Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Jensson (1845-19??) - frå Hafslo til Øksnes og Bø i Vesterålen - lagnaden hans og til sønene Kristoffer (Finnmark) og Johan (Troms) Sjøtun?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Pål for eit kjempemessig innlegg!  Endeleg er dette dødsfallet finne, som so mange har søkt etter!

 

Etter dette manglar eg berre dei par detaljane om sonen Johan som eg vonar Tom Erik kan skaffa fram...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for siste innlegg og fleire direkte meldingar!  Innanfor råma til Gards- og Ættesoga for Luster kommune følgjer eg ikkje dei utflytte ættene lenger enn til første generasjon fødd etter utflytting.  Difor set eg punktum etter borni til Andreas Jensson Sjøtun.

 

I ei direkte melding nemner du, Randi, at Johan Simon Andreasson Sjøtun var tømmermann og at han budde i Tromsø.  Men dette står i motsetnad til dødsmeldingi hans der me får opplyst at familien vart evakuert til Tromsø frå Honningsvåg under andre verdskrigen (1944).  So spørsmålet om bustaden hans står framleis ope...  Kvar var døtrene hans fødde?  Kvar vart dei konfirmerte?  Samstundes er det òg eit spørsmål om han alltid var tømmermann?

 

Nok ein gong ein stor takk for all god hjelp for å finna dei manglande opplysningane om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Jau, Therese Nilsen og Borghild Mikkelsen er nok namni deira som gifte.  Dei budde båe i Tromsø og er truleg avlidne der, men eit avgjerande spørsmål er kvar dei er FØDDE og KONFIRMERTE...?

 

Ole Sjøthun frå Honningsvåg 1943 er, om eg ikkje hugsar heilt feil, ein son av Kristoffer Sjøtun.

 

Det skal visstnok ikkje vera so enkelt dette...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei !   Jeg fant Johan og Hilda Sjøtun i Kirkeboka  i Lenvik ,dem giftet seg  19/7-1908 og da stod han oppført som Fisker . Sendte deg også en Mail.

 

 

Mvh.

 

Randi  J Rekdal 

Endret av Randi J Rekdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi og Pål for nye interessante innlegg!

 

Det er ei logisk forklaring på manglande kyrkjebokinnførsler om Hilda var medlem av baptistkyrkja.  Kanskje budde dei lengre tid i Lenvik før dei flytte bort, og kanskje budde dei i Honningsvåg på den tidi då døtrene normalt skulle ha vore konfirmerte, sjølv om Randi i ei direkte melding seier følgjande:

 

"Borghild hadde vært med på Konfirmasjonundervisning  i 1928,men hun ble ikke Konfirmert da. Dette måtte ha vært i Tromøsund . Vielsen til Therese var i 1933 i Tromsø og da bodde hun i Grønnesgt.91"

 

Det er tydeleg ikkje lett å svara på dette spørsmålet om bustaden til Johan og Hilda...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei !  

 

Får bare lete videre :-)  men en stor Takk til Geir Haug ,Rise ,Bø i Vesterålen han har vært Kjempeflink ,han har hjelpt meg over flere år med denne Historia .. og spennende har det vært.!!

 

Mvh.

 

Randi  J Rekdal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Pål for nye spennande innlegg!

 

Det er no komme til so mange "element" som heilt tydeleg syner at Johan og Hilda må ha butt i Hillesøy, Lenvik til dei mellom 1911 og 1916 flytte til Tromsø.  Det er berre dødsmeldingi hans som nemner Honningsvåg som bustad fram til evakueringi av Finnmark, men om dei budde i Honningsvåg, kan det ikkje ha vore lenge!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#24 Er dette etternavn som gift?

 

* Therese Nilsen, fødd 12.5.1911

* Borghild Mikkelsen, fødd 4.10.1913

Therese er født 17.mai 1911 og Nilsen og Mikkelsen er etternavn som gift. Sjøtun var pikenavn Endret av Tom Erik Nilsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Tom Erik for nye spennande innlegg!

 

Biletet er etter dette endå klarare!  Huslyden kan ikkje ha butt i Honningsvåg særleg lenge, om i det heile!  Kanskje Tom Erik har høyrt noko meir om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Tom Erik for nye spennande innlegg!

 

Biletet er etter dette endå klarare! Huslyden kan ikkje ha butt i Honningsvåg særleg lenge, om i det heile! Kanskje Tom Erik har høyrt noko meir om dette?

Skal forsøke å bruke litt tid på en eske med gamle bilder, men tid er litt luksus for øyeblikket. Noen byggeprosjekt I huset krever sitt.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tom Erik for nytt innlegg!  Du må ta deg den tidi du treng.  Mange av oss ættegransarar/lpkalhistorikarar skulle helst ha all forskingi gjort unna i går, men me veit at ting tek tid, og det finst gonger i livet der ein lyt prioritera og der me lyt ta omsyn til andre og andre aktivitetar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Er det slektninger  i Hafslo etter Andreas jensson Sjøtun ?  Og  Hvor ligger Garden han bodde på  og finnes den ennå ?

 

 

Endret av Randi J Rekdal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for eit nytt og særs utfordrande innlegg!

 

Dette er spørsmål som krev mange timers forsking i lokale kjelder, men ei sak kan eg svara på med ein gong:

 

* Andreas Jensson var ikkje frå nokon særskild gard.  Han var fødd utanfor ekteskap som yngste barn av Øllegaard Ingebrigtsdotter Solvorn (1823-1859).  Ogso Øllegaard og ei halvsøster av ho var fødd utanfor ekteskap.  Mor deira var Elisabeth Ørjensdotter (1799-1849).  Desse ugifte mødrene budde mange forskjellige stadar, men for det meste hadde dei nok tilhald i tettstaden Solvorn, og eg har «plassert» dei på ein strandsitjarplass i almenningen under gnr. 175, Solvorn der Elisabeth Ørjensdotter vart gift i 1846, då Øllegaard alt var vaksi!

 

Detaljane kring dette vil du finna i Band XI av Gards- og Ættesoga for Luster som etter planen skal komma ut no før jul!

 

Når det gjeld slekt i Hafslo etter Andreas, so hadde han berre to halvbrør, Lars Evenson (1847-1877) som flytte til Askvoll i Sunnfjord, og Martinus Sjurson (1853-1946) som busette seg på Værøy.  Lars har etterkomarar i Bergen, medan Martinus har stor slekt etter seg på Værøy!

 

Andreas har sjølvsagt òg fjernare slekt i Hafslo, men då er det at omfattande forsking lyt gjennomførast, og dette er noko som eg diverre ikkje har høve til å ta på meg på noverande tidspunkt!  Uansett er det til dels svært fjern slekt!

 

Eg vonar at dette kan oppklara i alle fall noko for deg...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.