Gå til innhold
Arkivverket

Cordt Mikkelson Koch, fødd i Bergen 1690, gift med Kirstina Jansdotter Teiste, fødd Hafslo 1688 - budde i Bergen - lagnad?.


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Cordt Mikkelson KOCH, fødd i Bergen kring 1690 som son av byborgar(?) Mikkel Koch opphavleg frå Reinfeld i Holstein, Tyskland, og andre kona Gretha Cordtsdotter, gifte seg ein eller annan gong før 1722 med:

 

Kirstina Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1688 som dotter av gardbrukar Jan Janson Teiste i Kroken ytre i Hafslo og kona Maren Pedersdotter f. Hanning, prestedotter frå Sogndal.

 

Me veit at Cordt i yngre år var i kongeleg sjøtreneste, men seinare yrkeskarriere er ukjend.

 

Kirstina vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 12.12.1757, medan Cordt Koch vart gravlagd frå Domkyrkja 8.5.1760.

 

Me kjenner til eitt barn:

 

* Hans Jørgen Cordtson Koch, døypt i Bergen 4.2.1722, vart gravlagd i Bergen 17.9.1723.

 

Eg har følgjande spørsmål, som eg vonar nokon kan hjelpa meg finna ei løysing på:

 

** Dato og stad for vigsli til Cordt Koch og Kirstina Teiste?

 

** Kva yrke hadde Cordt Koch i Bergen?

 

** Hadde parfolket fleire born enn den eine sonen som døydde som barn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante meldingar!

 

Me kan slå fast at Cordt Koch var sjømilitær under «store nordiske», men problemet er å finna ut kva yrke han sidan hadde.  Han kunne vel ikkje leva av pensjon...(?)

 

Diverre finst det heller ikkje skifte etter korkje han eller kona Kirstina...

 

Det ser ikkje ut til å vera stort meir me kan gjera for å finna fleire opplysningar om denne huslyden, men skulle noko dukka opp, er eg svært so takknemleg for det!

 

PS: Om han var tidlegare militæroffiser, finst det kanskje eigne skifteprotokollar for militære?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes militære skifter i arkivet etter Generalauditøren i Riksarkivet, men jeg kan ikke se at Koch er nevnt her, jf.: (arkivkatalogen i pdf): 

 

http://www.arkivportalen.no/arkiv-web/ArkivportalArkivEksportRapportGenServlet?id=no-a1450-01000001365885&xslt=arkivlisteArkivportal.xslt&mimeType=application%2fpdf

 

Men når han tituleres Sr Koch, skulle vel det bety at han tilhører de bedrestilte i byen, eller tar jeg feil? Jeg kan ikke se at han får flere barn enn den ene sønnen. Litt merkelig at stillingen han ikke er nevnt noe sted. Det ser ikke ut som han fikk noe borgerskap heller, jf. http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=238&storleik=. 

 

Den store nordiske krig varte vel til 1721 og freden ble sluttet først 11 år seinere:

https://no.wikipedia.org/wiki/Den_store_nordiske_krig

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser ellers at det finnes opplysninger om Michael Koch hos Sollied:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=905&storleik

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1211&storleik

 

I 1714 var sønnen Cordt myndig, fraværende. Men dette er "gammel nytt" om vår mann. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Jau, Cordt Koch var «fråverande» i 1714, og no har eg oppdaga kvifor:

 

Cordt Mikkelson Koch, sjøløytnant, og Kirstine Jansdotter Teiste fekk nemleg tre born i København:

 

* Mikkel Cordtson Koch, døypt i Holmen, København 26.12.1714

 

* Johan Cordtson Koch, døypt i Holmen, København 8.3.1717

 

* Johan Antoni Cordtson Koch, døypt i Nikolaj, København 28.10.1719

 

Johan frå 1717 vil eg gissa på er avliden kort etter fødsli, men kva med dei to andre sønene?  Dukkar dei kan henda opp i Bergen??

