Gå til innhold
Arkivverket

[#62867] Familien Mühlenphort i Bud (frå Kristiansund/Fosna)


Gjest Erling O. Hagerup
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Olav Kleppen

Til Jonny Lyngstad (75)Arne M.H. Magerøy skriv sjøl i føreordet til skriftet om Riddarsalen følgjande (etter å ha gjort greie for ei omfattande liste av kjelder han baserer framstillinga si på):'Feil har eg funne i dei fleste kjeldor, og fleire var det sikkert som eg ikkje fann. Når no kunnige granskarar får kritisere dette eg skriv, er eg redd for at eg sjølv har gjort enno fleire feil. Eg er berre amatørgranskar som bur i ei bygd langt frå arkiv og det slags bibliotek som eg trengte leite i. Difor har og arbeidet vara i 24 år.Eg prøve koma sanninga så nær som eg kunne, og ingen kan vel skyna kor kravstort dette arbeidet vart meg. Mistak har eg ofte gjort, og det har kosta meg både strev og utlegg å rette dei. Men eg ottast der er fleire mistak enn eg kan rette.(.....)Det er bra om kunnige folk leitar mine feil fram, så sanninga kan sjå ljoset. Men eg vil få vona at ein viser skynsemd i kritikken.'Sia eg sjøl er av det slaget som ikkje heilt ser vitsen med å presentere noko som eg ikkje kan stå inne for, så skjønar eg godt at du tek dei atterhald som du gjer andsynes arbeidet til Arne Magerøy. Ein må sjølsagt vera tru mot kjeldene og gjengje det som står der på ein korrekt måte.Men ein kan vel også gå ut frå at det ofte er ein viss forskjell når det gjeld kvalitetssikring mellom det som vert utgitt og presentert som eit ferdig arbeid, og det som er på 'råvarestadiet'.Eg har dessverre ikkje hatt høve til å ettergå dei kjeldene Magerøy bruka. Mykje av dette var m.a. brev, skjøter og kontraktar som var i privat eige, ved sia av meir offentlig materiale. Eg har derfor ikkje grunnlag for å ha sterke oppfatningar om kvaliteten på dette arbeidet.Men frå mi tid som aktiv i det lokalhistoriske miljøet i Bud (Bud Sogelag) på 70- og deler av 80-talet, så vart det sagt frå stødige folk at Magerøy'ane hadde gjort ein grundig jobb den gongen dei heldt på med dette arbeidet. Dei tok då også med broren, Nils, som hadde arbeidd med den bygningshistoriske delen.Eg synes det er bra at du kjem med dei motforestillingar som du gjer, Jonny. Dei har også sin plass i dette bildet. Men eg kan ikkje sjå at dette gir grunnlag for noko som minner om eit karakterdrap på denne mannen. (Om ein kan nytte eit slik uttrykk om ein mann som rusla sin veg for 55 år sidan.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Olav Kleppen

I innlegg 71 skriv Per Nermo:'(70:) Mange takk for supplerende opplysninger !... og hvilken konklusjon mener du dermed bør trekkes mht. til hvorvidt Johan Peter Lund virkelig kan ha vært sønn til prost Jakob Lund ?'Til dette vil eg svare:Nei, dette er ikkje lett. Eg ser at du har gode argument for invendingane dine, Per.Eg har likevel stor tiltru til det som Andreas Borch Munthe etterlet seg. Og særleg i denne saka. Han har i allefall eit ettermæle som ein svært flink praktikar.Då trur eg heller på at opplysninga om at Martha Malena Lund var 51 år då ho døydde i 1785, er feil. M.a.o. at ho like godt kunne vera fødd seinare enn 1734.Eg har mange gonger sett at det som står som alder på folk ved kyrkjelege hendingar seinare i livet, er feil i høve til det året dei er innført i kyrkjeboka ved fødsel/dåp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jonny Lyngstad

