Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andreas Jensson (1845-19??) - frå Hafslo til Øksnes og Bø i Vesterålen - lagnaden hans og til sønene Kristoffer (Finnmark) og Johan (Troms) Sjøtun?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i årevis freista samla opplysningar om denne huslyden som budde i Øksnes og Bø i Vesterålen med forgreiningar til Troms og Finnmark.  Nokre hòl står framleis uløyste, og no vonar eg på hjelp:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andreas Jensson, f. i Hafslo 20.1.1846,

Andreas Jensson flytte til Bergen alt i 1862, men reiste so til sjøs frå 1863 til han i 1866 flytte til Bø i Vesterålen.  Året etter flytte han vidare til Øksnes der han 4.11.1870 gifte seg første gongen med Ellen Anna Johnsdotter frå Gjørland i Øksnes, sidan ein del av Bø.  Ho var dotter av gardbrukar John Nikolai Johnson på Gjørland og kona Ellen Margrethe Paulsdotter frå Åsen under Stenland og f. i Øksnes 6.4.1848.  Andreas livnærte seg på denne tidi som innerst og fiskar, og han og Ellen budde mellom anna på Sørsand og Hjellsand i Øksnes før dei flytte til Dalen i Øksnes.  Ellen d. i Dalen 6.4.1875, og 3.10.1878 gifte Andreas seg att i Øksnes med Henrietta Fredrikke Oline Nilsdotter (Schanche) frå Grøtset i Øksnes.  Ho var dotter av husmann Nils Henrik Beyer Corneliusson Schanche på ein plass under Grøtset og kona Gjertrud Elisabeth Rasmusdotter frå Sminæs og f. i Øksnes 24.6.1855.  Andreas heldt fram ei tid som innerst og fiskar, og han og Henrietta budde på Strandhaugen i Øksnes, men var frå 1882 plassfolk under Grøtset i Øksnes der Henrietta d. 22.2.1888.  Andreas gifte seg tredje gongen i Malnes, Bø 17.12.1893 med enkja Karen Johannesen, opphavleg visstnok frå Digresaunet i Strinda.  Ho var i so fall dotter av husmann Johannes Larsson på Digresaunet under Digre og kona Marit Sivertsdotter frå Lykstad og f. i Strinda 6.3.1849.  Karen gifte seg første gongen i Malnes, Bø 18.11.1888 med enkjemannen Edvard Peder Ring Jensen, opphavleg frå Vatnfjord i Vågan.  Han var son av gardbrukar og fiskar Jens Pederson på Vatnfjord og kona Berit Christine Robertsdotter frå Straumnes og f. i Vågan kring 1838.  Edvard var gardbrukar på Haugen i Bø, men d. der alt 7.2.1890.  Andreas tok over som gardbrukar på Haugen då han i 1893 gifte seg med enkja og livnærte seg sidan òg som skomakar.  Karen d. på Eidet i Malnes, Bø 10.2.1914, medan Andreas d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Andreas og Karen fekk ikkje born i lag, men Karen hadde ein son frå første ekteskapet sitt med Edvard Jensen.  Elles hadde Andreas i dei to første ekteskapi sine i alt ti born, tre frå første ekteskapet og sju frå det andre:

a. Jensina Emilie Andreassen, f. i Øksnes 18.5.1871, d. på Sørsand i Øksnes 5.6.1871.

b. Josefina Henriette Andreassen, f. i Øksnes 25.11.1872, d. ugift på Hjelsand i Øksnes 8.3.1893.

c. Emma Alida Amalie Andreassen, f. i Øksnes 28.3.1875, d. i Dalen i Øksnes 8.4.1875.

d. Petra Kristine Andreassen, f. i Øksnes 22.1.1878, d. i Øksnes 18.1.1886.

e. Kristoffer Nikolai Jentoft Andreassen, kjend som Kristoffer Sjøtun, f. i Øksnes 11.4.1879, d. i Honningsvåg

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dødsdatoen hans? – gravlagd Honningsvåg!)

