Gå til innhold
Arkivverket

Clemmet Nilsson Sjøthun (1631-1710) og huslyden hans i Hafslo, Årdal og Bergen? - ei påskenøtt av dimensjonar!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne huslyden der ein del spørsmål framleis står utan svar!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Clemmet Nilsson Sjøthun, som me ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1635 og er kan henda same Clemmet som først på 1660-talet dreiv ein parsell av Myklemyr øvre i Jostedalen (bnr. 4, a), men han må òg ha butt lengre tid i Årdal før han kring 1690 kom som husmann til Solvorn.  Her budde han visstnok fram til kring 1705.

Clemmet Nilsson ser ut til å vera flytt attende til Årdal kring 1705, og me trur han er identisk med ein Clemmet Erikson som vart gravlagd i Årdal 1.4.1720.

Clemmet var visstnok gift to gongar, men ingen av konene hans kjenner me namnet på.  Derimot ser det ut til at han minst hadde fire søner, ein frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 1. Lars Clemmetson (1658-1700), vart husmann på Stølen under Marheim.

 2. Thomas Clemmetson, f. i Årdal kring 1685,

Thomas Clemmetson budde i 1701 som tenestedreng på Øvstetun i Årdal og gifte seg i Årdal 22.10.1713 med Mari Christensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kvar (i Årdal?) budde foreldri Christen ”Soue” og Gro Olsdotter?)

 

ei dotterdotter av gardbrukar Ole Skuleson Bagge på Urnes i Hafslo (1631-1710).  Mari var f. kring 1690.  Thomas og Mari var husmannsfolk i

 

##### (kvar i Årdal budde dei? – nemnde Jevnaker 1715 og Hæreid 1721?)

 

Thomas d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1742!)

 

medan Mari d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1742, men før 1762!)

 

Dei fekk tre born i lag:

a. Ole Thomasson, døypt i Årdal 11.12.1713, vart visstnok gravlagd som smed frå Domkyrkja i Bergen 29.5.1770.  Ole gifte seg i Bergen 25.8.1743 med ei Hille Kirstine Ludvigsdotter

 

     ##### (opphavet og fødsli hennar?)

 

     Ho vart gravlagd i Bergen 12.3.1764.  Ole var smed og er nemnd både grovsmed, slottssmed og artillerismed, og han og Hille budde i Stokkebæksmuget i Bergen.  Dei fekk visstnok sju born i lag.

 

     ##### (borni:

            * Thomas, døypt DK, Bergen 15.3.1744 – ?gravlagd (”dotter” 5 år) 28.8.1749

            * Abelone, døypt DK, Bergen 2.3.1746 – n. 1764

            * Johanne Marie, døypt DK, Bergen 12.5.1748 – n. 1764

            * Thomas, døypt DK, Bergen 20.2.1750 – n. 1764

            * Maren Cathrine, f. DK, Bergen kring 1752 – n. 1764

            * NN artillerismeds søn, gravl. 7.1.1758 St. J – 3 år gammel!

            * Ludwig, f. DK kring 1757 – n. 1764)

 

b. Guri Thomasdotter (1715-1770), vart gift med husmann Ingebrigt Hansson i Bakken under Urnes i Hafslo (1710-1800) (s.d.).

c. Johannes Thomasson, døypt i Årdal 31.7.1721, vart gravlagd frå Tyskesmuget i Bergen 22.9.1768.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 27.9.1749 med ei Bertha Andersdotter

 

     ##### (opphavet og fødsli hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ei I. Thomassens enkje Bertha gravlagd 21.10.1811, 81 år)

 

     Johannes var blokkedreiar, og han og Bertha budde i Tyskesmuget i Bergen.  Bertha vart som enkje attgift i Nykyrkja i Bergen 5.2.1769 med Jørgen Østenson, truleg frå Bergen.  Han vart i so fall døypt i Bergen 12.8.1742 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1773)

 

     Jørgen var parykkmakarsvein, og han og Bertha budde òg i Bergen. 

