Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Iverson "Everson" (1818) og Kirsti "Stina" Olson (1822) - ei amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden har gjeve meg opptil fleire "grå hår", men kanskje nokon kan hjelpa meg vidare?

 

FT1870 for Vermont township, Dane Co., WI (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7163&iid=4268454_00491&fn=Ole&ln=Iverson&st=r&ssrc=&pid=14801283) syner denne huslyden, utvandra 1866 frå Hafslo i Sogn:

 

Ole Iverson (Krogen/Skophammer), døypt 13.3.1818 Luster

Kirsti Olsdotter (f. Urnæs), f. 2.4.1822 Hafslo

vigde 27.11.1844 Hafslo - borni deira:

* Mari - f. 4.1.1845 Hafslo (utvandra 1862)

* Johanna - f. 6.4.1847 Hafslo

* Iver - f. 4.3.1849 Hafslo

* Christi - f. 26.10.1850 Hafslo

* Gjertrud - f. 16.8.1855 Hafslo

* Ole - f. 12.7.1858 Hafslo

* Kirstine - f. 1.10.1860 Hafslo

* Metta - f. 4.7.1867 Dane Co., WI

 

Alle borni er opplista med foreldri ved FT1870 (samt ei Mary på 3 månadar, som var dotter av Christi), sjølv om Mari (Mary) gifte seg alt i 1864 med aurlendingen Johannes Nilsson "John Nelson"!

 

Berre ein einaste gong ETTER 1870 ser eg noko meir til foreldri Ole og Kirsti, og det er i FT1880 for Albert Lea, Freeborn Co., MN der Kirsti "Stena" Olson levde som enkje hjå dotteri Christi og svigersonen Nels L. Nelson (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=6742&iid=4241998-00222&fn=Nels+L.&ln=Nelson&st=r&ssrc=&pid=47999603). Eg finn ikkje Ole og/eller Kirsti i FT1875, og ikkje heller ser eg noko meir til enkja Kirsti "Stina" etter 1880!

 

Dotteri Christi med mannen Nels L. Nelson og søsteri Gjertrud "Jennie" var i 1875 busette i Albert Lea, MN (http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=1058&iid=mnsc_7-0245&), og eldste søsteri Mari "Mary" med mannen Johannes "John" Nelson flytte til Albert Lea, MN på same tidi etter først å ha butt nokre år i Grant Co., WI. Dei fleste andre borni dukkar òg opp i Albert Lea, MN på 1880-talet, med unntak av Kirstine (1860) som synest vera avlidi, og Gjertrud "Jennie" som me ikkje ser noko meir til etter 1875 og som òg kan vera avlidi... Dei fleste borni nytta visstnok OLSON som ættenamn, men eg har òg sett EVERSON nytta!

 

Hovudspørsmålet mitt er følgjande:

 

* Kvar budde Ole og Kirsti i 1875? Var dei òg i Albert Lea, MN? Eller kanskje Ole (senior) då alt var avliden? Og kvar det av Kirsti "Stena" etter 1880?

 

Det hadde vore skikkelig gildt om nokon greide å finna ut av dette, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette temaet, som framleis står ope og uløyst, med von om at kanskje ein eller annan har tips å komma med...

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Denne huslyden er vorte eit skikkeleg «mareritt» for meg.  Eg står «bom fast» , men kanskje er no tidi kommi til å finna svar på minst ei av fire sentrale utfordringar.

 

Her følgjer først eit komplett oversyn over kva eg veit om Ole og Kirsti og dei ni borni deira med ektemakar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Iverson Krogen, frå Lauvhaugen under Kroken i Luster, vart døypt i Luster 13.3.1818 og gifte seg i Hafslo 27.11.1844 med Kirsti Olsdotter frå Kreken under Urnes.  Ho vart døypt i Hafslo 4.4.1822.  Ole og Kirsti budde som husmannsfolk på Skophammar under Kroken i Hafslo fram til 1866.

