Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Hermundson Hagen i Årdal (1706-1777) - gift to gonghar og minst 6 born - kven var andre kona Malena Jensdotter, og kvar vart det av borni hans? - ytre Sogn eller ytre Sunnfjord?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få introdusera ei skikkeleg utfordring frå Årdal i Sogn.  Eit ungt nygift par flytte kort før 1730 frå Luster til Årdal og fekk i alle fall fire born før kona vart sjuk og døydde.  So gifte mannen seg att og fekk to born til.

 

Men ALLE borni ser ut til å forsvinna frå Årdal utan å setja spor etter seg!  Kan nokon av dei vera flytte til ytre Sogn eller til ytre Sunnfjord?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Hermundson (Lerum), f. i Luster kring 1706, gifte seg første gongen kring 1728 med Anna Pedersdotter frå Fortun, f. i Luster kring 1702.

Nils og Anna flytte straks til Årdal og vart der husmannsfolk i Hagen under

 

##### (kva gard? – Vetti eller Gjelle?)

 

Anna d. i Årdal kring 1741

 

##### (gravferdsdato?)

 

etter at ho hadde vore sjuk i lengre tid, og 25.11.1742 gifte Nils seg att i Årdal med Malena Jensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – òg enkje? – f. kring 1705? – søster av ein Knut Jensson som fekk son John i 1734?)

 

Nils og Malena vart visstnok buande i Hagen

 

##### (1763 plassfolk under «Øren med Voldahlen» - då kalla Nils Pederson!)

 

der Malena vart d. 18.1.1775.  Nils d. same staden 5.2.1777.  Me kjenner til seks born etter Nils i Hagen, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

 

##### (var det kan henda fleire? – hadde dei eitt eller to born FØR dei flytte til Årdal?)

 

a. Mari Nilsdotter, døypt i Årdal 8.10.1730,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Peder Nilsson, døypt i Årdal 27.7.1733,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. før 1738!?)

 

c. Gjørond Nilsdotter, døypt i Årdal 21.10.1736,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Peder Nilsson, døypt i Årdal 13.7.1738,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

e. Ole Nilsson, døypt i Årdal 31.3.1743,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

f. Anna Nilsdotter, døypt i Årdal 17.7.1745,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 26.4.2017 den 19.24, Lars E. Øyane skrev:

Anna d. i Årdal kring 1741

 

 

 

##### (gravferdsdato?)

 

 

 

etter at ho hadde vore sjuk i lengre tid,

 

Hvor har du disse opplysningene fra, Lars? At Anna hadde vært syk i lengre tid...!

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Dei fleste av desse opplysningane samla eg for over 30 år sidan, og då eg sat og skulle leggja saki ut i Brukarform, sat eg og spekulerte på nettopp det same.  Ei eller anna kjelde må det vera for denne opplysningi, og mest truleg er det frå ei tingbok, at til dømes mannen fekk finansiell stønad til å pleia den sjuke kona si, men eg er i dag ikkje i stand til å leggja handi på kjelda...

 

Uansett, so er det etter mitt syn meir enn merkverdig at heile huslyden synest forsvinna utan å setja eitt einaste spor etter seg!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne saki etter at nye opplysningar om andre kona Malena Jensdotter er dukka opp.

 

Sagemeistar ved koparverket, Jens Gulbrandson Bratt, opphavleg frå Kaupanger i Sogndal, var gift og hadde fleire born.  Eitt av desse var:

 

Malena Jensdotter, som 30.9.1725 gifte seg i Årdal med ein Sjur Olson (Midtun?).  Sjur var kan henda òg sysselsett ved koparverket, men vart gravlagd i Årdal 23.6.1737.  Sjur og Malena fekk fem born i lag:

 

* Maria Sjursdotter, døypt i Årdal 27.1.1726 - gift i Årdal 26.11.1753 med Lars Halvorson - budde i Årdal og fekk fleire born der

 

* Ole Sjurson, døypt i Årdal 30.3.1728

 

* Randi Sjursdotter, døypt i Årdal 8.10.1730 - gift i Årdal 17.10.1757 med Ole Johnson - budde i Årdal og fekk fleire born der, men synest verta borte frå Årdal etter 1761(?)

 

* Guri Sjursdotter, døypt i Årdal 14.3.1733

 

* Jens Sjurson, døypt i Årdal 13.11.1735

 

Det er høgst truleg den same Malena som i 1742 gifte seg (att) i Årdal med Nils Hermundson, som då var enkjemann (sjå innlegg #1).

 

MEN, framleis er det eit stort «mysterium» kvar det vart av alle desse borni.  Me har berre finne att dei to eldste døtrene etter Malena og første mann hennar, og ei av dei ser dessutan ut til å forsvinna tidleg på 1760-talet.  Borni etter Nils Hermundson er og vert heilt «borte vekk».

 

Det er verkeleg ei stor utfordring å finna ut av denne huslyden, men eg vonar at nokon ser noko som eg har oversett, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Først litt om Sjur Olsen: Det er ingen tvil om at han var "ansatt" ved Årdal kopperverk. I manntallet over arbeiderne fra 1726 er det registrert at han hadde arbeidet ved verket i 5 1/2 år. Ved begravelsen i 1737 kalles han dessuten "Siur Olsen Bergsmand". Jeg har ikke noe nytt å tilføye om hans opphav. Siden han og Malene giftet seg i Borgund, tenkte jeg først at han var derfra, men årsaken var nok heller at Malene var gravid, og at det hastet med vielsen. Dette har jeg sett flere eksempler på. Det kan også tenkes at Sjur var en innflytter som kom til Årdal for å arbeide ved verket, men bruken av faddere tyder helst på at han var fra Årdal. Den Sjur Olsen som i 1701 bodde på Midttun, kan være en god kandidat.

 

Jeg har dessverre svært få opplysninger om barna til Sjur og Nils utover det Lars har ovenfor. Den eneste jeg kan tilføye noe om, er Nils Hermundsens sønn Peder:

 

En Peder Nilsen giftet seg i Årdal 14.10.1759 med Johanne Larsdatter. Dette paret finner vi igjen i Ølve i Kvinnherred allerede i juli 1760. Da var Peder fadder for et annet par fra Årdal. Den 26.04.1761 hadde Peder og Johanne selv sønnen Nils til dåpen i Ølve kirke. Peder kalles da bergmann. Denne Nils Pedersen bodde i 1801 som husmann på Huse i Ølve der mange av verksfolkene fra Lilledals kopperverk bodde. Han var da gift og hadde 6 barn. Hos denne familien bodde enkemannen Peder Nilsen, 70 år.

 

Jeg vet ikke sikkert hvem Johanne Larsdatter var, men min beste gjetning er at hun er identisk med den Johanne som ble døpt i Årdal 23.07.1719. Hun var datter av bergmannen Lars Knutsen som ble offer for et drap i 1719, og hans kone Kari Eriksdatter. En innvending er kanskje at denne Johanne var 19 år eldre enn Peder og 42 år gammel da sønnen Nils ble født, men er vel såvidt innafor?

 

PS. Jeg har nå bladd meg gjennom noen "årganger" av kirkebøkene for Kvinnherred for å se om jeg kunne finne begravelsen av Johanne Larsdatter en gang mellom 1770 og 1801. Den eneste som passer, er "Johanne Huuse, 80 aar" som ble begravet i 1800. Hvis dette er riktig person, stemmer alderen godt med den Johanne som ble døpt i Årdal i 1719.

 

 

 

Endret av Knut Bryn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Då ser eg at Peder Nilsson, det må jo vera han(!), gifte seg med Johanna som var søster av Elisabeth Larsdotter, gift med Mons Endreson frå Ottum i Luster,

 

https://forum.arkivverket.no/topic/196083-mons-endreson-1709-frå-luster-og-elisabeth-larsdotter-1714-frå-årdal-budde-mellom-anna-i-nattviki-i-årdal-so-til-bergen-lagnaden-deira/#comment-1657926

 

ei anna utfordring der mange hòl framleis står uløyste...

 

Eg har i kveld gått grundig gjennom denne «doble» huslyden i Årdal, og interessant var det å samanlikna barnelista med konfirmantlista frå Årdal, som synest vera komplett frå 1751 og utover.  Det ser ut til at fleire av borni både til Sjur Olson og til Nils Hermundson døydde i ung alder, utan at dette er oppskrive nokon stad, og då kan me jo heller ikkje venta å finna dei att i seinare kjelder...

 

Faktum er: Den einaste fullsøsteri til Peder Nilsson som KAN ha vakse opp, synest vera den eldste Mari Nilsdotter, fødd 1730, medan halvsøsteri Anna KAN ha vakse opp, men der er det fleire alternativ i fødselsprotokollen for konfirmanten frå 1768...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden der eg òg har «bygt inn» Sjur Olson og borni som han fekk med Malena Jensdotter:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Hermundson (Lerum), f. i Luster kring 1706, gifte seg første gongen kring 1728 med Anna Pedersdotter frå Fortun, f. i Luster kring 1702.

Nils og Anna flytte straks til Årdal og vart der husmannsfolk i Hagen

 

##### (Nesahagen eller Farneshagen!?)

 

under Øyri der Anna d. kring 1741 etter at ho hadde vore sjuk i lengre tid.  Nils gifte seg 25.11.1742 att gifte Nils seg att i Årdal med enkja Malena Jensdotter, opphavleg frå Jevnaker i Årdal.  Ho var dotter av gardbrukar Jens Gulbrandson (Bratt) på Jevnaker, sidan sagemeistar ved koparverket, og kona

 

##### (kven var kona til Jens Gulbrandson – seinare bustad? – flytte frå Jevnaker kring 1704! – hadde Malena kan henda ein bror Knut Jensson som i 1734 fekk sonen John?)

