Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt #9: Lars Jacobson Krogen (1852-1879) og kona Eliza E. Pike Gohde (1853-1923) og huslyden deira i Amerika - soge om adopsjon?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dagens nøtt er ei skikkeleg utfordring frå Amerika som eg har jobba mykje med, men som eg ikkje veit mi arme råd med å komma nokon veg med.  No satsar eg på at ekspertisen i Brukarforum kan bringa meg eit steg vidare!

 

Lars Jacobson Krogen, i Amerika kjend som Louis JACOBSON, var fødd i Luster 19.3.1852 og utvandra til Amerika i 1869.  Han gifte seg i Vernon Co., WI 15.10.1871 med:

 

Eliza E. «Lizzie» PIKE, fødd i Vernon Co., WI 12.4.1853 av amerikanske foreldre, George og Alvira PIKE.  Louis og Eliza busette seg i Franklin township, Vernon Co., WI der Louis skal vera avliden kring 1879.  Han let etter seg enkja Eliza og to søner, som alle i 1880 budde hjå mor hennar i Franklin township, Vernon Co., WI.  Sønene var:

 

* Frank JACOBSON, fødd i Vernon Co., WI kring 1872

 

* Albert JACOBSON, fødd i Vernon Co., WI kring 1879

 

Mori Eliza gifte seg so att i Vernon Co., WI 29.1.1882 med Harmon Goehde, i Amerika kjend som Herman GOHDE, oppgjeven fødd i Preußen i 1848, og dei vart buande i Franklin township, Vernon Co., WI der Herman skal vera avliden i 1889.  me kjenner til to born etter dei:

 

* Anna Belle GOHDE, fødd i Vernon Co., WI 17.12.1882 (eller 1883/1884?), døydde som Anna SHEPARD i Pine City, MN 17.7.1978.

 

* Fred R. GOHDE, fødd i Vernon Co., WI 16.11.1886, døydde i O'Brien, OR 18.6.1967.

 

FT1900 for Vernon Co., WI syner enkja Eliza GOHDE med dei to borni frå andre ekteskapet, Anna og Fred.  Det vert sagt at ho var mor til TRE born, alle i live!

 

FT1910 for Vernon Co., WI syner enkja Eliza GOHDE med sonen Fred og eit barnebarn Arthur F. GOHDE, fødd i Vernon Co., WI 24.1.1901.  Det vert sagt at ho var mor til FIRE born, alle i live!

 

FT1920 syner at Eliza GOHDE då budde åleine i Spokane, Spokane Co., WA - veit ikkje kva ho hadde der å gjera...

 

Eliza GOHDE døydde under opphald hjå dotteri Anna i Mellette, Spink Co., SD 8.1.1923  (Anna gifte seg i SD i 1908 med James Shepard, og dei budde i Mellette, SD på den tidi, før dei flytte til Minnesota!)

 

Sonesonen frå FT1910 var son av:

 

Albert Benjamin GOHDE, som under namnet Elmer GOEHDE og son av Herman Goehde og Eliza Pike gifte seg i Vernon Co., WI 14.4.1900 med Anna Marie «Mary» Hendrickson, fødd i Vernon Co., WI 29.12.1882 (foreldri hennar var òg frå Luster!).  Albert og Mary budde fleire stader, men for det meste i McGregor, Clayton Co., IA.  I alle dei folketeljingane, som eg har finne dette parfolket (1905, 1910, 1920, 1920 og 1940) samt i WW1 draftet frå 1917/1918, har Albert sterkt variable aldrer med fødselsår mellom 1871 og 1878, men aldri var han fødd so «tidleg» som kva som vart oppgjeve ved dødsfallet hans 25.6.1958: 3.11.1869.  Påfallande er det òg at alle kjelder har fødestaden til far hans oppgjeven som «Germany»!

 

Her er ein obituary for Albert Benjamin GOHDE frå 1958:

 

~~~~~~~~~~

 

Dubuque Telegraph Herald
Friday, June 27, 1958, Dubuque, Iowa; page 18
ALBERT GOHDE
 McGregor, Ia., - Services for Albert Gohde, 88, former McGregor resident who died Wednesday at a Strawberry Point nursing home, were to be at 2:30 p m. Saturday at Thornburg Funeral Home, McGregor. Burial was to be In Pleasant Grove Cemetery.
 Surviving are his wife. Mary; two sons, Clarence, McGregor, and Arthur address unknown, and four daughters, Mrs. Alvina Sobado, Albert Lee, Minn., Mrs. Bill Meade, Mrs. Dave Meade, Mrs. Violet Sautter, all of McGregor; one brother, Fred, Obrien, Ore.

 

~~~~~~~~~~

 

Merkeleg at ikkje søsteri Anna er nemnd her; kan henda var ikkje sambandet mellom søskeni det aller beste...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

UTFORDRING:

 

Det er vel ganske so sikkert at denne Albert Benjamin GOHDE MÅ vera den sonen som budde med mori i 1880 og som då heitte Albert JACOBSON, men var han son av Herman, eller var han «berre» adoptert av Herman?