Ole og Stena Everson utvandra til Amerika i 1866 og slo seg ned som farmarar i Vermont township, Dane Co., Wis.,

 

¤¤¤¤¤ (lived there 1870! – later moving to Albert Lea, Freeborn Co., MN?)

 

der Ole d.

 

¤¤¤¤¤ (date and place of Ole Everson’s death? - prior to 1880!)

 

Stena Olson d.

 

¤¤¤¤¤ (date and place of her death? - after 1880 - was then living with daughter Stena Nelson in Albert Lea, Minn.! – one Christina Olson (93) died Leon township, Clearwater Co., MN Jan. 25, 1916!? - very unlikely!?)

 

Ole og Kirsti på Skophammar fekk åtte born, medan dei budde i Hafslo:

 1. Mari Olsdotter, f. 4.1.1845,

Mary Olson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Dane Co., Wis. 21.3.1864 med enkjemannen Johannes Nilsson, opphavleg frå Bakka i Aurland, i Amerika kjend som John B. Nelson.  Han var son av husmann Nils Abrahamson på ein plass under Bakka, opphavleg frå ein plass under Styvi, og kona Anna Mortensdotter frå ein plass under Ramsøy.  Nils var ein soneson av Rasmus Torkildson (1728-1789) som før hadde vore husmann her på Skophammar under Kroken (sjå ovanfor).  John var f. i Aurland 15.10.1837 og gifte seg første gongen i Aurland 28.3.1858 med Ingeborg Knutsdotter frå Loven i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Ellingson på Haugen, Loven og kona Kari Larsdotter frå Otternes og f. i Aurland 7.9.1822.  John og Ingeborg utvandra til Amerika i 1858 og busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Ingeborg d. kring 1863.  John var smed («blacksmith»), og han og Mary budde nokre år i Black Earth, Dane Co., Wis. og sidan i Bloomington, Grant Co., Wis., men flytte kring 1875 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn.  Kring 1879 flytte dei vidare til St. James, Watonwan Co., Minn. og i 1881 derifrå til Mankato, Blue Earth Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut.  John d. i Mankato, Minn. 3.2.1910, medan Mary Nelson d. same staden 10.1.1911.  John skal i alt ha hatt femten born, tre frå første ekteskapet og tolv frå det andre, men eitt av borni frå andre ekteskapet d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar.  Derimot tok dei til seg og fostra opp einaste dotteri til eldste dotter hans:

 2. Johanna Olsdotter, f. 6.4.1847,

Johanna Olson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866 og gifte seg i Freeborn Co., Minn. 23.3.1881 med søskenbarnet Thomas Mathias Espenson frå Hatle i Fræna, i Amerika kjend som Thomas Hatle.  Han var son av husmannsdotteri Gjertrud Olsdotter frå Kreken under Urnes i Hafslo (1820-1904) og f. i Fræna 21.2.1855, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1873.  Thomas og Johanna Hatle slo seg ned som farmarar i Hartland township, Freeborn Co., Minn. der Thomas d. 11.10.1898.  Johanna Hatle flytte sidan med einaste dotter si til Henrietta township, Hubbard Co., Minn. der ho d. 9.8.1925.  Dotteri var:

 3. Iver Olson, f. 4.3.1849,

Iver Olson utvandra òg med foreldri til Amerika i 1866 og farma visstnok ei tid, men var for det meste murarbeidar («mason») og budde ei tid i Lake Shore township, Lac qui parle Co., Minn., men hadde for det meste bustaden sin i Albert Lea, Freeborn Co., Minn.  Han d. ugift i Mankato, Minn. 31.8.1930.

