Jump to content
Arkivverket

Johannes Aslakson Berg gift i Strusshavn, Askøy 1816 med Anna Svendsdotter/Johnsdotter frå Luster - kven var desse folki og kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ivar Moe har i eit anna tema i dag presentert ei vigsle frå Strusshamn på Askøy (hjarteleg takk til Ivar!) for

 

Johannes Aslakson Berg og Anna Svendsdotter frå Lyster - vigde Askøy 1.9.1816: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000327110

 

men originalen frå kykjeboki syner kona heilt klart som Anna Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8603/122

 

(finst det kan henda ei truloving ein eller annan stad som kalla ha for Svendsdotter?)

 

Eg tykkjer det står at Johannes er murmeistar!

 

Denne Anna liknar svært på ei av dei to Anna Svendsdøtrene som er «hovudpersonar» i dette emnet!

 

https://forum.arkivverket.no/topic/205743-anna-svendsdotter-x-2-på-slottet-i-luster-fødde-1781-og-1784-den-eine-tanta-til-hi-og-lagnadane-deira/?tab=comments#comment-1742029

 

Eg har deretter søkt etter born av dette parfolket og finn denne huslyden i Christiania:

 

Johannes Aslakson Berg og Anna Malena Nilsdotter får desse borni:

 

* Anne Cathrine, fødd Garnison, Christiania 22.9.1821: https://media.digitalarkivet.no/view/7388/29

 

* Marie Elisabeth Sophie, fødd Aker, Christiania 5.6.1826: https://media.digitalarkivet.no/view/7693/167?indexing=

 

* Gunnhild Gurine, fødd Aker, Christiania 4.11.1827: https://media.digitalarkivet.no/view/7693/363?indexing=

 

* Nils Christian, fødd Aker, Christiania 1.1.1832 - mor Jensdotter

 

Men so finn eg Johannes Aslakson Berg og Anna Malena Nilsdotter vigde i Aker 13.11.1820: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/226

 

So dette er ein «dobbeltgjengar»...

 

Kvar vart det so av Johannes Aslakson Berg som i 1816 gifte seg i Strusshamn?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
18 minutter siden, Grethe Flood skrev:

Her er samme vielsen, nå står Anna som Johnsdatter i den transkriberte versjonen:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000327200

 

Flott,Grethe!

 

Transkripsjonen av ministerialboken i første lenken til Lars i innlegg 1

er nok feil.Der står det Anne Svensdtr.

 

Det står Johnsdtr i både den skannede ministerialboken og den skannede klokkerboken.

Edited by Ann-Mary Engum
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Grethe og Ivar for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Med omsyn til Anna Johnsdotter nemnd av Ivar i innlegg #7, so vert ho drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/201179-anna-malene-johnsdotter-1787-omstreifardotteri-frå-luster-som-vart-gullsmedkone-i-bergen-lagnaden-hennar-kven-var-faren-john-ingebrigtson/?tab=comments#comment-1698743

 

og som me ser, var ho før 1816 alt gift med ein gullsmed i Bergen, so ho er ikkje aktuell.

 

Og andre Anna Johnsdøtrer finst det ikkje i Luster som kan høva med jenta som i 1816 gifte seg på Askøy!

 

Nei, eg trur nok at det er ei av dei to Anna Svensdøtrene me lyt sjå etter på Askøy, ei fødd i 1781 og ei i 1784.  Men kva for ei av dei??

 

Denne utfordringi treng nok fleire «runder», men eg slit med eit svært langsamt internet her i Antibes, og alle søkeoperasjonar tek soooo lang tid...  Og eg er jo her for i første omgong å pleia helsa i godt og varmt saltvatn...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja desse utfordrande ættene frå Luster!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites

Dette var ett snodig par. Ikke ett eneste spor å finne om dem hverken før eller etter vielsen. I hvertfall når det angår  Johannes Aslaksen.

Kan det være presten som har registrert navnene fullstendig feil ?

 

Mvh

Ivar

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har no òg i fleire dagar verkeleg «grubla» over denne Anna Svendsdotter og Johannes Aslakson Berg, murmeistaren; eg har symt kilometer fram og attende i Middelhavet med Anna og Johannes i tankane, men kjem ikkje nærare ei løysing!

 

Alderen frå 1816 peiker klart mot Anna Svendsdotter d.e. fødd i 1781, og når ho stundom er kalla Johnsdotter, KAN det ha samanhang med at «fostermori» Dortha Johannesdotter først var gift med John Ingebrigtson Høgaasen, som me heller ikkje greier å identifisera!  Sjå m.a. dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/201179-anna-malene-johnsdotter-1787-omstreifardotteri-frå-luster-som-vart-gullsmedkone-i-bergen-lagnaden-hennar-kven-var-faren-john-ingebrigtson/?tab=comments#comment-1698743

 

Men samstundes er det Anna Svendsdotter, fødd 1781, som reiste i lag med Peder Baardson og Gunnhild Eliasdotter, som vart sagt vera brordotter til Gunnhild, men som ved eit seinare høve vert sagt vera fødd kring 1784!

 

Eg har i kveld skrive til Arnvid Lillehammer, ein av dei absolutt største ekspertane på reisande i Noreg, og vonar at han kan ha tankar kring denne problemstilling!

Link to post
Share on other sites
  • 2 months later...
Lars E. Øyane

Eg står framleis heilt utan spor etter dette parfolket som gifte seg på Askøy i 1816 og vonar at ein eller annan før eller sidan greier løysa dette kjempemysteriet!  Eg har diverre ikkje fått noko svar frå Arnvid Lilehammer i denne saki, men kanskje det er andre som greier løysa denne floka?

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
  • 3 months later...
  • 6 months later...
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunn og Ivar for nye innlegg i dette emnet frå mars, som eg av kjende òrsaker den gongen ikkje hadde høve til å studera nærare.

 

Som det går fram av innlegg #11 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/205743-anna-svendsdotter-x-2-på-slottet-i-luster-fødde-1781-og-1784-den-eine-tanta-til-hi-og-lagnadane-deira/?tab=comments#comment-1742029

so må denne Anna Svendsdotter som i 1816 gifte seg i Strusshamn med murmeistar Johannes Aslakson Berg, vera identisk med Anna Svendsdotter, fødd i Årdal i 1784!

 

Men framleis står me heilt utan spor etter lagnadane til Anna og Johannes etter 1816!  Kvar i all verdi kan dei ha gjort av seg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Det er so synd at Eilert Sundt og fantefortekningi hans ikkje vart skrive 30 år før.  Johannes Aslakson og Anna Svendsdotter va kan henda ikkje lenger i lag i 1845, kven veit....

 

Elles kan det tenkjast at ande interessante personar kan finnast i fanteforteikningi, folk som budde andre stadar i landet.  Me leiter jo framleis etter Peder Baardson og «den andre» Anna Svendsdotter som reiste nordafjells i alle fall på 1830-talet...

 

Ein eller annan stad har eg desse fantelistene, men dei ligg nok nedpakka ein eller annan stad...

 

Eg har framleis von om at denne utfordringi kan løysast og takkar på ny for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.