Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Paul Andersson og Guri Ingebrigtsdotter - vigde i Årdal 1760 - flytte til Bergen - kven var dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Paul Andersson og Guri Ingebrigtsdotter "af Aardal" gifte seg i Lærdal (Årdal) 12.10.1760 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-220).  Dei vart trulova 4.5.1760 med kausjonistar Peer og Ole Lægreid (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-204).

 

Eg veit ikkje kven Paul var, men Guri synest døypt i Årdal 10.2.1732 som dotter av Ingebrigt Jacobson (og Anna Knutsdotter?)

 

I 1763 budde dei på ein husmannsplass under Prestegard i Årdal, kring 1767/1768 flytte dei til Bergen!

 

Eg kjenner til desse borni etter dei:

 

* Anders Paulson, f. i Årdal 2.6.1761, døypt Tønjum 9.6.1761

 

* Anna Paulsdotter, f. i Årdal 7.3.1764, døypt 18.3.1764 - mellom fadrane: Lars Andersson

 

* Ingebrigt Paulson, f. i Årdal 29.4.1766, døypt 11.5.1766 - mellom fadrane: Hermund Andersson

 

* Mikkel Paulson, døypt i Bergen 9.7.1769

 

So ser me at Guri Ingebrigtsdotter vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 14.2.1771, 31(!) år gamal, medan eg reknar med det er Paul Andersson som vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 17.12.1798, 56(!) år gamal.

 

Og når eg no ser at Lars Andersson og Hermund Andersson er mellom fadrane hjå Paul og Guri, tek eg til å lura på om ikkje ogso Paul Andersson er ein son av husmann Anders Olson i Hola under Hovland i Årdal og kona Anna Hermundsdotter (sjå mellom anna: http://forum.arkivverket.no/topic/193913-ole-johannesson-og-anna-andersdotter-vigde-i-hafslo-1767-kvar-flytte-dei-til-l%C3%A6rdal-til-ytre-sogn/)(til dømes innlegg #3).  Kyrkjebøkene for Lærdal med Årdal er svært mangelfulle på 1730-talet, og det kan godt ha vore ein Paul i denne søskenflokken!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for eventuelle synspunkt på denne problemstillingi og tek gjerne i mot fleire opplysningar om dei fire borni etter Paul og Guri!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Giftet Paul Andersen seg på nytt?? Her finner jeg en enkemann, drager Paul Andersen gift 1775 i DK i Bergen med enken Syneve Christensdatter:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4026&merk=4026#ovre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000992880

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg finner en ugift tjenestedreng i Bergen i 1801 som heter Michel Paulsen, men han er født i 1771:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390012851

 

Kanskje samme Michel her, i Undersøkelseskommisjonen. Det står at denne Michel er 31 år, født i DK sogn, faren er drager. Problemet er altså igjen fødselsåret på personen, som er noen år etter Michel, født 1769. Men enkemannen Paul som giftet seg på nytt i 1775, var drager....! Dette blir litt tankespinn, men jeg legger inn lenken til Undersøkelseskommisjonen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000012360

 

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Du har heilt rett med omsyn til Paul Andersson og andre giftarmålet med Synneva Christensdotter.  Dette vart nemnt i det gamle brukarforum under dette emnet: http://forum.arkivverket.no/topic/134210-48768-crispinus-thorsen-i-bergen-1758-1797-gm-cathrine-opphavi-deira-breim/?hl=%2Bcrispinus+%2Bthorsen

 

Eg var svørt i stuss då eg la inn dette nye emnet i aftes om eg skulle trekka fram att heile problemstillingi frå den gongen, men er gjennom natti komme til at eg like gjerne kan presentera hneile denne huslyden i "ny drakt", med dei opplysnngane, og spørsmåli, som framleis står opne.  Utgongspunktet den gongen var Crispinus Thporson og spørsmålet om kona hans, Cathrine Thomasdotter, kunne vera ei dotter av denne Synneva Christensdotter og første mann hennar, Thomas Aamundson.  Dette spørsmålet står framleis òpe, men eg vonar på at Statsarkivet i Bergen kan stadfesta slektskapen om det finst eit skifte etter anten Thomas eller Synneva!?