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – finn ikkje dødsfalli deira!!)

 

     Bertha fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Johannes Thomassen.

 

     ##### (borni:

            * Maren, døypt NK, Bergen 13.1.1750, gravlagd 30.4.1751

            * Lars, døypt NK, Bergen 23.1.1754

            * Martha, døypt NK, Bergen 26.9.1756 – konf NK 1773 – ”hjå faren Jørgen Østensen”

            * Thomas, døypt NK, Bergen 18.4.1760

            * Anders, døypt NK, Bergen 6.3.1763)

 

 3. Erik Clemmetson, fødd i Årdal kring 1687,

Erik Clemmetson budde i 1701 som tenestedreng på Nundal i Årdal og gifte seg første gongen i Årdal 22.11.1711 med ei Gro Pedersdotter

 

##### (opphavet hennar og foreldri hennar? – kan henda Hæreid? – søsken nemnde 1742:

       * Erik Pederson, avliden (gravlagd Årdal 7.11.1723), dotter Guro Eriksdotter

       * Lars Pederson i Bergen

       * Johannes Pederson, avliden, born Erik og Guro, båe umyndige!)

 

##### (lagnaden hennar? – d. før 1719!)

 

Erik gifte seg so att i Årdal 30.5.1719 med ei Britha Knutsdotter

 

##### (opphavet hennar og foreldri hennar? – f. kring 1690? – kan henda dotter av husmann Knut Andersson Natvik f 1641, husmann Knut Østenson Hestetun f 1657 eller husmann Knut Erikson Øvstetun f 1633?)

 

Erik Clemmetson busette seg som husmann i Hola under Hovland i Årdal og vart gravlagd derifrå 25.2.1741.  Britha d. visstnok i Hola 5.1.1760.  Erik fekk to born, som båe var frå første ekteskapoet:

 

##### (sjekka at dette stemmer? – einaste attlevande barnet i 1741 var Guri!)

 

a. Clemmet Erikson, døypt i Årdal 9.12.1713, vart gravlagd i Årdal 17.6.1714.

b. Guri Eriksdotter, døypt i Årdal 14.9.1715, vart gravlagd frå Bremborg under Eldegard i Årdal 27.3.1742.  Guri gifte seg i Årdal 3.12.1741 med Ole Johnson

 

     ##### (oppl. om han? – kan det vera han som døyr i Årdal 29.5.1754, 88 år? – eller var det han som hadde drive Nordtorpen, Nundal frå sist på 1720-talet som gift i Årdal 26.5.1720 med Siri Anfndsdotter – budde der til 1737! – kanskje den same som Ole Johnson husmann gift i Lærdal 1.11.1742 med Siri Olsdotter? – einaste Ole Johnson i Årdal 1701 er f. kring 1700, son av John Jørgenson på Øyri, frå Eide i Kaupanger, og kona Ragnhild Olsdotter frå Lægreid)

 

     Ole og Guri var plassfolk på Bremborg under Eldegard i Årdal, men fekk ikkje born i lag.

 4. Ole Clemmetson, f. kring 1691,

Ole Clemmetson flytte òg til Årdal der han 21.5.1716 gift seg med ei Britha Johnsdotter

 

##### (opphavet hennar og foreldri hennar? – Nundal? – dotter av John Aamundson?)

 

Men hausten 1717 vart Ole utkommandert som soldat til ”store nordiske”.  Han skal ha desertert, men d. 26.2.1718, uvisst kvar. 

 

##### (lagnaden til Britha Johnsdotter? – kan henda attgift i Årdal 8.8.1723 med Erik Pederson? – han som vart gravlagd 7.11.1723?)

