Gå til innhold
Arkivverket

Hypotesar om Anders Torgilsson Ytreeide og Erik Rosenkrantz sitt slektskap gjennom «gamle Fru Guron på Giske»


Atle Onar Knapskog
 Del

Recommended Posts

Dette temaet har vore oppe fleire gonger tidlegare: her (frå #59 til #63) og her

Anders Torgilsson hadde kjøpt partar i gardane Ytreeide og Stauri i Stryn i 1543, men lenge etter blanda barnebarna til seljaren seg inn, og Anders skreiv til lagtinget i Bergen: http://soga.no/kjelder/gamle-fru-guron-til-giske/  I brevet refererer han til eit tidlegare møte med lensherren Erik Rosenkrantz, som etter å ha lest dokument han la fram sa at dei var i slekt: «Och ther handt haffde lest samme beseglit Dombreff, Begynthe handt att siige, ieg var vdj skyldskab med hannom thil den gamble Fru Guron paa Gieske».

 

Det lar seg nok ikkje gjera å koma fram til eit sikkert svar, men kva er den mest sannsynlege hypotesen om gamle Fru Guron på Giske og den påståtte slektskapen mellom Anders Torgilsson og Erik Rosenkrantz?

 

I Borgund og Giske band 1 (1957) s. 288-293 set Ola Kvalsund fram ein hypotese om at gamle Fru Guron på Giske var identisk med «Gudrid i Giska», dotter til «Karl Hafud i Husabø», som var omtala i den såkalla Sønnmørsættleggen. Ho var gift første gong med Heden Karlson på Straumsheim og oppgattgift på Giske, kan henda med Pål Flida av Giskeætta. Saman med teoriar om korleis Rosenkrantz fekk hand om delar av Giskegodset kan dette plassera Rosenkrantz i ei slags arverekke etter Guri, men han stamma ikkje frå henne.

 

Det kan sjølvsagt henda at Rosenkrantz ikkje meinte biologisk opphav i samtalen med Anders Torgilsson. Men dersom han gjorde det, og det var hald i det han snakka om, synest eg ikkje Kvalsund sin hypotese er tilfredsstillande.

 

Dersom ein legg til grunn ei mest mogleg bokstavleg tolking, skulle eg tru at Fru Guron burde oppfylla desse kriteria (Men eg har lite greie på mellomalderhistorie og er på tynn is her):

 

1. Ho var adeleg (gift med ein riddar?) ettersom ho kallast «Fru».

2. Ho budde på Giske. Ho var altså ikkje berre eigar av jordegods som tidlegare hadde vore del av Giskegodset.

3. Både Anders Torgilsson (dersom opplysningane hans var korrekte) og Erik Rosenkrantz stamma frå henne. Ideelt sett skulle ein forventa at to av barna hennar var opphav til kvar si slektsline nedover til Anders og Rosenkrantz.

 

Erik Rosenkrantz si stamtavle er rimeleg godt kjent, og det er naturleg å leita der etter nokon som kan oppfylla kriteria. Så vidt eg kan sjå, må vi då svært langt tilbake i tid for å finna ein god kandidat. Gudrun Tordsdotter (f. før 1031) kan vera ei moglegheit. Frå henne finst det ei slektsline ned til Erik Rosenkrantz via Tora Skoftesdotter. Ut frå Sunnmørsættleggen finst det ei anna slektsline via Pål Skofteson (Aure-Pål) ned til ein «Berdor», som ifølgje Jacob Aaland si bygdebok for Stryn (1973-utg. s. 410) truleg var far til den Hallstein Berdorson som tidleg på 1300-talet gav gods i Stauri til prestebolet i Eide (omtala i dette brevet).

 

Det fanst altså slektskap mellom Erik Rosenkrantz og folk som eigde garden Stauri før Svartedauden, og dette gjekk via Gudrun Tordsdotter (men òg gjennom Sigrid Torkjellsdotter ein eller to generasjonar seinare). Dei to slektslinene ser slik ut:

 

Frå Gudrun Tordsdotter til Erik Rosenkrantz:

1. Gudrun Tordsdotter, dotter (dersom ho var kona til Skofte Ogmundson og ikkje mora hans, slik Ola Kvalsund meinte): 2. Tora Skoftesdotter, son: 3. Guttorm Åsulvson, son (med  Sigrid Torkjellsdotter): 4. Bård Guttormson, son: 5. Skule Bårdson, dotter: 6. Margrete Skulesdotter, son: 7. Kong Magnus Lagabøte, son: 8. Kong Håkon V, dotter: 9. Agnes Håkonsdotter, son: 10. Sigurd  Havtoresson, dotter: 11. Agnes Sigurdsdotter, dotter: 12. Ingeborg Jonsdotter, dotter: 13. Gudrun Olavsdotter, dotter: 14. Sigrid Erlendsdotter, dotter: 15. Margrete Bosdotter, son: 16. Otte Holgersen Rosenkrantz, son: 17: Erik Ottesen Rosenkrantz.

 

Frå Gudrun Tordsdotter til Hallstein Berdorson:

1. Gudrun Tordsdotter, son (dersom ho var kona til Skofte Ogmundson): 2. Pål Skofteson (Aure-Pål), dotter (med Sigrid Torkjellsdotter): 3. Sigrid Pålsdotter, son: 4. «Asgauth Raud à Sult» (Asgaut Raud Gudmundsson på Sylte), son: 5. Jon Asgautson, son: 6. «Arne po Krosbreck» (Arne Korsbrekke), dotter: 7. Magnhild, son: 8. Berdor, truleg son: 9. Hallstein Berdorson.

 

Det vi aldri kjem til å få sikkert svar på var om Anders Torgilsson stamma frå desse folka. Hypotesen min er at han i det minste ga inntrykk av at han gjorde det i samtalar med Rosenkrantz. Kan det tenkjast at han i tillegg til kjøpsdokumenta la fram (eller skrytte på seg) ei ætteliste med gjerne 6-8 generasjonar bakover til dei gamle stormennene som ein gong hadde eigd Stauri, for å visa at han i tillegg hadde ein «moralsk» rett til garden? Det kan nemnast at sonen Anders Andersson òg ramsa opp korleis Ytreeide hadde gått i arv i fleire generasjonar då det vart strid om arven etter Anders Torgilsson seint på 1500-talet. Høyrest denne hypotesen plausibel ut?

Endret av Atle Onar Knapskog
feil i link
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.