson, før midten av 1400-tallet, slik at Jørgens sønn, Henrik, skrev seg til gården som sine ættefedrene. Mens Peder Pederssons stor gods, fra den andre kona, gikk i arv til barnebarnet Maren, som var gift med Bjørn Jonson Dales favoritt, Carsten Jonsson Randall til Førde, og dermed er også disse etterkommere til Aspa-ætten. Vi gratulerer.

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Det blei jo reine julaftan dette, Tore. Synd at pakkane var tomme. Nesten. For det er rett (det einaste) som du skriv at Henrik Jørgenson Staur, son av Jørgen Pederson (til Nervik, ikkje lagmann Jørgen Pederson)), skreiv seg 'til' Bremsnes. Dette har du sjølv opplyst.Ellers ser det ut til at du går i surr.

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Til truskuldige sjeler:Tore sitt innlegg 232 var eit forsøk på å vere ironisk, Han har eit visst talent, det må vi vedgå, men han overtyder ikkje heilt.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Jau, Tore kan nok også servera ironi, og det tåler vi.Sidan vi no er inne på slekta Staur. Er det nokon som veit når namnet kom i bruk? Er det våpenmerket som har gjeve namn til slekta, eller kan det vera at namnet kjem frå Staur gard på Stange?

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

På grunn av dei såkalla kilmaendringane, så er det vel ikkje så aktuelt med hanskar lenger. I min ungdom derimot brukte vi hanskar når vi skulle ut på fest og tøffa oss.Elles Are, om du tenkjer på dette med skriving, så er planane klare for opptil fleire artiklar. Men tida er nok ikkje mogen enda. Eg er i ein fase der jobben krev for mykje, slik at konsentrasjonen vert for dårleg til andre gjeremål. Men når og om dette endrar seg, så vil eg absolutt prøva å laga nokre skriftlege produkt med grunnlag i nokre av dei trådane eg har starta her. Det er jo heller ikkje så svært mange åra før eg kan presentera meg som pensjonist om eg vil.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Til Karin (204)Du bommar vel litt her og blandar saman namna, Gudrun og Gjertrud, der sistnemnde var kona til Peder Amundsson frå Andenes.For å repetera litt, så var altså denne Peder Amundsson bror til Torges (Tørris) Amundsson på Igerøya, der sistnemnde var gift med unge Anngerd Torsteinsdotter Kuse. (unge Anngerd var dotter til Anngerd Arnesdotter, dotter til Arne Trondsson på Husby, son til Trond Ivarsson osv).Eg vil tru at unge Anngerd var født ein gong i åra rundt 1480. denne unge Anngerd Torsteinsdotter Kuse g. m. Torges Amundsson på Igerøya hadde også ei syster, Elin Torsteinsdotter Kuse (ho er ikkje oppført i Aspa-tavla, men nemnd som seljar av Aspagods til Torstein Eriksson). Sistnemnde Elin vart gift med opprørsleiaren Herlog (Hallvardsson ) Hudfad frå Stange på Hedemarken. Slektsforskar og bygdebokforfattar, Svein-Erik Ødegård har identifisert denne Gjertrud som var mor til Dorthea Pedersdotter til Flateraker m.fl. å vera syster til Herlog Hudfad. Eg skal ikkje gå nærare inn på dette her og no, men det var ein av etterslekta til Herlog Hudfat som til sist vart verande med godset til Dorthea Pedersdotter (som var odelsgodset til mora, Gjertrud). Denne etterkomaren heitte Oluf Torsteinsson på Nøttestad, og var soneson til Herlog Hudfad. Det var i 1622 at Oluf vann denne retten, og han måtte da væra ein gammal mann.Som sagt så har Ødegård identifisert Gjertrud, (mor til Dorthea, Hans og Jens Peders) å vera syster til Herlog Hudfat (sjå m.a. side 263 i Ødegård, S-E. Under konge og kirke 1000 – 1660. Stangeboka II). Utan at eg har gått særleg grundig inn i dette, så trur eg heller at Gjertrud var dotter til Herlog Hudfad og Elin Torsteinsdotter Kusse. Eg synes dette høver betre reint kronologisk, og dessutan trur eg også mykje av jordegodset som er rekna å vera etter Herlog, eigentleg kom frå Elin og at det var grunnen til at etterslekta greidde å vinna attende godset som vart konfiskert i samband med opprøret til Herlog Hudfad. I tilfelle samanhengen er slik, så vart altså Oluf Torsteinsson søskenbarnet til Dorthea på Flateraker på Dorthea si morside. Men som sagt, førebels er dette flyktige tankar eg har gjort meg ein sundags føremiddag.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Har lest om igjen artikkelen som Ødegård offentleggjorde i NST 28 s. 237 ff (1982), samt ein kommentar av Geir L. Leistad i NST 29 s 101 ff (1983).Truleg har det vore offentleggjort meir om Herlog Hudfat enn dette. Meiner å ha sett at Ødegårds identifikasjon av Herlog som den same som Oslorådmannen Herlog Hallvardsson er trekt i tvil. Det same er truleg da også Peder som son til Herlog Hudfat?Eg skal ikkje gå inn i denne diskusjonen, berre konstatera at både Ødegård og Leistad har mest tru på at mor til Dorthea Pedersdotter m.fl., Gjertrud, er dotter til Herlog Hudfat og Elin Kusse, ikkje syster til Herlog. Elles er det jo også interessant å sjå at gods som har høyrd Hartvig Krummedike til, dukkar opp som Hudfatgods i følgje Ødegård (Var også Arne Trondsson på Husby i live då Hartvig døydde, ikkje berre Ivar Trondsson i Aspa?).Er det forresten nokon som veit kvar ein kan skaffa ein kopi av Hartvig Krummedikes jordebok v Nils Kjær (1908) event. Ole J. Benedictows avhandling om same emnet?

