Gå til innhold
Arkivverket
Håvard Moe

[#70594] 3 søsken Kjelstrup i Molde på 1700-tallet - hvor kom dei fra

Recommended Posts

Håvard Moe

Oppfølging av tråd i gammelt forum: http://forum.arkivverket.no/topic/155949-70594-3-soesken-kjelstrup-i-molde-paa-1700-tallet-hvor-kom-dei-fra

 

John H. Aarønes skriv:

 

Maren Jensdatter Kjelstrup Død 1779
Gift 1. gang 12/8 1739 i Verdal med Henrich Andreas Grandt Gift 2. Gang med hospitalkirurg på Rechnes hospital Johan Christopher Schiobelt.
 
Elisabeth Kjelstrup - Skifte 9/5 1772
Gift 1. gang med Peder Larsen Kronborg
Gift 2. gang med Jens Lossius
Molde Skifteprt. 1 p. 743 : 1772 9/5 holdt Skifte efter afdøde Elisabet Kjelstrup her paa Molde til Skifte for hendes 3de Sønnebørn1/ Lars Lossius 20 Aar2/ Johan Christopher Lossius, 18 Aar3/ Sønnedatteren Mette Bergitha Lossius, 12 Aar.
 
Jeremias Kjelstrup(ca. 1700 – 11/5 1764)
Gift 26/3 1743 i Skogn med Conradine Schjelderup.Jeremisas var tollbetjent i Molde i 1752.
 
Men hvem var foreldra til disse tre søskena?

 

Eg lurer litt på desse sønnebarna til Elisabeth Kjelstrup. Ut frå alder må dei vere born av ein sønn frå fyrste ekteskap med Peder Larsson Kronborg (eller før det), ettersom sønneborna er født like etter Elisabeth sitt andre ekteskap. Var det vanleg å ta namn etter steforeldre?

 

Denne sonen er vel den sonen Lars Pedersson Kronborg som er nemnt i skiftet etter Peder Larsson i 1750 ("den afdødes efterladte eene Søn Lars Pedersøn Kronborg."), sjølv om det ikkje står klart at han var deira felles son.

 

 

Om opphavet har eg lite handfast, med unntak av innfølsla i Gløersen: Dødsfall i Norge: Schobelt, Maren Kielstrup, E. efter feltskjær s., d. Molde 5/4 1779, fl. arv. der, dessuten endel brødrebarn i Thm., Selbo og Nordland - T 22 pk"

 

Kven kan så desse brødreborna vere? Om vi ser på det som er posta i den gamle tråden har ein antatt at desse tre Molde-Kjelstrupane har vore sysken og born av hytteskrivar Jens Jensson Kjelstrup på Svorkmo. To av dei antatte brødrene til Maren har tilknytning til Selbu-verket:

- Frantz Jensson, f. 1697 i Orkdal d. 1738 i Selbu, er nok den bergskrivar og "directeur" Frantz Kjelstrup som er nemnt på Selbuverket i 1730-åra (sjå m.a. link). Han skal ha vore gift to gonger, og hadde truleg minst ein son på Selbu-verket, Stiger Peder Enge Kjelstrup (d. 1764 i Meråker). Understiger Frantz Kjelstrup nemnt i 1786 er truleg den Frantz Pedersson som er 7 år ved skiftet etter faren i 1764.

- Jeremias Kjelstrup er nemnt i Selbu 1737-38, og er som eg har posta i denne tråden truleg same mann som tollbetjenten i Molde nemnt over.

 

Som det går fram av skiftet etter Jeremias som er sitert frå i den andre tråden hadde han born etablert i Trondheim.

 

Kor kjem så Norland inn i bildet? Ein anna son av hytteskrivaren, og antatt bror av desse er Jens Jensson d.y., f. 1695 i Orkdal d. 1724 i Praha. Han hadde tre døtre der i alle fall den eine var gift i Trondheim, og ei vart gm. sokneprest i Saltdal, seinare Rørstad i Nordland; i tillegg var det ein son Claus Christian Kjelstrup (f. 1720 i Trondheim, d. 1783 i Rødøy, Nordland) som studerte i København og tok teologisk embetseksamen i 1744. Han  var sokneprst i Hammerfest 1750-1767, deretter i Rødøy fram til sin død i 1783.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.