Gå til innhold
Arkivverket

Namneforvirring i "Gravminner i Norge"? To stk. Anne Madsie (Marie) i Kinn pr.gj.


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Eg har gjort ein liten observasjon. Dersom ein søkjer på Leversund på gravplassen i Eikefjord vert dei 3 fyrste treffa slik:

 

1933526 Anne Marie  Leversund  Madsdtr  2306  1871  1701  1948  2501  1948  k  A  0F  14       Eikefjord Flora korrigering.gif 1933560 Ingeborg  Leversund    0708  1875  3001  1916      k  A  0H  14    Vis Eikefjord Flora korrigering.gif 1933561 Lars  Henriksen Leversund    0105  1875  1805  1963  2305  1963  m  A  0H  14    Vis Eikefjord Flora korrigering.gif

 

Er rekkjene 0F og 0H paralelle tru? I så fall tyder det kanskje på ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur ikkje at ein skal leggje så stor vekt på likskap i nummereringa på gravene, sidan mi erfaring er at det kan vere store avvik frå rekkje til rekkje. Men eg har sett litt nærmare på denne Lars Henriksen Leversund. I Firda Folkeblad 27/5 1963 finn ein dødsannonsen:

 

post-77-0-18609200-1391796276_thumb.jpg

 

Eg har førebels ikkje funne Lars og Ingeborg i folketeljinga frå 1910, men finn att to av borna hans her, saman med Anna Madsdtr., Henrik og Abraham, jf. fyrste innlegg i tråden. I 1900 finn ein familien her.

 

I følgje folketeljinga i 1910 budde altså Anna Madsdtr. med familie i Livresundet, og det er ei vesentleg opplysning som eg ikkje trur har vore nemnt før. Då virkar det usannsynleg at det ikkje også er ho som døyr i 1948. Eventuelt måtte også Anna Pedersdtr. ha hatt tilknyting til namnet Leversund, men det står trass alt Madsdtr. i gravregisteret.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det burde eg ha opplyst om, det er klart!

 

Det er i det heile svært sannsynleg at Anne Madsdtr. var gift med Henrik Bertelson. Det som i grunn er det mest interessante er korleis/kvifor forvekslinga har oppstått. Det er vel kanskje noko vi aldri vil få svar på.

 

Så er det også interessant for meg å få vite kor det vart av Anne Pedersdtr. Ho var i USA to gonger, 1892 og 1901. Spørsmålet er, som eg har stilt før i debatten, om ho immigrerte til USA for godt. Kanskje ein ide å lage ein ny tråd på det :-)

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser forresten at eg har vore borti Lars Leversund ein gong før.

Her dukka det opp ein annan feil i gravminnebasen, nemleg at fyrste kona til Lars døydde i 1910 og ikkje i 1916. (Denne oppføringa finst ikkje i gravregisteret). Deretter reiste Lars til Amerika, og det er grunnen til at ein ikkje finn nokon av desse i folketeljinga dette året.

 

Etter å ha sett litt på sistnemnde tråd blir eg merksam på at det finst ein database over gravlagde i Eikefjord 1900-1960, og denne må vel vere basert på kyrkjeboka. Og her får ein eit overraskande resultat som gjer at ein er like langt:

 

post-77-0-72791300-1391800269_thumb.jpg

 

Så då er spørsmålet om det her har skjedd ein feil, eller om begge to har hatt tilknyting til Livresundet?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er det eg har fundert litt på om dei kanskje kan ha hatt! i og med at dei vart forveksla...

 

Ser at fødselsåret er feil på Anne Pedersdtr. i databasen.

 

Veit ikkje kor viktig det er , men då Lars Henriksen reiste til USA i 1910 var han enkjemann lflg. emigrant-databasen :

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=69784&personpostnr=69784#nedre

og det står at han reiste til familie.

 

Og her er jordfestinga til kona Ingeborg i 1910: Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6904&idx_id=6904&uid=ny&idx_side=-269

 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Då har Yngve funne ei Anne Marie Madsdtr. i dødsfallistene.

 

Slik som eg tolkar svaret til Yngve, så er etternamnet verken Batalden, Leversund eller Pedersen, men altså Madsdtr. Men eg legg merke til at namna på borna til ektemannen er identisk med brørne Lars  og Laurits, sjå innlegg #29. Lars Henriksen Leversund er son til Henrik Bertelson (#1 og #29) frå tidlegare ekteskap.

 

Så då er ein vel tilbake til utgangspunktet: Er det Anne Madsie Madsdtr. (slik ein har trudd) eller Anne Madsie Pedersdtr. som giftar seg i 1910?

 

Så langt er det vel slik at Madsdtr. og fødselsår 1870 (1869) går att dei fleste stader, bortsett frå i databasen over gravlagde og i gravregisteret.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har tenkt meg om ein gong til: Abraham Kvaløsund (som bur saman med Anne M. i 1910) var vel bror til Anne Madsdtr. (Og Nesbø peikar vel på Anne Madsdtr.). Då trur eg saka er løyst, og at det må vere det som står i kyrkjeboka over gravlagde, samt fødselsdatoen i gravregisteret som er feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

TAkk for desse Torbjørn! Ja det var nok Anne Marie Madsdtr. som gifte seg med Henrik BErtelsen. Men som eg har skrive før; kvifor vart dei to Anne'ne forveksla? Er det nokon spesiell grunn til det, bortsett frå at dei har like fornamn? Eg kan liksom ikkje forstå korleis det kan ha skjedd, uten at det var andre omstende som og spela inn....

Og kvar vart det av Anne Marie Pedersdtr?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.