 

     28.10.1937.  Han gifte seg i Måsøy 7.8.1910 med Anna Elisabeth Sofie Eliasdotter frå Liland i Vågan, f. i Vågan 2.5.1883.  Ho d. i Honningsvåg

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dødsstaden hennar? – gravlagd Honningsvåg!)

 

     1.10.1962. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1910: fiskar på Lemstrand i Måsøy)

 

     ¤¤¤¤¤ (born? – inkl. Synnøve f. i Vågan 27.7.1904 og Ole f. Måsøy 8.5.1913?)

 

f. Joakime Jensine Andreassen, f. i Øksnes 15.1.1881, d. i Øksnes 20.1.1886.

g. Kristian Martin Andreassen, f. i Øksnes 23.8.1882, d. i Øksnes 8.1.1883.

h. Johan Sverdrup Andreassen, f. i Øksnes 26.4.1884, d. i Øksnes 5.2.1886.

i. Johan Simon Andreassen, kjend som Johan Sjøtun, f. i Øksnes 31.1.1886, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Johan voks opp i Bø, men gifte seg i Hillesøy, Lenvik 19.7.1908 med Hilda Oliva Jenadine Torgersdotter frå Sand i Hillesøy, Lenvik, f. i Lenvik 21.8.1882.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Tromsø!)

 

     5.9.1963. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1910: fiskar Laukvik, Hillesøy i Lenvik)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1910 n. son Arthur Johansen f. Hillesøy 17.12.1908)

 

j. Henrik Ferdinand Olai Andreassen, f. i Øksnes 21.2.1888, d. på Vottestad i Øksnes 3.7.1968.  Han gifte seg i Øksnes 21.2.1914 med Signe Olufine Elida Nilssen, f. på Vottestad i Øksnes 4.3.1888.  Ho d. i Øksnes 10.12.1974.  Henrik og Signe vart husmannsfolk og budde levetidi ut på Vottestad i Øksnes.  Dei fekk to søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Telefonkatalogen syner ein person i Honningsvåg med namnet Sjøtun.  Eg har i ettermiddag ringt vedkommande og fått greie på følgjande:

 

* Kristoffer og Anna Sjøtun budde i Honningsvåg og fekk i alt fire born.  I tillegg dei to nemnde ovanfor var det to døtrer til.

 

MEN, eg finn ikkje nokon av desse borni døypte i Måsøy og lurer på om ikkje her kan liggja ei liti "geografisk" utfordring?

 

Vigsli i 1910 fann stad i Måsøy, og bustad for båe er då oppgjeven til MAFJORD, medan FT1910 nemner dei som busette på LEMSTRAND i INGØEN krins i Måsøy.  Kan det tenkjast at Mafjord og Lemstrand ligg i Måsøy hovudsokn nær Havøysund, og at dei flytte derifrå til sjølve Honningsvåg kort etter 1910?  Finst det nokon i Brukarforum med lokal kunnskap frå dette området?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her i alle fall dåpen til Arthur Hetman Odin:

 

Troms fylke, Hillesøy i Lenvik, Ministerialbok nr. 15 (1896-1915), Fødte og døpte 1909, side 59. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=207&idx_id=207&uid=ny&idx_side=-61
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050301020973.jpg

 

Og her er dåpen til Sunniva Henriette Marie i Vågan - foreldrene var ungkar og pige:

 

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Fødte og døpte 1905, side 100. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2867&idx_id=2867&uid=ny&idx_side=-102
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020775.jpg

 

Finner dette i gravminner i Norge:

 

d 2417391  Fornavn Ole K.  Etternavn Sjøtun  Pikenavn   Tittel   Bosted   Født dato 0805  Født år 1913  Fødested   Død dato 0705  Død år 1965  Død sted   Begravet dato 1505  Begravet år 1965  Kjønn   Merknad   Teig   Felt B  Rad 05  Gravnr 015  Minnetekst   Gravplass Honningsvåg  kommune Nordkapp  Fylke Finnmark 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er dåpen til Ole Konrad, i kirkeboka innført som født 09.05.1913, men foreldrenes navn stemmer!

