Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen SF - Peder Larsson Dale og Peder Larsson Dale - kvar reiste den andre?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Det du peikar på der, Einar, at det står at Peder er ugift i skiftet på Støyva har eg faktisk ikkje sett; skiftet er kjent. Men eg kan ikkje sjå at vi har så mange andre utvegar enn at dette er feil - "Peder Larsson Schelle" er far til eit barn av Peder Larsson Dale - men akkurat no er eg så forvirra at eg ikkje er i stand til å holde tråden her - !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan der vera feil i andre skifte også? Skiftet på Mykland i 1764 etter Lars Pedersen,f.1703,d.1764 har ikkje med Peder

f.2409 1733. Han ville ha vore ein verdig kandidat. Broren Peder er 18 år,og den einaste Peder i skiftet. Den første Peder

står difor i BB med d.ung. Han er i så fall d. i åra 1736-37-eller 38 der kyrkjebok vantar. Skal vi vekkja han til live att?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikkje sjeldan namn manglar i oppramsinga av arvingar, men at dei ikkje er med i utloddinga er meir sjeldan, så eg har ikkje så mykje tru på at her skal vere meir enn ein Peder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal prøve å rykkje tilbake til starten på tråden. Ærendet mitt var todelt: Å finne kvar det vart av "den andre" Peder Larsson Dale, han som var gift med Marte Eriksdtr.

 

Det trur eg no eg vil seie eg har funne ut: Han reiste til Bergen med familien og døydde der. Det andre ærendet var å finne kvar han kom frå - det veit eg framleis ikkje så mykje om, men ein teori er at han er frå Skinlo - bygdeuttale Skillja - sidan han blir kalla Schelle i 1783. Eg legg ikkje heilt vekk denne teorien sjølv om vi har skiftet på Støyva som seier at kandidaten min der er ugift i 1791 - og vil bruke litt tid på å studere det vi har av funn på Peder L Dale og familien så langt. Kanskje er det noko eg overser.

 

Men eg takkar framleis for innspel og kommentarar! Eg legg ut her etter kvart det eg finn.

 

Fyrste funn 1764 - trulova Ungkar Peder Larsson Dale og pige Marte Eriksdtr Sandene. Forløftningsmænd er Lars Pederson Skinlo og Jørgen Byrgeson Hunskår. Jørgen er frå ein nabogard til Dale, og Lars er fødd på Hetle lenger nede i bygda, gift til Skinlo, og kona hans Tora er syster til den Peder Larsson Skinlo som eg gjerne ville skulle vere identisk med Peder L Dale.

 

Fyrste barn Marte 1765 - blant fadrane ser eg Tora Larsdtr Skinlo som eg nettopp nemnde. Ei Barbrå Olsdtr Hetle er dotter til ein Ola Larsson Hetle - i følgje bygdeboka frå Bolset i Jølster.

 

Andre barn Lars i 1768 - blant fadrane her finn eg Lars Pederson Skinlo, forlovaren, og Ågåte Jakobsdtr Støyva som er moster til "draumemannen" min.

 

Tredje barn Eli i 1770 - her er far og syster til Marte fadrar, elles ingen som eg knyter til familien.

 

Fjerde barn Marte i 1773 - eg finn ikkje at den fyrste Marte er død i mellomtida, så kanskje lever begge opp - ingen fadrar eg knyter til familien.

 

Fente barn Erik i 1776 - her reagerer eg på fadderen Jakob Fossheim som ikkje høyrer til grannelaget. Det står ikkje noko patronym på han og eg kan ikkje garantere at det finst fleire - men det finst i alle fall ein Jakob Larsson Fossheim på den tida, og han er bror til - ja nettopp, Peder Larsson Skinlo, min "draumemann".

 

Dersom nokon greier å henge med her er de flinke.

 

Så forsvinn Peder Larsson og Marte Eriksdtr frå Dale og Gloppen. Ettersom dei ser ut til å ha vore forholdsvis fruktbare ville eg ha forventa meg eit barn i 1778, men kanskje har Peder reist fyrst frå bygda, og Marte har kome etter når han blei etablert, slik at dei ikkje har hatt noko kontakt over ein periode. Kven veit, men etter eit par år er dei i alle fall "i sving" igjen, med

 

Sjette barn Peter Martin i 1780 - i Domkirken i Bergen. Men før eg forflyttar meg til Bergen vil eg sjå litt på fleire fadrar i Gloppen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Målet med denne gjennomgangen er å gjere det meir eller mindre sannsynleg at Peder Larsson Skinlo f. ca 1737 = Peder Larsson Dale gift 1764 = Peder Larsson død i Bergen 1807.