Til innlegg 76.Det er godt at Magerøy skriver det han gjør i forordet. Men da må den som bruker det han har skrevet, få fram at arbeidet er utilstrekkelig og prøve å sjekke det som går an å sjekke.Mi erfaring fra ham er at han kunne konstruere en bruker på en gard bare for å få neste bruker til å stemme inn i brukerrekka som sønn av den oppkonstruerte brukeren.Jeg kunne ha skrevet mye om dette. Heldigvis har vi her i kommunen kommet over dette, og jeg har fått brei forståelse for at det arbeidet han gjorde var nytteløst for oss.Vi må heile tida stille oss kritiske til det som blir satt fram og bygge våre resultat fra det som kildene forteller oss. Derfor er det svært sjelden at jeg deltar i diskusjoner på nettet hvor man stort sett bare baserer seg på hypoteser, som hos enkelte kan bli sannheter.Enkelte vil si at jeg stiller for strenge krav. I lengda tjener vi på det. Derfor er det også artig ved hjelp av ulike kilder å finne løsninger på en del gåter, som f.eks. da jeg løste gåte angående opphavet til Ole (Olsen) Alsing. Han var jo en vanlig havverøying (en fra Averøya).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ole Alsing -ein 'vanlig havverøying'? Ein averøying som erta på seg halve Romsdal og heile Sunnmøre var vel heslt eit stort sjeldsyn... Ellers takk for oppklaringa av bakgrunnen hans.Apropos Riddarsalen i Bud. I si tid fann eg Magerøy sin teori svært spennande, men det var før eg visste at 'Ridder-Sahlen' var namnet på dei store, høglofta salane i andrehøgdene på borgar- og embetsmannssete. Bare på Sunnmøre må det ha funnest 20-30 slike riddarsalar (ikkje alle borgar- og embetsmannssete var tohøgda).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Olav Kleppen

Jonson Dale (79):Det går ikkje tydeleg fram kva han her meiner med 'Magerøy sin teori'. Om dette går på Arne M.H. Magerøys utgreiing om historia omkring Riddarsalen, eller om han siktar til den bygningsmessige delen som Nils Magerøy stod for. Eller om det er sjølve nemninga 'Riddarsalen' han ikkje lenger finn som spennande.Eller om det berre er ein trong til¨å devaluere arbeidet til Magerøyane.Berre so det er nemnt; Nils Magerøy gjer faktisk eit poeng av likskapsdrag med andre gamle bygningar i landet, m.a. både Kvernes stavkyrkje og Finnesloftet på Voss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(77:) Dersom Johan Peter Lund virkelig er sønn av prost Jacob Lund må han være blant hans aller eldste barn og født rundt 1716/1717 (kanskje ikke Maren Hansdatter Grøn 1694-1765 ikke engang er mora !?). Jacobs barn kommer tett som hagl fra 1717 og i 1723 fødes sønnen JOHAN (!) (Grøn Lund).Om Johan er f. ca.1716 og datteren Martha er f. ca.1741 (i så fall er alderen ved hennes begravelse ført 8 år feil) så var altså Johan 25 og kona (Anna Gjedde) 40 år ved datterens fødsel (om Anna's f.år da er rett).Nei, det er mye som ikke stemmer med at Johan skal være sønn av Jacob ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Erling O. Hagerup

Tillegg til innlegg 15 og 54 (underpunkt B): Eg er gjort merksam på det i panteboka for Romsdal er ført inn ei fråsegn frå Christopher Mühlenphort datert Fosund 20.03.1733, publisert på sommartinget 27.06.1733. I fråsegna stadfestar Christopher at han tidlegare har gjeve dotter si, Anna Dorthea, trygd for morsarven i ”mine iboende huser og des paastaaende grund udj Boe fiskevær”, i ”Stephen Eriksen paaboende Grund udj Biørnsund”, og i ein gardpart i Sunde. Bustadhuset med påståande grunn i Bud hadde han overteke ved skiftebrev 7.11.1730 etter Sophia Hansdatter Juul.[url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-tl20081001650271.jpg>LenkeDen 6. mai 1734 var det auksjon i Bud i ”Christopher Mullenphortes Huus”. Det blei då seld ein grunn i Bjørnsund ”beboet af Sr Stephen Erichsen, forhen afgangne Christopher Mullenphort tilhørende”. På auksjonen fekk Stephen Eriksen tilslaget og kjøpte grunnen for 112 rdr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.