Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Paul Gustav Pisani, fødd i Bergen 1883, til Hetland (Stavanger) 1920 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølgjing av tema #78842 i det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/164183-78842-paul-g-pisani-foedd-1883-bakarsvein-og-sidan-kommunearbeidar-bergen-lagnad/?hl=%2Bpisani#entry1403106), som me den gongen ikkje greidde å løysa.

 

Her kjem ei oppdatering med ny status pr. idag:

 

~~~~~~~~~~

 

Paul Gustav Josefson Pisani, fødd i Bergen 17.11.1883, gifte seg i Bergen 4.5.1908 med Elina "Ella" Christophersdotter Hillestad, fødd i Hafslo 12.6.1878.

 

FT1910 syner parfolket i Lille Øvregate 36c i Bergen (http://digitalarkive...f01036708063638).  Paul er då bakarsvein.

 

Ella Pisani døydde under eit opphald på Rå i Fana 19.7.1918, men bustaden var i Nygårdsgt. 43 i Bergen (http://arkivverket.n...ize=full&mode=0). Paul var den gongen kommunearbeidar.  Parfolket budde i lag med både søster hennar og far hennar!

 

Frå Statsarkivet i Bergen får eg i dag opplyst at Paul Pisani 3.5.1920 tok utflytting frå Bergen til Hellevaag i Hetland, nær Stavanger (http://forum.arkivverket.no/topic/191019-paul-gustav-pisani-bergen-folkeregister/#entry1616224).

 

I det gamle tema #78842 seier Ann-Mary Engum med referanse til FamilySearch at Paul skal vera avliden 13.2.1959, men eg greier ikkje henta fram denne innførsli og finn heller ingen kjelder som kan stadfesta datoen.

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har sett litt på lysingsprotokollane for Hetland, men finn ikkje Paul Pisani attgift der.

 

* Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar denne Paul Pisani kan ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

kan ikkje sjå at han døydde i Bergen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ser at lenken (FS) til det angivelige dødsfallet i 1959 ikke virker lenger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Kanskje ikke viktig, men stedsnavnet i Stavanger skrives Hillevaa(å)g

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for stadfestande kommentar.  Eg fekk heller ikkje denne lenka til å virka...

 

Hjarteleg takk ogso til Grete for innlegg som kom, medan eg arbeidde med mitt!

 

Eg ser at denne huslyden Pisani i 1885 er busett i Claus Fastingsgate 17 i Bergen:

 

Josef Mateo Pisani, fødd Bergen 1842, gipsarbeidar

Anna Margret Pisani, fødd Bergen 1845, hans kone

Adolf Mateo Pisani, fødd Stavanger 1870, son

Jossef Valdemar Pisani, fødd Stavanger 1872, son

Sofus Rangvald Pisani, fødd Stavager 1874, son

Johannes Luvidoni Pisani, fødd Trondheim 1877, son

Karl Kristoffer Pisani, fødd Bergen 1880, son

Paul Gustav Pisani, fødd Bergen 1883, son

 

Det er tydeleg at denne huslyden har vore "mobil".  Dei er ikkje i Bergen i 1891, men i 1900 dukkar gipsmakaren opp i Bergen med ny kone Mathilde, men ingen born.  Sønene Josef Valdemar og Karl Kristoffer er feiarsveinar i Bergen, båe nygifte, medan Adolf Mateo Pisani er feiarmeister i Stavanger, gift med to born.  Sofus, Johannes og Paul er ikkje å sjå!

 

I 1910 er gipsmakar Josef Matheo Pisani med kona Mathilde på ny i Stavanger.  Adolf Pisani er avliden, men enkja og borni deira bur i Stavanger.  I Stavanger er ogso "Giovanni" (= Johannes) Pisani, støyperiarbeidar, gift og med to born.  Josef er feiarmeister i Bergen.  Karl er feiarsvein i Christiania.  Sofus er "ingvalid" feiarsvein i Bergen, ugift.

 

Dei einaste av desse eg finn avlidne i Bergen etter 1912, er Josef Valdemar Pisani i 1953 og Sofus Ragnvald Pisani.  Han døydde ugift 25.11.1934, men som einaste erving er oppgjeven "faren Josef Pisani i Stavanger"! (http://arkivverket.no/URN:sk_read/27868/88/?size=full&mode=0).  Jrosef Valdemar var gift og hadde born, so dødsmeldingi hans er truleg til liti hjelp...

 

Me lyt nok til Stavanger for å finna fleire opplysningar om Paul Gustav, eller...?

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Annalisa Thelin Knutsen

Hei

Familien Pisani bodde i Stavanger. Jeg har registrert de på 4 forskjellig hus i Pedersgata.  se pedersgata.org.

Men senere har jeg funnet flere opplysninger som kommer etterhvert.

 

Min kjære hustru Karen Mathilde, f. Olsen, døde idag 18-8-1913, 63 år gammel i Stavanger. Joseph Pisani

 

Min kjære mand og vor far Giovanni Pisani døde igaar, nær 39 år gammel, Stavanger 4-12-1915.

Hanna Pisani, f. Johnsen - Antoh, Georg. Begravelsen foregaar fra Ladegaards kapel lørdag kl 1 1/2

Venner og kjente bedes ledsage.

 

Hilsen Lisa

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Dag Solberg

Hei.

 

Det er kanskje litt på siden men Sofus Ragnvald Pisani ble far til et barn utenfor ekteskap 1908 i Bergen

