Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#66888] Tjøtta-Andenes-ætta og slektskrinsen rundt henne

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Andenes-TjøttaslektaAlt i 1951 skreiv Christian Spangen litt om ”Tjøttaætten” som han kallar slekta. Det var i sin artikkel om ”Slekten Hudfat” i NST XIII s. 18 – 39 at Spangen tek for seg denne ætta i eit eige kapittel.Han tek utgangspunkt i Amund Tørrisson, som vart adla av kong Hans ”for sin manndoms skyld”. Kjelda for denne opplysninga skal vera Schøning i sin ”Reise gjennom Hedemarken”, (ei bok som vart utgjeve ved Leif Midthaug, Hamar 1942, s. 88 i ein note). Vidare fortel Spangen om slekta sitt våpen som var eit delt skjold med halv ørn og halv lilje på delinga. Spangen går så over til dei opplysningane som kjem fram om ætta i den saka som vart reist for Herredagen i Bergen 12. juli 1599 der det blir referert eit vitneprov av den gamle Hustru Anne Tørrisdotter (f. ca 1510) som ho kom med den 15. januar i 1597 til lesemester Hr. Jens Christensson, Hr. Nils Mauritzson og Jacob Olsson. Anne gav altså eit vitneprov om slektssamanhengar som vedkjem Tjøttaætta og i sjølve domboka står det at ho skulle ”bekienne om Hustru Dorethe og Berittes slegt og avkomb”. Dette vitneprovet er det skrive om i mange samanhengar, men eg skal likevel prøva å laga eit lite samandrag for dei som ikkje har tilgong til dei rette kjeldene. Hustru Anne tek utgangspunkt i den tidlegare nemnde Amund Tørrisson og dei to sønene hans, Thørris og Peder. (Den førstnemnde av desse må helst vera identisk med den Torges Amundsson på Igerøya som er nemnd på Aspatavla som var gift med unge Anngerd Torsteinsdotter der sistnemnde var dotter til Anngerd Arnesdotter Husby/Aspa og Torstein Kuse. I tilfelle hadde Tørres også ei dotter som heitte Elisabeth som den gamle Hustru Anna ikkje nemner i 1597. Elisabeth var gift med ein Trond Ivarsson som Grønli meiner må vera identisk med den seinare mannen til Sigrid Dalesdotter).I følgje Anne, så hadde Thørris berre to dotre, nemleg Anne sjølv, samt Magdalena. Anne held truleg på å verta gløymsk sidan ho ikkje hugsa si eiga syster, Elisabeth, men kan henda Elisabeth hadde døydd ung og barnlaus sidan mannen hennar, Trond Ivarsson hadde vaksne born med Sigrid Dalesdotter kring 1560.Vidare fortalde Anne at Peder Tørrisson hadde 3 born, Nils, Hans og hustru Dorethe Pedersdotter, der den sistnemnde var arvelataren. Nils hadde dei tre dotrene; Karine, Birgitte og Adelutz. Hans Pedersson hadde dei to frillesonane Knut og Peder. Nokon Jens Pedersson er ikkje nemnd i vitnemålet til Hustru Anne. Grunnen er truleg at Jens var sjølve arvesaka uvedkomande. Gjennom ymse innførslar til Absalon Pedersson går det fram at også Peder Amundsson hadde ei dotter ved namn Elisabeth, slik som broren Tørres. (Sjå meir om dette i debatten om Olav Engelbregtsson, tråd nr. 55815 Lenke )(Eg skal ikkje drøfta sjølve arvesaka i detalj i denne tråden, da denne er handsama grundig i ymse publikasjonar frå før, men eg skal kort nemnda at det kring 1597 var ein fut i Opdal skipreide som heitte Hans Krabbe. Er det nokon som veit meir om han?).Det går fram av arvesaka at Hustru Dorethe hadde teke arv etter Hans Pedersson og etter sin salige mor, Hustru Gjertrud. Hustru Dorethe hadde kalla borna etter broren; Nils for sine halvbrorsdotrer, noko som stemmer med det ein elles veit om dette. Nils var, saman med systra, nonna Elisabeth, son til Peder Amundsson, men hadde ei anna mor enn Hans og Dorethe. Det vert også opplyst at jordegodset til Dorethe hadde kome frå mor hennar, Hustru Gjertrud og hennar foreldre. Først ved slutten av rettsaka vert den siste av brørne til Hustru Dorethe Pedersdotter (til Fladeraker) nemnd. Det vert då opplyst at Dorethes sambrør, Jens Pedersson og Hans Pedersson hadde gjenløyst og ”indvundet” det nemnde odelsgodset etter Hustru Gjertrud, (som var mor til dei tre søskena, Hans, Peder og Dorethe). Den sistnemnde opplysninga kan vel kanskje tolkast som om Hustru Gjertrud var dotter (ikkje syster) til Herlog Hudfat, då ei gjenløysing av Gjertruds eige gods skulle vera unaudsynt (om det då ikkje var pantsett av henne sjølv).Ein kan jo kort nemna at frillesonen til Hans, Peder Hansson meinte at arven etter Dorethe burde vera hans, då han hadde odel til det nemnde godset. No tapte Peder likevel saka og det vart dotrene til halvbroren Nils som tok arven. Dette er i grunnen eit godt døme på at arv og odel slett ikkje er det same. Av dei involverte i denne rettssaka var det rett nok Peder Hansson (og broren Knut) som hadde den beste odelen, men sidan dei to sistnemnde brørne var frillesonar til Hans, så vart det likevel borna til halvbroren Nils som tok arven inkludert jordegodset etter Gjertrud, sjølv om dei tre systrene ikkje nedstamma frå henne. Her må ein likevel ikkje gløyma at Peder og broren hadde løysingsrett til jordegodset. At det var etterkomarar til Herlog Hudfat som til slutt ser ut til å verta sitjande med godset etter Gjertrud er ei anna sak.Som vi har sett i debatten i tråden om Olav Engelbregtsson, så er det ein del merkverdige samantreff kva gjeld konene til dei to brørne Hans og Jens Pedersøner, så om nokon har noko glupt å koma med om dette hadde det vore fint. Kanskje har Spangen noko om dette i den artikkelen som Tore viser til i innlegg 701 i den nemnde debatten. Eg har berre dei tre fyrste banda av Hedemarks Slektshistoriske Tidsskrift.I den nemnde debatten om Olav Engelbregtsson har eg også argumentert for at Jens Pedersson til Tjøtta er identisk med lagmannen i Stavanger og Steigen, Jens Pedersson Skrivar. Dette har eg vorte sterk i tvil om at kan vera rett. Eg skal prøva å koma attende til spursmålet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Og for de som kanskje trenger litt bakgrunnsstoff har jeg skannet det som Spangen hadde i privatarkivet om 'Tjøtta / Hudfat / Nøttestad', samt en liten slektstavle om 'Tjøtta-ætten' her: http://wangensteen.net/spangen.htm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Lars Ove for lenka. Eg har hatt det travelt i det siste og ser heller ikkje noko lysning framoverI dag har eg stressa med ein rapport som skulle verta ferdig, så eg har knapt fått sett innom. Etter å ha skumlese Spangen litt fann eg ut at fleire av titlane var innom Tjøtta-Andenesslekta, som til dømes Samsal, Hudfat, Kusse m.fl. Eg veit ikkje kor mykje av dette Spangen har offentleggjort, men prøvde å samanlikna det han skriv om Hudfat med artikkelen i NST XIII. I grove trekk var det nok mykje av det same, men den offentleggjorde artikkelen såg nok meir bearbeidd ut enn den maskinskrivne hos Lars Ove. Ein bør vel difor åtvara litt mot å nytta desse 'halvfabrikata' til Spangen som noko anna enn det det er, nemleg arbeidsdokument. Til mange av dei opplysningane som han kjem med er det også knytt kjeldetilvisning og då er det jo greitt å kunne kontrollera sjølv. Det er jo elles svært interessant å sjå kva for tankar Spangen hadde gjort seg om dei ymse slektene, men det var sikkert ikkje alltid han kom i mål med det han arbeidde med han heller. Åtvaringa går altså på å unngå å nytta Spangen som fasit i alle spørsmål, men meir som eit hjelpemiddel for å nå målet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(1:) Du skriver mot slutten av 4. siste avsnitt at 'Hustru Gjertrud ... var mor til dei tre søskena, Hans, Peder og Dorethe'. Du mener Hans, Jens og Dorethe.I debatt 55815 refereres det til at Kvitrud mener det er dokumentert at Moritz Pedersson også var bror her.Og fra 1. (?) ekteskap har vi altså barna Nils og Elsebe nonne.Dette innebærer en annen fordeling av barna enn den jeg forsøksvis (feilaktig) oppsummerer i innlegg #704 i debatt 55815.Var Peder Amundsen først g.m. Sigrid Dalesdotter og deretter med Gjertrud ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Vel, en ny runde, altså, ref. Finn's innlegg #708 i debatt 55815 (Lenke).Hans Pedersson og (eventuelt) Mouritz/Maurits Pedersson var altså brødre av Jens Pedersen til Bru (og ikke til Jens Pedersen til Tjøtta).Men hva med Nils Pedersen, hans helsøster Elisabeth (Elsebe) Nonne og disses halvsøster Dorthea Pedersdatter (Fladeraker), hvilken av de to nevnte 'Jens Pedersen' var deres hhv. halv- og helbror ?Og, fantes det også en 'Hans Pedersson til Tjøtta' ? (Teksten din ovenfor kan tolkes/mistolkes dithen).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anita Holck

Jada, det er jo det som er problemet - og at han også var gift med Maritte Pedersdatter (DN XI, 718, 1565)- som sin bror Jens.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Finn, du skriver i videre i innlegg #708 i 'den andre debatten' (55815) at 'Jens Pedersson til Bru var enten son eller svigersson til Sigrid Dalesdotter (Frangætta)'.Da er det altså heller ikke slik at Peder Amundsen først var g.m. Sigrid Dalesdotter (mor til Nils og Elsebe ?) og (deretter ?) med Hustru Gjertrud (mor til Jens og Dorthea ?) ?Jeg deler oppfatning av at dette nå er rota skikkelig til. Dette hadde vært fint med en avklaring som rydder opp i denne sammenblandingen av de to (tre ?) JP !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjarne Hollund

I første innlegg i denne debatten sies det at det var etterkommerne av Herlog Hudfat som ble sittende med godset etter Hustru Gjertrud.Når det gjelder Flatråker har jeg notert fra Tysnes Bygdebok (Drange), at Mons Knutson, som var første kjente sorenskriver i Sunnhordland, og hans kone Rakel Andersdt. Bang, opptrer på Flatråker iflg. skattelistene fra 1613. Iflg. en sak av 1628 var Flatråker Rakel Andersdt. Bang sin odel. Deres to sønner Knut og Peder eide hver sin halvpart i F. i 1640-årene. Etter dette konkluderer Drange med at Rakel var en etterkommer etter Hustru Gjertrud.Jeg har lurt på hvordan det kan henge sammen, uten å være i nærheten av en løsning. Noen som ser sammenhengen mellom Rakel Andersdt. Bang og Hustru Gjertrud?MVH Bjarne Hollund,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjarne Hollund

Litt mer ang. (8). Rakel sitt slektsnavn Bang er funnet på en lysestake i Uggdal kirke datert 1622. Stor B og stor L er til forveksling like i gotisk skrift. Ser ikke bort fra at navnet kan være en feillesning, der det egentlig står Lang, uten at det har gitt noen løsning på spørsmålet i (8).MVH Bjarne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Per (5) og (7)Peder Amundsson var så vidt eg veit aldri gift med Sigrid Daledotter (Frangætta). Eg har aldri sett nokon som har namngjeve den første kona til Peder. Når vi kjenner til at Peder har vore to gonger gift, så er det m.a. på grunn av innførselen til Absalon under 24. juli 1565 der han fortel litt om ei bryllupsferd, samt også litt om brura. Dette finn du her