 

Kan eit mogeleg «scenario» vera at Lars døydde mykje tidlegare og at Eliza alt var enkje då ho vart gravid med Albert Benjamin?  Eller vart dei SKILDE, og Lars «forsvann»?

 

Eit eventuelt skilsmål kan nok finnast, men elles finst det vel knapt dokumentasjon på dette korkje på rådhuset i Vernon Co., WI eller i avisartiklar e.l., men det hadde truleg vore av stor verdi å kunna finna og lesa obituaries for:

 

* Eliza GOHDE frå 1923

 

* Fred GOHDE frå 1967

 

* Anna Gohde SHEPARD frå 1978

 

Det hadde òg vore nyttig å finna Herman GOHDE i FT1880, for å sjå om han i det heile kunne vera ein «aktuell» kandidat som far til Albert.

 

Det siste målet mitt er å finna denne Frank Jacobson, fødd kring 1872.  FT1910 tyder jo på at Frank då framleis var i live, men KVAR??

 

Som eg sa innleiingsvis, so er dette ei skikkeleg utfordring, men om nokon er i stand til å løysa «floki», so er det «dugnadsgjengen» i Brukarforum, og eg kan berre takka på det hjartelegaste for alle gode tips som måtte dukka opp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fred R. Gohde:

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=gohde&GSfn=fred&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=78582664&df=all&

 

FT1910 for Vernon Co., WI syner enkja Eliza GOHDE med sonen Fred og eit barnebarn Arthur F. GOHDE, fødd i Vernon Co., WI 24.1.1901.  Det vert sagt at ho var mor til FIRE born, alle i live!

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLD-K5G

 

Name: Arthur Francis Gohde
Birth Date: 24 Jan 1901
Birthplace: Franklin, Vernon, Wisconsin
Father's Name: Albert Gohde
Father's Birthplace: Franklin, Vernon, Wi
Mother's Name: Mary Hendrickson
Mother's Birthplace: Franklin, Vernon, Wi
 
 
 
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg som vel stadfestar dei opplysningane som eg har når det gjeld desse...

 

Eg har tenkt mykje på denne huslyden etter eg la emnet inn i aftes, og eg er vel etter kvart komen til at Albert Benjamin likevel må vera son av Herman Gohde, men, som sagt; dette kan eg ikkje prova...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har endeleg motteke ein obituary etter Eliza Gohde frå Mellette, SD frå 1923, men diverre står det ikkje noko om første ekteskapet hennar eller sonen Frank.  Me les følgjande:

 

«Eliza Pike was born on a farm at Liberty Pole, Wis., April 12, 1852.  She was married to Herman Gohde in 1881.  She was the mother of three children, Albert of Wiscopnsin, Mrs. J. A. Shepard and Fred of Mellette, all of whom are living.  She is also survived by one brother S. S. Pike og Bijou Hills, S. Dak., a sister Laura Bremon of Oregon anda grandson, Arthur Gohde, who resides in New York.

 

The early part of her life was spent near the old home, where she reared her family, her husband having passed away in 1888.  Later years she has lived in Omaha, Ned. and Spokane, Wash., coming to Mellette about two years ago to be near her daughter with whom she lived at the time of her passing.  About ten months ago she was stricken with disease from which she was a patient sufferer until the time of her death, Jan. 8, 1923, at the age of 72 years, 9 months and 18 days.

 

Brief funeral services were held at the home of Mrs. Shepard on Thursday afternon at 3 o'clock, conducted by Prof. E. H. Kahl and the remains were shipped on Thuirsday evening to the old home at Liberty Pole, Wis., to be buried by the side of her husband, mother and father.»

 

I spalta ved sida står følgjande:

 

«Fred Gohde arrived home about 4 a. m. Tuesday, having driven up from Sioux Falls in response to a telegram announcing the death of his mother.»

 

Då kan me vel trygt konkludera med at Frank var avliden før mori.  Merkeleg er det at ikkje fleire barneborn er nemnde, for Albert hadde jo mange fleire born enn Arthur nemnd ovanfor, men kanskje er han nemnd særskilt fordi han hadde butt ei tid hjå bestemori (jmf. FT1910).

 

Kva som skjedde med Lars Jacobson Krogen, er soleis framleis ei «gåte», men når han ikkje vert nemnd over hovudet, og Eliza nytta jentenamnet sitt, både i FT1880 og ved giftarmålet med Herman Gohde, er det vel truleg at ho og Lars vart skilde, og me lyt søka etter Lars på anna hald!?

 

Og då er det at eg, i søk etter Lars, kjem over denne huslyden i Moscow, Latah Co., ID i 1910:

 

JACOBSON, Lars  62  Nor  Nor  Nor  farmer  emigrated 1870  married for 27 years

JACOBSON, Christina  63  Nor  Nor  Nor  wife  emigrated 1880  married for 27 years

 

Det står ikkje noko om born.

 

Kan denne Lars (eventuelt Lewis/Louis) finnast att i andre samanhangar?

