Jump to content
Arkivverket

Øyanes påskenøtt #9: Lars Jacobson Krogen (1852-1879) og kona Eliza E. Pike Gohde (1853-1923) og huslyden deira i Amerika - soge om adopsjon?


Recommended Posts

Egil Johannessen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Jo fleire alternative Lars Jacobsons eg ser på, jo klårare vert det for meg at det ikkje finst nokon andre gode alternativ enn snikkaren som i 1905 dukkar opp med kona Christine i Moscow, ID og som døydde i Santa Rosa, CA 10 år etter, men kva eg berre ikkje kan forstå, er kvar i all verdi dette parfolket kan ha gift seg og kvar dei kan ha butt FØR dei kom til Moscow, ID!?  Eg har òg leitt i Canada, men so langt utan resultat!

 

Ja, det er frustrerende 😬

 

Dersom han brukte et annet etternavn  - hva kan det ha vært?

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innleggi!

 

Du lurer på alternative namn...

 

Lars var fødd og oppvaksen på husmannsplassen Teigen, til dagleg kalla «Flinteplassen», under garden Kroken i Luster.  Me har sett at broren Nils Jacobson først kalla seg for Jacobson i Amerika, men sidan tok namnet Krogen, og eg har observert at søsteri Gjertrud vert referert til, dels som Krogen og dels som Crogen som «maiden name».  Einaste andre bror/søster som utvandra i denne ætti var ei søster:

 

Kari Jacobsdotter, fødd i Luster 15.8.1848, hadde vore gift i Luster med Halvor Olson Dahle (1840-1892), men utvandra som enkje i 1896, pussig nok òg til Yellow Medicine Co., MN!  Der gifte ho seg att i 1898 med enkjemannen Casper Holter frå Nes på Romerike (1853-1938), og dei busette seg på ein farm i Glendorado township, Benton Co., MN - opphavet hans er drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/214911-casper-og-christian-jacobssøner-holter-fødde-«austafjells»-i-18551858-utvandra-til-amerika-kring-1871-kven-var-desse-brørne/

 

Denne Kari «Carrie» Holter døydde i Princeton, MN 16.4.1914, men ligg gravlagd med mann sin i Glendorado, MN:

 

https://www.findagrave.com/memorial/107045058

 

Eg kan IKKJE hugsa at ein OBITUARY for Carrie Holter har vore sjekka.  Er me heldige, inneheld denne opplysningar om søsken?  Men ho hadde fire born frå første ekteskapet som òg budde i Minnesota, so kanskje dei «dominerar» i ein obituary??

 

Eg har elles sett litt på huslyden til broren Nils Jacobson Krogen og korleis dei 11 borni hans spreidde seg.  Det var med ei søster av kona hans Nils at Lars Jacobson i 1873 fekk eit «uekte» barn, og som rimelegvis var òrsaki til at ekteskapet hans «rauk» (sjå innlegg #5 på føregåande side!).  Dei fleste borni til Nils vart buande i og ved Viroqua, WI, men me har eit par interessante unntak:

 

* Andrew Krogen, fødd i Vernon Co., WI 26.12.1872, vart enkjemann i Viroqua, WI i 1905 og flytte då «vestover».  Han døydde i Yakima, WA 8.11.1931 som «shepherd» (sauegjetar)

 

* Ida Johanna Krogen, fødd i Vernon Co., WI 1.7.1877, reiste i ung alder som lærar til Everett, WA og skal ha vore gift heile tre gongar, først med Mr. Julson, so med Stanley Mount og til sist med Sam Baker, men eg har ingen datoar!  Ida fekk ingen born.

 

** Her er i alle fall andre vigsli hennar frå 1913 med Stanley Mount: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYPT-9WL2?i=162&cc=1924073

 

** Og her er Ida Baker i FT1930 i Snohomish Co., WA med broren Andrew: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCD-KG7

 

* Betsey Louise «Bessie» Krogen, fødd i Vernon Co., WI 22.1.1880, gifte seg i 1904 i Valley City, ND med George Aandahl (1882-1967) og farma i Barnes Co., ND, men ho dølydde i Valley City, MD 26.2.1957.  Tre born.