LenkeBrura var altså dotter til halvbror til Jens, Hans Og Dorthea og heitte Nils. Heilsyster til Nils var Elisabeth nonne. Mykje av rotet her kjem nok av at eg i ein tidleg fase av arbeidet med denne ætta trudde at Sigrid Dalesdotter kunne ha vore gift med Peder Amundsson før ho vart gift med Trond Ivarsson. Det har eg ikkje særskild tru på lenger.Anita (6). Ja, det er problematisk at både Hans og Jens til Tjøtta (vel Kjøtta) vert nemnd som gifte med ei Hustru Maritte (Margrethe) Pedersdotter. Ei forklaring kan vera at namna deira kan vera feillese av og til, ei anna kan vera at brørne er samanblanda på anna måte, medan ei tredje forklaring sjølvsagt kan vera at det verkeleg var slik.I dei to artiklane til Thomble om Bratt som NSF har lagt ut digitalt på nettsidene sine går det fram at fogd i Sogn, Thord Bratt hadde vore gift med ei Barabara Trondsdotter, men at ho kring 1560 (?) var oppattgift med ein Hans Persson. Om det finst prov for at denne Hans Persson er identisk med Hans Pedersson til Tjøtta veit eg ikkje, då eg ikkje har fått lest artiklane til Thomble særleg grundig.Bjarne (8) og (9).Dei opplysningane du kjem med her var interessante og til no ukjende for meg. Det var vel godset på Austlandet som er rekna å ha kome frå Herlog Hudfat (og Gjertrud?). Men om Gjertrud er dotter til Herlog Hudfat, så nedstamma ho også frå den sameinte Kusse og Aspaslekta, sidan kona til Herlog var Hustru Elin Torsteinsdotter, dotter til Anngerd Arnesdotter (Husby Aspa) og Torstein Kusse på Torget ved Brønnøysund. Aspaætta åtte utvilsamt Vestlandsgods, medan Torstein truleg åtte gods i Romerikstraktane og kanskje andre stadar på Austlandet. Det er difor ikkje sikkert at alt godset som Spangen, Ødegaard m.fl. meiner er Hudfatgods verkeleg er det. Elles kan det gje meining med Lang i staden for Bang, sidan det også var ein lågadelsmann. Arne Lang som åtte gods og held til i nærleiken av Herlog Hudfat. Eg meinar også å ha sett Lang nytta som ættenamn om ein person knytt til jektefart og handel i Nord-Noreg. Sporet kan jo vera interessant å følgja vidare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Frå den nemnde artikkelen til Thomble saksar eg følgjande:'Denne Erik Bratt hadde i 1563 en sak ved Bergens raadsturet mot Hans Persen i Bergen paa dennes hustru Barbara Tr0ndsdtr.s vegne. Han fremla her den I. juli et av 3 mand forseglet brev, lydendes: at salig Tord Bratt, for.ne Erik Bratts bror, hadde skiftet med sine søskende om deres fars arv i Erik Bratts fravær, i hvilket skifte Erik var tilfaldt et forgyldt sølvkors, 26 lod vegtig og 16 store brudepenger, hvilket alt Tord Bratts hustru bem.te Barbara Trondsdtr. laantok av Erik Bratts mor at utrede sig brud med og drog siden av med samme sølv uten al lovlig mintie, saa at for.ne Erik Bratt hverken fik penger eller pengers værd derfor, hvorfor han ansaa sig for retmæssig eier av samme s i v , efter at hans mor nu var d0d.Herimot indvendte Hans Persen paa sin hustrus vegne, at Tord Bratt hadde git Barbara en gaard og at hun skulde ha utlagt samme sølv for at betale Tord Bratts gjeld, hvorfor han mente, at han maatte vaere fri for Eriks tiltale. Erik Bratt mente at broren Tord ikke hadde git ham noget, og raadsturetten dømte ogsaa Hans Persen til at gjengi Erik Bratt hans arvegods. Som det herav fremgaar var Erik Rosenkrantz's foged Tord Bratt gift med Barbara Trondsdtr., der efter hans død i 1560 2den gang blev gift med Hans Persen i Bergen. Med Tord Bratt har hun øiensynlig ingen barn hat, og det er vel heller ikke rimelig, at hun har hat saadanne i sit