 

Det siste likskapsteiknet har eg mange nok prov på, tykkjer eg. Hovudargumentet for det fyrste likskapsteiknet er at Peder Larsson Dale døyper sitt andre barn i Bergen under namnet Peder Larsen Schelle, og bygdeuttalen av Skinlo er Skillja, med ein flat i som tenderer mot e.

 

Sterkaste argument MOT er at Peder Larsson Skinlo er nemnt i eit skifte i 1791, buande i Bergen og ugift. Til det er å seie at det er eit barnlaust skifte med mange arvingar etter sysken og deira born, og det er fort gjort å få inn feil og misforståingar i ei slik rekkje.

 

Eg går no gjennom dei dåpane eg har på Peder Larsson Skinlo sine sysken for å sjå om Peder Dale eller kona Marte Eriksdtr er fadrar.

 

Eldste bror Ola får 2 born i Gloppen før han reiser til Isane - ingen interessante funn.

 

Neste bror Jakob Fossheim døyper eldste sonen sin Lars i 1766, og blant fadrane er Peder Dale. Neste barn Magnhild er truleg berre heimedøypt før ho døyr tidleg. Deretter kjem Palle i 1769, ny Magnhild i 1772 - begge utan spor av mine folk - og Nils som også truleg berre er heimedøypt.

 

Så får Jakob Fossheim ei ny kone, som føder 3 born som ser ut til å vere berre heimedøypte: Ingeborg, Nils og Lisbet, 1776, 1778 og 1780, alle tre døde raskt. Dei får 2 born til, men då er Peder Dale komen til Bergen, så dei ser eg ikkje på.

 

Dei to yngste brørne til Peder Skinlo, Krispinus og Lars, har ikkje etterslekt; Krispinus døydde liten og Lars 25 år gammal.

 

Einaste systera, Tora, vart gift med Lars Pederson Hetle som eg tidlegare nemnde som forlovar til Peder Dale - dei fekk 10 born på Skinlo før dei reiste til Bergen - siste barn i Gloppen er i 1779.

 

Barn nr 1 Marte har ingen interessante fadrar, men nr 2, Lars i 1763 får meg til å hoppe litt i stolen, fordi han har Marte Eriksdtr Sandene til fadder - året før ho gifter seg med Peder Larsson Dale. Sandene er ei lita mil lenger vest, og du må ha ein spesiell grunn til å velje deg fadder derfrå.

 

Ny Marte i 1764 - her er Peder Dale fadder. Mari fødd i 1766har Marte Eriksdtr Dale til fadder. Dei seinare borna finn eg ikkje noko interessant på, men eg noterer meg at "Peder Larsson Skinlo" ikkje er nemnt som fadder.

 

Eg sit att med det vesle ordet "ugift" i skiftet frå 1791 som motargument, og tykkjer det blir tynnare og tynnare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som "møring" bør jeg vel ikke legge meg bort i denne diskusjonen, men jeg prøver allikevel. Jeg har, som i alle fall alle deltakere på denne tråden vet, sett gjennom skiftene i Bergen, og lagt inn de der "Nordfjord" og "Sunnfjord" er nevnt her i egne tråder. Som tidligere bygdebokforfatter så har jeg noen ganger opplevd at det var faddere som ikke var nevnt i skiftene som skulle ha vært der, feil navn, og andre personer man kunne ha forventet å ha vært nevnt der, men som vi ikke finner nevnt. I flere tilfeller så vi jo nettopp dette i skiftene fra Bergen. Noe av årsaken hadde nok med geografi å gjøre, de visste ikke helt sikkert hvilken "stand" den som var langt unna hadde, enten de var gift eller ikke, mange ganger visste de ikke navnene på arvingene heller. Så ble det uriktig opplyst til skriveren av skiftet, og har dermed skapt trøbbel for oss som flere hundre år etter prøver å finne ut av slekta deres.

 

Selvsagt uten å være bastant, tror jeg at Aase er på rett spor her, at denne "draumemannen" hun er på jakt etter her, er identisk med denne Peder Larsen Schelle i Bergen/Peder Larsen Skinlo i Breim. Det er nettopp dette hun i de to siste innleggene langt på vei har bevist etter min mening.

 

En annen ting som ikke har vært nevnt her, er om det kan være skifter etter dette paret i Bergen. Siden de har barn etter seg i Bergen, kan vi alldeles ikke forvente at "Nordfjord" er nevnt i skiftet, men nære slektninger boende i Bergen kan være nevnt der, og kan være med på å gi svaret det her blir gjort mye for å finne ut av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Kjell, dette er sjølvsagt noko ein kan håpe på. Eg er ikkje så bevandra i skifta i Bergen - skulle du ha nokre minutt inniblant dine daglege gjeremål er eg takksam for all hjelp.

