Gå til innhold
Arkivverket

NY UTGÅVE: Tvillingane Hans Henrikson og Kari Henriksdotter - fødde i Luster 1857 - utvandra til Amerika i 1877/1882 - men kvar vart det av dei? - kan henda Hans Sandwick i Chamberlain, SD i 1900?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I den første «versjonen» av dette emnet, som eg no har endra titel til:

 

«Hans Hermundson Sandvig (1858-1898) - frå Luster via Wisconsin til Lac qui parle Co., MN - med forgreiningar til SD og CA - mangelfull ættetavle - hjelp?»

 

er alle svari som er komne so langt, relaterte til ein heilt annan huslyd, ogso den frå Luster, og ogso den mangelfull i mitt manuskript, so eg har valgt å leggja utfordringi om tvillingane ut her som eit «nytt» emne:

 

~~~~~

 

Henrik Nilsson og Gunnhild Nilsdotter, plassfolk på Sandvikøyri under Hotlen, Sandvik i Luster, fekk mellom anna desse tvillingane:

 

** Hans Henrikson, fødd 8.11.1857, utvandra i 1877

 

** Kari Henriksdotter, fødd 8.11.1857, budde først nokre år i Bergen, men utvandra derifrå i 1882

 

Dei hadde slektningar som budde i området kring Davenport, Cass Co., ND, men eg har saumfare det området fleire gongar utan å finna spor etter dei!

 

So fell augi mine i kveld på denne huslyden i Chamberlain, Brule Co., SD i 1900: https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120587_00273?pid=69722821&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx1331%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DHans%20H%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DSanwick%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbdy%3D1858%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D69722821%26dbid%3D7602%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx1331&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

SANDWICK, Hans H  Dec. 1856  44 years  Nor Nor  Nor  emigrated 1875  stock raiser

SANDWICK, Sophie  Dec. 1847  53 years  Nor  Nor  Nor  emigrated 1878  wife

married 15 years (her 2nd marriage?) - 2 children - 2 living:

SANDWICK, Henry T.  Mar. 1886  14 years  SD  Nor  Nor

SANDWICK, Anna G.  Oct. 1888  12 years  SD  Nor  Nor

 

Kan dette vera Hans Henrikson frå Sandvik i Luster?

 

Eg kan ikkje sjå noko meir til denne huslyden i andre kjelder, men augi mine er ikkje dei beste...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

South Dakota Naturalization Records Index: Second Papers 

 

1899_NAT_2nd.png

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje kor mykje opplysningar desse naturalization records inneheld; det varierer nok sterkt frå stat til stat, men uansett:  Me får i alle fall greie på at huslyden budde i Brule Co., SD alt i 1891.

 

Det er berre so underleg at dei ikkje er å sjå nokon stad etter 1900!  Dei ser ut til å vera «borte vekk»!  Kan dei ha endra ættenamn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å avsløra lagnaden til denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vær klar over at  store deler av 1910 tellingen er uleselig og dermed ikke lagt ut. Amerikanske myndigheter makulerte papirutgaven av 1910 tellingen før de hadde kvalitetskontrolert  microfilmingen av den.  

Endret av Trond Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trond for siste meldingi!

 

Jau, eg er merksam på at 1910-teljingi er mangelfull, men det finst statlege teljingar frå South Dakota frå 1905 og 1915, og det er jo merkeleg at denne huslyden ikkje dukkar opp der heller...

 

Men eg vonar framleis på at dei før eller sidan vil komma fram i ljoset og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg la i aftes ut eit spørsmål om denne huslyden på den norsk-amerikanske Rootsweblista, og her er det komme eit svært interessant svar som mellom anna refererer til:

 

1906 census from Strathcona, Alberta:

SANDVIK, Hance  55  Norway  farmer  im. 1903

SANDVIK, Sopha  56  Norway  wife  im. 1903

SANDVIK, Henry  20  USA  son  im. 1903

SANDVIK, Anna  18  USA  dau  im. 1903

 

1921 census from Parkland, Victoria, Alberta:

SANDVIK, Hans  71  Nor  Nor  Nor  farmer  im. 1903

SANDVIK, Sophia  73  Nor  Nor  Nor  wife  im. 1903

 

BRATRUD, Alfred  35  US  Nor  Nor  farmer  im. 1902

BRATRUD, Anna  33  US  Nor  Nor  wife  im. 1903

BRATRUD, Alvin  7  AB  US  US  son

BRATRUD, Violet  5  AB  US  US  dau

BRATRUD, Clifford  3  AB  US  US  son

 

SANDVIK, Henry  35  US  Nor  Nor  farmer  im. 1903

SANDVIK, Bertha Florence  28  US  Nor  Nor  wife  im. 1903

SANDVIK, Eugen Lewis  3  AB  US  US  son

SANDVIK, Helen  2  AB  US  US  dau

 

Henry Theodore SANDVIK

born Mar. 18, 1886  SD

died Nov. 26, 1970  Vancouver, BC

spouse Beulah Schnare

 

Anna Gurina Sandvik BRATRUD

born Oct. 2, 1886  Brule Co., SD

died May 11, 1979  Ryley, Beaver Co., AB

(gravstøtte seier: Oct 2, 1887 - May 11, 1976!)

 

Alfred Olius BRATRUD

born July 17, 1886  Chamberlain, SD

died May 19, 1955  Ryley, AB

 

So har me gravstøttene til Hans og Sophie i Zion Lutheran cemetery nær Ryley, AB:

Hans Sandvik - Nov. 4, 1849 - Oct. 3, 1934

Sophie Sandvik - Dec. 27, 1847 - Nov. 29. 192(4?)

 

Alderen til Hans Sandvik stemmer dårleg, MEN FT1900 seier ganske klart at Hans var mange år yngre enn Sophia, og eg mistenker Hans for å ha «ljuge» litt på alderen!  Tross alt har fødselsDATOEN berre eit par dagars avvik...

 

Eg TRUR det kan vera Hans Henrikson frå Sandvik i Luster som kan «gøyma» seg attom denne Hans Sandvik i Alberta, menm høyrer gjerne andre syn på saki?  Kanskje er det nokon som har tilgjenge til andre kjelder som kan bidra med oppklaring?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1911 Census of Canada - http://automatedgenealogy.com/census11/View.jsp?id=15619&highlight=20&desc=1911+Census+of+Canada+page+containing+Hans+Sandvik
Home / 1911 / Alberta / Strathcona / 19 Townships 47 / page 19 split view 
Transcribed by: Diane M. Sevigny

http://data2.collectionscanada.gc.ca/1911/pdf/e001932692.pdf

1911_Census_Can.png

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit interessant innlegg!

 

Det var kjekt at du fann huslyden i 1911.  Då budde dei altso framleis nær Strathcona, AB, men noko seinare, truleg før 1916, var dei truleg flytte til Victoria/Ryley, AB, men namni er kan henda so «misstava», at dei ikkje er til å kjenna att...?

 

Aldrane i 1911 er òg litt «off», men eg kjenner meg meir og meir sikker på at dette må vera «vår» Hans Henrikson, og eg har i mellomtidi, under denne føresetnaden, sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Henrikson (Sandvik), tvilling, f. i Luster 8.11.1857,

Hans Sandvik utvandra til Amerika i 1877 og gifte seg

 

#####(date and place of his marriage? – 1885?)

 

med Sophia

 

##### (her Norwegian origin?)

 

i Amerika kjend som Sophie Johnson.  Ho var dotter av

 

##### (names of parents?)

 

og f.

 

##### (birthdate Dec. 27, 1847?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (year of her emigration? – about 1878?)

 

Hans og Sophie busette seg først i Chamberlain, Brule Co., S.D. der Hans livnærte seg som

 

##### (Norwegian for «stock raiser»?)

 

men i 1903 tok dei «homestead» nær Strathcona, Alta. for sidan

 

##### (after 1911!)

 

å flytta til ein farm nær Ryley, Alta. der Sophie d. 29.11.1924. 

 

##### (death year to be verified?)

 

Hans Sandvik d. same staden 3.10.1934.  Dei fekk to born i lag:

a. Henry Theodore Sandvik, f. i Brule Co., S.D. 18.3.1886, d. i Vancouver, B.C. 26.11.1970.  Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – Strathcona, AB about 1915?)

 

     med Beulah Florence Schnare, f. i Woodbury Co., Ia. 15.7.1894.  Ho d. i Victoria, B.C. 12.3.1964. 

 

     ##### (occupation and place of their residence – 1916: farmed near Battleford, SK – 1921: farmed near Ryley, AB – 1929: Big Valley, AB)

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Eugen Lewis Sandvik, f. AB 1918 – listed 1929

            * Helen Sandvik, f. AB 1919 – listed 1929

            * Wilma Sandvik, f. 1924 – listed 1929)

 

b. Anna Gurina Sandvik, f. i Brule Co, S.D. 2.10.1886, d. i Ryley, Alta. 11.5.1979. 

 

     ##### (verify death date? – 1976?)

 

     Anna gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – Strathcona about 1913?)

 

     med Alfred Olaus Bratrud, f. i Worth Co., Ia. 17.7.1886.  Han d. i Ryley, Alta. 19.5.1955. 

 

     ##### (occupation and place of their residence? – 1916: farmed near Victoria, AB – 1921: farmed near Ryley, AB – by 1945 at Battle River, Camrose, AB)

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Alvin Bratrud, f. AB 1914 – listed 1916/1921

            * Violet Bratrud, f. AB 1916 – listed 1921

            * Clifford Bratrud, f. AB 1918 – listed 1921)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Etter at eg no er komen i kontakt med canadiske etterkomarar etter denne ætti, vil eg i kveld gjerne få henta fram att dette emnet!

 

Det synest heilt klart at det verkeleg ER «vår» Hans Henrikson Sandvik som døydde i Ryley, AB 3.10.1934.  Rett nok er han oppgjeven med fødselsår 1849, men fødselsdatoen er nesten nøyaktig, og truleg ville han berre gjera seg litt eldre for å «matcha» alderen til kona Sophie!  Dødsattesten følgjer vedlagd, og her er gravstøttene deira i Earling cemetery nær Ryley, AB:

 

http://www.canadianheadstones.com/ab/view.php?id=28290
http://www.canadianheadstones.com/ab/view.php?id=28291

 

FT1900 gjev han elles noko nær «rett» alder: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY3S-C7X?i=1&cc=1325221

 

Det som no er den største utfordringi her, er utan tvil:

 

** Kven var kona Sophie Johnson, som på gravstøtta har fødselsdato 27.12.1847, og som i 1900 òg er oppgjevi fødd i Noreg i desember 1847 (MEN med alder 53 år...) og utvandringsår 1878?  Kanskje heitte mori Anna??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til løysing av denne «floki» og lever i voni...

 

Hans H. Sandvik death cert.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sete og leitt litt etter alternativ for Sophie Johnson og fann denne:

 