adet egteskap med Hans Persen. Hvis datter Barbara Trondsdt~. var vites ikke. Men det kan vel neppe være nogen tvil om, at hun maa ha været en søster av Tord Bratts svoger Erik Trondsen paa Valbjørg og saaledes en datter av Trond Erlandsen paa Valbjørg, eller at Tord Bratt og Erik Trondsen var svogre paa dobbelt maate. Derved kan det vel ogsaa bedre forklares, at Tord Bratts hovedbøl Bjølstad er kommet over til svogeren Erik Trondsen istedetfor til en av hans brødre'.Eg kan ikkje sjå at Thomble oppgjev noko kjelde anna enn det vi finn i innleiinga. Som vi ser så prøver han heller ikkje på å identifisera denne Hans Persson. Truleg er det Spangen som er opphavet til den formodninga? Reint teoretisk var det vel ikkje noko i vegen for at Barbara kune ha døydd rett etter at denne saka var framme ved Bergen tingstove i 1563 for så å ha gifta seg med den nemnde Maritte Pedersdotter. Kona til borgarmeister Lars Pedersson som selde godset i Lødingen til Hans i 1565, Anne Sjursdotter (Mordt), ser først ut til å ha vore gift med ein Jens Staldsvenn, for så å vera gift med den nemnde borgarmeisteren om lag eitt år før ho på ny gifte seg med Lars Vaag i Bergen (Etter Absalon og minnet). Både kvinner og menn kunne rekkja over mange ektemakar på den tida.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I innlegg (10) nemnde eg kona til Herlog Hudfat, Elin Torsteinsdotter (Kusse).Det kan neppe vera nokon tvil om at det er den same Elin Torsteinsdotter som sel litt av arvegodset sitt på Nordmøre til Torstein Eriksson i Aspa.b.XXI s.569 Nummer: 753. Dato: 15. august 1528. Sted: Bergen. Brevtekst (fra den trykte utgaven):Bekiænnes vi efterskrevne Anders Monsson, Eric Gunderson Olaf Toreson, og Anders Toreson, svorne laugrette mænd paa Nordmør, at vi varom nærværendes og aahørendes at Hustrue Elin Tostens dotter soldte Ærlige og beskedelige manne Tosten Ericson 2 Øris leje, 1 i Aspo og /l-/th/-l/e andre i *Qvanvog, som var hendes rette odel, med 2 sine Sønners samtycke, og vare /l-/th /-l/eir baade nærværande paa /l-/th/-l/en tid. og solde hun det fra sig og sine arvinge og under fornefnde Torsten Ericson og hans arvinge til everdelig eigen, fri og frelst fyrir hvariom manne. Og kiendes ieg med fornemde Hustrue Elin Tostens dotter at have upboret mindsta penning og mesta, som i vort koup kom, som mick vel atnøyes i alle matte. Til ytermere visso at saa i sanding er hengjom vi fornemde mænd vor Indsigle fyrir /l-/th/-l/etta vort obne1 bref, som giort var i Berene Vor Frue dag dyre A.D. MDXXVIIIvô. 1 vort obne tilf. ovenfor linjen.[url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=17578&s=n>LenkeVi ser at Elin selde godset med samtykke av dei to sønene sine. Noko dotter er ikkje nemnd i samband med handelen, men det er nok heller ikkje vanleg.Kva gjorde så Elin i Bergen. Det var då langt å reisa heilt frå Stange på Hedemarken til Bergen for å selja ein gard. Kanskje nytta ho høvet samstundes som ho fekk vitja dotter si (Gjertrud), kone nr. 2 til Peder Amundsson? Peder held nok mest til i Bergen, sjølv om han skriv seg til Tjøtta.Den Jens Pedersson som er nemnd i dette brevet

