Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Statistisk sentralbyrå og offentleg statistikk - nokon som kjenner til historikken?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Statistisk sentralbyrå vart grunnlagt i 1876, og eg forstår det slik at det hjå dei skal finnast kopiar av dødsfallslister, fødselslister, vigselslister etc. frå heile landet.  Er det nokon som kan stadfesta dette?  Er det mogeleg for «normale» folk å få tilgjenge til dette materialet?

 

Finst det eventuelt ein «forløpar» for Statistisk sentralbyrå som har oppbevart slike lister lenger attende?  Eg meiner eg ein gong har lese at Statistisk sentralbyrå kunne bidra med hjelp til å rekonstruera delar av kyrkjebøkene frå Eidsvoll som gjekk tapt i brann?

 

Eg ser for meg at dei i so fall òg kan ha lister over fødsler som ikkje er innførte i kyrkjebøkene, til dømes der foreldri var dissentarar?  Ikkje alle prestegjeld førte dissentarprotokollar på 1800-talet...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Eg har ikkje sett noko som er så detaljert som det du nemner, men kan ikkje utelukke at det kan finst. Det som er tilgjengeleg er m.a. via SSB sine eigne side med historisk statistikk her: https://www.ssb.no/a/histstat/

 

Det eg har sett er i stor grad overordna og summarisk statistikk brote ned geografisk etc.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (privat)

Grov historikk for SSB og forløperne kan du lese på Arkivportalen. Der er også serien Folkemengdens bevegelse omtalt; denne serien er altså avlevert til Riksarkivet til og med 1960.

Endret av Kristian Hunskaar (privat)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Digitalarkivet tilbyr ett skanna eksempel på Folkemengdens bevegelse, nemlig eske 14/1928. Levendefødte er taushetsbelagt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Håvard, Kristian og Tore for interessante og utfordrande svar!

 

Her er det mykje å setja seg inn i.  Mellom anna les eg i tråden som Tore refererer til i innleg #4 at fram til 1866 er materialet berre «summarisk» med lister frå kvart prestegjeld, medan dei då går ned på personnivå.  Men då tyder vel dette på, for å ta eit heilt konkret døme frå Måsøy prestegjeld i Finnmark, at der «von i hangande snøre»:

 

** Olise (eller Elise) Margrethe (eller Amalie) Christiansdotter skal vera fødd på Ingøy i Måsøy i 1870, eller kanskje tidleg i 1871, av foreldri Christian Manasses Andreasson (Løb) og Maren Christine Abrahamsdotter (Holm), mori kveker, men barnedåpen er ikkje innført korkje i kyrkjeboki eller klokkarboki for Måsøy.

 

** Faren til dette barnet, Christian Manasses Andreasson (Løb) skal vera avliden, kan henda forulukka på havet, ein gong mellom 1870 og 1874.  Dette dødsfallet er heller ikkje innført korkje i kyrkjeboki eller i klokkarboki for Måsøy.

 

Er det då von om at denne barnefødsli, eventuelt dødsfallet til faren, kan vera innførte på listene hjå Statistisk sentralbyrå?

 

Eller heng heile spørsmålet saman med om materialet er godt nok systematisert til at det over hovudet let seg gjera å finna eit svar?

 

Eg takkar igjen for hjelpi og ventar spent på ei avklaring...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Så vidt jeg har forstått, er listene i Folkemengdens bevegelse utskrifter fra kirkebøkene (i 1928 ser det ut til at prestenes fødselsregistre er utgangspunkt for listene over fødte), som prestene sendt inn med jevne mellomrom. Så hvis en dåp eller begravelse mangler i kirkeboka, ville jeg i utgangspunktet ikke hatt stort håp om at handlingen skulle ha kommet med i Folkemengdens bevegelse. Men man vet jo aldri ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kristian for eit nytt interessant innlegg!