 

Her følgjer huslyden til Thomas Aamundson med Paul Andersson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Aamundson Øvrebøe, opphavleg frå Solvi, var f. kring 1705 og voks visstnok opp på Veitastrondi, men kom til Øvrebø då han 4.12.1746 gifte seg første gongen med Britha Larsdotter, enkja etter den føregåande brukaren på garden.  Men ho levde ikkje so lenge, og 12.11.1749 gifte Thomas seg att med Synneva Christensdotter frå Hamni under Sjøtun.  Ho vart døypt 11.7.1723.  Thomas tok over som leiglending på dette bruket i Øvrebø då han gifte seg hit i 1746, og han og sidan andre kona Synneva dreiv garden fram til 1757.

Thomas Aamundsen og andre kona Synneva flytte i 1757 til Bergen der Thomas livnærte seg som dragar.  Han vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 19.3.1772, og Synneva gifte seg att i Bergen 15.10.1775 med enkjemannen Paul Andersson, opphavleg frå Hovland i Årdal, i Bergen kjend som Paul Andersen.  Han var son av husmann Anders Olson i Hola under Hovland, opphavleg frå Svalheim, og kona Martha Hermundsdotter frå Hola under Hovland og var f. i Årdal kring 1731. 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka fødselsåret?)

 

Han gifte seg første gongen i Årdal 12.10.1760 med Guri Ingebrigtsdotter frå Lægreid i Årdal.  Ho var dotter av husmann Ingebrigt Jacobson i Hola under Lægreid og første kona Anna Knutsdotter

 

¤¤¤¤¤ (opphavi deira?)

 

og døypt i Årdal 10.2.1732.  Paul og Guri var husmannsfolk på ein plass under Prestegard i Årdal, men flytte kring 1768 til Bergen, og Guri vart gravlagd frå Domkyrkja der 14.2.1771.  Ogso Paul Andersen var dragar, og han og Synneva vart buande i Bergen der Synneva truleg vart gravlagd frå Domkyrkja 5.8.1776.  Paul vart visstnok gravlagd frå sjukehuset i Bergen 17.12.1798.  Paul og Guri fekk fire born i lag.  Elles kjenner me til følgjande ni born etter Thomas Aamundsen, to frå første ekteskapet og sju frå det andre:

a. Lars Thomasson (1747-1748), f. og d. i Hafslo.

b. Ragnhild Thomasdotter (1749-1749), f. og d. i Hafslo.

c. Henrik Thomasson, døypt i Hafslo 2.2.1750, vart visstnok gravlagd i Bergen 14.8.1758.

 

¤¤¤¤¤ (eit barn imellom her...!? – kan henda Cathrina Thomasdotter, gift i Bergen med Crispinus Thorsen??)

 

d. Britha Thomasdotter, døypt i Hafslo 25.3.1756, d. visstnok i ung alder.

e. Aamund Thomasson, døypt i Bergen 13.5.1759, vart gravlagd i Bergen 5.5.1761.

f. Anna Thomasdotter, tvilling, døypt i Bergen 2.3.1763, vart gravlagd i Bergen 14.3.1763.

g. Bertha Thomasdotter, likeins tvilling og døypt i Bergen 2.3.1763, vart òg gravlagd i Bergen 14.3.1763.

h. Bertha Thomasdotter, døypt i Bergen 16.3.1764, vart gravlagd i Bergen 10.7.1765.

i. Bertha Thomasdotter, døypt i Bergen 24.10.1766, vart gravlagd i Bergen 10.8.1771.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har her ikkje teke med dei fire borni etter Paul Andersson og første kona Guri, men er sjølvsagt ogso interessert i fleire opplysningar om dei...

