Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Svendsdotter x 2 på Slottet i Luster (fødde 1781 og 1784) - den eine tanta til hi - og lagnadane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gjennom hovudemnet om Svend Svendson Holsæth på Slottet i Luster (1720-1809) er det kome fram opplysningar om 2 x Anna Svendsdotter:

 

** Anna Svendsdotter, f. i Årdal 9.9.1784, dotter av Svend Svendson Holsæth og andre kona Ragnhild Pedersdotter

 

** Anna Svendsdotter, døypt i Opheim sokn på Voss 13.1.1781, dotter av Svend Eliasson frå Sogndalsfjøra (døypt der 14.5.1759) og søskenbarnet Gunnhild Svendsdotter, døypt i Jølster 13.1.1845, dotter av Svend Svendson Holsæth og første kona hans Anna Rockling!

 

Den første var soleis ei «halvtante» til den andre!  Båe jentene budde i 1801 i kvar si stove på Slottet under Skildeim, den første hjå foreldri sine og den andre hjå Ole Christopherson (1778-1824) og kona Dortha Marie Johannesdotter:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058398000896

 

Båe jentene vart konfirmerte i Luster, ei i 1797 og ei i 1799: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=kf14261737

 

noko som igjen kan tyda på at den eldste av dei var flytt inn hjå Dortha Marie Johannesdotter alt FØR ho gifte seg med Ole Christopherson...!

 

Før me går vidare med dei to Anna'ene, lat oss sjå på huslyden til den nemnde Ole Christopherson på Slottet:

 

Bygdeboki for Lærdal, band V, side 214 fortel om denne huslyden som «Andre busette på Fodnes»;

 

«Christopher Olson «Fodnes» (1741-    )

g.m. Mari Pedersdotter (1745-    )

a) Peder Christopherson (1769-    )

B) Ole Christopherson (1771-    )

c) Ole Christopherson (1772-    )

d) Peder Christopherson (1775-    )

e) Ragnhild Christophersdotter (1783-    ), konfirmert Leikanger 1800, attest utskiven i 1808

f) Mari Christophersdotter (1786-    )

g) Svend Christopherson (1790-    )

 

Christopher er kalla husmann i 1770 og husmann utan jord i 1801»

 

Det er med andre ord ikkje stort me får vita om denne huslyden i bygdeboki.

 

FT1801 syner foreldri på 60 og 56 år samt Ragnhild 18, Mari 15 og Sven 12: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396001233

 

So har me ymse kyrkjebøker som seier følgjande:

 

Christopher Olson og KIRSTI Pedersdotter gifte seg i Lærdal 23.7.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/222

Ved trulovingi 25.2.1769 er Torkild Rasmusson og Lars Christopherson oppgjevne som vitne: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/207

 

Christopher Olson og KIRSTI Pedersdotter får so desse borni:

 

* Peder Christopherson, f. i Lærdal 10.9.1769, d. i Lærdal 18.9.1769

* Ole Christopherson, f. i Lærdal 4.9.1771, ?Peder Christopherson, d. i Lærdal 7.10.1771

* Ole Christopherson, f. i Lærdal 25.11.1772

* Peder Christopherson, f. i Lærdal 22.4.1775

 

Christopher Olson og MARI Pedersdotter får so desse borni:

 

* Ole Christopherson, døypt (av Leikanger) i Vinje sokn på Voss 30.8.1778

* Svend Christopherson, døypt i Leikanger 31.1.1781, d. i Lærdal 31.3.1781

* Anna Marie Christophersdotter, døypt i Leikanger 13.5.1787

 

Ragnhild eller den yngre Svend ser eg ikkje noko til.

 

Eg TRUR Christopher Olson berre var gift ein gong og at kona kanskje heitte Kirsti Marie Pedersdotter!?  Eller kanskje ikkje? - her er nemlig ein «merkeleg» fødsel:

 

** Ole Christopherson, døypt Vang, Hedmark 19.10.1787 av foreldre Christopher Hestehandlar(!) og Kirsti Pedersdotter!!

 

Av borni til ovannemnde Christopher Olson på Fodnes kjenner eg lagnaden til den eine sonen:

 

** Ole Christopherson, fødd 1778, gifte seg i Luster 5.12.1799 med enkja Dortha Marie Johannesdotter på Slottet under Skildeim, naboplassen til Svend Svendson (Holsæth), og fekk åtte born.  Ole døydde på sjukehuset i Bergen 4.4.1824.

 

Det var i hushaldet hjå Ole og Dortha på Slottet me i 1801 finn den «andre» Anna Svendsdotter!