 

Eller kanskje er det andre aktuelle «kandidatar» der ute?  Eg ser fleire spennande vigsler i Minnesota:

 

* Louis Jacobson og Jennie Olson gifte i Minneapolis, MN 23.11.1875

 

* Lewis Jacobson og Julia Casdoza gifte i Minneapolis, MN 23.9.1884

 

Elles kanskje nokon ser andre alternativ?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få blåsa nytt «liv» i denne utfordringi frå i fjor, og særleg i dei spørsmåli som vert reiste i innlegg #4 ovanfor:

 

Under arbeidet med ætti til Anna Marie Olsdotter Øvrebø Hickox i Amerika (1845-1888):

 

 

er det nemlig komme fram opplysningar om at nettopp denne Lars Jacobson høgst sannsynleg var far til Lina Hickox, eldste dotteri til Anna Marie, fødd i Winona, MN 15.11.1873: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314786-00235?pid=4728597&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx1797%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DLina%26gsfn_x%3DNP_NN_NIC%26msbdm%3D11%26msbdm_x%3D1%26msbdy%3D1874%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DWinona%20County,%20Minnesota,%20USA%26msbpn%3D3181%26msbpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C3181%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3DPACO%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D4728597%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D18&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx1797&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Det har seg nemlig slik, at «vår» Lars Jacobson utvandra i 1869 på same skipet(?) som Anna Marie Olsdotter, òg til Vernon Co., WI.  Eldste søsteri til Anna Marie var gift med Nils Jacobson, ein eldre bror av Lars, og Lars, som i 1871 gifte seg inn i denne «solide» «Yankee-ætti» med namnet Pike og kort etter fekk sonen Frank med Lizzie Pike, må ha falle i «unåde» etter at han vart far til Lina i 1873, og der har me ganske sikkert forklaringi på at:

 

** Anna Marie «rømte» frå Vernon Co., WI over Mississippi-elvi til Winona, MN for å føda, og at

 

** Lars Jacobson vart skild frå Lizzie og «forsvinn»...

 

Diverre er skilsmålsdokumenti frå Vernon Co., WI frå 1870-åri vortne makulerte, so me får aldri svar på nøyaktig kva som skjedde, men etter mitt syn burde «scenariet» vera ganske so klart, og då kjem me attende til spørsmålet om lagnaden til Lars Jacobson!?

 

Eg tek opp att frå innlegg #4 denne «mistenkelege» huslyden frå FT1910 frå Moscow, Latah Co., ID:

 

JACOBSON, Lars  62  Nor  Nor  Nor  farmer  emigrated 1870  married for 27 years

JACOBSON, Christina  63  Nor  Nor  Nor  wife  emigrated 1880  married for 27 years

 

Det står ikkje noko om born.

 

Kan denne Lars (eventuelt Lewis/Louis) finnast att i andre samanhangar, FT1900/FT1920 etc.??

 

Eller kanskje er det andre aktuelle «kandidatar» der ute?  Eg ser fleire spennande vigsler i Minnesota:

 

* Louis Jacobson og Jennie Olson gifte i Minneapolis, MN 23.11.1875

 

* Lewis Jacobson og Julia Casdoza gifte i Minneapolis, MN 23.9.1884

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Lars Jacobson (Krogen), og det ville gle meg mykje om han kunne oppsporast!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er no etter kvart på tide å blåsa nytt liv i denne påskenøtta som første gongen vart presentert i påsken for to år sidan!

 

Det er truleg ikkje mogeleg å finna ut noko meir om soga til Lars Jacobson i Wisconsin, MEN eg trur det kan noko for seg å sjå nærare på dette parfolket nemnt i innlegg #4 og #5 over, som i 1910 budde i Moscow, Latah Co., ID:

 

JACOBSON, Lars  62  Nor  Nor  Nor  farmer  emigrated 1870  married for 27 years

JACOBSON, Christina  63  Nor  Nor  Nor  wife  emigrated 1880  married for 27 years

Ingen born er nemnde.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRV7-LH8?i=11&cc=1727033

 

Lars og Christina Jacobson budde 1910 på 826 South Harrison i Moscow, ID og eigde bustaden deira.  City directories syner at dei òg budde der i 1912, 1914 og 1916!

 

Kan denne Lars (eventuelt Lewis/Louis) finnast att i andre samanhangar - FT1900 eller FT1920?

 

Eller kan Christina Jacobson vera denne «merkelege» personen som me finn i FT1920: «Jacobson», widow, 63 år gamal, fødd i Noreg, utvandra i 1846(!), busett på 610 Main street i Moscow, Latah Co., ID:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR67-YLP?i=21&cc=1488411

 

Det var ei Christina Jacobson som døydde som enkje på noko som heitte «The Coeur d’Alene Homes» i Coeur d’Alene, ID 26.12.1928.  Ho er oppgjevi fødd i Noreg 1.1.1846.  Informanten for dødsfallet var C. F. Johnson = Conrad F. Johnson (1862-1932), Pastor og på den tidi styrar for «The Coeur d’Alene Homes», ein gamleheim i Coeur d’Alene, ID.  Om dette er den same Christina som i 1910 var kona til Lars Jacobson, er det ingen som kan seia sikkert, men namn og alder samt bustad høver jo svært so bra!