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Eg vil no gå litt attende i debatten og ta opp igjen drøftinga om kvar Lund låg. Sjå m.a. innlegg (114) av Johs Hammer og følgjande innlegg som omhandlar stadfestinga av setet til Olav Engelbregtsson sin bror, Trond Engelbregtsson til Lund.Eg kom tilfeldigvis over ei nettopp trykt kjelde som ganske greitt bør stadfesta at Johs har heilt rett når han legg Lund til Lundøya ved Engelsøya. Denne kjelda er oppgjeven og utgreidd i NST 40 i ein artikkel av Per Reidar Christiansen s. 91 ff ; ”Frang, Store Re i Stange – brikker i ett og samme genealogiske puslespill”. Sjå s. 115 og 116. I NRR III står det noko om ei Gjertrud Guttormsdotter som vende seg til kongen for å få hjelp i høve ei trette ho hadde med bror sin. Tretta handla om eigedomsretten til Lund som Gjertrud hadde fått tildelt etter mor deira. 5 år seinare var same Gjertrud involvert i ei anna sak om eit uspesifisert jordegods, og bustaden hennar vert da oppgjeven å vera Myklebostad i Salten len. Motparten i tretta var Peder Hansson (Schønnebøl), så saka vert overlete til lagmennene i Oslo og Opplanda.I artikkelen til Christiansen vert det vidare fortald at under Engeløya fjerding i Steigen vert det nemnd ei hustru Gjertrud Guttormsdotter som skattar for noko jordegods der. Ho vart kalla Hustru Gjertrud på Lund da ho i 1617 og 1618 skatta av 6 våg fisk i Lund i Engeløya, 3 våg fisk i Hjartøya i Folda og 1 våg fisk i Husøya. Nøyaktig den same godseigedomen hadde også Per Andersson på Myklebostad i Steigen i 1610 – 1613 . Etter at Per døyr vert heile eigedomen overteke av Petter Persson og Torkjell Jensson på Lund. Per døydde i 1617, og da vert godset som han og Torkjell hadde samen overført til hustru Gjertrud. Arvingane til Petter skatta likevel, både i 1617 og 1618 av 4 pund fisk i Skagstad (i Steigen) og ½ våg fisk i Øksnes i Hamarøy, gods Petter sjølv stod for det siste året han var nemnd. Godset han var imidlertid kome i eiga til hustru Gjertrud Guttormsdotter seinast på nyåret 1625. Ho skatta da for 6 våg fisk i Lund, 2 våg fisk i Hjartøya, 1 våg fisk i Husøya, 4 pund fisk i Skagestad og ½ våg fisk i Øksnes. Dei siste oppgåvene er frå statthaldaren si adels- og odelsjordebok. Lensrekneskapa har henne berre som eigar av 5 våg ½ pund fisk i Lund. Jordegodset ho elles er oppført med i jordeboka for 1625 er det Torkjell Jensson som eig desse åra. I 1631 er Gjertrud omtalt som salig og etterpå tilhøyrer godset hennar Torkjell Jensson.Same året skattar Torkjell av noko gods på vegne av ein Hans Klausson på Helgeland. det er 1 pund 6 mark i Lund, 1 våg fisk i Hjartøy og 4 pund fisk i Skranstad.Eg skal koma attende til eigedomshistorikken til desse gardane, slik Christiansen tolkar det i eit seinare innlegg.