Sophia Johannesdotter, fødd «uekte» i Frosta, Nord-Trøndelag 22.12.1848, døypt 7.1.1849 av foreldri Johannes Olson og Karen Anna Sivertsdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2467/53

 

Kan denne vera eit alternativ?  Eg finn ho ikkje i FT1865...

 

Eller kva med denne «pige» Sophie Jonsdotter på 33 år som i 1879 utvandra frå Bjørnør over Trondheim:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=17849&merk=17849#ovre

 

Eg finn ikkje dåpen hennar...

 

Kanskje andre har betre «leiteauge» enn eg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tykte denne Sophie Jonsdotter som i 1879 utvandra frå Bjørnør til Willmar, MN, såg spennande ut, og eg har no undersøkt ho litt meir:

 

Her er ho innflytt til Bjørnør i 1870:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/285/pi00000000048190

 

Ifølgje originalen heiter ho Haarstad og er fødd i Selbu:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6497/373

 

Og her er vel fødsli hennar i Selbu 21.6.1846:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/15709/34

 

Då stemmer årstidi for fødsli heller dårleg med den Sophia me leiter etter (som skal vera fødd i desember...), men sikre kan me jo ikkje vera...  Er det nokon som kjenner lagnaden til denne Sophia Johnsdotter i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til å finna opphavet til «vår» Sophie Sandvik i Noreg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Dette er ei kjempeutfordring som eg ikkje heilt kan lata liggja.  Det MÅ jo finst eit svar der ute ein eller annan stad på KVEN denne Sophie var som gifte seg med Hans H. Sandvik?

 

Eg vil be om at de tek ein kikk på gravstøtta til Sophie Sandvik nær Ryley, AB: https://www.canadianheadstones.com/view?oid=ab.28291

 

Gravstøtta har ein «skjemmande» mosedott over dødsåret, men om ein freistar zooma inn, vil ein sjå at siste sifferet har «utposingar» mot høgre.  Det kan soleis IKKJE vera 1924!  Kan det vera 1928??  Eller 1923??

 

So er dødsregisteri for Alberta utlagde på nettet, rett nok med eit «pussig» system der første vokalen i ættennamnet er retningsgjevande for utsjånaden av registeret:  http://provincialarchives.alberta.ca/how-to/find-birth-marriage-death-records/deaths-accordian.aspx

 

Eg har blatt igjennom heile 1920-talet for «Sa» med førenamn Sophie, men har ikkje greidd å finna noko.  Men dei kan jo ha misstava Sandvik - Sendvik - Sondvik - Sundvik...?  Eller kanskje står ho som Landvik eller Zandvik...?

 

Det hadde vore kjempebra om nokon greidde å finna dødsattesten til Sophie, for då hadde me kan henda fått namni til foreldri hennar...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein kjenning av meg i Pierre, SD var i ettermiddag på South Dakota State Historical Societry og sjekka dei naturalization records som Egil har referert i innlegg #2 og #3.  Her er rapporten eg nettopp fekk attende:

 

«Hi Lars. The archive was open today so I went up and did some checking. The First Paper information showed that Hans was born in Norway in on or about 1860 that he immigrated through Detroit Michigan in May of 1860?? Document was signed by Hans Sandvik on the 6th of June 1891. Nothing new on the second paper other than the names: Frank Van Schaack and Arthur P. Olson who vouched for Hans on Aug 5 1899. I looked up Hans land record and found the he acquired 160 acres on June 6, 1891 and finalized the purchased on August 15, 1899.»

 

Dette var ikkje so mykje å verta «klok» på, men det er vel ikkje so urimleg at han i alle fall ved utvandringi i 1877 kan vera komen via Detroit, MI

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg oppdaga nettopp eit family tree hjå ancestry.com som tydeleg tilhøyrer ein etterkomar etter Hans og Sophie Sandvik.  Der står det mellom anna at Hens var fødd i Bergen 1856 og at Sophia var fødd i STAVANGER 1847.

 

Eg har alt sendt ei melding til vedkommande og bede om kjeldebelegg for desse påstandane...

 

Elles fekk eg i fjor ein gong ein link til The Ryley Times, der det skal finnast obituaries for både Hans og Sophie Sandvik:

 

http://www.ourfutureourpast.ca/newspapr/place.asp?place=Ryley&Submit2=Look+up

 

Eg har freista å komma inn på denne linken men får berre feilmelding...  Kanskje nokon forstår linken betre enn meg?  Kva gjer eg feil?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg!

 

Slik eg tolkar denne nye linken, forstår eg det slik at dei held på med å leggja om heile systemet, og dei er mellombels utilgjengelege?

 

Tja, eg vil freista senda konkrete spørsmål om eit par obituarioes, so får me sjå kva svar eg får...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg tok kontakt med den websiten som Egil la fram i innlegg #16 med følgjande melding:

 