 

Kanskje er det mogeleg å finna avisartikar om dette parfolket?  Sjølv den minste detalj har  interesse, og sjølvsagt ville ein obituary for Christina vera svært velkomen!

 

Ein kjempe-påsketakk for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege i «dvale» ganske so lenge!

 

Eg det verkeleg heilt umogeleg å finna att og identifisera dette parfolket som i 1910 og utover budde i Moscow, ID?

 

Om me ikkje finn dei, beror det mest truleg på ei feilstaving ein eller annan stad(?)

 

Eg har diverre ingen nye opplysningar om desse folki, men eg ville verta VELDIG glad om nokon greide å identifisera dei!

 

Ein syner til føregåande innlegg og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
På 24.3.2018 den 21.22, Lars E. Øyane skrev:

City directories syner at dei òg budde der i 1912, 1914 og 1916!

 

Hvis dette er den samme Christina i 1916 så var det på en annen adresse og hun står som enke !

 

The U.S. City Directories, 1822-1995 - LENKE ANCESTRY - https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=USDirectories&indiv=try&h=1041809765
Name:    Christina Jacobson
Gender:    Female
Residence Year:    1916
Street address:    704 East B
Residence Place:    Clearwater;NezPerce;LatahCounties, Idaho, USA
Spouse:    Lars Jacobson
Publication Title:    Clearwater, Idaho, City Directory, 1916

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

Eg har sett litt nøyare på desse city directories, og eg ser no at Lars alt i 1909 er nemnd på denne adressa 826 South Harrison i Moscow, ID, men då utan kone, «carpenter»: https://www.ancestry.com/interactive/2469/16146237?pid=1047560530&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9624&_phstart=successSource

 

I 1912 er kona med på same adresse: https://www.ancestry.com/interactive/2469/16108032?pid=1044884857&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D1044884857%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9625%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9625&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og i 1914, men då utan yrkestitel: https://www.ancestry.com/interactive/2469/16050154?pid=1040777124&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DUSDirectories%26h%3D1040777124%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60722&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Kanskje har eg vore for kjapp då eg i si tid hevda at dei framleis budde i lag i 1916.  Men då tyder jo alt på at Lars døydde mellom 1914 og 1916, men kvifor manglar han då i dødsregisteret for Idaho?

 

Denne saki treng nok litt djupare studier...?

 

Og medan eg sit og ser på denne saki, so ser eg at det kjem opp forslag frå ancestry på løysingar.  Ei av desse syner ei vigsle i Grantsburg, Burnett Co., WI dagsett 26.12.1893 mellom ein Lars Jacobson frå Bindalen og ei Christina Isaksdotter frå Lyngen:

 

Name Lars Jacobson
Event Type Marriage
Event Date 26 Dec 1893
Event Place Grantsburg, Burnett, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Bindalen, Norway
Father's Name Jacob Johnson
Mother's Name Hanna Bendikson
Spouse's Name Christine Isakson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Birthplace Lyngen, Norway
Spouse's Father's Name Isak Isackson
Spouse's Mother's Name Siri Iverson

 

Dette parfolket er vigde ti år «for seint» i høve «våre» Lars og Christine i Moscow,. ID (gifte 27 år i 1910), men lat oss sjå litt meir på dette paret som gifte seg i Grantsburg:

 

Lars Jacobson syner seg vera fødd i Bindalen 6.4.1856:

 

Name Lars Jakob Andreasen
Gender Male
Birth Date 06 Apr 1856
Christening Date 01 May 1856
Christening Place Bindal, Nordland, Norway
Father's Name Jakob Andreas Jonasen
Mother's Name Hanne Elisa Bendiktsdr

 

Christine Isaksdotter finn eg ikkje døypt i Lyngen, men foreldri hennnar budde i Lyngen 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1938&kenr=002&bnr=0022&lnr=00

 

og dei var tydeleg ganske so nygifte;

 

Name Isak Isaksen
Birth Date 1833
Age 31
Spouse's Name Sigrid Iversdr
Spouse's Birth Date 1830
Spouse's Age 34
Event Date 07 Jun 1864
Event Place Lyngen, Troms, Norway
Father's Name Isak Adamsen
Spouse's Father's Name Iver Olsen

 

Me kan altso konkludera med at parfolket som gifte seg i Grantsburg, var mykje for unge, so dette var tydeleg ein «falsk alarm»...!  Me lyt nok attende til parfolket «vårt» i Moscow, ID og freista stadfesta kven dei var!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempegåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no vore i kontakt med eigedomskontoret i Latah Co., ID, og dei fortel meg at Lars og særleg Christine, ofte skrive Krestine, var svært aktive på «eigedomsfronten» i Moscow, ID, men alltid kvar for seg!  Første skøyta dei kunne finna vart skrivi i 1905, men leitingi held fram...

 

Det er høgst merkeleg at ikkje Lars og Christine dukkar opp i tidlegare teljingar...  Kan ættenamnet vera totalt feilskrive?