 

Ole og Britha fekk ei dotter i lag:

a. Ingeborg Olsdotter, døpt i Årdal 24.8.1716,

 

     ##### (var 1742 ugift tenestejente i Lærdal – lagnaden hennar? – kanskje ei av desse:

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal 1.12.1743 med husmann Anders Andersson

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal 14.10.1745 med Anders Johnson

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal kring 1750 med Anders Knutson Fodnes (1724-1799) - soneson av Ole Skuleson (Bagge)?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje er eg for optimistisk, men eg vil vona og tru at det framleis kan leggjast til ein par detaljar før me går til prenting...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har noen opplysninger om familien til Thomas Klemetsson som kan være nyttige. Opplysninger skriver seg fra en ganske omfattende skifteforretning som tok mer enn ett år å få ferdig. Arvelateren var en Mari Olsdatter som døde barnløs på Skeidsvoll i Vågå april 1762, 83 år gammel. Dokumentene som ble lagt fram for sorenskriveren, viste at hun hadde hatt én bror og to søstre, nemlig Knut Olsen, Gro Olsdatter og Ingeborg Olsdatter. De som er inne i Årdals personalhistorie, vil da se at denne søskenflokken er barna til Ole Skuleson Bagge. Gro Olsdatters arvinger er omtalt i en skriftlig erklæring fra hennes dattersønn Ole Thomasson som er ført inn i skfteprotokollen. Der står flg.:

 

Maren Christensdaatter, var Groe Olsdaatters daatter og følgelig en søsterdaatter til nu avdøde Mari Olsdatter. Denne Maren Christensdaatter som var min kiødelige moder, er død, men haver 3de levende børn, som er ieg, Ole Thomesen, der tiener ved det Bergenske Artilleriecompagnie som artillerismed, min broder Johannes Thomessen, som og boer her i byen, og vores søster, Guri Thomesdatter som er gift og boer i Indre Sogns fogderi i Bergenhuus stift.

 

Det ble også tatt opp vitneavhør i Bergen for å bekrefte de påståtte arvingenes slektskap med avdøde. I et dokument datert 22. august 1763 framkommer bl.a. følgende tilleggsopplysninger:

 

Gro Olsdatter "var gift med Christen Soue i Sogn her i Bergens stift".

 

Hennes datter Maren Christensdatter var død og hadde etterlatt seg 2 sønner og 1 datter. "Den eene søn ved navn Ole Thomesen, smed ved Artigleriecompagniet her i Bergen, den 2den, navnlig Johannes Thomesen, borger og blokkedreier her i byen". Videre bekreftes at datterens navn er "Guri Thomesdatter, og at hun lever og er gift med en mand ved navn Ingebrigt ### (vanskelig å lese gårdsnavnet) udi Sogn".

 

Gro Olsdatter ble senere gift med med "hendes anden mand ved navn Siur Hammer udi Sogn og med ham avlede en daatter ved navn Margaretha Siursdatter der er gift med Torsten Einersen boende i Sandvigen her ved Bergen".

 

Det er flere opplysninger om familien, men det er vel dette som er aktuelt for bygdeboka. Jeg har ikke noe godt svar på hvilke gårder "Soue" og "Hammer" er. Gårdsnavnet etter Ingebrigt kan kanskje Statsarkivet på Hamar spørres om?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for siste spennande innlegg!

 

Eg har i dag freista "analysera" tilgjengelege kjelder for Årdal og har sett opp eit oppdatert manuskript for huslyden til Clemmet Nilsson, som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Clemmet Nilsson Sjøthun, som me ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1635 og er kan henda same Clemmet som først på 1660-talet dreiv ein parsell av Myklemyr øvre i Jostedalen (bnr. 4, a), men han må òg ha butt lengre tid i Årdal før han kring 1690 kom som husmann til Solvorn.  Her budde han visstnok fram til kring 1705.

Clemmet Nilsson ser ut til å vera flytt attende til Årdal kring 1705, og me trur han er identisk med ein Clemmet Erikson som vart gravlagd i Årdal 1.4.1720.

Clemmet var visstnok gift to gongar, men ingen av konene hans kjenner me namnet på.  Derimot ser det ut til at han minst hadde fire søner, ein frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 1. Lars Clemmetson (1658-1700), vart husmann på Stølen under Marheim.