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I innlegg (12) viser eg til eit brev frå 1540 som omhandlar garden Venneskål på Follo og ei sak mellom Jens Pedersson (til Tjøtta) og ei Fru Margrethe.I sin artikkel i NST XIII (Spangen 1951) skriv Spangen litt om dette brevet. Han nemner i tillegg noko han kallar ein kommisariedom i Bergen 8. aug. 1539, utan at vi får greie på kvar Spangen har funne denne domsutskrifta.Dommen gjekk ut på at Peder Amundsson på Andenes fekk stadfest at han på sin hustrus vegne var rett odelsmann til Venneskål i Ås på Follo. Motparten til Peder var ingen ringare enn Fru Margrethe Nilsdotter (Gyldenløve) som var enke etter Vincentz Lunge. I dette tilfelle ser det ut som Margrethe tapte saka på grunn av odelen som Peders hustru hadde.Far til Margrethe var Nils Henriksson (Gyldenløve) og Fru Inger til Austråt. Kring 1520 hadde Nils ein fogd over Fosen som heitte Oluf Langh. Denne Oluf er i alle fall nemnd i NRJ 2. bind 1. hefte s. 257. Om han kan ha noko som helst å gjera med den slekta som dukkar opp som eigarar av Flateråker veit eg sjølvsagt ikkje, men ein slags tråd kan ein jo hevda at er der om ein legg godviljen til.Elles kan nemnast litt av det som Svein-Erik Ødegaard skriv om slekta Langh i Stangeboka II s. 190 ff.Han nemner ein Tore Arnesson Langh, vepnar og sysselmann for Nordre Gudbrandsdalen som er nemnd i ei rekke brev i perioden 1454 - 1459. Seglet hans skulle vera eit dyrehovud med markerte horn, kanskje eit oksehovud skriv Ødegård vidare. Kona hans er kalla Hustru Elin.Denne Tore hadde m.a. ein son Arne Toresson Langh som vart inngifta på Nøttestad i Frang. Kona hans var Ingborg Jonsdotter (Far; Jon Kjetilsson, Mor; Ragnhild Sveinsdotter). Også Arne Langh hadde status som vepnar. Det kan vi mellom anna sjå av at Ingeborg vert titulert som Hustru. Ødegaard konkluderer med at Arne Toresson Lang var ein av dei som var med og leia opprøret til Herlog Hudfat i 1508. Hovudårsaken til denne konklusjonen er at det vart halde skifte etter Arne Langh nettopp dette året, samt at enkja pukka på at Arne hadde 'forkommit' mykje av godset hennar.Elles hadde neppe Arne Toresson Langh born som overlevde han. Det var nemleg mora (Hustru Elin) og kona (Hustru Ingeborg) som tok arven.Kor vidt Tore Langh hadde fleire born enn Arne veit vi ikkje, men Olav Langh, fogden til Hr. Nils Henriksson kan godt ha vore ein slik bror, event. søskenborn eller brorson til Arne Toresson.Ved å leita grundig gjennom dei ymse kjeldeverka, vil det truleg dukka opp fleire som nyttar ættenamnet, Langh. Eg kan likevel ikkje hugsa å ha sett at nokon har handsama denne slekta i ein sjøvstendig artikkel nokon gong.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Jeg laget ca 1990 en liten pamflett over denne slekten, som jeg kalte 'Lang av Elstad', etter gården den kom fra, Elstad i Ringebu. Jeg tolket våpnet som en vekst (plante) av et eller annet slag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Denne pamfletten din Tore, er den kome på prent nokon stad, eller er det berre eit internt dokument? Kvar skal ein eventuelt få tak i den?Kva gjeld seglet til Tore Langh, så har eg ikkje sett det og kan slik heller ikkje uttala meg om det. Eg nemner berre kva Ødegaard skriv.Då det viste seg at den Olav Langh som eg ovafor nemnde at var i teneste hos Nils Henriksson (Gyldenløve) seinare (1525) kom i teneste hos erkebiskopen har eg skrive litt om han under den debatten. Kanskje han er nok ein slektning til Olav E.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Ødegård, som jeg hadde en lang samtale med i dag på SAH, var uvitende om Tore Vigerusts 'pamflett'. Hvor er den publisert?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Pamfletten (4 s.) ble spredt på en del foredrag jeg holdt i tiden 1990-1992, ellers er den upublisert. Jeg studerte seglet fra original og laget min egen tegning, derav at jeg tolket våpnet som en vekst eller plante. Jeg fant ingen segltegning i Kjeldeskriftfondets segltegningssamling. Det er vel en tegning derfra Ødegaard senere har funnet, som viser en okse eller lignende.