Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Yrkestitler på bergverk: "Grubekipper" og "Kohrholder"?


Recommended Posts

I lista over betjenter og arbeidarar ved Løkkens Verk i 1705 (link/avskrift her) er det ført opp to personar med yrke/titlar eg ikkje er kjent med, og ikkje har klart å finne noko forklaring på:


Olle Torchildsen grubekippert
Olle Thoresen Kohrholder og Bergesell ved gruben

 

Den fyrste, Ole Torkildsson er òg ført i 1701-manntalet som "Olle Torchilds. Kiper" men her har eg trudd det var eit etternamn/oppnamn, men no lurer eg på om det ikkje er ein yrkestittel. Søker eg i digitalarkivet på "kiper" får eg fleire treff på folk med kiper som yrke, dvs. sin som lager kiper (bilde her). Dette er nok rett og slett bæreredskap for å få brutt malm ut av gruva. "Kipper" på tysk, ofte opprinnelsesspråk for mange uttrykk i bergverka, er i dag dumper/lastebil, så noko med transport er det nok...

 

Den andre slit eg derimot med. Vi finn nok Ole Toresson i 1701 òg, men utan noko yrke. Er det nokon som har ei formening om kva ein kohrholder var?

Aha! Så det har noko med sangkor å gjere... takk! :)


Tror i dette tilfellet at gesell = medhjelper. Bergverksarbeider = berggesell. (K=Kryssordbok)

 

Gesell har eg kontroll på. I gruva var berggesellen den høgaste "rangen" av arbeider, og var forbeholt faglærte arbeidere med fleire års erfaring.

Kiepe = vidjekurv (tysk ordbok)

 

Takker. Eg har òg, etter kvart, funne kipe brukt som ord på norsk. I ulendt terreng var ofte slike vidjekurver einaste måten å få frakte ting på. Eg har jo sett slike kurver, men har ikkje visst noko om namnet. 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.