 

Eg har elles finne Kirstine Teiste som faddar i København for eit par søsterborn alt i 1704 og i 1706, so ho er nok delvis oppvaksi der

 

Dette ser ut til å verta ei ny stor utfordring...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Hei,

 

3 år siden sist, så usikker på om du har til nå fått denne informasjonen.

 

Er dette en tilfeldighet 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009185692

 

Jeg har Buch i min familie og har undersøkt sidegrenene. 

 

Michael Bryning Buch gift med Anna Margrethe Koch (f 1730 - d 1810)  16 mar 1758 (har en dato, men kildehenvisning er forsvunnet), har jeg hatt i mitt system en tid. Jeg har tidligere kun funnet en datter av disse som ble kalt Maren. Nå nettopp, så oppdaget jeg denne sønnen som vist i linken: Cordt Christian Michaelsen. 

 

Det er en del felles navnetrekk med de personene du har, så jeg tenker då at Anna Margrethe er en mulig kandidat som datter til Cordt Koch, med og tanke på at sønn av henne er døbt Cordt Christian.

 

 

Mvh

Asbjørn Rasmussen

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Asbjørn og Ivar for nye spennande innlegg om denne «merkelege» huslyden!

 

Ser me på oppkallingane her, kan Anna Margrethe godt vera ei dotter av «vår» Cordt Koch, men i so fall er ho truleg fødd etter at huslyden kom attende frå København...  Ser me på innlegg #2 over, bør ho vel vera fødd i Bergen??

 

Kan elles nokon fortelja meg meir om lagnaden til knappmakar Michael Bryning Buch?  Fødsel og død?

 

Når det gjeld Johan Koch gift i Tønsberg med Maren Foyn, får eg ikkje henta opp den sida som Ivar syner til, so kanskje du kan attgje fleire detaljar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Når det gjeld Johan Koch gift i Tønsberg med Maren Foyn, får eg ikkje henta opp den sida som Ivar syner til, so kanskje du kan attgje fleire detaljar?

 

 

Dette var nok Johan Christopher Lorang Koch

f. i Tønsberg ca 1710, så dermed feil mann.

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Lagnaden til Michael Bryning Buch er som følger

 

Født/døpt 14 august 1733 i Bergen av foreldrene Jacob Hermansen Buch og Maren Christansen de Rytter. https://media.digitalarkivet.no/view/8634/8

Begravet 27 februar 1796 i Bergen https://media.digitalarkivet.no/view/8639/154

 

Barn av Michael Bryning Buch var Maren (11 februar 1759 - 01 september 1775) og tidligere nevnt Cordt Christian. 

 

Jacob Hermansen Buch er innvandret fra Danmark, veldig usikker på Maren Christiansen de Rytter. Bakgrunnen for de Rytter "familienavnet" er ukjent for meg, men det er brukt i offisielle dokumenter

 

Muligens Renathe-Johanne Wågenes vet noe mer om disse, da hun har jobbet noe lengre med denne familien. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På ‎13‎.‎02‎.‎2016 den 22.48, Lars E. Øyane skrev:

 

Cordt Mikkelson KOCH, fødd i Bergen kring 1690 som son av byborgar (?) Mikkel Koch opphavleg frå Reinfeld i Holstein, Tyskland, og andre kona Gretha Cordtsdotter, gifte seg ein eller annan gong før 1722 med:

.....

.

Du skriver at Cort (Cordt) Mikkelson Koch var barn av Mikkel/Michels andre kone Gretha Cordtsdotter.

 

Jeg synes Sollieds opplisting av Cort og hans yngre søsken (Magdalene og Jørgen)
i innlegg #6 ifm. arv (bl.a. i 1701) etter deres salige 'mormoder' (g.m. sl. Jacob Christensen) tyder på at

de nevnte barnas mor er en Jacobsdatter (Mikkels første hustru ?).

 

Hva er det jeg ev. misforstår her ?

.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Asbjørn og Per for nye spennande innlegg!

 

Då var altso sporet til Tønsberg eit villspor, som me kan gløyma...

 

Eg er elles svært takksam for opplysningane om Michael Bryning Buch, men eg har eit par tilleggsspørsmål:

 

* Kva yrke hadde Jacob Hermanson Buch?

 

* Kvar i Danmark hadde Jacob Hermanson Buch opphavet sitt ifrå?

 

* Kvar kan Maren Christiansen de Rytter vera komi ifrå?

 

Elles får Per meg til å stussa svært på kven som var mor til Cordt Koch...  Utifrå oppkallingane ligg det nær å gå utifå at Gretha Cordtsdotter var mori.  Men ei anna forklaring KAN sjølvsagt vera at Gretha og Michael Koch hadde ein son Cordt som døydde i ung alder, og at «vår» Cordt vart oppkalla i andre ekteskapet til Michael...?

 

Eller kan den «salige mormoder» ha vore gift to gonger, først med ein Cordt og sidan med Jacob Christensen??

 

Kanskje nokon har syn på dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Kva yrke hadde Jacob Hermanson Buch?

 

21 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Kvar i Danmark hadde Jacob Hermanson Buch opphavet sitt ifrå?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=borg1600&gardpostnr=6549&merk=6549#ovre

 

BS JHB.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for kjappe svar på spørsmåli om Jaoob Buch!  Kjempebra!

 

Maren de Rytter vert nok verre...

 

Og fødsli/dåpen til Anna Margrete Koch kring 1730 og lagnadane til søskeni hennar, Michael (1714) og Johan Antoni (1719) (jmf. innlegg #7) og Hans Jørgen (1722) (jmf. innlegg #1) står likeins att som kjempeutfordringar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen,

 

Angående Maren Christiansen de Rytter, så har jeg vært klar over at noen der ute har ment på at foreldrene til Maren er en Christian Ditlefsen og Elin Jensen. Jeg har aldri etterprøvd denne informasjonen, da jeg anså den som svak og når den ikke er dokumentert med kildehenvisninger så ble det slik.

 

Idag så gjorde jeg et søk i digitalarkivet og kom innom en Christian Ditlefsen død 1724, hvor det også foreligger et skifte. Her finner enn navnet Maren Christansen Rytter, men då gift med en Michel Bryning.  Michel Bryning døde i 1728 og basert på den informasjen en har, så ble hun i 1732 igjen gift med Jacob Hermansen Buch.

 

skiftet https://media.digitalarkivet.no/view/11633/142

 

Noe spesielt at hennes første sønn blir kalt opp etter sin første mann... Det må ha vært svært spesielle grunner for akkurat det tenker jeg. Ditlef/Ditlev går igjen hos sønn nr 2 Christian Ditlev.

 

 

Mvh

Asbjørn Rasmussen

Endret av Asbjørn Rasmussen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Asbjørn Rasmussen skrev:

Noe spesielt at hennes første sønn blir kalt opp etter sin første mann... Det må ha vært svært spesielle grunner for akkurat det tenker jeg.

 

Det var vanlig å oppkalle den førstefødte i nytt ekteskap etter den tidligere avdøde ektefelle - https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Navneskikker

 

"Oppkalling etter tidligere ektefelle
Dersom den ene av foreldre hadde vært gift før og fikk barn med ny ektefelle, skulle det første barnet med samme kjønn som den avdøde ektefellen kalles opp etter ham eller henne."

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Egil Johannessen skrev:

 

Det var vanlig å oppkalle den førstefødte i nytt ekteskap etter den tidligere avdøde ektefelle - https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Navneskikker

 

"Oppkalling etter tidligere ektefelle
Dersom den ene av foreldre hadde vært gift før og fikk barn med ny ektefelle, skulle det første barnet med samme kjønn som den avdøde ektefellen kalles opp etter ham eller henne."

Takker for opplysningen. Viktig info som er greit å ha med seg videre 🙂

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.