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Eg lova å koma attende til resten av artikkelen i NST som omhandlar Gjertrud Guttormsdotter og slektskrinsen rundt henne. Mange av dei som les denne tråden har nok NST sjølv, slik at dei kan lesa om dette der, men som ei hjelp til dei som manglar heftet tek eg med resten, skjønt eg vil tilrå interesserte å skaffa seg det aktuelle heftet m.fl.Christiansen er ikkje heilt klår når han skal forklara korleis desse litt merkelege eigedomstilhøva skal forklarast. Petter Persson oppfattar han som ein son av Per Andersson som hadde godset i tidsromet 1610-1613. Dette høyres ikkje urimeleg ut, men når han hevdar at Torkjell Jensson kan vera ein svigerson eller steson, er det litt vanskeleg å følgja Christiansen. Eg har meir tru på at Torkjell er ein soneson til hustru Gjertrud og at Per Andersson kan vera ein farbror til den same Torkjell og son til Gjertrud. Petter Persson kan vera daud utan livarvingar og godset hans fell da attende til Gjertrud. Når så Gjertrud døyr, går godset hennar til sonesonen Torkjell, og til ei sonedotter gift med ein Hans Clausen på Helgeland, samt noko til ei anna sonedotter, som held til på Hjartøya i Folda. Ho heiter Synnøve Jensdotter og eig heile den sistnemnde garden i 1647 (4 ½ våg fisk). Det var nettopp i denne garden at Hans Clausson fekk 1 våg fisk i 1631. Synnøve åtte i tillegg 3 våg fisk i storgarden Mårnes i Gildeskål fjerding, medan Torkjell sat med 4 våg.Christiansen nemner også at Per Andersson på Myklebostad vert nemnd som fremst av dei tre mennene frå Steigen som vert sendt til Christian 4. hylling i Oslo 1591. Christiansen tippar at han kan ha vore bondelensmann. Christiansen trur at Per kunne vera ektemannen til Gjertrud, medan eg har mest tru på at han var ein son. Eg grunnar dette på at Gjertrud oppførte seg så sjølvstendig då ho gjorde krava sine gjeldande både ovafor broren og ovafor Peder Hansson (Schønnebøl) som vel var gift med ei systerdotter til Gjertrud. Det kan neppe vera særleg tvil om at Gjertrud var dotter til Guttorm Daleson frå Frang på Hedemarken og Eline Trondsdotter til Lund (brordotter til erkebiskop Olav Engelbrigtsson?). Vi får også kunnskap om at Gjertrud (og Karen) hadde ein bror, utan at vi kjenner til kva denne broren heiter.Christiansen kallar elles dette eit første forsøk på å kartleggja denne slekta, slik at at det kan godt vera at ting heng saman litt ansleis enn det som her er skissert.Eg vonar at nokon lokalkjende i området kan gripa fatt i dette for eventuelt å få fleire brikker til å falla på plass. Det er truleg mange som nedstammar frå Eline og Guttorm i Steigen/Hamarøy?

Link to comment
Share on other sites

Guest Johs H Hammer

Jeg har vært av stades i 16 dager, men har fulgt med såpass at jeg har sett at det i tråden er frambrakt mye interessant stoff.For min del er det faghistoriske bidraget til Bjørn en ren øyeåpner, hva angår sosiale roller i erkebispens og bispenes organisasjoner. Det sier noe om hva vi kan 'se etter' av sosiale posisjoner.Det er også frambragt mange interessante kilder, som jeg ikke har kjent til. Jeg ser fram til, for min egen del, å gjennomgå dette nøyere.Jeg tror vi må leve med, i et forum som dette, at kravene til holdbare konklusjoner vil sprike en del. Og at besvaringen av mange spørsmål vil være ulike.Jeg vil berømme Finn for å ha tilrettelagt for den flotte utveksling som denne tråden har blitt. Helt uavhengig av om det skulle generere noe ift NST.Men å få fram 'ny' kunnskap eller interessante hypoteser, må jo uansett være et viktig mål.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Eg undersøkte ikkje tidlegare innlegg i tråden før eg posta mitt siste (241).Innlegg (132) av Johs fortel m.a. at det var ein Jens Eriksson som skal ha budd på Måløya og at denne Jens var bergensborgar. I tillegg opplyser Johs at den same Jens også åtte Mårnes i Gildeskål. Dette skulle etterlata liten tvil om at denne Jens måtte vera far, både til Torkjell Jensson og truleg også til Synnøve Jensdotter. Helst var han gift med ei dotter til Gjertrud Guttormsdotter.I innlegget etter, innlegg (133) opplyser så Bjørn Jonson Dale at Jens Eriksson Måløyen tok borgarskap i Bergen i 1619. Vidare fortel Bjørn at det var ein Anders Olsson på Måløya som skatta av ei jektelast på 880 våger fisk i 1563 og vidare at ein Peder (Per) Andersson på Måløya er nemnd blant dei 24 eldste, svorne lagrettesmennene i Nord-Noreg som skreiv under på ei klage i 1571. Det vert jo freistande å tru at denne Peder Andersson frå 1571 er identisk med eigaren av Lund m.m. frå 1610-1613. Anders Olsson frå 1563 kan vera far til Per, men kanskje er det tvilsamt om han er mannen til Gjertrud. Det kan sjå ut som om det er meir rimeleg at Peder Andersson likevel er ektemannen hennar? Den hustru Maritte i Molløen som Absalon nemner kring 1570 kan då vera mor til Peder Andersson og svigermor til Gjertrud Guttormsdotter.

