Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Bilde av kyrkjebokside - korleis?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg kommuniserer i dag med ein fjern slektning i USA og ville sende henne bilde av kyrkjebok-innføringa av dåpen til bestefaren. Vanlegvis sender eg då ei pdf-fil som blir laga automatisk frå den skanna sida. Men denne dama har etter eige utsagn ei antikvarisk datamaskin og greidde ikkje å opne bildet, så derfor ville eg helst fått klipt ut sjølve innførsla som bilde inne i mailen. Men korleis kan eg gjere det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg er usikker på kva du meiner. Lagre biletet på eiga maskin gjer ein vel ved å høgreklikke, og velje "Lagre bilde som", e.l. Deretter kan du f.eks. sende biletet som vedlegg, på same måten som .pdf-fila. Evt. "sett inn" -> "bilde" i Outlook Express. Uansett er vel det enklaste å bruke permanent sidelenke/permanent bildelenke, dvs. klikke på "Bildeinformasjon" på øvste linja (når ein er inne i ei kyrkjebok), velje "Øverst", og lime lenkene som då kjem fram inn i mailen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg ser av og til i enkelte innlegg at folk har "klipt ut" berre sjølve innførsla og spør kva som står der - då ber vi gjerne om å få vite kva side det er henta frå for å kunne samanlikne med anna skrift på sida, men denne gongen er det akkurat eit slikt utklipp eg er ute etter, og eg anar ikkje korleis folk gjer det..

 

Ho har sendt meg eit jpg-vedlegg så det ser ut som maskina hennar kan takle det, i alle fall.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Då treng du eit bildebehandlingsprogram. Eg brukar ein "eldgammal" versjon av Paint Shop Pro, eg merkar då av det området som skal kopierast, kopierer det (ctrl+c), og trykkjer ctrl+v (lim inn), og får då opp eit nytt vindauge. Deretter lagrar eg den nye fila.

 

Akkurat korleis ein gjer dette varierer nok frå program til program. Andre som har betre greie på dette enn meg kan evt. seie noko om kva for gratisprogram som finst på nettet.

 

(Men eg ville no uansett lete henne fått lenka til sida).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfinn Kjelland

På maskiner med Microsoft Office følgjer i alle fall MS Picture Manager med, og det programmet har ein funksjon for å beskjære bilde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.