 

* Emma Caroline Krogen, fødd i Vernon Co., WI 26.10.1882, gifte seg i Moose Jaw, SK i 1910 med Harald Gusaas (    -1957).  Dei farma nær Moose Jaw, SK der Emma døydde ?.12.1976.  Eitt barn.

 

* Henry Christian Krogen, yngstemann, var fødd i Vernon Co., WI 1.5.1885 og døydde i Farmington, IL 6.3.1955.  Han gifte seg i Illinois 18.12.1910 med ei Elizabeth Ann Currents som døydde 3.1.1931.  Henry skal ha vore farmar og sidan «salesman» i Canton, IL, men fekk ingen born.

 

Vigsli deira i Knox Co., IL:

 

Name Henry C. Krogan
Event Type Marriage
Event Date 18 Dec 1910
Event Place Knox, Illinois, United States
Event Place (Original) Galesburg, Knox, Illinois
Gender Male
Age 25
Marital Status Single
Race White
Birth Year (Estimated) 1885
Birthplace Viroqua, Wisconsin
Father's Name N. A. Krogan
Mother's Name Ingaborg Swiggum
Spouse's Name Elizabeth A. Currens
Spouse's Gender Female
Spouse's Age 24
Spouse's Marital Status Single
Spouse's Race White
Spouse's Birth Year (Estimated) 1886
Spouse's Birthplace Mc Comb, Ill.
Spouse's Father's Name David M. Currens
Spouse's Mother's Name Gertrude Walker

 

Men ikkje noko av dette bringer oss vel noko vidare med omsyn til Lars Jacobson, kan henda med unntak av ein OBITUARY etter søsteri Carrie Holter?

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Egil Johannessen
5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg kan IKKJE hugsa at ein OBITUARY for Carrie Holter har vore sjekka.  Er me heldige, inneheld denne opplysningar om søsken?  Men ho hadde fire born frå første ekteskapet som òg budde i Minnesota, so kanskje dei «dominerar» i ein obituary??

 

The Princeton Union (Princeton, Minnesota) 23 Apr 1914, Thursday, Page 6

The Princeton Union (Princeton, Minnesota) 23 Apr 1914, Thursday, Page 6.jpg

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget.  So synd at dei ikkje spanderte eit par linjer ekstra for å fortelja om etterlevande søsken...!

 

Eg gløymde forrresten å nemna at Nels Jacobson Krogen døydde nær Viroqua, WI 14.2.1925, men om hans OBITUARY kan innehalda noko, er vel ikkje særleg sannsynleg....?

 

Eg reknar det elles som svært lite sannsynleg at nokon i denne ætti har nytta TEIGEN eller FLINTON som ættenamn, men eg har vorte overraska før...  Då kunne dei vel òg ha kalla seg for JACKSON...  Ein postmann frå garden Berge i Luster utvandra i 1860-åri, og sønene nytta ættenamnet POAST i Amerika!

 

Eg ser forresten ein jarnbanearbeidar i Nebraska i 1900, Lewis Jacobson, fødd i Noreg i mars 1855, men han har vel utvandra litt i seinaste laget...?  Og han er ugift...:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-678Q-589

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av Lars Jacobson!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

I innlegg #27 over nemnde eg nokre av slektningane til «vår» Lars Jacobson i Amerika, og her kan eg syna fram dødsattesten til brorsonen Andrew Krogen frå Yakima, WA frå 1931, men som me ser; ikkje noko tyder på kontakt med farbroren...

 

Hjarteleg takk til Egil som gjorde denne attesten «liten nok» til å passa i Brukarforum, og eg takkar på ny for framifrå bistand til å freista finna ut kva som skjedde med Lars Jacobson frå Kroken i Luster!

Krogan death.jpg

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.