 2. Thomas Clemmetson, f. i Årdal kring 1685,

Thomas Clemmetson budde i 1701 som tenestedreng på Øvstetun i Årdal og gifte seg i Årdal 22.10.1713 med Mari Christensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kvar (i Årdal?) budde foreldri Christen ”Soue” og Gro Olsdotter?)

 

ei dotterdotter av gardbrukar Ole Skuleson Bagge på Urnes i Hafslo (1631-1710).  Mari var f. kring 1690.  Thomas og Mari var husmannsfolk i

 

##### (kvar i Årdal budde dei? – nemnde Jevnaker 1715 og Hæreid 1721?)

 

Thomas d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1742!)

 

medan Mari d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1740, men før 1762!)

 

Dei fekk fire born i lag:

a. Ole Thomasson, døypt i Årdal 11.12.1713, vart visstnok gravlagd som smed frå Domkyrkja i Bergen 29.5.1770.  Ole gifte seg i Bergen 25.8.1743 med ei Hille Kirstine Ludvigsdotter

 

     ##### (opphavet og fødsli hennar?)

 

     Ho vart gravlagd i Bergen 12.3.1764.  Ole var smed og er nemnd både grovsmed, slottssmed og artillerismed, og han og Hille budde i Stokkebæksmuget i Bergen.  Dei fekk visstnok sju born i lag.

b. Guri Thomasdotter (1715-1770), vart gift med husmann Ingebrigt Hansson i Bakken under Urnes i Hafslo (1710-1800) (s.d.).

c. Johannes Thomasson, f. i Årdal ?.6.1720, vart jordfesta i Årdal 29.9.1720, ein time gammal.

d. Johannes Thomasson, døypt i Årdal 31.7.1721, vart gravlagd frå Tyskesmuget i Bergen 22.9.1768.  Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 27.9.1749 med ei Bertha Andersdotter, som truleg var frå Bergen, men som me ikkje kjenner opphavet til

 

     ##### (opphavet og fødsli hennar?)

 

     Johannes var blokkedreiar, og han og Bertha budde i Tyskesmuget i Bergen.  Bertha vart som enkje attgift i Nykyrkja i Bergen 5.2.1769 med Jørgen Østenson, truleg frå Bergen.  Han vart i so fall døypt i Bergen 12.8.1742 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1773)

 

     Jørgen var parykkmakarsvein, og han og Bertha budde òg i Bergen. 

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – finn ikkje dødsfalli deira!!)

 

     Bertha fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Johannes Thomassen.

 3. Erik Clemmetson, fødd i Årdal kring 1687,

Erik Clemmetson budde i 1701 som tenestedreng på Nundal i Årdal og gifte seg første gongen i Årdal 22.11.1711 med ei Gro Pedersdotter, som visstnok var frå Seim i Årdal.  Ho var i so fall dotter av husmann Peder Jensson på ein plass under Seim, opphavleg frå Hæreid, og kona hans, som truleg heitte Guri, og f. i Årdal kring 1678.  Ho vart gravlagd i Årdal 24.6.1718, og Erik gifte seg so att i Årdal 30.5.1719 med ei Britha Knutsdotter, som me trur var frå Natviki i Årdal.  Ho var i so fall dotter av husmann Knut Andersson på ein plass under Natviki og den ukjende kona hans og f. i Årdal kring 1690. 

 

##### (sjekka om dette opphavet hennar er rimeleg?)

 

Erik Clemmetson busette seg som husmann i Hola under Hovland i Årdal og vart gravlagd derifrå 25.2.1741.  Britha d. visstnok i Hola 5.1.1760.  Erik fekk to born, som båe var frå første ekteskapoet:

a. Clemmet Erikson, døypt i Årdal 9.12.1713, vart gravlagd i Årdal 17.6.1714.

b. Guri Eriksdotter, døypt i Årdal 14.9.1715, vart gravlagd frå Bremborg under Eldegard i Årdal 27.3.1742.  Guri gifte seg i Årdal 3.12.1741 med Ole Johnson

 