 

Går me so til dette emnet frå 2011:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/174137-mons-pederson-og-inger-marie-pedersdotter-omstreifarektepar-nytt-barn-oppdaga-kvar-var-han-foedd/?hl=%2Baxel+%2Bchristopherson#entry1487160

 

har Arnvid Lillehammer i innlegg #9 mellom anna skrive følgjande om kona til Mons Pederson i Solvornstrondi under Elvetun i Hafslo:

 

«... Eg ser du har ope om foreldra til Inger Marie.  Ho vart jo døypt i 1811 som du nemner (2. april), i Stranda på Sunnmøre.  Då er det sagt at ho var av Veøy prestegjeld.  Faren er kalla utkomandert matros Peder Kristiansen Dahl av Bolsøy og mora tøs Anne Svendsdatter av Veøy.  Du er jo ekspert på Anne Svendsdatter si slekt, så eg reknar helst med at du veit kven denne matrosen er [kommentar: det gjer eg IKKJE!].  Det er jo mannen til Anne si faster, Gunnhild Eliasdatter, som har fått farsnamnet sitt radbrekt.  Det var nemleg Peder Kristoffersen, son til Kristoffer Olsen og Marie Pedersdatter, som var far til Inger Marie, kona til Mons.  Peder Kristoffersen fekk vel ikkje born med Gunnhild Eliasdatter?  Anne Svendsdatter fortalde ein gong at ho var oppfostra hjå bror til Peder, Ole Kristoffersen.»

 

Me har før gått ut ifrå at mor til Inger Marie var Anna Svendsdotter, fødd i 1784 som dotter av Svend Svendson Holsæth og andre kona Ragnhild Pedersdotter, men denne utsegni frå Arnvid Lillehammer, som eg tidlegare har oversett, fordi eg ikkje har vore klar over dei to Anna'ene, gjev oss eit nytt bilete av familietilhøvi:

 

Arnvid seier ikkje kva tid Anna Svendsdotter fortalde om at ho var oppfostra hjå Ole Christopherson, men eg reknar med det går eintydig fram at det var den Anna som var mor til Inger Marie Pedersdotter!?

 

Eit anna element som Arnvid bringer fram, er at Peder Christianson Dahle av Bolsøy, far til Inger Marie, skulle vera identisk med Peder Christopherson frå Fosnes i Lærdal og fødd der i 1775!  Vidare skulle denne Peder vera gift med Gunnhild Eliasdotter frå Sogndalsfjøra, fasteri til Anna Svendsdotter!  Denne Gunnhild vart i so fall døypt i Sogndal 1.5.1752 og var i so fall 23 år eldre enn Peder!  Gunnhild Eliasdotter veit eg ikkje noko om bortsett ifrå at ho fekk ei dotter på Leikanger:

 

15.8.1779 døypt eit uekte barn Ingeborg.  «Moderen Gunele Eliasdtr af Hæst-gjedlselskab».  Faren var ein Anders Olson frå Nordland: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/25

 

Elles er Arnvid Lillehammer i nemnte innlegg òg inne på spørsmålet om kven den Gunnhild Marie, fødd kring 1826, kan ha vore, som streifa i lag med Inger Marie og Mons Pederson på 1830-talet.  Eg heller til at det godt KAN ha vore ei (halv-)søster av Inger Marie.

 

Men dersom Anna Svendsdotter fødd 1781 vart mor til Inger Marie, kvar vart det so av Anna Svendsdotter fødd i 1784?  Uansett, for båe gjeld spørsmålet: Kvar enda dei til sist?  Kvar og kva tid døydde dei?

 

Og då er det at tankane mine går i retning av eitt av dei siste avsnitti i innleiingsinnlegget mitt i hovudemnet om Svend Svendson Holsæth.  Der har eg nemlig skrive følgjande:

 

«Eg finn òg ei Maria Svendsdotter som kring 1817 fekk ei dotter "på fantestien", fødd i Marifjøra i Hafslo og konfirmert på tukthuset i Bergen i 1837, med namn Anna Malena (sidan gift med Anders Thorson Florvaag og omstreifande i Sunnhordland - ho døydde i Fjelberg 2.2.1896).  Barnefaren var ein Nils Marcusson, som visstnok skal ha vore frå Vik.  Barnedåpen er ikkje innført i Hafslo!  Eg veit ikkje noko meir om denne Maria, men det skulle ikkje overraska meg mykje om ho ogso høyrer til denne "Svends-ætti" - på eitt eller anna vis...?  Kan ho vera identisk med Anna Svendsdotter og at namnet hennar retteleg var Anna Maria Svendsdotter??»