 

Men så til spora i Bergen. Dåpen til Peter Martin i Domkyrkja i 1780 viser desse fadrane: Elisabet Marie Eriksdtr, Elisabet Helene Nilsdtr, Henrik Hansen, Gabriel Eriksen og Andreas Eriksen.

 

Lat meg like godt gå gjennom kven eg manglar i desse familiane. Det er skifte etter Marte Eriksdtr Sandene si mor i 1773, og dette viser arvingane

 

Gabriel Erikson, fullmyndig - eg har han døypt i 1746 og konfirmert i 1767, deretter ikkje sett.

Anders Erikson, 21 år gammal - eg har han døypt i 1752 og konfirmert i 1773, deretter ikkje sett. Til det er å seie at han neppe kan vere skarpaste kniven i skuffa når han blir konfirmert 21 år gammal.

Marte Eriksdtr er som vi veit gift med Peder Dale; så kjem Else Eriksdtr, 27 år gammal - ho overtok plassen på Sandene etter faren.

Til slutt har vi Synnøve Eriksdtr, 16 år gammal - henne har eg døypt i 1755, så alderen er 2 år feil; eg har ikkje funne henne konfirmert i Gloppen, men eg trur ho kan vere identisk med tenestejenta Synnøve Eriksdtr hos systera Else i 1801, men i så fall med 5 års avvik i alder.

 

Eg kjenner ikkje identiteten til Marte Eriksdtr sine foreldre Erik Larsson og Marte Knutdtr, så eg kan ikkje seie noko om Marte sine eventuelle syskenborn.

 

På Peder Larsson Skinlo si side er etterslekta til brørne Ola og Jakob godt bevart i Nordfjord, men systera Tora er som sagt reist til "Bergen". Henne vil vi forvente å finne som Tora Larsdtr, eller eventuelt Tora Pedersdtr sidan ho er gift med Lars Pederson. Eg skriv Bergen i hermeteikn fordi det ofte er snakk om Fana, Arna, Askøy etc.

 

Dei borna som ikkje døydde i Gloppen er Marte Larsdtr 1764, Mari(e) Larsdtr 1766, Lars Larsson 1769, Peder Larsson 1770, Jakob Larsson 1776, og desse har nok blitt med til Bergen.

 

Denne familien er omtala i denne tråden, utan at vi fann noko til dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vielsen i Nykirken 2. juli 1797, han har fornavnet "Andreas" her:

 

http://www.arkivverk...70416620567.jpg

 

Tar med at barna til dette paret som er født før folketellingen, Uldricha Malena f. 5. febr. 1798 og Erik Olai f. 23. mars 1800, var døpt i Domkirken, men av de som var faddere ser jeg ingen som kan gi en pekepinn på om Anders/Andreas er i slekt med Marthe Eriksdatter og hennes familie, desverre. Ved Uldrichas dåp er faren oppgitt å være høker, ved Eriks dåpe er han bordarbeider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det Kjell! Eg sit no og konsentrerer meg om Gabriel Erikson, som er eit sjeldnare namn. Det eg finn blir lagt inn her etter kvart.

 

Som du tidlegare har funne til meg: Gabriel Erikson får barn i 1778, utanfor ekteskap. Han er då i Fastings regiment, og mora er Karen Malene Mikkelsdtr. Barnet heiter Erik Martinus.

 

Så har vi Gabriel Erikson gift med Marte Marie Samsondtr i Nykirken 1780; lysing i 1779. Her har eg ikkje vore inn i kyrkjeboka.

 

Dei får barnet Marte Karine i november 1780 - fadderlista er ei samanhengande rekkje av prominenser, ikkje mykje breimningar her.

 

Vi har også Gabriel Eriksen som fadder i 1780 - eg forbind ikkje noko med dei andre namna her.

 

I 1782 blir Gabriel Erikson daglønners pigebarn gravlagt på StP - adressa er oppgjeven til 5-87. Pigebarnet skal vere 1,5 år så dermed er det vel Marte Karine.

 

Så har vi den bedrøvelege Gabriel Eriksen som skjer seg i halsen i 1784 - truleg ikkje ved eit uhell sidan han blir gravlagt i stillhet. Alderen tilseier fødselsår 1742, 4 år før "min" Gabriel vart fødd.

 

Så har vi Gabriel Eriksens enke i Tyskesmuget som går til alters i Nykirken i1790.