 

Finnmark fylke, Kjelvik (Nordkapp), Ministerialbok nr. 1 (1911-1919), Fødte og døpte 1913, side 20. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=117&idx_id=117&uid=ny&idx_side=-24
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050216040250.jpg

 

Og her er dåpen til Eleonora Elise, født 05.10.1911

Finnmark fylke, Kjelvik (Nordkapp), Ministerialbok nr. 1 (1911-1919), Fødte og døpte 1913, side 21. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=117&idx_id=117&uid=ny&idx_side=-25
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050216040251.jpg

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Konfirmasjonen til Eleonora Elise Sjøthun:

Finnmark fylke, Kjelvik (Nordkapp), Ministerialbok nr. 2 (1920-1929), Konfirmerte 1926, side 140. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8588&idx_id=8588&uid=ny&idx_side=-124
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10811206010123.jpg

 

Konfirmasjonen til Ole Konrad Sjøtun:

Finnmark fylke, Kjelvik (Nordkapp), Ministerialbok nr. 2 (1920-1929), Konfirmerte 1927, side 142. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8588&idx_id=8588&uid=ny&idx_side=-126
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10811206010125.jpg

 

 


Eleonora Elise ser ut til å være gift Karlsen og døde i 1994:

 

2418383 Eleonora Elise  Karlsen    0510  1911  0708  1994  1208  1994    I  02  012       Honningsvåg Nordkapp korrigering.gif

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Pål og Grethe for fleire flotte innlegg!  Eg er imponert!

 

Dødsfallet til Andreas Jensson synest vera eit stort problem.  Nokre hevdar at han skal vera omkomen på sjøen, men i so fall har han vel vore i eldste laget, eller?  Er det ikkje meir truleg at han døydde kring 1915 då kyrkjebøkene for Malnes sokn er so mangelfulle?

 

Me synest no ha god "kontroll" over Kristoffer Sjøtun i Honningsvåg!  Det ser ut til at han og Anna kring 1912 må vera flytte frå Mafjord i Måsøy til Søre Honningsvåg i Kjelvik (Nordkapp), og der vart dei buande.  Dei skal ha hatt ei dotter til, men i so fall er ho fødd etter 1919, for i kyrkjeboki for Kjelvik, som endar det året, kan eg ikkje sjå at ho er nemnd...

 

Elles ser det ut til å vera vanskar med å finna att Johan og huslyden hans i Lenvik/Tromsø!  Kona Hilda er gravlagd i Tromsø, men ho kan vera flytt dit som enkje...(?).  Kanskje er det mogeleg å finna att sonen Arthur?

 

Me rykkar stadig nærare mål, og eg vonar på fleire gode innspel.  Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Pål og Randi for nye spennande innlegg!

 

Dette med "uekte" born og "sambuarskap" før i tidi, til dømes på 1800-talet, er ei stor utfordring for oss bygdebokskrivarar.  Skal dei takast med, eller skal me lata det liggja?

 

Eg har jamnt over følgt eit prinsipp om at "uekte" born skal omskrivast under mødrene, men med opplysning om kven som var far til barnet, med mindre barnet er født so seint i tid at personvernsreglar og samtykkenekt set ein stoppar for dette.  Veit ein derimot sikkert at eit "uekte" barn voks opp hjå far sin, er det heilt naturleg at barnet skal nemnast der!

 

Kva so med dei mange borni som Andreas Jensson fekk med ulike damer?  Har ein belegg for at nokon av dei voks opp hjå Andreas?

 

Uansett, dette med "attåtkoner" er ogso ein del av soga vår, som me ikkje skal ignorera!

 

Eg har elles i dag gjennom eit upublisert kyrkjegardsregister fått greie på at Johan Simon Sjøtun døydde i Tromsø 22.6.1953, og for å få oversyn over ætti hans, har eg no sendt forespørsel om sjekking av dødsmeldingi hans.

 

Då sit me etter kvart berre att med dette spørsmålet som gjeld dødsfallet til Andreas sjølv, men kanskje vert dette heilt uråd å få tak i?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Martinussen

Andreas Sjøtun og familie flyttet til Eidet i Bø en gang mellom 1900 og 1910. Han var i livet da kona døde i 1914. Kan han ha reist fra Bø da? 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Pål for nytt innlegg!

