Gå til innhold
Arkivverket

Styrmann og skipper Jens Erikson Rønne i Bergen (1715-1768?) - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jens Erikson, oppvaksen på husmannsplassen Gaupneøyri under Rønnei i Luster, var fødd kring 1715 og forsvinn frå Sogn i 1741.  Truleg er det han som dukkar opp som matros i Bergen året etter under namnet Jens Erikson Rønne.  Sidan vart han styrmann og skipper same stad.  Han var gift fire gongar, men konene hans veit me helst lite om.  Jens ser ikkje ut til å ha etterkomarar i dag.

 

Her er eit førebels manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Erikson, f. i Luster kring 1715,

Jens Erikson Rønne flytte kring 1741 til Bergen og gifte seg første gongen i Nykyrkja 19.12.1742 med Karen Sørensdotter Dal

 

##### (oppl.? – gravlagd NK, Bergen 29.5.1749 – NB: Jens hadde ei «uekte» dotter Anna, døypt i Hafslo 5.3.1741 – kan Karen ha vore mori??)

 

So gifte Jens seg 5.5.1750 att i Nykyrkja med Margrethe Gjertsdotter

 

##### (oppl.?)

 

Jens gifte seg so tredje gongen i Nykyrkja 2.11.1756 med Lydriche Jacobsdotter Krohn frå Bergen.  Ho var dotter av

 

##### (Jacob Krohn og Giedske With – faren d. 1739 – skifte hjå Sollied)

 

og vart døypt i Bergen 29.6.1735.  Ho vart gravlagd 11.7.1763, og Jens gifte seg fjerde gongen i Nykyrkja 18.8.1766 med Cathrine

 

##### (fullt namn? – farsnamnet hennar?)

 

Meyer frå Bergen.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar? – kan henda Jørgen Mejer og Birthe Hansdotter – fekk dotter Aselina Catharina døypt NK, Bergen 3.2.1733?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – ho var 43 år ved dødsfallet i 1776!)

 

Jens Rønne var matros og sidan styrmann og skipper og budde i

 

##### (bustaden hans? – 1762 ekstraskatten bus. 1-46 i Bergen – 1776 budde enkja Cathrine i 1-59 i Bergen!)

 

Jens d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1767 og før 1776! - kring 1768?)

 

Cathrine vart gravlagd som enkje i Bergen 23.2.1776.  Me kjenner til tre born etter Jens, to frå tredje ekteskapet og eitt frå det fjerde:

a. Erik Jensson Rønne, døypt i Bergen 15.11.1758, vart gravlagd i Bergen 5.12.1758.

b. Gedske Margrethe Jensdotter Rønne, døypt i Bergen 20.11.1761, vart gravlagd i Bergen 23.7.1763.

c. Jens Eriksen Jensson Rønne, døypt i Bergen 8.7.1767,

 

     ##### (må vera avliden som styrmann i 1795 - barnlaus)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ervingane etter Jens Rønne (jr) frå 1796 er opprekna i denne skifteakten frå Arkivforum, men utan at eg får noko klart bilete av kven Cathrine Meyer verkeleg var: https://forum.arkivverket.no/topic/205137-jens-r%C3%B8nne-i-skifteregister-skifteakter-for-bergen-byfogd-1782-1796-kva-st%C3%A5r-det-om-han/

 

Det som eg finn underleg med denne skifteakten, er at berre slekt på morssida er opprekna, sjølv om me veit at Jens Erikson Rønne (Sr) hadde fleire søsken i Sogn!  Kanskje all kontalkt med den slekti var bròten?

 

Eller er eg heilt på jordet?  Kanskje Jens Erikson Rønne i Bergen er ein annan person enn husmannsguten frå Luster??

 

Er det elles mogeleg å identifisera dei to første konene hans?

 

Og kva med dødsfallet til Jens Erikson Rønne sjølv?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bøker

Bergens borgerbog. B. 2 hefte 1 : 1752-1865 1752-1800

- tilgang for norske IP-adresser
 
Publisert:
Bergen : John Grieg, 1917
 
Språk:

Norsk (Bokmål)

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/1cf4fc7fa35e1c4b93c23726002211fb?index=1#21

 

Siden du ikke har norsk IP-adressse, legger jeg inn en skjermdump av siden.

 

 

Nummer 31: Jens Erichsen Rønne fra Baarenholm (Bornholm, DK)

 

Det finnes en listet en Jens Erichsen Rønne til i Borgerboken. Legger ved den også.

post-3741-0-49800500-1478808959_thumb.jpg

post-3741-0-75387300-1478809505_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for avklarande om enn skuffande innlegg!

 

«So lenge var Adam i Paradis...»

 

Det går klart fram av borgarboki at skipperen Jens Erikson Rønne i Bergen IKKJE var frå Rønnei i Luster, og eg trur det kanskje er den same mannen som er nemnd to gongar i vborgarboki...

 

Då er det «back to square #1», og det er heilt på det uvisse kvar Jens Erikson frå Gaupneøyri kan ha vorte av.  Eg finn ingen andre gode alternativ, i alle fall ikkje i Sogn eller Hordaland/Bergen!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.