Gå til innhold
Arkivverket

Ole Michael Danielson Batalden i Kinn (1840- ) - bustad og opphav?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil gjerne få takka Egil, Gro og Per for fleire nye innlegg, som rett nok har vridd temaet over til eit anna emne...

 

Eg har etter dei siste par dagane med iherdig innsats, ikkje minst med hjelp av Egil og Yngve, sett opp følgjande oppdatering av manuskriptet mitt for Maria Olsdotter:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maria Olsdotter {Solvorn}, f. i Hafslo 4.2.1869, flytte i ung alder til Florø der ho 17.3.1893 gifte seg første gongen med Gunder Elias Rasmusson Gundersen frå Florø, ein son av husmannsdotteri Karen Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1844-1891). Gunder var f. i Florø 27.1.1870. Gunder Gundersen dreiv skomakarverkstad i Florø der han d. 27.3.1898. Maria gifte seg 17.2.1901 att i Nykyrkja i Bergen med Arent Olai Olson Batalden frå Batalden i Kinn. Han var son av husmann Ole Michael Danielson på Fugløy under Batalden og kona Anna Cathrine Bergitte Arentsdotter frå Sunnarvik og f. i Kinn 2.12.1871. Arent var skomakarsvein, og han og Maria vart buande i Florø der Maria d. 18.7.1947. Arent Batalden d. same staden 23.2.1957. Maria fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet, seks frå det andre og eitt som enkje mellom dei to:

a. Konrad Martin Gunderson Gundersen, f. i Florø 10.2.1893, d. i Florø 15.5.1896.

b. Karen Otilie Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 29.3.1896, d. i Florø 17.12.1899.

c. Gunda Elise Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 11.4.1898, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Solheim)

 

18.11.1975. Gunda gifte seg i Johanneskyrkja i Bergen 15.10.1921 med Reinhardt Olai Kaare Rasmusson Rasmussen frå Bergen, f. i Bergen 8.4.1896. Han d. i Bergen 14.10.1926. Reinhardt var maskinist, og han og Gunda budde i Bergen. Dei fekk to born i lag.

d. Monrad Hansson Hellesen, son av Maria og skomakarsvein og seinare vaktmeister Hans Christianson Elde i Bergen (1868-1956), opphavleg frå Elde i Fjaler, var f. i Florø 24.9.1899 og voks opp som fosterson hjå telegrafbod Henrik Hellesen og kona Johanne i Florø. Han d. i Florø 10.4.1964. Monrad gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? – son Jon S. Hellesen–?John Sverre Hellesen, Florø, f. 1945)

 

med Herborg Elida Samsonsdotter Nærø frå Florø, f. i Florø 8.4.1909. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Florø!)

 

28.4.1978.

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – bustad Bergen 1947 – 1964: kjølelagerarbeidar Florø)

 

Dei fekk ein son i lag.

e. Anna Karoline Arentsdotter Batalden, f. i Florø 17.7.1901, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Grindheim i Etne!)

 

14.4.1981. Anna gifte seg i Domkyrkja i Bergen 25.7.1925 med Einar Reidar Albertson Ellingsen frå Bergen, f. i Bergen 21.5.1898. Han d. i Bergen 22.3.1949. Einar var garveriarbeidar og sidan transportarbeidar. Han og Anna budde i Bergen, men vart skilde

 

¤¤¤¤¤ (år for skilsmål?)

 

¤¤¤¤¤ (ho flytte etter 1957 til Etne? – kva år flytte ho?)

 

Dei fekk ei dotter i lag.

f. Sigvard Arentson Batalden, f. i Florø 16.2.1903, d. i Florø

 

¤¤¤¤¤ (stemmer dødsstaden hans?)

 

29.7.1979. Sigvard var skomakar og budde i Florø, ugift.

g. Otto Mathias Arentson Batalden, f. i Florø 28.9.1904, d. i Florø 24.3.1963. Otto var postfunksjonær og sidan avdelingsleiar same staden. Han budde i Florø og var likeins ugift.

h. Anton Arentson Batalden, f. i Florø 27.4.1906, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Florø – 27.5.1980)

 

1980.

 

¤¤¤¤¤ (biografi? – bus Rjukan 1957)

 

ugift.

i. Karen Arentsdotter Batalden, f. i Florø 10.3.1908, d. i Florø 30.7.1974. Karen var hushaldar og budde i Florø, òg ugift.

j. Toralf Arentson Batalden, f. i Florø 10.7.1913, d. i Florø 17.4.1914 (som Torvald).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle tilleggsopplysningar som kan leggjast inn i dette manuskriptet.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 år senere...
På 6.5.2011 den 7.28, Egil Russøy skrev:

Hei Lars.

 

Ole Mikal Danielsen og Anne Kathrine Arntsdotter er mine tippoldeforeldre. Eg kan ta litt kjappe opplysningar no, og evt. utfylle seinare.

 

Dei budde på Fugløy.

 

Anne Cathrine Bergitte var frå Sunnarvik (garden er kjent under fleire liknande namn). Her er dåpen hennar i 1840. (nr. 76) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4I (1822-1840), Fødte og døpte 1840, side 183.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11534&idx_id=11534&uid=ny&idx_side=-187

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510620347.jpg

 

Far hennar Arnt/Arent Sørensen var opprinneleg frå Hovland, medan mora Anne Marie Andersdtr var frå Sunnarvik.

 

mvh Egil

Ved nærmere sjekk ser vi at paret er ført inn etter hverandre, ved dåpen og, Anne er dåp nr. 76 og Ole er Dåp nr 77. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Til innlegg 5 og 8:

Anna Karoline Arntsdtr. (1901-1981) flytta til Bergen og var tenestejente i Kalfaret før ho vart gift. Ho vart gift i Domkirken i 1925 med Einar Reidar Ellingsen (1898-1949). http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi12011921dk&gardpostnr=602&personpostnr=1203&merk=1203#ovre

Ekteskapet vart oppløyst (han vart gift på nytt i 1940).

Anna og Einar fekk dottera Ragnhild (1925-1996) gift med Harald Orvedal, busett Etne. Anna flytta truleg dit rundt 1960.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.