~~~~~

 

As I understand your Website, there is currently no access to the old newspaper collection where obituaries could be found: https://libapps.ucalgary.ca/

 

For this reason I am writing to you with a hope that you can help this Norwegian trying to complete a family history and badly in need of three obituaries from Ryley, AB:

 

* Hans Sandvik (also spelt Sandvick/Sandwick) - died at Ryley, AB Oct. 3, 1934

 

* Sophie Sandvik (also spelt Sandvick/Sandwick) - died at Ryley, AB Nov. 29, 1928 (or 1923?)

 

Her headstone from the cemetery near Ryley is partly covered with dirt, but I am pretty certain, when zooming in the stone, that the last digit shows two «bows» pointing out to the right, so must be either 8 or 3: https://www.canadianheadstones.com/view?oid=ab.28291

 

* Anna Bratrud - died at Ryley, AB May 11, 1976 OR 1979

 

I have received both years from different sources and cannot determine which is correct…

 

Thank you very much in advance for your great assistance in this matter!

 

~~~~~

 

Her er det skuffande svaret som eg fekk:

 

~~~~~

 

We have a copy of The Ryley Time digitized from 1911 – 1925, so it doesn’t look like we have the years covered that you are interested in. 

 

Good luck in your search,

 

~~~~~

 

Men i dag sendte kjenningen min i Pierre, SD ei ny spennande melding:

 

~~~~~

 

Hi Lars, here's another online research site that I found today at the archive's

https://history.sd.gov/archives/collectionindexes.aspx   Here I found information on Hans marriage notice under the Newspaper surname index, which led me to the newspaper article from the:  Dakota Democrat (Chamberlain SD) November 26, 1885  This marriage notice was in the Pukwana news section of that paper: "Sofia Tonnessen and Hans Sandvik were married at the residence of the former last Thursday evening.  A supper and dance followed the wedding and was participated in by a large number of friends.  Justice Moodie tied the not."