Link to comment
Share on other sites

Guest Johan Marius Setsaas

Steinvikholmens som siste skanse for erkebiskop Olav Engelbregtsson er velkjent, også at denne skulle holdes for denne etter hans flukt til Holland i 1537.Dialogen mellom 'slottsloven' og den danske styrken som da lå ved Trondheim og Steinvikholmen, er velkjent, om omtales også et par steder i D.N., bla. i et brev av 24. april 1537. (D.N.12 nr. 576)Lenke Like kjent er kanskje ikke selve overgivelsen av Steinvikholmen den 18. mai 1537, da dette brevet ikke er trykkt i D.N. (...ennå).Steinvikholmens overgivelse(Steinvikholmen den 18. Mai 1537)Vij her efterscreffne Knudt persson, dekenn, Torphin Olufson, Canicker vdj Trondhjem, Søffrin Morthensson, slotzfogit paa Stenuicholm, Jøren perssen, Einer tield, Christoffer Nielsson, aff waben, Anders Suenskiæ, Christoffer Raualdson, Niels Jonsson, tord Engilbrichtzsson, Peer Selandzfar oc beint suenskiæ, skicked vdi Slotzlaagen paa Stenuicholm aff verdigste fader i gud Her Erchiebisp Oluff til Trondhiem, pafuelig Sedis Legatt, wor kere Herre, met sampt menige Hoffmend ther samme steds, som tiene for klede oc penninge, bekenne oc gøre vitterlig ffor alle, Att efther thi werdigste fader forde wor kere Herre Her Erchebispen er dragen her aff LAndett oc, som wij wdj sanning fforfarid haffue, haffuer tuenne gange met besiglde breffue hylid, kaarid, samtyvckt oc handgongit Hougborne furste Her Christiern, met gudz naade Norgis, Danmarcks, Wendes och Gottes Konningh, Hertid vdi Slætzuick, Holsteen, Stormerenn och i Dytmerschen, Greffue vdj Oldenborg och delmenhorst, Wor gunstige, keriste Nadige Herre, Och som wij alle sammen fforfarid oc wdi sandhet bemert haffue aff forde Her Erchiebisps Handel, skick oc kort affskeid, som hann oss beuiste, then tiid Hann her affdrog, tagende her aff Slottett Sylff, Gull, Skytt, Krudt och andre merkelige then Helgie Kirkes Klenodier, Loffuende oc tilsiende oss alle att wille schicke hid til Stenuicholm ifra Skipene, som then tiid laage for Munckholm, fførst ij tner Kruutt met mange andre stycke, som longt waar att skriffue, ther ffor toog Hans Naade met sig forde Her Torphin Olufson, Cannich oc, at wij skulle met Hannem faa all wor affskeid effther wor negiering vnder hans besiglde breff, huilid wij icke finge, men skyndede forde Her Thorphin strax aff Skippett oc til byen. Sidhen kom han honnom icke till talss. Ther nest loffuid hand oss paa Christelig tro och ære at ville schicke oss hiid til bage, naar han wore kommen vdt til siøkanthen, eith pergamente breff met hanss Naades Hengendiss insigel oc god Christelig fforuaring, att wij aldrig naaghen tiid skulle till tales aff salige hugkommelse Her Niels Lyckis barnss penninge, Sylff oc gull, Klenodier &c; ther for toog han med seg ein aff the, som schicked war wdi Slotzlaøken mett os, Kristoffer Nielssonn aff waben, paa thet at wij thes ytterligere tro skulle Haness ord och løffue; Huilkid wij icke eller finge. Tha effther thi han haffuer saa bedragett oss met søde, fagre ord, som langt waare ffraa Hierthett, haffue wij au wdi the hellige trefoldighets naffn giffuid oss wdj handell met Hougborne ffurste wor Kereste Nadigste Herres, vnge Konnings Christerns ffrederickszons, offuerste Hofuitzmend ffor Hanes kongelige Matts kriigsfolck Tord Rood, Jens Spleidt, Peer Persson, webnere, Trond iffuersszon oc Hermand Olrøch, szom nu her o legrid ligge, i saa maade som her effther fylgier. Paa thet at Norges fatige indbyggere oc Almuge icke framdeliss ydermere skade, Plass oc forderff lide skerle, en the Her til dags ledit haffue aff fforde Erchiebisp oc hanss wchristelig handell, Haffue wij loffuid, suorid och tilsagt forde wor kerieste Nadigste Herres høffuismend her i legrid paa wor Christelig tro, loffue, ære oc relighett, at holde kongelige matt thette Slot Stenuicholm til hande, Thet at vpgiffue kongelige matt, heller hanss kongelige Matts fulmyndige befalingsmends met thesse hanss Nadis høffuitzmend i Legrid Med saadan beskeid, forord oc gode fforuaring met puncter oc Artickler som her effther fylgier: Fførst at Deken Knudt Persson begærer for seg ath affgaa Stenuicholm ffrij, secker oc felig, och afføre hues hand ther indført haffuer, och huess penninge hand