 

Lagnaden til Andreas Jensson Sjøtun vert ikkje lett å finna.  Han er ikkje skriven avliden i Malnes sokn i Bø, og kvar han kan vera reist, er heilt på det uvisse.  Kan det tenkjast han drukna slik somme meiner å vita?

 

Elles var flyttingi til Eidet i Malnes FØR 1908, for dødsmeldingi etter Johannes Larsson Digresaunet i Strinda frå 1908 syner desse ervingane:

 

~~~~~~~~~~

 

Karen Johannesdtr, gift Andreas Sjøthun, Eidet, Vesterålen
Olava Johannesdtr, gift Johan Johnsen Muggruben, Tyvold
Lars Johannesen Gruben
Avdød datter Serine, etterlater barna
Anna Olsen Høiaas, Brenken, Stjørdal
John Olsen, ukjent
Odin Olsen, Kopperå
Severin Olsen, Mellemila 48a, Trondheim
Hanna Olsen (mindreårig), Holten, Skatval

 

~~~~~~~~~~

 

Dødsmeldingane for Vesterålen for den tidi då Kari døydde, skal vera tapte i ein brann, men om dei eigde staden på Eidet der dei budde, finst det kanskje PANTEBØKER som kan hjelpa oss vidare?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Martinussen

Her er dødsfallet til Karen: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=262&idx_id=262&uid=ny&idx_side=-141

I Ft.1910 finner vi Andreas, Karen og sønnen hennes, Eliot på plassen Leitebakken under br.nr. 2 Vestjorda på Eidet. Andreas kalles Skotøiflikker og pladsbruker og kona Husmandskone. Etter disse opplysnnger er jeg sikker på at det er samme plass stesønnen Eliot Edvardsen (vanligvis kaldt Eliot Sjøtun) og kona Antora bodde på. Husker dem fra da jeg vaks opp. Huset står fortsatt, men er ikke nevnt som eiendom under Eidet i den nye gårdshistoria for Bø. Det tyder på at huset fortsatt ligger på br.nr. 2.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Pål fort nytt interessant innlegg!

 

No ser eg at denne kyrjeboki er "sortert" under Malnes som prestegjeldsnamn og ikkje Bø.  Difor kunne eg ikkje finna dødsfallet hennar Karen...  Merkeleg katalogsystem...

 

Elles ser eg at Andreas og Karen var husmannsfolk, so det er neppe noko meir å finna om dei i panteregisteret.  Dødsfallet til Andreas Jensson Sjøtun er soleis framleis eit mysterium, og eg ser ikkje noko vis me kan finna ut av dette...

 

Men takk igjen for alle innspel!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jørgen M. Steen

Dette med "uekte" born og "sambuarskap" før i tidi, til dømes på 1800-talet, er ei stor utfordring for oss bygdebokskrivarar.  Skal dei takast med, eller skal me lata det liggja?

 

Hvis en forfatter om 100 år unnlater å ta meg med i ei bygdebok fordi jeg er født utenom ekteskap, så lover jeg å gå igjen for å plage vedkommende til det kommer ut en beklagelse! :angry: :lol:

 

Selvsagt skal det tas med, på lik linje med "alle andre". Det er ingen forskjell på "oss" og "dem", den eneste forskjellen er et sosialt konstruert skille som i dag nærmest er utvisket i de fleste kretser. Om man synes det er ille å omtale vedkommende som et uekte barn, så skriv barn utenfor ekteskap da. Det verste man kan gjøre er å fortelle halve sannheten eller omskrive sannheten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jørgen for nytt innlegg!

 

Eg er sjølvsagt 100% samd i at "uekte" born skal takast med i bygdebøkene våre, og eg må berre leggja meg heilt flat om det eg skreiv ovanfor vart oppfatta som om at dei ikkje skal nemnast.  Det var helst "klønete" frå mi side å uttrykka meg slik eg gjorde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jørgen M. Steen

Ingen fare Lars, jeg skjønte hva du mente tror jeg. Jeg svarte mest fordi enkelte synes å være redde for å såre noen, og kanskje unnlater å fortelle sannheten eller bare deler av den, da særlig om historier som kanskje er vonde å oppleve eller ikke så hyggelige å høre om i ettertid.