 

~~~~~

 

Dette var kjempespennande opplysningar!  Om Sophie i røyndi heitte Tønnessen, gjev det meining at ho skulle vera frå «Stavanger», og med denne bakgrunnen finn eg ein par spennande «kandidatar»:

 

** Sophie Tonnessen, 28 år, passasjer til New York 1874:https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-R7S6-J6

 

** Sophie Tønnessen, 32 år, passasjer til Boston 1878:https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89KZ-S5LT

 

Ifølgje FT1900 var «vår» Sophie utvandra nettopp i 1878!!

 

Eg ser ikkje i farti noki Sophie Tønnesdotter frå Rogaland, men i Vest-Agder er det fleire (kjelde FamilySearch)...:

 

 

Name Marie Sophie Tonnesdatter
Gender Female
Birth Date 26 Dec 1846
Christening Date 07 Mar 1847
Christening Place KRISTIANSAND, VEST-AGDER, NORWAY
Father's Name Tonnes Knudsen
Mother's Name Lovise Knudsdr

 

 

Name Karen Sophie Tonnesen
Gender Female
Birth Date 21 Dec 1846
Christening Date 01 Jan 1847
Christening Place , BAKKE, VEST-AGDER, NORWAY
Father's Name Tonnes Larsen
Mother's Name Dorthe Rolluffdr

 

 

Name Birte Sophie Tonnesen
Gender Female
Birth Date 28 Dec 1846
Christening Date 29 Dec 1846
Christening Place , HIDRA, VEST-AGDER, NORWAY
Father's Name Tonnes Tonnessen
Mother's Name Anne Birte Danielsdr

 

«Vår» Sophie skulle vera fødd 27.12.1847, og då er ikkje nokon av desse so heilt borte vekk...

 

Er me kanskje «på sporet» etter ho som vart kona til Hans Henrikson Sandvik i South Dakota?

 

Me er i alle fall komne nærare «mål», og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette vera den Sophie Tønnessen som i 1874 utvandra til New York - fødd i Egersund 1846: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000657191

 

Kan dette vera den Sophie Tønnessen som i 1878 utvandra til Boston - fødd i Flekkefjord 1846: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052234011243

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera Sophie Tønnessen Sandvik!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei to borni til Hans og Sophie heitte:

 

Henry Theodore og Anna Gurine

 

Foreldri hans heitte Henrik og Gunhild

 

Jenta frå Hidra (Flekkefjord) hadde Tønnes og Anna Bertha som foreldre.  Her ser det heilt tydeleg ut som oppkalling, so eg er NESTEN sikker på at det er denne me leiter etter:

 

** Birte Sophie Tønnesdotter, fødd i Hidra sokn, Nes 28.12.1846 som dotter av gardbrukar Tønnes Tønnesson Bjelland og kona Anne Birte Danielsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/930/38

 

Her er mori som enkje på Bjelland i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1042&kenr=012&bnr=0001&lnr=00

 

Dotteri Sophie tente då på Rekevik i Austre Moland: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038161007121

 

Og her er vigsli til foreldri i Nes prestegjeld 21.5.1830: Tønnes Tønnesson Egeland og Anne Birthe Danielsdotter Dybvig: https://media.digitalarkivet.no/view/929/265

 

No har eg ein bøn til ein eller annan som sit med ei bygdebok for Hidra/Flekkefjord:

 

** Er denne huslyden omskriven under garden Bjelland, og kva seier boki om dotteri Birte Sophie?

 

Eg har ei god magekjensle, men eg vonar at bygdeboki kan stadfesta teorien...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne Sophie Tonnessen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel ikkje so opplagt å kobla denne emnetitelen til Flekkefjord, so eg har nettopp lagt ut eit nytt tema i Brukarforum der eg ber om hjelp til oppslag i bygdeboki for Hidra for huslyden til Tønnes Tønnesson...; https://forum.arkivverket.no/topic/224746-bygdebokoppslag-hidra-ved-flekkefjord-garden-bjelland/

 

So får me vona at ein eller annan kan stadfesta teorien min om opphavet til Sophie Tonnessen i Amerika...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diverre har eit oppslag i bygdeboki ikkje gjeve noko resultat.

 

Anna Bertha Danielsdotter Bjelland døydde som enkje i Flekkefjord 29.1.1890: https://media.digitalarkivet.no/view/3436/138

 

Og dødsmelding etter ho i Nes syner at dødsfallet var meldt av dotteri Gjertrud Tønnessen, men hun «efterlader intet»: https://media.digitalarkivet.no/view/35149/15

 

So då er det vel ikkje so mykje meir me kan gjera der, med mindre Sophie hadde ugifte søsken som det finst dødsmeldingar etter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.