haffuer at fforuare for andre til truer hand, som kongelige matt suaaritt oc hangomgitt haffue. Item, at all fiendelig handel, aom sket er met kongelige matt wor kereste Nadigste Herre aff Erchiebispen skall bliffue en død oc afftalet saach. Item, att forne Deken maa nyte, bruge och beholde hans Dekendømme met kongelige mattis gode, gunstige oc naadeliige wilgie wdi sin Naturlige liifftz tiid, Hans Nadhis kongelig matt for en fatig, ydmyg tro Cappellan och tiener. Item, at kungelige matt ville nadheligen beskerme oc forsuare ham for then Lygn, som Christoffer Trondssen och Gaute Toraldsson hannem paaført oc sagt haffue, at han skulde ware voldende vdi Hr. Wincentij død, hues sel gud were Nadig och barmhartig euinnelig, Huilkid han aldrig bekenner sig giort haffue, oc aldrig naaghen hanem paa beuise skall. Item, att forne Deken maa beholde och nythe huess han nu haffuer paa sine gordhe Trondeness och berg, met all sin renthe oc rettighet. Item, Her Torphin Olufson er begærende att nyte oc bruge sit preæstegeld stiørdalen met all sin renthe och rettighett, som han hertil dags vpbssrit haffuer, Och huess delid paa wernes gordh nu til stedhe er; ite, och hues han infort haffuet paa Stenuicholm maa saa friit wdføre igen, och incktid meyre, paa sin Christelig tro och ære. Item, Søffrin Morthensson, Slotzfoget, maa faa aff Slottet ighne som mygit, han bekenner seg at aage paa hans sell, salighet, Christelig tro och loffue. Item, at alle the hoffmend, som i Slotzlaaken stoor paa Stenuicholm, oc the hoffmend, som tiene for klede och penninge, maa aff gaa met theres beholdne Haaffuer, hues them tilhører, som the nu haffue paa Steinuicholm, och sidhen at haffue kongelige matt gunst, hylliste oc naade; Daag mett saa skell, at the icke besøge kongelig matt finndher at tiene, paa theres ære oc relighett. Item, att alle Erchiebispens befalingsmend, geitzlige oc werdzlige, som her paa Slottet ere och hans quittanser haffue, maa bliffue afftalid, och icke bliffur wdi naggher maade klagede paa ting eller steffne wndher kongelig matt gunst, hylliste oc naadhe. Item, att wij alle stondendis wdi Slotzlaaken paa Stenuicholm icke skulle bliffue skeldede aff naagen mandh i thesse trenne riiker for forredere, skalke eller werlige mend, i thet wij vpgiffue kongelig matt Stenuicholm, wnder hans Nades hemfd och wreidhe. Tesligste begere och the fatige karle, som tiene paa Steinuicholm ffor klede och penninge. Item, naar wij haffue fott foruaring aff kongelig matt eller aff hans kongelig matt fulmyndige befalings mend effter wor fremsetning och begering, thaa willw wij holde wbrøtelighen then eid oc lyffthe, som wij suaarid, loffuid oc tryggelighen tilsagt haffue kongelige matt Høffuitzmend for hans Nades kriigsfolch her i leegrett, oc alle the puncter och Artickle, som ere i thette breff forscreffne. Att saa wbrytelighen holdis skall wdj alle sine greyner, puncter oc Artickle, som forschrefuit stoor, Henge wij waare Indsigler oc Signether ffor thette breff, Som giort oc schreffuit er paa Stenuicholm, ffredaghen nest efther octava Ascensionis dai, Anno eiusdem Millesimo quingentesimo tricesimoseptimo. (Bakpå med en annen, men samtidig hånd): Her Knudt degns breff met the, ther laa i Slotzslogenn paa Stenwigholm, som the først gaff wor Naadigste Herris krigsfolck. (Original på pergament med ti hengende Sigiller; No 2 og No 6 mangler. Det første i rødt, de andre i grønn voks. I det Kngl Danske Geheimsarkiv, Norge)Sigillene:1. Knut Pedersson , erkedeken. 2. Torfinn Olavssønn, kannik, sogneprest til Stjørdal. (seglet mangler) 3. Søren Mortensson, slottsfogd. 4. Jørgen Persson, Væpner. 5. Einar Tjeld, Væpner. 6. Christoffer Nilsson, Væpner (seglet mangler) 7. Anders Svenske. 8. Christoffer Ravaldsson. 9. Nils Jonssønn 10. Tord Engelbregtsson. 11. Per Selandsfarer. 12. Benkt Svenske. Neppe noen hyggelig jobb de hadde disse som lå i den siste (katolske) slottsloven på Steinvikholmen..., men som vi ser, var de geistlige, Knut Pedersson og Torfinn Olavssonn, men også slottsfogden Søren Mortensson, mest opptatt av å 'redde skinnet sitt'. En merker seg at de tre væpnerene, Jørgen Pederseønn, Einar Tjeld og Christoffer Nilsson ikke stillte personlige betingelser for seg selv...

