Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

LØYST: Klaus Ingebrigtsen - funksjonshemma - døydde i eller nær Oslo kring 1940?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Klaus (Eilertson) Ingebrigtsen, yngst i ein søskenflokk på ni, var fødd på Askøy ved Bergen 11.12.1915, men var ikkje som dei fleste andre. Han vart "gøymt vekk" i ung alder på ein lokal institusjon og var berre sjelden heime hjå foreldri sine. Han hadde ei søster som døydde barnlaus i 1937, og då er Klaus nemnd med adresse "p.t. Oslo". Då mori døydde i 1954, er Klaus ikkje nemnd, so han må då vera avliden.

 

Temaet har vore drøfta før: http://forum.arkivverket.no/topic/170167-klaus-ingebrigtsen/page__p__1455657__hl__+ingebrigtsen%20+%F8yane#entry1455657 - men utan at noko konkret kom ut av det.

 

Eg trur at Klaus Ingebrigtsen må vera avliden i eller nær Oslo (Lier?) kring 1940, med mindre han var på Gaustad?

 

Det hadde vore so kjekt endeleg å få greie på kva lagnad Klaus fekk, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mariann Stokken

Denne karen er sannsynlegvis sjekka ut av saka? Bærum er vel eit godt stykke frå Lier , men det var iallfall eit førsøk :-)

Klaus Ingebretsen 1941 1941 011 01 001 Bryn Bærum korrigering.gif

 

Funne på DisNorge sine Gravminner.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Astrid K. Natvig

hei,

det er ikke veldig langt fra Lier (eller Oslo) til Bærum, så hvis Klaus som begraves i 1941 ikke er sjekket ut, bør noen se nærmere på ham.

Kan Klaus ha kommet til Emma Hjorth?

I Lier var det ganske vanlig å ha "pasienter" boende på gårder, og det var sikkert vanlig andre steder også. Klaus kan ha bodd privat som "pasient" etter et evt. institusjonsopphold, iallefall hvis han var "lettere psykisk syk",

 

mvh. Astrid

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Mariann og Astrid for skikkeleg spennande og lovande innlegg! Denne Klaus Ingebretsen på Bryn i Bærum er jo gravlagd ikkje langt frå Emma Hjorth, so kan henda var det der han hadde bustaden sin dei siste leveåri?

 

Eg har sjekka FT1910, og der er det nemnd berre 3 x Klaus Ingebrigtsen, og ingen av dei budde på Austlandet! No var "vår" Klaus fødd etter 1910, og det kan sjølvsagt ha vore fleire andre fødde etter 1910, man han som er gravlagd på Bryn er so absolutt ein god "kandidat" å følgja opp! Me får sjå kva måndagen kan gje oss...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Mariann Stokken

Vil gjerne høyra korleis dette går :-))

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har i dag hatt kontakt med kyrkjekontoret i Bærum og ventar svar innan veka er omme med omsyn til Klaus. Emma Hjort høyrer forresten til Tanum sokn, men det kan jo likevel vera ein samanhang...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

I dag er det komme svar frå Statsarkivet i Oslo (http://forum.arkivverket.no/topic/182584-doedsfall-i-bryn-sokn-i-bcrum-1941/page__gopid__1551207#entry1551207), og det var positivt! Og her kan me ogso lesa seg fram til kvifor Klaus hamna der han gjorde - eit "gufs" frå svunne tider...

 

Problemet mitt er løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.