     ##### (oppl. om han? – kan det vera han som døyr i Årdal 29.5.1754, 88 år? – eller var det han som hadde drive Nordtorpen, Nundal frå sist på 1720-talet som gift i Årdal 26.5.1720 med Siri Anfndsdotter – budde der til 1737! – kanskje den same som Ole Johnson husmann gift i Lærdal 1.11.1742 med Siri Olsdotter? – einaste Ole Johnson i Årdal 1701 er f. kring 1700, son av John Jørgenson på Øyri, frå Eide i Kaupanger, og kona Ragnhild Olsdotter frå Lægreid)

 

     Ole og Guri var plassfolk på Bremborg under Eldegard i Årdal, men fekk ikkje born i lag.

 4. Ole Clemmetson, f. kring 1691,

Ole Clemmetson flytte òg til Årdal der han 21.5.1716 gift seg med ei Britha Johnsdotter, som me trur var frå Gjelle i Årdal.  Ho var i so fall dotter av gardbrukar John Knutson på Gjelle og den ukjende kona hans og f. i Årdal kring 1692. 

 

##### (sjekka om dette opphavet hennar er rimeleg?)

 

Men hausten 1717 vart Ole utkommandert som soldat til ”store nordiske”.  Han skal ha desertert, men d. 26.2.1718, uvisst kvar.  Britha gifte seg 8.8.1723 att i Årdal med enkjemannen Erik Pederson, opphavleg visstnok frå Seim i Årdal,  Han var i so fall son av husmann Peder Jensson på ein plass under Seim, opphavleg frå Hæreid, og kona hans, som truleg heitte Guri, og f. i Årdal kring 1673.  Han tente i unge år på Hovland, men hadde sidan vore husmann i Kleivi under Offerdalen.  Han arbeidde òg ei tid på verket, men vart skadd i januar 1723 og vart gravlagd i Årdal alt 7.11.1723.  Han hadde to born frå eit tidlegare ekteskap.  Britha

 

##### (lagnaden til Britha Johnsdotter?)

 

Ho fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Ole Clemmetson:

a. Ingeborg Olsdotter, døpt i Årdal 24.8.1716,

 

     ##### (var 1742 ugift tenestejente i Lærdal – lagnaden hennar? – kanskje ei av desse:

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal 1.12.1743 med husmann Anders Andersson

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal 14.10.1745 med Anders Johnson

            * Ingeborg Olsdotter, gift Lærdal kring 1750 med Anders Knutson Fodnes?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Følgjande personar nemnde ovanfor er truleg avlidne i Årdal mellom 1740 og 1752:

 

* Thomas Clemmetson, fødd kring 1685

 

* Mari Christensdotter, fødd kring 1690

 

* Ole Johnson, fødd ??

 

* Britha Johnsdotter, fødd kring 1692

 

Sidan to av borni etter Thomas Clemmetson og Mari Christensdotter flytte til Bergen, kunne ein tenkt seg at ogso Thomas og Mari hamna der.  Eg finn ingen Thomas Clemmetson i Bergen, og Mari Christensdotter er eit so vanleg namn et det ikkje er mogeleg å seia om nokon av dei kan høva...  Me veit ho døydde før 1762, og den einaste måtte eventuelt vera ei av desse:

 

* Maren Christensdatter af Enckehuset - gravlagd St.J. 12.12.1749

 

* Maren Christensdatter een koene af hospitalet - gravlagd St.J. 23.12.1748

 

Eit par av dei andre problemi i denne huslyden vil eg ta opp i eigne emne.  Det gjeld først og fremst desse:

 

* Lagnaden til parykkmakarsvein Jørgen Østensen og kona Bertha Andersdotter, enkja etter blokkmakar Johannes Thomassen

 

* Lagnaden til Ingeborg Olsdotter, dotteri til Ole Clemmetson, fødd i Årdal 1716

 

* Opphavet til Hille Kirstine Ludvigsdotter, kona til artillerismed Ole Thomassen i Bergen

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden og vonar det vert mogeleg å få svar på dei siste manglande detaljane...