 

Me har jo ikkje noko å tapa på å sjå etter, so dersom det ligg føre lister frå Måsøy for åri 1870 og utover, hadde det vore svært so spennande å sjå på dei!  Men kvar er dei?

 

Eit spørsmål relatert til same huslyd gjeld ein son Johannes som den same Maren Christine Ambrosiusdotter Holm ifølgje FT1875 skal ha fått i Kristiansund i 1872, jmf. FT1875 for Kåfjord:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052461002830

 

Me trur at Maren, etter mannen Christian Manasses Andreasson (Løb) forsvann, er vorti gravid, kan henda med Johannes Gjertsen, som ho gifte seg med i mai 1875, men at ho «rømte» til heimbyen Kristiansund for å føda der!?  Maren var kvekar, og barnet er kan henda ikkje innført i kyrkjeboki for Kristiansund, men sikker kan ein ikkje vera, sidan kyrkjebøkene for Kristiansund er svært skadde av brann på den tidi!  Her vil eg òg tru at fødselslister frå Statistisk sentralbyrå kan vera vel verd å sjekka?  Om me berre visste kvar dei var?  Ligg dei kanskje i Riksarkivet?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore S. Falch
33 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Me har jo ikkje noko å tapa på å sjå etter, so dersom det ligg føre lister frå Måsøy for åri 1870 og utover, hadde det vore svært so spennande å sjå på dei!  Men kvar er dei?

 

 

Serien Folkemengdens bevegelse fra SSB oppbevares i Riksarkivet (magasin 2B om jeg ikke husker feil...), men listene fra det meste av 1800-tallet var uordnet og u-katalogisert dengang jeg brukte dette arkivet. Med mindre noen har foretatt seg noe med dem siden da, er jeg derfor redd du ikke bør ha altfor høye forventninger til hva du kan finne fra 1870-årene og utover.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Me trur at Maren, etter mannen Christian Manasses Andreasson (Løb) forsvann, er vorti gravid, kan henda med Johannes Gjertsen, som ho gifte seg med i mai 1875, men at ho «rømte» til heimbyen Kristiansund for å føda der!?  Maren var kvekar, og barnet er kan henda ikkje innført i kyrkjeboki for Kristiansund, men sikker kan ein ikkje vera, sidan kyrkjebøkene for Kristiansund er svært skadde av brann på den tidi!  Her vil eg òg tru at fødselslister frå Statistisk sentralbyrå kan vera vel verd å sjekka?  Om me berre visste kvar dei var?  Ligg dei kanskje i Riksarkivet?

 

23 minutter siden, Tore S. Falch skrev:

Serien Folkemengdens bevegelse fra SSB oppbevares i Riksarkivet (magasin 2B om jeg ikke husker feil...), men listene fra det meste av 1800-tallet var uordnet og u-katalogisert dengang jeg brukte dette arkivet. Med mindre noen har foretatt seg noe med dem siden da, er jeg derfor redd du ikke bør ha altfor høye forventninger til hva du kan finne fra 1870-årene og utover.

 

Katalogen i Arkivportalen er bare på arkivnivå, jf. mitt første innlegg, men jeg ser i Riksarkivets interne ASTA-database at det er en viss orden og katalogisering. Det finnes i alle fall ei pakke L0090 i serie Db som er katalogisert som fødte og gifte 1872 i byene. Tilsvarende er det fire pakker L0083-L0086 i samme serie som er katalogisert som fødte og gifte i fogderiene 1872. (Dette speiler det administrative skillet mellom by og land.)

 

Her er det potensielt mye papir å gjennomgå. Hvis du henvender deg til Riksarkivet, bør du være forberedt på at du kan bli bedt om selv å komme på lesesalen og lete etter de opplysningene du trenger, da dette fort kan innebære mer letearbeid enn hva Arkivverket normalt bruker på slektsforespørsler. Men dette vil Riksarkivets saksbehandlere være de rette til å vurdere - ikke jeg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.