 

og truleg f. i Årdal kring 1700.  Malena gifte seg flørste gongen i Borgund, Lærdal 30.9.1725 med Sjur Olson frå Midtun i Årdal.  Han var son av gardbrukar Ole Løenson på Midtun, opphavleg frå Hestetun, og kona

 

##### (kven var kona hans?)

 

og f. i Årdal kring 1700.  Sjur var verksarbeidar, og han og Malena budde rimelegvis på Farnes,

 

##### (kan bustaden stemma?)

 

Derrifrå vart Sjur «Bergmand» gravlagd 23.6.1737.  Nils og Malena vart buande i Hagen under Øyri der Malena d. 18.1.1775.  Nils d. same staden 5.2.1777.  Malena hadde fem born frå første ekteskapet sitt, medan me kjenner til seks born etter Nils i Hagen, fire frå første ekteskapet og to frå det andre:

 

##### (var det kan henda fleire? – hadde dei eitt eller to born FØR dei flytte til Årdal?)

 

a. Mari Nilsdotter, døypt i Årdal 8.10.1730,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

b. Peder Nilsson, døypt i Årdal 27.7.1733,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. før 1738!?)

 

c. Gjørond Nilsdotter, døypt i Årdal 21.10.1736,

 

     ##### (lagnaden hennar? – truleg d. ung – ikkje konf. Årdal!)

 

d. Peder Nilsson, døypt i Årdal 13.7.1738, vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 2.12.1804.  Peder Nilsson gifte seg i Årdal 14.10.1759 med Johanna Larsdotter frå Farnes, døypt i Årdal 23.7.1719.  Ho vart visstnok gravlagd frå Huse i Kvinnherad 30.11.1800.  Peder og Johanna flytte alt i 1760 til Kvinnherad der Peder var verksarbeidar ved Lilledal kopparverk.  Dei busette seg som plassfolk under Huse og buydde der lkevetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

e. Maria Sjursdotter, dotter av Malena, vart døypt i Årdal 27.1.1726 og d. visstnok i Årdal 14.10.1785.  Maria gifte seg i Årdal 26.11.1753 med Lars Halvorson frå Brekka under Hæreid,

 

     ##### (stemmer opphavet hans?)

 

     døypt i Årdal 30.11.1727.  Han d. i Årdal 2.12.1794. 

 

     ##### (yrke og bustad? – manglar i ekstraskatten 1763?!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Synneva Larsdotter, f. Årdal 20.7.1753

            * Sjur Larsson, f. Årdal 8.12.1755

            * Malena Larsdotter, f. Årdal 14.3.1760

            * Britha Larsdotter, f. Årdal 20.8.1767)

 

f. Ole Sjurson, son av Malena, vart døypt i Årdal 30.3.1728,

 

     ##### (lagnaden hans? – kan henda avliden før 1743?)

 

g. Randi Sjursdotter, dotter av Malena, vart døypt i Årdal 8.10.1730, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Randi gifte seg i Årdal 17.10.1757 med Ole Johnson frå

 

     ##### (opphavet hans? – truleg frå Vang i Valdres og f. der kring 1734?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – manglar i ekstraskatten 1763?! – bortflytte etter 1761??)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Malena Olsdotter, f. Årdal 3.9.1753

            * Sjur Olson, f. Årdal 27.2.1761)

 

h. Guri Sjursdotter, dotter av Malena, vart døypt i Årrdal 14.3.1733,

 

     ##### (lagnaden hennar? – ikkje konf. Årdal!)

 

i. Jens Sjurson, son av Malena, vart døypt i Årdal 13.11.1735,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje konf. Årdal!)

 

j. Ole Nilsson, døypt i Årdal 31.3.1743,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje konf. Årdal!)

 

k. Anna Nilsdotter, døypt i Årdal 17.7.1745,

 

     ##### (lagnaden hennar? – kan henda konf. Årdal 1768?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So mykje meir er det kanskje ikkje å finna om denne huslyden, men attåt spørsmålet om lagnaden til Mari Nilsdotter, har me ei påfallande «utfordring» som det hadde vore kjempefint å finna ut av:

 

** Lagnaden til Randi Sjursdotter gift med Ole Johnson - mannen som du Knut nemner i innlegg #14 i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/211067-eit-utfordrande-skifte-i-årdal-i-sogn-i-1756-rannei-olsdotter-med-tre-ekteskap-og-fem-born-kvar-kom-dei-ifrå-og-kven-var-dei/#comment-1776179

 

Det kan sjå ut som om Ole Johnson er tvillingbroren til Thomas Johnson og fødd i Vang i Valdres(?) kring 1734?  Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av desse?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.