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Her sør i Atlanteren er det snart midnatt; det er mørkt og ganske mildt.Først: Takk til Johs for gode ord og Johan Marius for det svært interessante, enno utrykte dokumentet fra 18. mai 1537 (som vel må vere den rette dagen for Norges undergang), som viser at dekanen Knut Pederson hadde vore skulda av Christoffer Trondson og Gaute Toraldeson for å ha tatt livet av Vincens Lunge, noke dekanen ikkje ville ha sittande på seg.Så: Finn, takk for det gode tiltaket! Det er i grunnen utrulig at ingen historikarar, korkje 'nybegynnere' (fy, Tore!) eller meir velbefarne, har gått laus på den, ikkje heilt utakknemlige oppgava (ser vi no) å kartlegge Olaf Engelbrektson sitt ættenettverk. Du har sett i gang eit pionertiltak, og resultata let ikkje vente på seg. M.a må vi no rekne Trond Engelbrektson som ein historisk person, bror til erkebispen Olaf og far til m.a den ikkje no lenger så 'apokryfe' (Per Reidar Christiansen sitt uttrykk) Eline Trondsdatter til Lund i Nordlanda. Det skulle ikkje forundre meg om Christoffer Trondson var son av Trond Engelbrekston...Ellers: Eg har no bladd gjennom Olaf Engelbrektson sine rekneskapsbøker, og det er slett ikkje vanskelig å finne mulige slektningar av han der (i tillegg til dei kjente slektningane hans). Her vil eg bare nemne to av erkebispen sine eigne 'drengar', dei tydeligvis unge gutane Trond Aslakson og Halvard Toraldeson, som følgte han til siste stund. Trond Aslakson var vel helst son av setesveinen Aslak Engelbrektson, erkebispen sin bror, og Halvard Toraldeson kan godt ha vore bror av erkebispen sin framståande mann, Gaute Toraldeson (Gaute Norweger). Som Christoffer Trondson var også Gaute Toraldeson ein nær slektning av erkebispen, men korleis? Kan han ha vore ein søsterson, eller kan det ha funnast ein 'Toralde Engelbrektson' (eventuelt 'Toralde Gunnarson')?Endelig: Riddar Halvard på Johannsønene si slektstavle skal ha vore bror til erkebispen. Det fulle namnet hans kan då ha vore Halvard Engelbrektson. Har ein slik mann funnest? Olaf Engelbrektson hadde setesveinen Halvard Søgn i 1533, i Vardø. Kan denne ha vore lik 'riddar Halvard'? (Det bør jo vere klart no at erkebispen sine 'sveinar' var delte i ein overklasse av 'skutilsveinar' (= riddarar) og 'sveinar' (= væpnarar), slik sættargjerda i 1277 fastsette, og slik erkebispen enno i 1530-åra praktiserte denne. Eit problem i denne sammenhengen er at erkebispesveinane ikkje blei titulerte på samme vis som kongelig utpeikte adelsmenn.)PS: Eg har lest Per Reidar Christiansen sitt flotte stykke i NST XL. Guttorm Daleson, som så vidt er nemnt i erkebispen sine rekneskapsbøker, kan, med eit lite skrik, ha vore far til hustru Gjertrud Guttormsdatter, som levde til kring 1630. Sjølv var han neppe fødd seinare enn 1510, sidan han var rådmann i Trondheim i 1535 (etter minnet). Av kronologiske grunnar er det likt til at denne hustru Gjertrud var gift med Peder Andersson på Måløya i Steigen. Peder var svært trulig son av Anders Olson i Måløya, nemnt i 1563, som, etter alt å dømme, var gift med den hustru Marit i Måløya som døydde i 1570. Hustru Marit i Måløya var nok helst datter av (hustru) Marit Povelsdatter (datter av Povel Jonson, sjå ovafor), for på den sunnmørske synestavla heiter det om denne Marit 'Maritsdatter': som segla til Nordland.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Takk både til Johs, Johan og Bjørn for fyldige innlegg. Ikkje minst var jo brevet som Johan her presenterte for oss interessant lesing. Lurar på kvifor dette brevet ikkje er kome med i DN.Det er nok rett som Bjørn skriv at Gjertrud helst måtte ha vore den yngste dotra til Guttorm Dalesson og Eline Trondsdotter til Lund. Det er også grunn til å tru at ho var 'i støvets alder' då ho døydde. Det same gjeld truleg Per Andersson, han som vi held for mannen hennar.Ein kan jo gissa på at ho var oppe i 90-åra då ho døydde omlag 1630 og ho kunne da vera født kring 1540. No veit vi sjølvsagt ikkje når Eline Trondsdotter var født, men om ho var født i åra rundt århundreskiftet 1500. så var ho naturlegvis fullt fruktbar endå kring 1540.Gjertrud måtte ha vore ei kvinne med bein i nasen. Ho kvidde seg ikkje verken for å gå til sak mot sin eigen bror, eller mot 'stormannen' Peder Hansson Schønnebøl, der sistnemnde var Manderups far. Akkurat det siste skulle vera godt nok prov på at Manderup måtte ha kjennskap til denne slektsgreina si, og at det neppe er nokon grunn til å tvila på at han fortalde sanninga når han hevda at far til Eline var bror til erkebiskopen.Elles kan ein jo undra seg på kva ærende Gjertrud hadde i Danmark, slik ho opplyser i samband med ei av rettsakane ho reiste.Interessant er det også at vi omsider har fått plassert noko av jordegodset til denne slektsgreina, jordegodt som helst måtte ha kome frå Ivar Trondsson i Aspa, utan at vi førebels kan seia dette for sikkert. Vidare forskning kan kanskje gje oss svar ein gong.Det kan jo også synast som om lensrekneskap og jordebøker har vore lite utnytta som kjelder i Nord-Noreg så langt. Ei vidare gransking av dette kjeldematerialet kan kanskje hjelpa oss vidare?