 

Elles er eg komen til at Paul Andersson berre MÅ vera av søskenflokken i Hola under Hovland i Årdal.  Kyrkjeboki for Lærdal (med Årdal) for 1730-åri manglar kan henda so mange som 50 barnedåpar, og eg er overtydd om at ein detaljstudie av "introduserte kvinner" vil syna dette...!

 

Eg takkar på ny for alle kommentarar og nye opplysningar som kjem fram om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ungkar, tjenestedreng Crispinus Thorsen og pige Cathrine Thomædatter giftet seg i DK i Bergen 19.02.1786:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000993886

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 7 (1725-1826), Ekteviede 1784-1786, side 102-103. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&idx_listetype=vi&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-52
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660598.jpg

 

Barn:

 

Toer, døpt 08.12.1785 - DK

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1786, side 256-257. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8635&idx_id=8635&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-129
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650496.jpg

 

 

Thomas Knudsen, døpt 13.05.1787 - DK

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1787, side 278-279. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-140
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650507.jpg

 

 

Birte Catrine, døpt 22.06.1788 - DK

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 3 (1758-1789), Fødte og døpte 1788, side 298-299. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8640&idx_id=8640&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-150
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650517.jpg

 

 

Thomas, døpt 15.01.1790 - DK

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Konfirmerte 1820, Fødte og døpte 1790, uten sidenr. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-1
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650567.jpg

 

 

Christiana, døpt 09.02.1794 DK

Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Fødte og døpte 1794, side 82-83. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650610.jpg

 

 

Crispinus Torsen er registrert med følgende barn blant døde i Bergen:

 

Sønn, 7 uker, gravlagt 307 1787

Sønn 3 mnd, gravlagt Sep 20 1788  

 

Crispinus Thorsen ser ut til å bli gravlagt i 1797:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000191472

 

Enken døde som almisselem i 1809, 60 år gammel.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000194125

 

Jeg vet ikke om jeg på grunnlag av fadderne kan si noe om Cathrine er én av barna til Thomas Aamundsen. Men etter hva jeg kan se, døde en del av barna til Thomas Aamundsen som barn, eller i alle fall før de nådde voksen alder. Ved dåpen til sønnen Thomas Knudsen mener å se at en av fadderne het Thomas Andersen. Men så vidt jeg kan se, var Thomas Aamundsen død i 1772, så det er i alle fall ikke feilskrift for ham (Andersen i stedet for Aamundsen). 

 

En Cathrine Thomædatter ble konfirmert i DK i 1769 og hvis vi regner konfirmasjonsalderen til rundt 15 år, vil hun være født på midten 1750-tallet:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/kf/person/pk00000000437322

 

I 1801 finner jeg en Thomas Crispinusen, pleiebarn fra Bergen, og en Johannes Crispinusen, pleiebarn fra Bergen, på Dahle i Mæhland sogn i Hammer prestegjeld:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058386002075

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058386002076

 

Om dette er barn av Crispinus og Cathrine vet jeg ikke. Jeg vet faktisk ikke riktig hva jeg skal konkludere med her, Lars! 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for ein spennande og nyttig "analyse" av huslyden til Crispinus Thorson og Cathrine Thomasdotter.

 

Nei, det er ikkje godt å seia kven Cathrine var!  Foreldri og alle søskeni var avlidne før Cathrine gifte seg med CVrispinus, so det var ingen som kunne vera fadrar!  Eg ser ein Christopher Thorson er fadder til yngste barnet, so han er kan henda ein bror av Crispinus, men elles...

 

Når eine sonen vart døypt Thomas Knudsen, KAN dette vera eit teikn på at far hennar Cathrine verkeleg heitte Thomas Knudsen.  MEN, eg finn ingen Thomas Knudsen i Bergen som kan høva...

 

Eit anna faktum som eg ikkje likte so altfor godt: Dersom Cathrine verkeleg var dotter av Thomas og Synneva, kvifor kalla ho ikkje opp att mor si?