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Pamfletten ''Lang av Elstad'' er datert 1/11 1990. Seglet er en liggende grønnsak av et eller annet slag, med tre utvoksende blad. Vel en rotfrukt ?Jeg har slekta i 5 generasjoner, fra Bård Åsmundsson på Elstad, kjent 1360-1375, til Arne Toresson Lang på Nøttestad, kjent 1489-1508. Leddene i mellom er Tore Bårdsson, kjent 1390, Arne Toresson på Elstad, kjent 1417-1441 og Tore Arnesson Land kjent 1454-1483, død før 1489. Arne Toresson har en bror Guttorm Toresson på Elstad, kjent 1390-1450.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Tore for orienteringa om slekta Langh og pamfletten frå 1990.Eg har vore så heldig å få tilsend ein avfotografert versjon av to artiklar i HST B 4. Dei to artiklane er av J.A. Nordstrøm og Christian Spangen og omhandlar ætta på Samsal.Det er ikkje muleg å drøfta Tjøtta – Andenes-ætta utan samtidig å koma inn på denne Samsal-ætta, som både vert kalla Kamp og Kusse. Sentralt i den debatten er sjølvsagt dette diplomet som omhandlar den tidlegare nemnde Maritte (Margrethe) Pedersdotter til Samsal som først var gift med Finn Hansson (Rostvig) (som var av Krukowane) og som seinare vart gift med den eine av Tjøttabrørne, Jens Pedersson. At det var denne Margrethe som var gift med Jens er det ingen tvil om, da Absalon uttrykkjeleg framhevar at ho tidlegare hadde vore kona til Finn Hansson. Lenke Sve% Sjå også innlegg (700) og (701) i debatten om Olav Engelbregtsson.Frå diplomet kan vi sjå at far til Hustru Maritte Pedersdotter, Peder Svendsson er kalla første mannen til Hustru Anne. Dette må truleg forståast slik at Anne var gift på nytt. Ein væpnar, Torstein Kusse på Samsal kring 1535, har av eldre forskarar slik som Elieson m.fl. vore rekna som bror til Anne, men seinare forskarar som Henning Sollied og Christian Spangen held Torstein Kusse for å vera andre mannen til Hustru Anne (Amundsdotter Kamp/Kusse) (Sjå m.a. Spangen i HST B 4). Grunnen til denne uvissa var nok at også Torstein nytta Boltvåpenet slik som mange andre som høyrde Samsalætta til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Torstein benyttet vel hustru Annes våpen. Husk at hennes bestefar Amund Torstennsson på Samsal benyttet dette våpnet 1489.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

Jeg skjønner ikke helt hvorfor Tore ikke publiserer denne Pamfletten ''Lang av Elstad'' enten her eller på sin hjemmeside.Koster den penger?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Jeg laget omkr 1989-91 mange pamfletter til Adelsprosjektets stamtavleverk, som ikke ble publisert, noe som var planen dengang (samlet). Men selvsagt må de publiseres, før eller siden. Pamflettene distribuerer ikke for tiden, så de har heller ingen pris.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

ToreDa synes jeg at du skulle publisere dette på hjemmesiden din snarest. Det er vel ikke så omfattende?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Jo, jeg har 1300 dokumenter på hjemmesiden min, og mer enn 2000 som kunne legges ut.Og hva har jeg tilgode av / fordel av å legge ut disse ? Ingen ting ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Ove Wangensteen

ToreFordelen måtte jo bli at Tore Vigerust er en grei kar :-), som ønsker å dele enda mer med andre?Og fordelen er jo også være at enda flere kan dra nytte av din kompetanse, og kanskje bli dyktigere innen genealogi?Ser du noen begrensninger med det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.