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Her kommer et par kommentarer til om denne familien:

 

Clemmet Nilsson Sjøthun, som me ikkje kjenner opphavet til, ...

 

I boka om Den store nordiske krigen har Egil Øvrebø en note om Ole Clemetsen Hestethun (s. 387) der det står "F. i Vik sk.". Det må vel helst bety at Clemmet Nilsson var fra Vik skipreide?

 

Ho var i so fall dotter av husmann Knut Andersson på ein plass under Natviki og den ukjende kona hans og f. i Årdal kring 1690. 

 

 

Knut Anderssons kone het Agathe. Det framgår av en dåp i Årdal krk. 18.5.1712 (Ingebrigt Mit? datter Gjertrud) der fadderne var: Agaate Knud paa Svaets, Anders Knud paa Svaets Søn, Brustne Ingebor, Karj Præstegrden og Gunilla Knudsdaatter . Jeg vet ikke patronymet, men dette passer godt med den Agathe Sveinsdatter som blir begravet 29.8.1728, 78 år gammel.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

 

 Brustne Ingebor,

 

Jeg ser ingen n inne i ordet, men derimot en svak bindestrek: Bruste=Jngebor.

 

Lenke:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1712, side 3.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-5

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610600.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut og Else for nye interessante innlegg.

 

Eg hugsar eg såg merknaden om at Ole Clemmetson skulle vera fødd i Vik skipreie.  Eg stiller meg nok litt tvilande til denne utsegni, men «let tvilen komma tiltalte til gode»...  Me veit jo at Ole var yngst av dei tre brørne, og dei to eldste var fødde i Årdal (1701: «fødde i sokni»!  No lyt me leggja til at Clemmet-namnet var svært uvanleg i indre Sogn på den tidi.  Me har eit par døme i Sogndal, men elles er det ytre Sogn og Fjordane som dominerer...  Kanskje Clemmet flytte attende til heimbygdi si og Ole var so fødd der, før dei slo seg ned i Solvorn i Hafslo?  Ikkje godt å seia over 300 år etter!

 

Elles set eg pris på merknaden om Knut Andersson og kona Agatha (Svendsdotter?) på Sva, men vel å la Svendsdotter stå i parentes med spørjeteikn...

 

Det er vel ikkje so mykje meir me kan føya til om denne huslyden, men framleis er to «sentrale» utfordringar uløyste:

 

* Kven var kona til Thomas Clemmetson, Mari Christensdotter, fødd kring 1690?  Me veit ho var dotter av Gro Olsdotter (Bagge) frå Urnes, men kvar budde ho, og kven var dei to ektemakane hennar, Christen «Soue» og Sjur «Flammer»?

 

* So gjeld det lagnaden til den einaste dotteri etter Ole Clemmetson, Ingeborg Olsdotter, døypt i Årdal 24.8.1716 og ilive i 1742 som tenestejente i Lærdal.  Ho er nok vorti gift i Lærdal eller kan henda på «Strendene», der me har fleire alternativ, men igjen er nok denne «utfordringi» nær «uløysbar»...?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare en liten merknad om Ole Clemmetson: I boka til Øvrebø er det laget en egen liste over de som ble innkalt til militærtjeneste i det Sognske 1. Reservekompani fra Årdal, Borgund og Lærdal (s. 173). Denne viser at han som eneste soldat på denne lista også finnes i rullene til FYSO og NVIK, dvs. Faste Ytre Sognske Kompani og det Vikske Livkompani. Det underbygger opplysningen om at han var født i Vik.

 

Det første av disse kompaniene ble innkalt høsten 1709 og det siste ble satt opp etter en omorganisering sommeren 1718. Ved innkallingen i 1709 slapp han tjeneste fordi han bodde i Årdal. I 1718 slapp han også unna. Da var han allerede død.  De militære rulleførere hadde nok noen utfordringer med å holde rede på sine mannskaper også den gangen. Det var vel dette som gjorde at man satte i gang arbeidet med manntallet i 1701, - og det kan jo vi slektsforskere glede oss over :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.