Reidar O. Meling Skrevet April 6, 2017 Del Skrevet April 6, 2017 Eg har prøvd tidlegare å finna opplysningar om ein av mine tippoldefedre på Jevnaker i Oppland. I kyrkjeboka for Jevnaker for 1848 står Ole Olsen, Elnæs oppgitt som far til mi oldemor, Oline. Mora heitte Dorthe Thomasdatter. Ole og Dorthe var ikkje gifte, så Oline var "uekte". Eg har til no ikkje greidd å finna fleire opplysningar om denne Ole Olsen i offentlege dokument. Eg har derimot eit ark som er kommen frå ein av slektningane av mi mor på Jevnaker. Her står det at Ole Olsen er fødd 27.oktober 1817, far hans heitte og Ole Olsen og mora heitte Aase Evensdatter. Når eg søkjer i folketellinga i 1801 for Jevnaker, Gran og Toten, kjem det opp ei dame med namnet Aase Evensdatter. Om denne Aase er identisk med Olines farmor, er vanskeleg å vita. Meir veit eg ikkje. Merkeleg at eg ikkje dåpen til Ole Olsen i 1817. Kan nokon hjelpa?? Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Ann-Mary Engum Skrevet April 6, 2017 Del Skrevet April 6, 2017 En liten påminnelse om at man skal bruke fullt navn som visningsnavn. https://forum.arkivverket.no/announcement/2-ordensregler-for-debattene/ Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Carsten Schanche Skrevet April 6, 2017 Del Skrevet April 6, 2017 Kanskje denne Ole f. 26-10-1817 SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1814-1833, s. 152-153 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070313660679 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Reidar O. Meling Skrevet April 6, 2017 Forfatter Del Skrevet April 6, 2017 Hallo, hallo!! Først til Ann-Mary: er lei for at i denne gongen var pålogga med mitt gamle, til dels uforståelege brukarnamn, eg har og ein annan konto med mitt skikkelege namn, må prøva å bruka den istaden Så til Carsten Schanche: ja, sjølsagt er dette min tippoldefar, det var jo kjempeflott at du fann dette, eg kom jo ikkje på at denne Ole kunne vera fødd i Norderhov prestegjeld. Neste spørsmål vert då: kor blei Ole av etter "eventyret" med tippoldemor Dorthe? For Dorthe blei få år etterpå gift med ein Halvor Gulbrandsen. Og for det andre: Kor kjem namnet Elnæs inn i bildet i 1848? Har Ole flytta frå Norderhov oppover til Elnæs/Jevnaker..? Til orientering: Dette barnet som blei fødd i 1848 er mi mormors mor. Dorthe er altså mi mormors mormor! (Reidar -> Dagny Henschien -> Trine Ruud -> Oline Olsdtr. Bråkerud -> Dorthe Thomasdtr). Mvh Reidar Olav Meling, Bømlo Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå