Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Cordt Mikkelson Koch, fødd i Bergen 1690, gift med Kirstina Jansdotter Teiste, fødd Hafslo 1688 - budde i Bergen - lagnad?.

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Cordt Mikkelson KOCH, fødd i Bergen kring 1690 som son av byborgar(?) Mikkel Koch opphavleg frå Reinfeld i Holstein, Tyskland, og andre kona Gretha Cordtsdotter, gifte seg ein eller annan gong før 1722 med:

 

Kirstina Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1688 som dotter av gardbrukar Jan Janson Teiste i Kroken ytre i Hafslo og kona Maren Pedersdotter f. Hanning, prestedotter frå Sogndal.

 

Me veit at Cordt i yngre år var i kongeleg sjøtreneste, men seinare yrkeskarriere er ukjend.

 

Kirstina vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 12.12.1757, medan Cordt Koch vart gravlagd frå Domkyrkja 8.5.1760.

 

Me kjenner til eitt barn:

 

* Hans Jørgen Cordtson Koch, døypt i Bergen 4.2.1722, vart gravlagd i Bergen 17.9.1723.

 

Eg har følgjande spørsmål, som eg vonar nokon kan hjelpa meg finna ei løysing på:

 

** Dato og stad for vigsli til Cordt Koch og Kirstina Teiste?

 

** Kva yrke hadde Cordt Koch i Bergen?

 

** Hadde parfolket fleire born enn den eine sonen som døydde som barn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessante meldingar!

 

Me kan slå fast at Cordt Koch var sjømilitær under «store nordiske», men problemet er å finna ut kva yrke han sidan hadde.  Han kunne vel ikkje leva av pensjon...(?)

 

Diverre finst det heller ikkje skifte etter korkje han eller kona Kirstina...

 

Det ser ikkje ut til å vera stort meir me kan gjera for å finna fleire opplysningar om denne huslyden, men skulle noko dukka opp, er eg svært so takknemleg for det!

 

PS: Om han var tidlegare militæroffiser, finst det kanskje eigne skifteprotokollar for militære?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det finnes militære skifter i arkivet etter Generalauditøren i Riksarkivet, men jeg kan ikke se at Koch er nevnt her, jf.: (arkivkatalogen i pdf): 

 

http://www.arkivportalen.no/arkiv-web/ArkivportalArkivEksportRapportGenServlet?id=no-a1450-01000001365885&xslt=arkivlisteArkivportal.xslt&mimeType=application%2fpdf

 

Men når han tituleres Sr Koch, skulle vel det bety at han tilhører de bedrestilte i byen, eller tar jeg feil? Jeg kan ikke se at han får flere barn enn den ene sønnen. Litt merkelig at stillingen han ikke er nevnt noe sted. Det ser ikke ut som han fikk noe borgerskap heller, jf. http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=238&storleik=. 

 

Den store nordiske krig varte vel til 1721 og freden ble sluttet først 11 år seinere:

https://no.wikipedia.org/wiki/Den_store_nordiske_krig

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser ellers at det finnes opplysninger om Michael Koch hos Sollied:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=905&storleik

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1211&storleik

 

I 1714 var sønnen Cordt myndig, fraværende. Men dette er "gammel nytt" om vår mann. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Jau, Cordt Koch var «fråverande» i 1714, og no har eg oppdaga kvifor:

 

Cordt Mikkelson Koch, sjøløytnant, og Kirstine Jansdotter Teiste fekk nemleg tre born i København:

 

* Mikkel Cordtson Koch, døypt i Holmen, København 26.12.1714

 

* Johan Cordtson Koch, døypt i Holmen, København 8.3.1717

 

* Johan Antoni Cordtson Koch, døypt i Nikolaj, København 28.10.1719

 

Johan frå 1717 vil eg gissa på er avliden kort etter fødsli, men kva med dei to andre sønene?  Dukkar dei kan henda opp i Bergen??

 

Eg har elles finne Kirstine Teiste som faddar i København for eit par søsterborn alt i 1704 og i 1706, so ho er nok delvis oppvaksi der

 

Dette ser ut til å verta ei ny stor utfordring...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×