Link to comment
Share on other sites

Guest Johs H Hammer

Jeg er enig med Finn i at det ser ut til at Torkjell Jensen var gift med ei datter av Gjertrud. Likedan ser det ut til at Hans Clausen var gift med en søster av Torkjells kone.I så fall er det jo Torkjells kone som er av Skagstad/Lund-ætta, og ikke Torkjell.Er belegget godt nok for at Gjertrud Guttormsdatter kan ansees som datter av Guttorm Daleson og Elin Trondsdatter til Lund? I så fall har jo Bjørn og Finn etablert en knytning mellom en eldre og en yngre del av Skagstad/Lund-ætta.

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Ad Peder Pederson til Vik:Peder Pederson til Vik i Børsa osv var i 1564 Evert Bild sin 'hofsinde' i Trondheim (Norske Magasin I, s 173 og 175). Enka hans heitte fru Karen Lunge (NRR I, s 674, jf NRR I, s 536).Det er rimelig at denne Peder Pederson var far til trondheimslagmannen Jørgen Pederson. Av eit kongebrev fra 1592 (NRR III, s 263f) går det fram at lagmannen hadde lånt pengar av Evert Bild (som døydde i 1567, etter Dansk biografisk lexikon). Seinare hadde Nils Evertson Bild kverrsett nokre av Jørgen Pederson sine gardar for disse pengane. Lagmannen sine arvingar, Peder Jørgenson, Johan Jørgenson, Carsten Jørgenson (alias min 'favoritt' Carsten Jonson Randall til Fyrde) og Elsebe Jørgensdatter, hevda at Evert Bild hadde ettergitt lagmannen 800 daler.Det er vel svært sannsynlig, etter dette, at lagmann Jørgen Pederson var son av Peder Pederson til Vik?

Link to comment
Share on other sites

Guest Bjørn Jonson Dale

Til Tore:Eg har no gått gjennom første bandet av Norske Rigs-Registranter, og der er ni oppslag på 'Peder Pederssøn' fra 1548 til 1571, og av disse gjeld sju utan større tvil Peder Pederson til Vik (sidene 104 (der han er kalt til Huseby i klammer), 121, 168, 374, 416, 536 og 674). Eitt gjeld ein borgarmeister Peder Pederson i Trondheim (side 256, året 1569) og eitt gjeld etter alt å dømme Peder Pederson, som du kaller Rytter. I ein fotnote heiter det at denne Peder Pederson var gift med 'Helga Haakonsdatter (Adelsten)'.Det er altså du Tore som har rota, temmelig mykje. Du burde kanskje be om unnskyldning for temmelig frisk kjeftbruk.

Link to comment
Share on other sites

Guest Finn Oldervik

Johs (247).Har du ikkje gløymd Jens Eriksson Måløyen denne gongen?Bjørn (249)Mogens Pedersson Galt fekk vel både Reinskloster, Tautra og Viks gods i forlening i 1567. [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=riksreg1&sideid=268&innhaldid=1&storleik=>LenkeEr det da ikkje meir rimeleg at det er enkja etter denne Mogens Pedersson (Galt) som får dei omtalte gardane i forlening. Dette utgjer vel langt på veg det same som det vesle Vigs len, så kvifor skulle kongen ta ifrå Mogens dette å gje det til enkja åt ein mann som hadde mista lenet? Kan ikkje Peder Pedersson vera skrivefeil for Mogens Pedersson og Fru Karen Lunge frua til Mogens?

Link to comment
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.