Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Nilsson Bakka frå Aurland (1837-1910) - gift to gongar - og huslyden hans i Amerika - ei utfordring av dimensjonar!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og eg vil i kveld gjerne få syna fram denne kjempeutfordringi som i utgongspunktet er ein del av følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/173530-ole-iverson-everson-1818-og-kirsti-stina-olson-1822-ei-amerikansk-utfordring/

 

Eg har freista samla dei manglande detaljane om denne huslyden gjennom fleire års aktiv innsats i Amerika, men no står eg fullstendog «bom fast», og det hadde vore so kjekt for prosjektet vårt om i alle fall nokre av «tomrommi» kunne verta fyllte med svar...  No er ekspertisen i Brukarforum mi siste von!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 1. Mari Olsdotter (Krogen), f. i Hafslo 4.1.1845,

Mary Olson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg i Dane Co., Wis. 21.3.1864 med enkjemannen Johannes Nilsson, opphavleg frå Bakka i Aurland, i Amerika kjend som John B. Nelson.  Han var son av husmann Nils Abrahamson på ein plass under Bakka, opphavleg frå ein plass under Styvi, og kona Anna Mortensdotter frå ein plass under Ramsøy.  Nils var ein soneson av Rasmus Torkildson (1728-1789) som før hadde vore husmann her på Skophammar under Kroken (sjå ovanfor).  John var f. i Aurland 15.10.1837 og gifte seg første gongen i Aurland 28.3.1858 med Ingeborg Knutsdotter frå Loven i Aurland.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Ellingson på Haugen, Loven og kona Kari Larsdotter frå Otternes og f. i Aurland 7.9.1822.  John og Ingeborg utvandra til Amerika i 1858 og busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Ingeborg d. kring 1863.  John var smed («blacksmith»), og han og Mary budde nokre år i Black Earth, Dane Co., Wis. og sidan i Bloomington, Grant Co., Wis., men flytte kring 1875 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn.  Kring 1879 flytte dei vidare til St. James, Watonwan Co., Minn. og i 1881 derifrå til Mankato, Blue Earth Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut.  John d. i Mankato, Minn. 3.2.1910, medan Mary Nelson d. same staden 10.1.1911.  John skal i alt ha hatt femten born, tre frå første ekteskapet og tolv frå det andre, men eitt av borni frå andre ekteskapet d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar.  Derimot tok dei til seg og fostra opp einaste dotteri til eldste dotter hans:

a. Anna Bertine, kjend som Annie B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 22.12.1858, d. i Freeborn Co., Minn. 16.3.1912.   Ho gifte seg i Mankato, Minn. 31.5.1907 med enkjemannen Knut Knutson, opphavleg frå Nystuen i Vang, Valdres, i Amerika kjend som Knut Nystuen.  Han var son av gardbrukar og gjestgjevar Knut Johnson på Nystuen og andre kona Kari Olsdotter frå Midtljøsne i Lærdal og f. i Vang 18.2.1845.  Han gifte seg første gongen i Vang 27.6.1872 med Maren Johnsdotter Wangensteen frå Kvam i Vang.  Ho var dotter av gardbrukar og lensmann John Larsson Wangensteen på Kvam og kona Ingrid Jørgensdotter frå Ringestad i Vestre Slidre og f. i Vang 26.3.1851.  Knut og Maren var ei tid gardbrukarar på Herstad i Nes, Hedmark, men utvandra derifrå til Amerika i 1882.  Me finn dei att under namni Knut og Maren Nystuen som farmarar i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men kring 1890 flytte dei til ein farm i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn. der Maren d. 1.3.1903.  Knut arbeidde sidan som postbod («rural mail carrier»), men han og Annie vart buande i Albert Lea township, Freeborn Co., Minn., men i dei seinare åri flytte Knut mellom tre av døtrene sine i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., i Desloge, St. Francois Co., Mo. og i Auburndale, Wood Co., Wis.  Han d. i Auburndale, Wis. 25.10.1929.  Knut og Annie fekk ikkje born i lag, men Knut hadde ni born frå første ekteskapet sitt.  Annie hadde òg ei dotter som vart oppali hjå far og stemor hennar (sjå nedanfor).

b. Kari Nelson, f. i Dane Co., Wis. 6.4.1861, d. kort etter fødsli.

c. Knut, kjend som Knute B. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 9.10.1862, d. i St. Paul, Minn. 24.6.1917.  Han gifte seg i St. Paul, Minn. 26.8.1886 med Julia A.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name? – were members of the Lutheran church of Preston, MN chartered in 1875! – confirmed there? – parents Jacob and Marie Kramer are buried in the Crown Hill cemetery!)

 

     Kramer, f. i Stratford, Ont. 24.5.1863.  Ho d. i Los Angeles, Cal. 21.10.1949.  Knute var snikkar («carpenter»), medan Julia var butikkdame («department store sales woman»).  Parfolket budde for det meste i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Som enkje gifte Julia seg kring 1921 att i St. Paul, Minn. med Philip Anthony, kjend som Anthony Springer, f. i Ramsey Co., Minn. 7.11.1864.  Han d. i St. Paul, Minn. 24.12.1940.  Anthony var farmar og spannkøyrar («farmer and teamster») og budde i Roseville, Ramsey Co., Minn., men alt i 1926 flytte Julia attende til Preston, Fillmore Co., Minn. for å stella for ei sjuk søster.  Frå 1946 var ho so busett hjå ei anna søster i Los Angeles, Cal.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

d. Nils, kjend som Nels B. Nelson, f. i Dane Co., Wis.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of his birth?)

 

     1866, d. i Albert Lea, Minn. 24.10.1877.

e. Kjerstine, kjend som Stena Nelson, f. i Dane Co., Wis. 17.3.1868, d. i Mankato, Minn. 18.9.1950.  Stena gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 8.6.1892 med Oscar Frank Anderson, f. i Chicago, Ill. 7.12.1864.  Oscar var murarbeidar («bricklayer»), og han og Stena budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. der Frank d. 12.5.1900.  Stena gifte seg 16.2.1907 att i Mankato, Minn. med enkjemannen Edward G.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Harvey, f. i Sauk Co., Wis. 29.10.1869.  Han d. i Mankato, Minn. 5.8.1937.  Edward var i mange år  støyperiarbeidar og sidan parkarbeidar («foundry moulder and park caretaker»), og han og Stena budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Stena fekk i alt fem born, tre frå første ekteskapet og to frå det andre; dessutan hadde Edward to born frå første ekteskapet sitt.

f. Ole Nelson, f. i Dane Co., Wis. 14.4.1869, d. kort etter fødsli.

g. Nettie J.

 

     ¤¤¤¤¤ (full name?)

 

     Nelson, f. i Grant Co., Wis. 27.6.1872, d. i St. Paul, Minn. 10.1.1945.  Ho gifte seg første gongen i Nicollet Co., Minn. 4.3.1897 med enkjemannen Martin L.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Yeoman, f. i Clinton Co., Mich. 28.12.1858.  Han d. i Minneapolis, Minn. 1.12.1918.  Martin var vogn- og skiltmålar («carriage and sign painter»), medan Nettie var kjolesyerske («dressmaker»).  Dei budde nokre år i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men flytte kring 1902 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Nettie gifte seg so att i St. Paul, Minn. 21.5.1921 med enkjemannen Gabriel Pederson, opphavleg frå Østerhus i Strand, i Amerika kjend som Gabriel Peterson.  Han var son av gardbrukar Peder Knutson på Østerhus og kona Gunnhild Asbjørnsdotter frå Nerhus og f. i Strand 28.11.1851, men utvandra visstnok til Amerika i 1878.  Gabriel gifte seg første gongen i St. Paul, Minn. 15.6.1882 med Anna Rebecca Hansdotter frå Sletner i Fet, Akershus, i Amerika kjend som Anna R. Stenerud.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Hansson på Sletner, Ånerud og kona Christina Torstensdotter frå Svendal under Svindal og f. i Fet 9.11.1848, men utvandra til Amerika i 1870.  Ho d. i St. Paul, Minn. 9.6.1901, medan Gabriel d. same staden 25.4.1934.  Gabriel var mjølkeprodusent («dairy farmer») og budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Han fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Anna, som òg hadde ein son frå før.  Nettie fekk sjølv to born, som båe var frå ekteskapet med Martin, men båe d. kort etter fødsli.  Martin hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

h. Othelia,

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     kjend som Tillie Nelson, f. i Grant Co., Wis. 30.6.1874,

 

     ¤¤¤¤¤ (death record says she was born May 30! – what is correct?)

 

     d. i Mankato, Minn. 12.10.1947.  Ho gifte seg i Mankato, Minn. 13.3.1895 med Fred W.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Swan, f. i Ramsey Co., Minn. 12.3.1872.  Han d. i Mankato, Minn. 20.1.1933.  Fred var kommunearbeidar og sidan spannkøyrar («city worker and teamster»), og han og Tillie budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Dei fekk ni born i lag.

i. Maria, kjend som Mary B. Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 30.6.1876, d. i St. Peter, Minn. 19.11.1956.  Ho gifte seg i Mankato, Minn. 12.8.1903 med John James Grimm, f. i Lafayette Co., Wis. 25.10.1875.  Han d. i St. Peter, Minn. 13.3.1959.  John var maskinist («machinist»), og han og Mary budde mellom anna i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og i Duluth, St. Louis Co., Minn., men var frå 1927 busette i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Dei fekk to born i lag.