 4. Christi Olsdotter (1850-1934),

Stena Olson utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1866 og vart der borte gift med husmannssonen Nils Lasseson frå Moen under Bjørnetun i Hafslo (1846-1922) (s.d.).

~~~~~

        Nils Lasseson, f. 6.7.1846,

Nels L. Nelson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1853 og gifte seg i Dane Co., Wis. 28.1.1870 med Christi Olsdotter frå Skophammar under Kroken, i Amerika kjend som Stena Olson.  Ho var f. i Hafslo 26.10.1850, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1866.  Nels og Stena busette seg først i Albert Lea, Freeborn Co., Minn. der Nels arbeidde som butikkmann («boot and shoestore clerk»), men han tok sidan til som snikkar, og i 1910 flytte han med mestedelen av huslyden sin til Boise, Ada Co., Idaho der han livnærte seg som handelsmann («merchant»).  Nels d. i Boise, Idaho 17.12.1922, medan Stena Nelson d. same staden 31.7.1934.  Dei fekk ni born i lag:

~~~~~

 5. Ole Olson (1854-1854).

 6. Gjertrud Olsdotter, f. 16.8.1855,

Gertrude Olson utvandra til Amerika med foreldri i 1866 og

 

¤¤¤¤¤ (1875 with sister Stena in Albert Lea, MN – Jennie Olson! – biography?)

 

 7. Ole Olson, f. 12.7.1858,

Ole Olson, sidan kjend som Ole Everson, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1866 og gifte seg i Worth Co., Ia. 12.6.1889 med Anna Johanna Sanvik, dotter av husmann Ludvig Ellingson Sanvik frå Langen under Talle i Luster (1843-1941).  Anna var f. i Luster 10.2.1871, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1882.  Ole og Anna farma ei tid i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men flytte sidan inn til Lake Mills, Winnebago Co., Ia. der dei dreiv pensjonat («boarding and rooming house owners and operators»).  Ole d. i Lake Mills, Ia. 15.2.1940, medan Anna Everson d. same staden 5.12.1963.  Dei fekk ti born i lag:

 8. Kirstina Olsdotter, f. 1.10.1860,

Kjersti Olson utvandra likeins med foreldri sine til Amerika i 1866

 

¤¤¤¤¤ (listed with parents 1870! – biography?)

 

Dette var altså dei åtte borni som Ole og Kirsti fekk, medan dei budde i Hafslo.

Men Ole og Stena fekk òg ei dotter etter at dei var komne til Amerika:

i. Metta, kjend som Mattie Olson, f. i Dane Co., Wis. 4.7.1867, d. ugift i Albert Lea, Minn. 15.12.1888.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei fire sentrale utfordringane er følgjande:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Ole Iverson/Everson - mellom 1870 og 1880?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Kirsti «Stena» Olsdotter (Iverson/Everson) - etter 1880?

 

** Lagnaden til Gjertrud «Jennie» Olson/Iverson/Everson - fødd 1855 - sist nemnd i live i 1875?

 

** Lagnaden til Kirstine «Kjersti» Olson/Iverson/Everson - fødd 1860 - sist nemnd i live i 1870?

 

Eg ville verta overlukkeleg om nokon greier løysa minst ei av desse utfordringane og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Dato og stad for dødsfallet til Ole Iverson/Everson - mellom 1870 og 1880?

 

Vanskelig dette - men legger inn 2 Ole Iverson (døde) mellom 1870 og 1880 i Minnesota (ingen Ole Everson)

Star Tribune 01 Apr 1871, Page 3

Star Tribune 01 Apr 1871, Page 3.jpg

 

The St Cloud Journal 15 Aug 1872, Page 2

The St Cloud Journal 15 Aug 1872, Page 2.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for spennande og utfordrande innlegg!

 

Dette er so visst ikkje noki enkel sak å jobba med.  Me veit ikkje kva år huslyden flytte frå Wisconsin til Minnesota, men om ein ser på FT1870, budde det berre i Minnesota åleine heile 33 mannspersonar med namn Ole Iverson/Everson som var fødde i Noreg, og ikkje mindre enn ni av dei heldt til i Fillmore Co., MN der størstedelen av Root river renn igjennom!  So her er det svært «farlig» å påstå noko utan at me veit litt meir om mannen...

