Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tankar kring kjelderegistrering og utforming av databasar der opplysningane kjem frå andre land

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For mange år sidan registrerte eg ein del folketeljingar og sidan kyrkjebøker frå det norske Amerika.  I dei originale databasane nytta eg originale uttrykk som township, county, state, parish etc.

 

Ein del av desse databasane sende eg inn for utleggjng i digitalpensjonatet, men eg har i alle år ergra meg grøn over at originale amerikanske geografiske uttrykk vert omsette til norsk!  Og ikkje berre det; dei vert dels omsette med norsk ord som IKKJE HØVER med amerikanske tilhøve.  Eit enkelt døme på dette er bruken av FYLKE for amerikanske COUNTIES.

 

Dei fleste av oss norske veit stort sett kva funksjonar som ligg i eit fylke og kva som ligg i ein kommune.  Går me til Storbritannia, har me store COUNTIES som tilsvarar dei norske fylki med mykje dei same funksjonane, og desse er oppdelte i MUNICIPALITIES med mange av dei funksjonane som ligg i norske kommunar.

 

MEN i Amerika er funkskjonane heilt annleis.  Staten Wisconsin har 72 counties av ulik storleik, medan Minnesota har 87 counties.  Desse counties har alle ein ordførar (Mayor), eige folkeregister, skattekontor, vegstasjon, skulekontor, barnehagekontor, sosialkontor, trygdekontor osb osb. og både i storleik og i folketal er eit gjennomsnittscounty om lag på storleik med ein norsk kommune.  Og slik eg kjenner funksjonsinndelingi i Noreg, har vel dei amerikanske counties påfallande mykje sams med ein norsk kommune.  I alle fall VAR det slik før "moderne politikarar" tok til å skulla "sentralisera" kommunale funksjonar.

 

Om me set denne tankegongen "på hovudet" og kallar Sogn og Fjordane eit County.  Kva er då Luster kommune?  Underinndelingi av counties i Amerika er i dei fleste statane townships på 6 x 6 miles utan særskilde politiske funksjonar bortsett kan henda frå eit township board (råd) som har svært avgrensa makt.  Dette tykkjer eg høver dårleg med Luster kommune, eller kva kommune som helst i Noreg!

 

Omsetjingi av geografiske namn og uttrykk meiner eg derfor er svært farleg og meir til å villeia enn til å hjelpa!  Spørsmålet er no vorte fokusert i samband med at dei amerikanske databasane, som ligg i Digitalpensjonatet og som eg i si tid utforma på bakgrunn av amerikanske kyrkjebøker, no skal overførast til det nye Digitalarkivet.  Eg har difor i to mailar til Digitalarkivet skrive (mellom anna) følgjande, som eg vonar dei vil ta opp til seriøs handsaming:

 

~~~~~

 

* Parish er hjå dykk omsett med "prestegjeld", noko som i mange tilfelle stemmer, men langt frå alltid.  I so fall har ingen amerikanske "prestegjeld" neir enn ei kyrkje.  Dersom parish skal omsetjast, ville eg sett på "kyrkjesokn" som eit mykje meir naturleg namn.  Og dette heng òg saman med neste ankepunkt:

* County er hjå dykk omsett med "fylke", noko eg har nemnt før og som eg er sterkt usamd i.  Det er ulike syn på kva eit County eigentleg er.  I Storbritannia høver denne omsetjingi bra, der Counties, som til dømes Staffordshire eller Leicestershire, er oppdelte i eit større tal "municipalities" (som vel dei fleste er samde om stemmer godt med kommune), men i den amerikanske midtvesten, der dei fleste "landlege" Counties er jamstore med vanlege norske landkommuner, både når det gjeld storleik, folketal og politiske funksjonar, vert dette, etter mitt syn, heilt feil.

Eg vil derfor be om at Digitalarkivet, når det gjeld handsaming av dei amerikanske kjeldene, tek omsyn til dette og heller nyttar PARISH og COUNTY som kolonneoverskrift, samstundes som det ligg ved ei forklaring på kva som er meint!

 

~~~~~

 

Etter samtale med Yngve (Nedrebø) forstår eg det slik at det skal vera mogeleg å søkja gjennom alle basar, og at desse då lyt ha eit likt format.  Men det vil vel knapt falla nokon inn å søkja på t.d. fylke i amerikanske basar?  Og skulle nokon søkja gjennom heile Digitalarkivet etter eit namn som t.d. Ole Olsen Hagen, vil det garantert komma opp alternativ i Amerika, men lat det då for Guds skuld stå PARISH (eventuelt TOWNSHIP), COUNTY og STATE utan å omsetja desse uttrykki!  På liknande måte kan ein tenkja seg å freista "integrera" databasar frå andre land.  I Tyskland har ein til dømes Bundesland som er oppdelte i Landkreisen og igjen i Gemeinden.  Mange av desse Gemeindene er svært små, men like fullt har dei alle eit rådhus og er tillagde kommunale funksjonar (eigen ordførar (Bürgermeister), skuleverk, sosialkontor, folkeregister etc.).  Ser ein på Frankrike, er oppdelingi ein heilt annan.  Der nyttar ein kommune om dei minste einingane, og eit visst tal kommunes utgjer eitt av kring 90 départements.  Uansett, kva eg vil fram til:  VER SO SNILL ikkje å freista omsetja geografiske einingsbegrep frå andre land til norske forhold!!  I dei fleste tilfelli kjem ein opp i store problem som kan medføra mistydingar!

I staden bør ein under innleiingi hjå Digitalarkivet og der under innlagde databasar eit eige avsnitt som forklarar, på ulike språk, korleis den geografiske inndelingi er i dei ulike landi, kva funksjonar som ligg under norske kommunar, prestegjeld, kyrkjesokn, fylke og landet Noreg, på same vis kva som ligg under amerikanske townships, precincts, parishes, counties, states og landet USA.  Tilsvarande bør ogso takast med for Canada der inndelingane igjen er heilt annleis!

 

~~~~~

 

Eg legg ikkje skjul på at eg ønskjer ein konstruktiv debatt kring dette der målet sjøvsagt er å gjera Digitalarkivet og databasane som ligg der funksjonelle for alle.  Kanskje me kunne oppnå ei avstemming over følgjande:

 

* Ønskjer du at utanlandske (i dette tilfellet amerkanske) databasar skal nytta dei originale amerikanske uttrykki som parish, township, county og state?  Ja eller nei?

 

* Dersom nei, ønskjer du då ei mest mogeleg "korrekt" omsetjing av dei amerikanske uttrykki, t.d. at County vert omsett med kommune?  Ja eller nei?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.