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no motteke skøytene på huset som Lars og Christine Jacobson handla på 826 South Harrison i Moscow, ID.  Krestine kjøpte huset i 1906, og dei selde det i lag i 1914.

 

Men diverre ikkje noko spor etter kvar det vart av Lars!  Kanskje dei selde for å flytta til ein varmare stad og at Lars døydde der, før Christine kom attende til Moscow som enkje?

 

Elles er det eit stort mysterium kvar dette parfolket kan ha butt FØR dei kom til Moscow, ID.  Kanskje var dei i Canada?

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklarng av denne kjempegåta!

Book53Pg181.pdf

Book69Pg551.pdf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Kanskje tanken om flytting til eit varmare strøk ikkje er so heilt borte vekk...

 

Ein «Mr. Lars Jacobson», 67 år gamal, døydde i Santa Rosa, Sonoma Co., CA 10.2.1915:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314894-00123?pid=1321779&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1321779%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9693%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9693&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I høve alderen oppgjeven i 1910 passar i alle fall denne karen godt!  Kanskje kan ein OBITUARY finnast for han, anten i Moscow, ID eller i Santa Rosa, CA?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The California, Death Index, 1905-1939
Name:    Lars Jacobsen
Birth Year:    abt 1848
Death Date:    10 Feb 1915
Age at Death:    67
Death Place:    Sonoma, California, USA

 

Press Democrat, Santa Rosa, California, Number 35, 11 February 1915, Page 1

Press Democrat, Number 35, 11 February 1915.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit svært interessant og spennande innlegg!

 

Eg har jo aldri vore heilt 100% sikker på at denne Lars Jacobson var den som eg leiter etter, men ser me no på denne store søskenflokken frå Kroken i Luster, so kan me slå fast følgjande:

 

* Jens Jacobson (1838-1924) var ein bror som levde, men han budde i Kristiansund

 

* Gjertrud Jacobsdotter (1840-1928) var einaste søsteri som levde - ho budde på den tidi (1915) som enkje i Chicago, IL

 

* Nils Jacobson alias Nels J. Krogen (1842-1925) var den andre broren som levde, ein «prominent» farmar i Vernon Co., WI!

 

Dei andre søskeni var alle avlidne før 1915, og ser me på denne lista, aukar etter mi mening sjansane for at me verkeleg har finne den «rette» Lars Jacobson eit ganske so stort «hakk», eller kva meiner du, Egil?

 

Forunderleg er det likevel at obituarien seier han var komen til Santa Rosa frå MONTANA.  Kan det tenkjast at han og Christine hadde butt der før dei kom til Moscow, ID?

 

Hadde me berre greidd å finna denne vigsli frå kring 1883 (1910: hadde vore vigde i 27 år) mellom Lars og Christine!?  Kan han ha kalla seg for Krogen??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort
26 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Gjertrud Jacobsdotter (1840-1928) var einaste søsteri som levde - ho budde på den tidi (1915) som enkje i Chicago, IL

Hadde han ei søster eller svigerinne som blei kalla Caroline Jacobsen og kan ha vore fadder i Chicago i 1894?

Eg har i så fall ein kandidat som kom til Amerika 1870 blei gift med ei Hansine Olava Hansen i 1889. Problemet er at då eg endelig fant han i 1900-tellinga så sto det født i mai månad og ikkje mars. Fødselsåret var 1850, men heile familien hadde feil fødselsår så det betyr ikkje all verda, fødselsmånaden pleier vel oftast å stemme.

 

Lars Jacobsen in the Cook County, Illinois, Marriages Index, 1871-1920

 

Name:

 

Lars Jacobsen

Age:

 

36

Gender:

 

Male

Birth Year:

 

abt 1853

Marriage Type:

 

Marriage

Marriage Date:

 

14 Sep 1889

Marriage Place:

 

Cook County, Illinois

Spouse Name:

 

Olava H. Hanson

Spouse Age:

 

26

Spouse Gender:

 

Female

FHL Film Number:

 

1030184

 

Ella Caroline Jacobsen in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969

 

Name:

 

Ella Caroline Jacobsen

Baptism Age:

 

0

Record Type:

 

Baptism

Birth Date:

 

16 Aug 1894

Baptism Date:

 

9 Sep 1894

Baptism Place:

 

Chicago, Illinois, USA

Father:

 

Lars Jacobsen

Mother:

 

Hansine Jacobsen

Church Name:

 

Bethlehem

Church Location:

 

Chicago, Illinois

Tvilling med

Theodor Jacobsen in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1826-1969

 

Name:

 

Theodor Jacobsen

Baptism Age:

 

0

Record Type:

 

Baptism

Birth Date:

 

16 Aug 1894

Baptism Date:

 

9 Sep 1894

Baptism Place:

 

Chicago, Illinois, USA

Father:

 

Lars Jacobsen

Mother:

 

Hansine Jacobsen

Church Name:

 

Bethlehem

Church Location:

 

Chicago, Illinois

 

 

Faddere for tvillingene:

 

Engelhart Johnsen, Anne Johnsen, Caroline Jacobsen, Olava Jacobsen, Leonard Lynn

 

*Sine Jacobsen in the 1910 United States Federal Census

 

Name:

 

*Sine Jacobsen
[Rhensine Jacobsen] 
[Hensine Jacobsen] 

Age in 1910:

 

48

Birth Year:

 

abt 1862

Birthplace:

 

Illinois

Home in 1910:

 

Chicago Ward 27, Cook, Illinois

Street:

 

Columbia Street

House Number:

 

3727

Race:

 

White

Gender:

 

Female

Relation to Head of House:

 

Head

Marital Status:

 

Divorced

Father's Birthplace:

 

Norway

Mother's Birthplace:

 

Norway

Native Tongue:

 

English

Occupation:

 

Housework

Industry:

 

At Home

Home Owned or Rented:

 

Own

Home Free or Mortgaged:

 

Mortgaged

Farm or House:

 

House

Able to Read:

 

Yes

Able to Write:

 

Yes

Number of Children Born:

 

3

Number of Children Living:

 

3

Neighbors:

 

 

 

 

 

Household Members:

 

Name

 

Age

 

*Sine Jacobsen

48

Louis Jacobsen

19

Theodore Jacobsen

16

Ella Jacobsen

16

Helmar Bay

35

Nellie Bay

25

Helmar Bay

0

 

 

Hansine Jacobsen in the Illinois, Deaths and Stillbirths Index, 1916-1947

 

Name:

 

Hansine Jacobsen

Birth Date:

 

1 Oct 1862

Birth Place:

 

Norway

Death Date:

 

3 Jun 1926

Death Place:

 

Chicago, Cook, Illinois

Burial Date:

 

5 Jun 1926

Cemetery Name:

 

Mt. Olive

Death Age:

 

63

Occupation:

 

Housewife

Race:

 

White

Marital Status:

 

W

Gender:

 

Female

Street address:

 

4849 School St.

Father Name:

 

Christ Jacobsen

Father Birth Place:

 

Norway

Spouse Name:

 

Lars Jacobsen

FHL Film Number:

 

1877846

 

Tok visst ikkje med 1900-tellinga.

Lars Jacobson in the 1900 United States Federal Census

Name:

Lars Jacobson

Age:

50

Birth Date:

May 1850

Birthplace:

Norway

Home in 1900:

Chicago Ward 14, Cook, Illinois

Ward of City:

4th

Street:

N Western Ave

House Number:

667

Sheet Number:

1

Number of Dwelling in Order of Visitation:

4

Family Number:

12

Race:

White

Gender:

Male

Immigration Year:

1870

Relation to Head of House:

Head

Marital Status:

Married

Spouse's Name:

Ransina Jacobson

Marriage Year:

1889

Years Married:

11

Father's Birthplace:

Norway

Mother's Birthplace:

Norway

Years in US:

30

Naturalization:

Na

Occupation:

Plasterer Laborer

Months not employed:

4

Can Read:

Yes

Can Write:

Yes

Can Speak English:

Yes

House Owned or Rented:

O

Farm or House:

H

Neighbors:

 

 

 

Household Members:

Name

Age

Lars Jacobson

50

Ransina Jacobson

38

Louie Jacobson

10

Ella Jacobson

6

Endret av Åsbjørg Susort

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
4 timer siden, Åsbjørg Susort skrev:

Lars Jacobson in the 1900 United States Federal Census

 

Samme Lars i 1910? Ikke langt unna adressen fra 1900-tellingen..... - han står som gift, mens Hansine registrert som skilt.

The 1910 United States Federal Census
Name:    Lars Jacobson
Age in 1910:    60
Birth Year:    abt 1850
Birthplace:    Norway
Home in 1910:    Chicago Ward 15, Cook, Illinois
Street:    North Campbell Avenue
Race:    White
Gender:    Male
Immigration Year:    1871
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Married
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Native Tongue:    English
Occupation:    Odd Jobs
Industry:    Commission House
Employer, Employee or Other:    Wage Earner
Home Owned or Rented:    Rent
Farm or House:    House
Able to Read:    Yes
Able to Write:    Yes
Out of Work:    N
Number of weeks out of work:    0
Household Members:    
Lars Jacobson    60

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The 1910 United States Federal Census
Name:    *Sine Jacobsen
[Rhensine Jacobsen] 
[Hensine Jacobsen] 
Age in 1910:    48
Birth Year:    abt 1862
Birthplace:    Illinois
Home in 1910:    Chicago Ward 27, Cook, Illinois
Street:    Columbia Street
House Number:    3727
Race:    White
Gender:    Female
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Divorced
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Native Tongue:    English
Occupation:    Housework
Industry:    At Home
Home Owned or Rented:    Own
Home Free or Mortgaged:    Mortgaged
Farm or House:    House
Able to Read:    Yes
Able to Write:    Yes
Number of Children Born:    3
Number of Children Living:    3
Household Members:    
*Sine Jacobsen    48
Louis Jacobsen    19
Theodore Jacobsen    16
Ella Jacobsen    16
Helmar Bay    35
Nellie Bay    25
Helmar Bay    0

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg og Egil for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Den Lars Jacobson som døydde i Santa Rosa, CA er ikkje same mann som han de har finne i Chicago, IL, MEN alderen høver godt, og eg vil sjå lítt nærare på denne «kandidaten».  Eg ser forresten hjå FamilySearch denne Lars Jacobsen som døydde i Chicago, IL, men utan oppgjeven alder.  MEN adressen stemmer med han som de har finne i FT1910 for Chicago, IL!