 

MEN, me finn dette dødsfallet i North Prairie Lutheran church for 19.3.1871:

 

Ole Iversen, 25 år gamal, fødd  Søndre Froen: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314738-00150?pid=1634024&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26h%3D1634024%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3Dgiv235%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv235&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I motsetnad til dei fleste andre manglar gravferdsdatoen hans, so kanskje liket aldri vart gravlagt?  Datoen høver elles godt, so det er nok han som fall over bord...

 

Når det gjeld hin Ole Iverson som vart treft av lynnedslag, so budde nok han på feil kant av staten, so han kan me sjå bort ifrå...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Du kan vel se bort fra han på 25 år som falt over bord også ? Din Ole Iversen var jo ca. 53 år i 1871, eller kanskje presten skrev 25 i stedet for 52 år i kirkeboka ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!

 

Jau, eg gløymde kanskje å seia ovanfor at denne Ole Iversen var uaktuell.  Som me ser, er fødesrtaden hans oppgjeven til Søndre Fron, so om presten snudde «oppned» på alderen, laut han òg snu «oppned» på Noregskartet...

 

Diverre er dødsfallsregistreringane frå 1870-talet ofte svært mangelfulle.  Dette gjeld mellom anna i Vermont township, Dane Co., Wis. der huslyden budde før dei flytte til Minnesota, so det er vel ymse som talar for at Ole døydde, medan dei budde der(?)

 

Elles har eg freista sjå etter kona Kirsti «Stena» i FT1885 i Minnesota om ho kunne bu hjå eitt av borni sine, men so langt er ogso det søket utan hell.  Ho var i alle fall ikkje hjå den dotteri der ho budde i 1880...

 

Ein ny kjempetakk for alle freistnadar på å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i kveld på ny å henta fram att denne kjempeutfordringi frå «over there».  Eg står heilt «bom fast» når det gjeld dei fire spørsmåli nemnde i innlegg #3 ovanfor, og eg ville ha vorte verdas gladaste person om nokon greier å finna svar på minst eitt av dei...!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Kurt for nye innlegg om denne huslyden.

 

Det ser ut til at Johanna er feilskrive Johannes i lista som du Grethe attgjev, medan s0nen Ole jr. manglar.

 

Og i Quebec-lista er fødestaden oppgjeven til Jondal...

 

Men det er den same huslyden me talar om.  Hadde berre dei avlidne kunna fortelja meir om livi deira...

 

Dei fire utfordrande spørsmåli står framleis ved lag, men eg har lært av erfaring:  Ikkje noko er umogeleg; det gjeld berre å vera tolmodig og å leita på rette staden...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som har lege urøyrt sidan september i fjor.  Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og denne utfordringi er ei av ei handfull, som eg oppfattar som særleg viktig for heile bygdebokprosjektet å finna ei løysing på, og som det samstundes burde vera mogeleg å gjera noko med(!?).  Eg har ei kjensle av at eg har leitt «overalt» etter svar på dei fire spørsmåli som er nemnde særskilt i innlegg #3 ovanfor, men til tross for fleire freistnadar av Egil, Kurt og Grethe, framleis utan hell.

 

Manuskriptet frå innlegg #3 står framleis uendra sidan september.  Dessutan manglar eg òg nokre detaljar om borni til #1 Mari og #7 Ole, som eg vil ta opp som eigne tema i Brukarforum - sjå:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219076-johannes-nilsson-bakka-frå-aurland-1837-1910-gift-to-gongar-og-huslyden-hans-i-amerika-ei-utfordring-av-dimensjonar/

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219078-ole-olson-«everson»-krogen-frå-hafslo-1858-1940-og-huslyden-hans-i-amerika-ei-utfordring-av-dimensjonar/

 

Desse utfordringane er ikkje enkle å løysa, men er det nokon som greier dette, so trur eg på ekspertisen i Brukarforum!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og held fingrer og tær krossa!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Jeg legger merke til at Christine/Stina (som var gift med Nels L. Nelson) står oppført med fødselsår 1850/1851 fram til og med FT1880, mens hun etter det står oppført med fødselsår 1860/1861. På gravstedet og i dødsmeldingen står hun oppført med fødselsdato 1.10.1860. Kan det rett og slett være at Christi (f. 1850) døde mellom 1880 og 1885 og at Nels giftet seg på nytt med den yngre søsteren Kirstina (som jo var født nettopp 1.10.1860)?