 

Fleire funn er der beint fram ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel en like god kandidat til Anders Eriksen, denne er 48 år i 1801:

 

http://digitalarkive...&merk=3575#ovre

 

kona er Mette Berentsdatter.

 

Fam. er bosatt i Nykirken sogn, og barna før folketellingen 1801 var Mette Marie f. 12. okt. 1792, Anna Berentine f. 10. april 1795 og Dorthea Jørgine f. 12. jan. 1798. Ser man også her på faddere til disse barna, er det heller ikke her noe interessant å finne, det eneste kan kanskje være den "jomfru Sarheim" som er fadder til Anna Berentine:

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610496.jpg

 

Men det er nok vel tynt dette også desverre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så har vi en enke i 1801:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=48&filnamn=f18011301&gardpostnr=379&personpostnr=2661&merk=2661#ovre

 

Hun har barna Erik Andersen 10 år, og datteren Anne Andersdatter, 13 år gammel hos seg. Martine Larsdatter er husmor, enke av første ekteskap her.

 

En ungkar og arbeidskarl Anders Eriksen gifter seg 13. okt. 1782 i Korskirken med Martine Dorthea Larsdatter, så dette må undersøkes nærmere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oj! Sjå kven som er logerende på same adresse då - enkja Marte Samsonsdtr ! Kva heitte kona til den Gabriel Erikson eg hadde føre meg? Marte Samsondtr.. Og kva adresse er dei busette på? Jau, 5-78; og Gabriel Eriksons pigebarn i 1782 er oppgjeven med adresse 5-87, ei adresse som ikkje eksisterer.

 

Og søkjer du på adresse 5-78 i basen over døde får du fleire interessante treff!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessant, nettopp nå som jeg holdt på å få fnatt, unnskyld uttrykket. Når jeg ser på faddere på disse barna; Marthe f. 18. jan. 1783, Annanias f. 8. febr. 1785, Lars f. 25. mars 1786, Anna f. 7. nov. 1788 og Erik f. 16. mars 1791, alle døpt i Nykirken, er fadderlista ikke spennende, for oss i alle fall. Den eneste kan kanskje være Ole Absalonsen Sarheim som er fadder på Anna i 1788:

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070416610459.jpg

 

Men akkurat dette kan vel du svare på Aase?

 

Det hadde virkelig vært kjekt å løse denne gåten ja, ikke for egen del, men for å hjelpe Aase med løsningen her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat i dette NU sat eg også og las på fadrane til Anna i 1788 - og eg er ikkje i tvil om at vi har rette folka.

 

Eg manglar forresten ein Ola Akselson Sårheim f.1749.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjekt! Regner med at du kommer med en utdyping av dette etter hvert. I bygdeboka finner jeg en Ole Absalonsen Skinlo f. 1752, d. 1822 som bruker på Sårheim bnr. 1. Det står at han var gift med enken Anne (Hansdatter f. Vinsrygg?) Sårheim og at de ikke hadde barn. Er dette den samme? Ser at det står at hun døde i 1789, 52 år gammel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her skriv vi mot kvarandre - nei, det er ikkje han. Den eg manglar er son til Aksel Jonson Sårheim og Sofie Olsdtr Kvitstein som fekk dottera Mari i Gloppen i 1744, sonen Jon i Bergen i 1746, sonen Ola på ukjend stad ca 1749, og seinare slo seg ned på Almenning i Vågsøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat. Da kan jo det være denne "Absalonsen", for etter som jeg har forstått, så kan vel navnene Aksel og Absalon (Akslon?) være blitt blandet sammen.

 

He, he, slik er det når man er ivrige i sitt fag! :)

 

Kanskje det har med denne karen å gjøre da?:

 

https://familysearch...M9.1.1/N75M-R49

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=37&filnamn=dp12011668&gardpostnr=48598&personpostnr=142946&merk=142946#ovre

 

Men det blir det vel en egen tråd på etter hvert, tenker jeg, he, he.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det blir perifert etter kvart.. Eg avsluttar stort sett når eg har fått folket velberga forbi 1801, men noterer dette også.

 

Dermed reknar eg med at eg har plassert begge brørne til Marte Eriksdtr.

 

Eg trur også eg vil vedta at Peder Larsson Dale = Peder Larsson Skinlo, eg ser ingen andre løysingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

God helg til både deg Kjell og deg Aase.

Eg har ikkje bidrege til stort i denne tråden så eg får takke og for alt som har komme fram sidan dette er mine folk og.

Godt jobba, Aase og Kjell !

:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.