 

Name Lars Jacobsen
Event Type Death
Event Date 18 Jul 1910
Event Place , Cook, Illinois, United States
Event Place (Original) Chicago, Cook, Illinois
Address 1400 N. Campbell Ave.
Gender Male
Marital Status Married
Ethnicity American
Race White
Birthplace Norway
Burial Date 20 Jul 1910
Cemetery Mt Olive
Father's Name Jacob Fronsen
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Record Number 81

 

Og farsnamnet avslører nok diverre at dette IKKJE kan vera «vår» Lars, for sjå kva eg fann hjå FamilySearch under fødde i Gjerpen:

 

Name Lars Jacobsen
Gender Male
Birth Date 27 May 1850
Christening Date 14 Jul 1850
Christening Place GJERPEN, TELEMARK, NORWAY
Father's Name Jacob Thronsen
Mother's Name Kirsten Pedersdr

 

So dette ser for meg ut som eit «blindskòt», og me lyt vel attende til «kandidaten» frå Moscow, ID og Santa Rosa, CA...

 

Kan det forresten tenkjast at det finst eit SKIFTE etter Lars Jacobson, anten i Latah Co., ID eller i Sonoma Co., CA?

 

Elles ser eg at du Asbjørg nemner søsteri Gjertrud, og for å få fram eit oversyn over ætti hennar, har eg nettopp lagt ut eit nytt tema med slekti hennar i og kring Chicago, IL: https://forum.arkivverket.no/topic/222528-torbjørn-olson-1841-og-gjertrud-jacobsdotter-1840-frå-bringe-i-luster-til-iowa-og sidan-til chicago-il -huslyden-deira/

 

Som du vil sjå, var det fleire snikkarar i den ætti, men noki Caroline kjenner eg ikkje til...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av biografien til Lars Jacobson!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

1743fd42fe3d9a70305ba5e7502c70bb.png

 

Enig  - ser han står med far, tolket som Fronsen og Honsen hos Ancestry - og som du sier; dette er nok ikke rett mann....

 

The Cook County, Illinois, Deaths Index, 1878-1922
Name:    Lars Jacobsen
Birth Place:    Norway
Death Date:    18 Jul 1910
Death Place:    Chicago, Cook, Illinois
Burial Date:    20 Jul 1910
Cemetery Name:    Mt Olive
Race:    White
Marital Status:    Married
Gender:    Male
Residence:    Chicago, Cook, Illinois
Father Name:    Jacob Fronsen
Father Birth Place:    Norway
Mother Birth Place:    Norway
FHL Film Number:    1239858

 

The Cook County, Illinois, Deaths Index, 1878-1922
Name:    Lars Jacobsen
Birth Date:    abt 1848
Birth Place:    Norway
Death Date:    18 Jul 1910
Death Place:    Chicago, Cook, Illinois
Burial Date:    20 Jul 1910
Cemetery Name:    Mt Olive
Death Age:    62
Occupation:    Laborer
Race:    White
Marital Status:    Married
Gender:    Male
Residence:    Chicago, Cook, Illinois
Father Name:    Jacob Honsen
Father Birth Place:    Norway
Mother Birth Place:    Norway
FHL Film Number:    1239871

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Dessutan er denne Lars Jacobson i FT1900 oppgjeven fødd i Noreg i mai 1850, som jo stemmer «på ein prikk» med Lars Jacobson frå Gjerpen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er i dag vorten kjend med at Lars si søster Gjertrud Jacobsdotter hadde fleire born som på 1890-talet budde i Yellow Medicine Co., MN, og frå før veit eg at born etter ei av dei eldste søstrene Bertha Jacobsdotter Helkvist òg budde i Yellow Medicine Co., MN!

 

Når eg so oppdagar at det var ein Lars Jacobson som i 1885 budde i same County, får det meg til å gjera «store auge»!

 

FT1885 for Stony Run township, Yellow Medicine Co., MN syner nemleg denne huslyden:

 

JACOBSON, Lars  35  NOR

JACOBSON, Sophie  37  NOR

JACOBSON, John 3  MN

JACOBSON, Anna 1  MN

 

Det einaste eg ikkje likte med denne innførsli, er at han har ein nær nabo som heiter:

 

JACOBSON, Erik  44  NOR

JACOBSON, Hanna  43  NOR

JACOBSON, Hans  18  NOR

JACOBSON, Kjirsten  16 NOR

samt 6 yngre born som alle er fødde i MN!