 

Dette vart eit langt innleiingsinnlegg om dei to Anna Svendsdøtrene frå Slottet under Skildeim i Luster, men eg veit det er mange som har interesse av at denne utfordringi vert løyst, og eg vonar at kanskje nokon har fått lyst til å leita litt meir etter dei siste uløyste flokene...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå juleveka.  Kanskje er nokon attendekomne frå juleferie som kan sjå på desse utfordringane med nye friske auge?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan kasta ljos over dei problemstillingane som her vert drøfta...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har nyleg oppdaga at ho som i 1817 fekk dotteri Anna Malena med Nils Marcusson frå Vik, ikkje heitte berre Maria, men GUNNHILD Marie, og ho må vera identisk med Gunnhild Svendsdotter d.y. som året etter kom i lag med Axel Christopherson.  Soleis er desse ein del av dette emnet:

 

 

 

Elles har eg vore i kontakt med Arnvid Lillehammer, og han fortel mellom anna dette:

 

«21. oktober 1815 kom ein koparslagar og avskjediga soldat som heitte Peder Bårdsen til Molde og bad om pass til Trondheim for seg, kona Gunnhild Eliasdatter og kona si brordotter Anna Svendsdatter.
24. mai 1819 kom så denne karen, Peder Bårdsen, til Stavanger frå Molde og ville nordover att til Tromsø. Han hadde med seg kona si, Gunnhild Eliasdatter og den same brordottera Anna Svendsdatter og ei lita jente, Inger Marie (sagt å vera 12 år i 1822) men som du veit var døypt i Bolsøy i 1811. Peder Bårdsen var altså far hennar, sjølv om det var Gunnhild som då var kona hans. Difor måtte dei bløffa med namna. Anna er altså brordotter til  Gunnhild.»

 

Ein annan stad går det fram at denne Peder ein gong skal ha kalla foreldri sine Christopher Olson og Marie Pedersdotter og at han var fødd i Lærdal!

 

So vidt eg kan tolka dette, var altso Gunnhild Eliasdotter, døypt i Sogndal i 1.5.1752, gift, eller i alle fall reisande, i lag med Peder Christopherson referert til i innlegg #1 som fødd i Lærdal 22.4.1775.  Og Anna Svendsdotter, som reiste i lag med dei, må vera Anna d.e., dotteri til Svend Eliasson frå Sogndal og søskenbarnet Gunnhild Svendsdotter d.e. og døypt på Vossestrand 13.1.1781.  Ho budde i 1801 hjå Ole Christopherson i Luster (1778-1824), som rimelegvis, etter kva me har sagt i innlegg #1, må ha vore ein bror av Peder Christopherson!

 

Denne Peder Christopherson må ha «bløffa» med namnet sitt.  Då han i 1811 vart far til Inger Marie (med mor Anna Svendsdotter), kalla han seg Peder Christianson Dahl, men sidan har han kalla seg for Peder Baardson!

 

Arnvid Lillehammer seier vidare:

 

«Peder Bårdsen og Gunnhild Eliasdatter reiste saman, nordover - og sørover igjen - i 1820-åra og nådde faktisk så langt nord som til Tromsø 2. november 1823. Dei var der nord ennå året etter og fekk påskrift av fogden i Senja og Tromsø 31. mai 1824 for ei reise til Vesterålen.
Ikkje lenge etter dette trur eg Gunnhild Eliasdatter må vera avliden og i byrjinga av 1830-åra hadde han fått seg ei ny fylgjekone som heitte Anna Svendsdatter. Det store spørsmålet er då om dette er den same Anna Svendsdatter som fylgde han ikring 1820. Det treng det ikkje vera. I 1835 oppgir denne Anna Svendsdatter alderen sin til 51 år, det vil seia at ho kan vera født ikring1784»

 

Kan denne «nye følgjekona» hans vera Anna Svendsdotter d.y., ho som var f. i Årdal 9.9.1784?  Ikkje godt å seia...  For Arnvid seier vidare:

 

«Gjennom reisepass kan eg fylgja Peder Bårdsen og Anna Svendsdatter nord og sør langs kysten gjennom 1830-åra til den siste innførsla eg har frå Kristiansund 12. august 1840. Då - i 1840 - hadde dei med seg ei systerdotter til Anna som heitte Karen Sofie,»

 

Kven er so denne Karen Sofie??  Eg kjenner ikkje til at Anna Svendsdotter d.e. (1781) hadde søsken, og Anna Svendsdotter d.y. (1784) hadde berre den eine fullsøsteri Gunnhild (Marie), som reiste med Axel Christopherson, og ho hadde ikkje noki dotter Karen Sofie det eg veit!  Eller kanskje hadde ho det likevel??  Gunnhild var fødd so seint som i 1786 og KAN godt ha hatt endå eit barn fødd kring 1829/30!?