j. Nilla, kjend som Nellie Nelson, f. i Freeborn Co., Minn. 5.10.1878, d. i Mankato, Minn. 1.3.1922.  Nellie gifte seg i Mankato, Minn. 1.5.1901 med Henry Stevens Devens, f. i Blue Earth Co., Minn. 29.10.1878.  Han d. i Mankato, Minn. 21.12.1946.  Som enkjemann gifte han seg 17.6.1929 att med enkja Helen C. Hottinger Polchow, f. i Brown Co., Minn. 2.5.1878.  Ho d. i St. Peter, Minn. 9.3.1960.  Henry var mellom anna lastebilførar, butikkmann og kommunearbeidar («truck driver, furniture store salesman and city worker») og budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Han fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Helen hadde ein son frå første ekteskapet sitt.

k. Julia R.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 17.9.1881, d. i Blue Earth Co., Minn.

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her death? – prior to 1885!)

 

l. Henry C.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 2.6.1883, d. i Blue Earth Co., Minn.

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his death? – prior to 1885!)

 

m. Clara B.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 28.5.1887, d. i Mankato, Minn. 25.2.1951.  Clara gifte seg første gongen i Mankato, Minn. 24.4.1907 med Magnus A.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Gronquist, f. i Eau Claire Co., Wis. 28.10.1885.  Han d. ved eit ulukkeshende i Mankato, Minn. 29.7.1916.  Magnus var jarnbanemaskinist («railroad engineer»), og han og Clara budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Clara gifte seg 16.2.1928 att i Mankato, Minn. med Will

 

     ¤¤¤¤¤ (full first and middle names? – son Dudley Gray of Elmhurst, IL)

 

     Gray, f. i Keokuk Co., Ia. 7.1.1875.  Han d. i Mankato, Minn. 18.9.1947.  Will var symaskinseljar («sewing machine salesman»), og han og Clara budde òg i Mankato, Blue Earth Co., Minn.  Clara fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet, men Will Gray hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt.

n. Hattie N.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     Nelson, f. i Blue Earth Co., Minn. 10.12.1889, d. i Mankato, Minn. 14.1.1972.  Ho gifte seg i Mankato, Minn. 4.6.1913 med Lloyd Wesley Rowland, f. i Watonwan Co., Minn. 9.2.1892.  Han d. i Mankato, Minn. 28.3.1962.  Hattie var i mange år telefondame («telephone operator»), medan Lloyd var møbelsnikkar («cabinet maker»).  Dei budde i Mankato, Blue Earth Co., Minn. og fekk ei dotter i lag.

0. Edith M.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

     McLaney, dotter av Annie Nelson og soleis dotterdotter av John Nelson, var f. i Blue Earth Co., Minn. 4.4.1890 og d. i Mankato, Minn. 4.11.1956.  Ho gifte seg i Mankato, Minn. 17.9.1912 med William Francis O’Brien, f. i Rice Co., Minn. 19.5.1891.  Han d. i Mankato, Minn. 12.10.1971.  William var ei tid butikkmann («shop keeper»), men var lengste tidi leiar for ei reinseriverksemd («towel cleaning business manager»).  Han og Edith budde levetidi ut i Mankato, Blue Earth Co., Minn., men var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullalderen» enno ikkje er forbi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Innlegg #2:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordrande huslyden som har lege utan svar i over tre år!

 

Det er forsovidt berre detaljar som manglar for å gjera denne biografien komplett, og eg ser særleg på fødslene til dei yngste borni i denne huslyden, som skal vera fødde etter at dei i 1881 busette seg i Mankato, Blue Earth Co., MN:

 

* Julia R. Nelson, fødd 17.9.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDM3-BCS

 

* Henry C. Nelson, fødd 2.6.1883: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:F815-NR8

 

* Clara B. Nelson, fødd 28.5.1887: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD74-7NL

 

* Hattie N. Nelson, fødd 10.12.1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDMQ-V45

 

samt barnebarnet:

 

* Edith M. McLaney. fødd 4.4.1890

 

FamilySearch kallar dei fire første «records» både som fødsels- og dåps-«records», men har dei finne desse i kyrkjebøker?

 

Eg greier i alle fall ikkje å finna dei døypte nokon stad, og eitt problem er vel kanskje at me ikkje veit kva kyrkje dei kan ha vitja..., kanskje ei svensk kyrkje?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

* Henry C. Nelson, fødd 2.6.1883: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:F815-NR8

Nummer 62  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BP97-5N?i=1813&wc=MRJR-VZ9%3A146277801%3Fcc%3D1803974&cc=1803974

 

Denne og de neste innføringene er fra fødselsregisteret.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Sven for attgjevingi av desse fødslene.

 

Men diverre finn me ingen mellomnamn for nokon av dei...

 

Me er nok avhengige av å finna ei kyrkjebok der desse borni vart døypte - hadde me berre visst kva for ei...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.