 

Som ei siste løysing på denne utfordringi har eg lagt inn eit spørsmål i Arkivforum og bede dei leita etter skifte etter Thomas og Synneva!  Eg vonar det finst skifte etter i alle fall ein av dei...!

 

Nok ein kjempetakk for god hjelp!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Han (Paul Anderson) gifte seg første gongen i Årdal 12.10.1760 med Guri Ingebrigtsdotter frå Lægreid i Årdal.  Ho var dotter av husmann Ingebrigt Jacobson i Hola under Lægreid og første kona Anna Knutsdotter


 


¤¤¤¤¤ (opphavi deira?)


 


og døypt i Årdal 10.2.1732.  


 


Disse opplysningene har du vel fra før, men jeg har forsøkt å se litt på barn av Ingebrigt Jakobsen. Jeg ser at han i 1740 hadde en sønn Jakob til dåpen (FS): døpt 03.04.1740:


 


https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW8F-VPR


 


Lærdal ministerialbok 1711-1752, kronologisk liste, side 61 - se høyre side, høyre kolonne:


http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620020.jpg


 


 


Jeg finner også disse barna med far Ingebrigt Jakobsen, døpt i Lærdal:


 


Ingeri, døpt 30.01.1735


https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW8F-6X9


 


Lærdal ministerialbok 1711-1752, kronologisk liste, side 61 - se høyre side:


http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620004.jpg


_________________________________________________________________________


Inga, døpt 28.10.1742 


https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW8F-2Y8


 


Lærdal ministerialbok 1711-1752, kronologisk liste, side 88:


http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620031.jpg


 


Her er det en Knudsdatter som er fadder, men jeg klarer ikke å tyde fornavnet. 


_________________________________________________________________________


Brite, døpt 25.03.1747


https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW8F-TQH


 


Lærdal ministerialbok 1711-1752, kronologisk liste, side 105, høyre side, venstre kolonne:


http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620049.jpg


 


--------------------------------------


 


Jeg blir ikke så veldig mye klokere mht fadderne. Men Guri ser ut til å være eldst av barna, døpt 1732. Ingebrigt og Anna ble gift i 25.11.1731 (27. søndag etter Trefoldighet), men det står kun navn på brudeparet, ingen gårdsnavn som vi kan knytte dem til:


 


Lærdal ministerialbok 1711-1752, kronologisk liste, side 53, venstre kolonne, øverst:


http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610650.jpg


 


 


 


 


Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det ble døpt en Ingebrigt, sønn av Jacob Nødsætter (?) i Sogndal 10.09.1707:

 

Sogndal ministerialbok 1689-1713, fødte og døpte 1707, side 124-125:

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070515650248.jpg

 

I fylkesarkivets database står faren som Jakop Notsete:

 

Far Jakop  Far's bustad Notsete

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Ifølgje bygdeboki for Sogndal, under garden Notsete, vart Ingebrigt Jacobson, fødd 1707, buande i Sogndal og døydde på Elvehjem i 1764.

 

So han kan det ikkje vera!

 

"Vår" Ingebrigt budde framleis i 1763 som husmann i Hola under Lægreid i Årdal, då med tredje kona Gjertrud Sjursdotter, men dei flytte truleg til Bergen der Ingebrigt Jacobsen døydde i 1787, 94 år gamal (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51720&merk=51720#ovre).

 

Ingebrigt var tydeleg ikkje enno fødd i 1701, men han kan ikkje vera fødd so lenge etter!  Kanskje var han son av ein husmann Jacob Olson gift med ei Anna, som òg budde i Hola på 1710-talet?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg synar til innlegg #6 ovanfor!

 

Eg har no fått svar i Arkivforum om skifte etter Thomas Aamundson og/eller Synneva Christensdotter.  Diverre finst det ikkje skifte etter nokon av dei, so då spørst det om det nokon gong kan provast ein skyldskap mellom Cathrine Thomasdotter og Thomas/Synneva!

 

Men eg er framleis open for alle tips om denne ætti...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.