Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anton frå Solvorn, fødd kring 1916, hamna i Oslo - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Antonette Tøgine Johannessen, fødd i Bergen 11.5.1898, budde frå 1909 i Solvorn sokn i Hafslo, gifte seg i Solvorn 18.6.1919 med Esekiel Josva Johannessen, og dei busette seg i Høyanger, men flytte kring 1935 til Oslo.

 

Det vert mellom etterkomarane fortalt at Antonetta i ung alder, truleg kring 1916, fekk ein son som visstnok heitte Anton.  Denne Anton vart "bortsett" og voks ikkje opp med mor si, men hamna sidan òg i Oslo der han skal ha vore sjukebilarbeidar.  Han hadde kontakt med mor si kort før mori døydde i 1978, men ingen kjenner etternamnet hans eller lagnaden hans elles.

 

* Finst det spor etter ein slik person i fødselsregisteret for Hafslo (Solvorn) for perioden mellom 1913 og 1919?

 

* Kan Anton ha vokse opp på barneheimen på Syrstrondi, Leikanger?  Kanskje han i so fall vart døypt eller i alle fall konfirmert der?

 

Tips om andre kjelder som kan ha opplysningar om denne personen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Vi har forsøkt å finne denne karen tidligere. Prestene førte fødselsregister fra januar 1916. Han står ikke i fødselsregisteret for Solvorn fra 1916 av.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for svar!  Dette er ein person som heilt klart har "gøymt seg" godt i kjeldene våre, men ein eller annan stad må han jo ha vakse opp!

 

No fann eg ogso att den tidlegare debatten om dette emnet (http://forum.arkivverket.no/topic/174818-barnefoedsel-solvorn-sokn-kring-1916/?hl=%2Banton+%2Bsolvorn#entry1492408), men mannen er og vert borte...

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordringi frå gløymsli.

 

Eg har enno ikkje greidd å komma på sporet etter denne Anton som me veit i vaksen alder budde i Oslo der han skal ha vore sjukebilarbeidar.

 

Takksemdi mi vil vera grenselaus om nokon greier å komma på sporet etter Anton!

 

Redigert:  Eg har i kveld vore i kontakt med eit barnebarn av Antonette som fortel følgjande:

 

Etter at Antonette i 1919 gifte seg med Josva Ezekiel Johannessen, og dei flytte til Høyanger, var mannen so slem med vesle Anton, at Antoinette måtte redda guten og fekk han adoptert bort!

 

Sidan Anton ikkje er døypt i Hafslo, er det mogeleg at han vart døypt i Lærdal, eller kanskje i Bergen!?

 

Eg vil ogso leggja dette emnet inn i Brukarforum!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ottar Eliassen

Hei Lars.

 

Muligens et dumt spørsmål. Har du etterlyst skifte etter mor hans?

 

mvh Ottar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det ser ikkje ut som om det førte nokon stad: Lenke

Redigert: Dersom ikkje dødsmeldinga er undersøkt er nok dette neste steg.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ottar og Torbjørn for nye innlegg!

 

Faktum er at sonen ikkje er nemnd i dødsannonsa etter mori, og då ho fekk den eldste "ektefødde" sonen sin i 1920, er det sagt at dette var første barnet hennar!

 

Noko "merksnodig" er det med denne Anton, men eg har alt kontakta Oslo tingrett for å be om ei undersøkjing av dødsmeldingi hennar Antonette.  Eg ser ikkje nokon annan veg i denne saki, med mindre ein skulle "råka borti" fødsli hans Anton ein eller annan stad...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg i dag motteke følgjande svar frå Oslo Byfogdembete:

 

"Hei,
 
I Oslo byfogdembetes arkiver fantes to dokumenter etter Antonette Tøgine Johannessen, død 10.07.1978 Nordstrandhjemmet: Skifterettens dødsfallprotokoll og Melding om dødsfall i begravelsesbyrå. Dessverre nevner begge disse dokumentene kun Svanhild Isebakk (Idebakke) og Åshild Johannessen (Hansen) som barn og arvinger etter henne. Jeg kunne ikke finne noen opplysninger om sønnen.
 
Med vennlig hilsen"

 

Då kjem me altso ikkje lenger den vegen...

 

Kva gjer me so vidare...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.