Her er Sofus nevnt fraskilt. Kilde Kirkebok for Sandviken Ministerialbok B3 side 198 barn nr. 112.

Se lenke:http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815021015.jpg

Mede vennlig hilsen Dag Solberg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Annalisa Thelin Knutsen

Hei igjen. Her er teksten på noen av dødsannonsen jeg har funnet i Stavanger Aftenblad. Jeg fant flere annonser som har forbindelse med familien, så jeg sender alt på mail til deg.

i 2000 skrev en av etterkommerne en bok om familien - der burde det være en del å finne.

 

Min bror og vår onkel - Paul G. Pisani - død Stavanger 13-2-1959 etter lengre tids sykdom.75 år gammel. Begraves fra den katolske kirke ---

 

Min kjære mand, feiermester Adolf Mathio Pisani dø 36 år gammel - Stavanger 13-3-1906, på barns og egne vegne - Stine Pisani, f. Gabrielsen.

 

Vår kjære mor, svigermor, bestemor og oldemor, Stine Marie Pisani, f. Gabrielsen, døde 87 år gammel 5-9-1954, Stavanger. Aolf M og Nanna Pisani, Edvin L. og Kristiane Hovland, Victor E og Olga Pisani

 

Josef Matteo Pisani, døde 13-6-192886 år gammel Begraves fra den katolske kirke i Stavanger - Paul Pisani

 

Vår kjære

Kristoffer Pisani

døde 82 år gammel,  Soma 23-8-1963, på familiens vegne A.M. Pisani, begraves fra Sandnes kapell.

 

Min kjære mann, vår gode far, svigerfar, morfar, farfar bror, svoger og onkel, Adolf M. Pisani, døde 73 år gammel, Stavanger 29-10-1971

Nanna f. Olsen, Ada og Ingolf, Joan og Tjerand, Jostein og Signe.

 

Vår --- mor -- Johanne (Nanna) Pisani, f. Olsen, døde 84 år gammel, Stavanger 4-10-1982 --- samme barn som ovenfor.--

 

Hilsen Lisa

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lisa, Dag og Sven for kjempeflotte og imponerande innlegg.  Takk ogso til Lisa for direkte meldingar med diverse dødsannonser og avisartiklar.

 

Då har me altso fått ei stadfesting av at Paul Pisani døydde i Stavanger 13.2.1959.  Ei annonse tyder på at han var skraphandlar, og han budde på gamleheimen på Hillevåg i Stavanger då han døydde.  Elles nemner ikkje dødsannonsa noko om ektefelle eller born, MEN ei anna annonse melder om trulovingi til "Frk. Margrethe Ree, Bryne og Paul G. Pisani, Hillevaag"!

 

Desse opplysningane reiser to nye spøsmål:

 

* Dato og stad for vigsli til Margrethe Ree og Paul Pisani?  (Kva var datoen for trulovingi?)

 

* Kven var Margrethe Ree, opphav og lagnad?

 

FT1910 har vel i grunnen berre EIN god kandidat for Margrethe, ei tenestejente i Stavanger som var fødd i Hetland 7.3.1888 (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1103&kenr=005&bnr=0087&lnr=01).

 

Går me so til FT1900, ser denne same Margrethe ut til å vera frå Time på Jæren, dotter av gardbrukar Karl Frøiland Ree på Eliasheien i Time og kona Berta Kirstine (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1121&kenr=001&bnr=0014&lnr=00).  MEN kyrkjeboki for Time syner at denne siste heitte Inga Margrete, og ho var fødd på Fjaaland i Time 20.7.1888!

 

Går me til kyrkjeboki for Hetland, finn me at Margrethe Ree frå FT1910 er identisk med Severine Margrethe Gabrielsdotter, fødd i Hetland 7.3.1888, dotter av gardbrukar Gabriel Hansson på Øvre Tastad og kona Stine Jacobsdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4434&idx_id=4434&uid=ny&idx_side=-32).  Her er huslyden i 1900: (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1126&kenr=008&bnr=0021&lnr=00).  Foreldri hennar gifte seg i Hetland 2.4.1868, og faren er frå Re i Time!!

 

Opphavet til Margrethe Ree er soleis klarlagt, men ope står framleis:
 

* Kva lagnad fekk Margrethe, d.v.s. dato og stad for dødsfallet hennar?

 

Nok ein kjempetakk fopr flotte og nyttige opplysningar!  Me nærmer oss mål!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Annalisa Thelin Knutsen

Hei

Forlovelsen mellom Paul G. Pisani og Margrethe Ree sto i avisen 17-2--1921

Det kan se ut som om at det ikke ble noe ekteskap. Hvis dette er rett person så, finner jeg flere annonser hvor jordmor Margrethe Ree, Tasta, feierer 60 års dagen 7-3-1948 og takker for oppmerksomheten. Hun døde 24-1-1974 på Bryne, 85 år gammel.

 

 

Andre spor etter Paul og Margrethe har jeg ikke funnet.

Hilsen Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Lisa for flotte avklarande opplysningar om Margrethe Ree!

 

Dei vart altso aldri gifte, og då fell Margrethe "utanfor" prosjektet mitt.  Skulle me teke med alle trulovingar som ikkje vart realiserte og som heller ikkje førte til barnefødsler, ville nok det verta ganske so omfattande...

 

Soleis ser eg på dette problemet med Paul Pisani som løyst, og eg takkar på ny for godt teamwork!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.