 

Hjå FamilySearch ser eg at Erik Jacobson og Hanna Mathisdotter er komne frå MELØY, og dei to borni Hans Daniel og Kjersten Johanna er fødde der i 1866 og i 1869.

 

Erik Jacobson sjølv er fødd i 1841: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1836&kenr=005&bnr=0088&lnr=000

 

Eg ser av FamilySearch at denne Erik var son av Jacob Nilsson og Kirsten Larsdotter, og han hadde ein bror:

 

Lars Andreas Bye Jacobson, men han var fødd so tidleg som 28.2.1844!  Då KAN det vera at Erik og Lars i Stony Run township, Yellow Medicine Co.,. MN IKKJE er brør!?  Og i so fall har me ein grunn til absolutt å sjå meir på Lars og Sophie og huslyden deira...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
52 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Lars Andreas Bye Jacobson, men han var fødd so tidleg som 28.2.1844!  Då KAN det vera at Erik og Lars i Stony Run township, Yellow Medicine Co.,. MN IKKJE er brør!?

 

Jeg vil tro at dette er broren til Erik i FT 1885  - hvis du følger denne huslyden videre så endte de opp i Washington (via Willmar, Kandiyohi, MN) etterhvert.

Minnesota State Census, 1885https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQFN-YJT
Name:    Lars Jakobson
Event Place:    Leenthrop, Chippewa, Minnesota
Age (Expanded):    41 years
Birth Year (Estimated):    1844
Birthplace:    Norway
Race:    White
Gender:    Male
Volume:    Chippewa
Household
Lars Jakobson        Male    41y    Norway
Sophy Jacobson        Female    36y    Norway
Johan C Jacobson        Male    3y    Minnesota
Anna Jacobson        Female    2y    Minnesota

 

Bodde på samme sted som broren Erik i 1880

The 1880 United States Federal Census
Name:    Lars T. Jacobson
Age:    35
Birth Date:    Abt 1845
Birthplace:    Norway
Home in 1880:    Stony Run, Yellow Medicine, Minnesota, USA
Dwelling Number:    64
Race:    White
Gender:    Male
Relation to Head of House:    Brother
Marital Status:    Married
Father's Birthplace:    Nor.
Mother's Birthplace:    Nor.
Occupation:    Farmer
Household Members:    
Erik Jacobson    39
Hannah Jacobson    39
Thomas J. Jacobson    14
Kjersten Jacobson    11
Amil Jacobson    8
Martin Jacobson    6
Adel Jacobson    4
Julia Jacobson    2
Lars T. Jacobson    35
Mathias Haminson    69
Anna Haminson    69

 

Familietre Ancestry - https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/107799990/person/420062234512/facts

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
51 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Og i so fall har me ein grunn til absolutt å sjå meir på Lars og Sophie og huslyden deira...!?

 

Det er det absolutt....😉

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for interessante, og for meg avklarande, innlegg!

 

Om me ser på huslyden til Lars Jacobson som eg fann i Stony Run township, Yellow Medicine Co., MN i 1885, og den som du, Egil, fann i Leenthrop township, Chippewa Co., MN same år, so er dei HEILT IDENTISKE, bortsett ifrå alderen på familiefaren Lars!  For meg ser det ut som om dei må ha flytt frå Yellow Medicine Co., MN til Chippewa Co., MN om lag samstundes med at teljingane vart opptekne, og dei er rett og slett vortne «dobbeltregistrerte»!

 

Jo fleire alternative Lars Jacobsons eg ser på, jo klårare vert det for meg at det ikkje finst nokon andre gode alternativ enn snikkaren som i 1905 dukkar opp med kona Christine i Moscow, ID og som døydde i Santa Rosa, CA 10 år etter, men kva eg berre ikkje kan forstå, er kvar i all verdi dette parfolket kan ha gift seg og kvar dei kan ha butt FØR dei kom til Moscow, ID!?  Eg har òg leitt i Canada, men so langt utan resultat!

 

Eg freista forresten her om dagen ein telefon til kommunekontoret i Sonoma Co., CA i von om at dei kunne sjekka skifteregisteret deira om det var noko skifte etter Lars Jacobson i 1915, men eg veit av erfaring at California er ein «vanskeleg» stat å forska i, og det var diverre lite å henta.  Dei gjer ingen oppslag for forskingsføremål, so der er me avhengige av lokal innsats...  Kanskje eg rett og slett skulle tinga ein dødsattest i første omgongen for å sjå om det er oppgjeve ein fødselsdato og eventuelt namn på foreldri.  Hadde det berre ikkje teke so lang tid (6-8 veker) å få svar frå statsregisteret i Sacramento, CA...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

For meg ser det ut som om dei må ha flytt frå Yellow Medicine Co., MN til Chippewa Co., MN om lag samstundes med at teljingane vart opptekne, og dei er rett og slett vortne «dobbeltregistrerte»!

 

Tror du har rett  - for jeg finner familien i FT 1895 i Leenthrop - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQ6T-TCS - de flyttet til Wilmar ca. 1897 iht. FT 1905 -

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:SP3H-FKJ

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.