 

Og kvar vart det av Peder «Baardson» og Anna Svendsdotter etter 1840??

 

Utfordringane står verkeleg «i kø», men eg tykkjer me er komne eit langt steg vidare.

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips for å løysa denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne òg få henta fram att dette utfordrande emnet frå siste årsskifte.

 

Eg har diverre ikkje noko meir å tilføya, og eg har heller ikkje motteke fleire kommentarar frå Arnvid Lillehammer om denne huslyden, men eg vonar framleis at ein eller annan kan oppdaga noko som so langt har gått oss «hus forbi»...

 

Det hadde vore kjempeflott om meir detaljerte opplysningar kunne finnast om denne husyden, og kven veit, kanskje finst det andre PASS der ute ein eller annan stad, ogso etter 1840?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!  Den Axel som det vert referert til i fantelista frå 1845, er nok Axel Christopherson som er omskriven i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/205751-gunnhild-svendsdotter-av-reisande-ætt-1786-1835-frå-luster-til-kring-på-vestlandet-i-lag-med-axel-christopherson-1799-1871-huslyden-deira/?tab=comments#comment-1733844

 

Som me ser, stemmer det ikkje heilt at han var gift, men han hadde tilknytting til Luster og har truleg i 1845 vore rekna i lag med Anna Johnsdotter pg dei to borni deira, Christina (1834) og Martha Marie (1836) samt sonen hans Andreas (1822).  Kven fjerde barnet var, veit eg ikkje...

 

Kan det forresten tenkjast at Peder «Baardson» og Anna Svendsdotter òg er nemnde i fantelista frå 1845??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å skaffa oversyn over denne «utfordrande» huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ivar Moe har i eit anna tema i dag presentert ei vigsle frå Strusshavn på Askøy (hjarteleg takk til Ivar!) for

 

Johannes Aslakson Berg og Anna Svendsdotter frå Lyster - vigde Askøy 1.9.1816: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000327110

 

men originalen frå kykjeboki syner kona heilt klart som Anna Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8603/122

 

(finst det kan henda ei truloving ein eller annan stad som kalla ha for Svendsdotter?)

 

Eg tykkjer det står at Johannes er murmeistar!

 

Denne Anna liknar svært på ei av dei to Anna Svendsdøtrene som er «hovudpersonar» i dette emnet!

 

Men eg vil ta Johannes Aslakson Berg og kona Anna opp til drøfting i eit eige tema, for å kunna studera den huslyden meir i detalj!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara lagnaden til denne svært utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dette er ein anna av dei kjempeutfodringane som eg har slite med i mange år og som eg vonar kan få ei løysing.  Eg veit at Arnvid Ki8llehammer sut in med mykje kunnskap o denne ætti, og eit nytt element som er komme til sidan sist eg drøfta denne husyden med han, er denne Anna Svendsdotter som gifte seg med Johannes Aslakson Berg på Askøy i 1816 - sjå innlegg #7 over.  Eg trur at ho er ei av dei to Anna Svendsdøtrene som er utgongspunktet for den nærverande debatten - sjå eller òg dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/224994-johannes-aslakson-berg-gift-i-strusshavn-askøy-1816-med-anna-svendsdotterjohnsdotter-frå-luster-kven-var-desse-folki-og-kvar-vart-det-av-dei/?tab=comments#comment-1907938

 

Ekte lykke er for meg å finna ut av desse innvikla ættesambandi frå tidleg på 1800.talet, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunn Eliassen

Denne tråden har virkelig forvirret meg.

 

Ifølge denne tråden, ser det ut til at moren til Inger Marie Pedersdotter er Anna Svendsdotter (1781) som er datter til Gunhild d.e. Svendsdotter og Svend Eliasson.

Jonny Mydland som er etterkommer til Inger Marie sier det er Anna Svendsdotter (1784) som er datter til Svend Svendson (1720) og Ragnhild Pedersdotter.

 

Jeg har ganske stor tiltro til Jonny. Han er jo kjent for sin kunnskap om de reisende.

 

Jeg blir litt forvirret av alle disse Svend'ene, Anna'ene og Gunhild'ene, og jeg klarer ikke helt å stole på min egen tolkning av teksten her.

Kan noen oppklare litt?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
Skrevet (endret)

Helt enig med dine konklusjoner Gunn.

Skikkelig forvirrende og er selv ikke sikker på at det som er fremlagt her er fasit. 

Stemmer ikke helt med mine konklusjoner, uten at jeg skal si at jeg har gått helt i dybden her, da det er litt på siden av min slekt.

 

Men det kan sikkert oppklares om de rette kommer på banen. 

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.