 

Her er en vielse 5.7.1883 i Freeborn som kan tyde på nettopp det: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDF7-K96

 

Gravstedet, med fødselsdato 1.10.1860: https://www.findagrave.com/memorial/62080745

Dødsfallsregistreringen, også med fødselsdato 1.10.1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FLY4-GZ9

 

FT1875: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MKN6-ZWW

FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ9W-8MG

FT1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQF3-S8V

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9SH-ZZJ

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2L5-KHL

FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MDCD-2ZW

FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XHDN-XLZ

 

Skjermbilde 2018-02-10 kl. 23.02.53.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit fantastisk innlegg!  Eg er imponert og sit berre heilt mållaus og studerer desse nye opplysningane!  Det er sanneleg godt å ha vakne lesarar som deg her i Brukarforum!

 

Eg ser at eg i utgongspunktet har blanda dei to søstrene utan å tenkja meg det kunne vera tale om to ulike personar.  Denne namnelikskapen mellom dei har rett og slett «lurt» meg!

 

Men med denne oppdagingi er med eitt lagnaden til Kirstina «på plass», og det siste spørsmålet frå innlegg #3 er løyst!

 

Me sit då att med dei tre første utfordringane frå innlegg #3:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Ole Iverson/Everson - mellom 1870 og 1880?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Kirsti «Stena» Olsdotter (Iverson/Everson) - etter 1880?

 

** Lagnaden til Gjertrud «Jennie» Olson/Iverson/Everson - fødd 1855 - sist nemnd i live i 1875?

 

i tillegg til denne nye utfordringi:

 

** Dato og stad for dødsfallet til Christi, første kona til Nels L. Nelson, som må vera avlidi mellom 1880 og 1883!?

 

Svaret på dette siste nye spørsmålet må truleg søkjast i lokale kyrkjebøker frå Freeborn Co., MN, og kanskje er det der me lyt leita etter svari på dei andre spørsmåli òg...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No har eg vore inne og leita i kyrkjebøkene for First Lutheran church i Albert Lea, Freeborn Co., MN, og her fann eg dødsfallet til første kona hans Nels L. Nelson:

 

«Kristine N. L. Nilsen» døydde i Albert Lea, MN 24.5.1882, 32 år:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314806-00017?pid=4884783&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv361%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3DNelson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1880%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D10%26msbpn__ftp%3Dfreeborn,%20minnesota,%20usa%26msbpn%3D1084%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DN%20L%26msfns%3DNelson%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D27%26h%3D4884783%26recoff%3D%26ml_rpos%3D28&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv361&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314806-00099

 

Og leitingi i kyrkjebøkene gav ogso som resultat at to ekstra born dukka opp:

 

* Albert Kristian Nelson frå 1ste ekteskap, fødd 19.3.1882, døydde i Albert Lea, MN 12.6.1882 (innført på linja etter mor si!)

 

* Odin Lawrence Nelson frå 2dre ekteskap, fødd 25.5.1887.  Han må nok òg vera avliden før 1900, men dødsfallet hans finn eg ikkje, i alle fall ikkje i First Lutheran...

 

So er me endå eit steg nærare «komplettering» av dette manuskriptet.  Og kanskje finn einkvan ogso dødsfallet til vesle Odin?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt spennande innlegg!

 

Då har du finne Odin ilive i Forest City, IA i 1895, og det er vel mykje som tyder på at han døydde, medan dei budde der...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.