 

Landssvikerarkivet blir vel åpnet for generelt innsyn mener jeg å ha lest, her er det nok historier som kan være vanskelige å takle, men allikevel er det viktig å ikke omskrive eller unnlate seg sannheten. Vi har vel alle i våre slektsledd et svart får, som på en eller annen måte brøt med de sosiale normene i sin tid. Vi må ikke bli redde for sannheten :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hanne W. Heen

Hei Lars E. Øyane, jeg har en venninne som er etterkommer av Andreas Sjøtun, hun vil gjerne komme i kontakt med deg. Jeg har hjulpet henne litt med denne personene for en del år tilbake men for oss stoppet det også opp. Om du kan kontakte henne på email: soe_re@hotmail.com ville hun satt pris på det, hun heter Randi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tom Erik Nilsen

Hjarteleg takk til Pål fort nytt interessant innlegg!

 

No ser eg at denne kyrjeboki er "sortert" under Malnes som prestegjeldsnamn og ikkje Bø. Difor kunne eg ikkje finna dødsfallet hennar Karen... Merkeleg katalogsystem...

 

Elles ser eg at Andreas og Karen var husmannsfolk, so det er neppe noko meir å finna om dei i panteregisteret. Dødsfallet til Andreas Jensson Sjøtun er soleis framleis eit mysterium, og eg ser ikkje noko vis me kan finna ut av dette...

 

Men takk igjen for alle innspel!

Har kanskje noe info om Sjøtun. Bestemor, Therese født 1911, hennes søster Borghild og muligens Arthurs enke, Mary. Alle I Tromsø.

Dersom du tror dette er relevant høres jeg gjerne fra deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har "mistet litt oversikt" her, men mener at sønnen Alfred Kristian Martin, født 10.09.1889 i Øksnes, ikke er kommet med... Moren hans var pige Oline Birgithe Nilsdatter, se:

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Øksnes i Øksnes, Ministerialbok nr. 893A09 (1885-1893), Fødte og døpte 1889, side 30. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6808&idx_id=6808&uid=ny&idx_side=-34
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109350135.jpg

 

Alfred Kristian Martin døde 02.10.1893.

Nordland fylke, Øksnes i Øksnes, Ministerialbok nr. 893A09 (1885-1893), Døde og begravede 1893, side 164. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6808&idx_id=6808&uid=ny&idx_side=-147
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109350248.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hanne, Tom Erik og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Til Hanne: Randi må gjerne skriva til meg!  E-posten min er oppgjeven i alle innleggi mine!

 

Når det gjeld familien Sjøtun i Tromsø, som du, Tom Erik, tydeleg ættar ifrå, so hadde eg for fleire månader sidan direkte korrespondanse med Statsarkivet i Tromsø om denne ætti, og eg fekk mellom anna vita følgjande:

 

Johan Simon Sjøtun døydde i Tromsø 22.6.1953.  Enkja Hilda døydde same staden 5.9.1963.  Dei hadde tre born:

 

* Arthur Sjøtun, fødd 17.12.1908

 

* Therese Nilsen, fødd 12.5.1911

 

* Borghild Mikkelsen, fødd 4.10.1913

 

Då Johan døydde i 1953, vert det opplyst at det var "intet til arv", at huslyden hadde butt i Honningsvåg og at dei miste alt dei eigde under evakueringi av Finnmark (i 1944?).

 

Eg har sett etter fødslene til Therese og Borghild i Honningsvåg, men finn dei ikkje.  Heller ikkje finn eg nokon av dei konfirmerte i Honningsvåg!  Utifrå dette sluttar eg at dei må vera flytte TIL Honningsvåg etter 1930?

 

Kanskje du, Tom Eriik, kan fortelja meg:

 

* Kvar budde Johan og Hilda Sjøtun etter 1910?

 

* Og kva yrke hadde Johan?

 

* Eg reknar med dei ikkje fekk fleire enn dei tre borni?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

Redigert tillegg:  Kanskje Andreas Jensson flytte inn hjå ein av sønene sine i Honningsvåg og døydde der??

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.