Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

NY UTGÅVE: Tvillingane Hans Henrikson og Kari Henriksdotter - fødde i Luster 1857 - utvandra til Amerika i 1877/1882 - men kvar vart det av dei? - kan henda Hans Sandwick i Chamberlain, SD i 1900?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

I den første «versjonen» av dette emnet, som eg no har endra titel til:

 

«Hans Hermundson Sandvig (1858-1898) - frå Luster via Wisconsin til Lac qui parle Co., MN - med forgreiningar til SD og CA - mangelfull ættetavle - hjelp?»

 

er alle svari som er komne so langt, relaterte til ein heilt annan huslyd, ogso den frå Luster, og ogso den mangelfull i mitt manuskript, so eg har valgt å leggja utfordringi om tvillingane ut her som eit «nytt» emne:

 

~~~~~

 

Henrik Nilsson og Gunnhild Nilsdotter, plassfolk på Sandvikøyri under Hotlen, Sandvik i Luster, fekk mellom anna desse tvillingane:

 

** Hans Henrikson, fødd 8.11.1857, utvandra i 1877

 

** Kari Henriksdotter, fødd 8.11.1857, budde først nokre år i Bergen, men utvandra derifrå i 1882

 

Dei hadde slektningar som budde i området kring Davenport, Cass Co., ND, men eg har saumfare det området fleire gongar utan å finna spor etter dei!

 

So fell augi mine i kveld på denne huslyden i Chamberlain, Brule Co., SD i 1900: https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120587_00273?pid=69722821&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx1331%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DHans%20H%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DSanwick%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbdy%3D1858%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D69722821%26dbid%3D7602%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx1331&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

SANDWICK, Hans H  Dec. 1856  44 years  Nor Nor  Nor  emigrated 1875  stock raiser

SANDWICK, Sophie  Dec. 1847  53 years  Nor  Nor  Nor  emigrated 1878  wife

married 15 years (her 2nd marriage?) - 2 children - 2 living:

SANDWICK, Henry T.  Mar. 1886  14 years  SD  Nor  Nor

SANDWICK, Anna G.  Oct. 1888  12 years  SD  Nor  Nor

 

Kan dette vera Hans Henrikson frå Sandvik i Luster?

 

Eg kan ikkje sjå noko meir til denne huslyden i andre kjelder, men augi mine er ikkje dei beste...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

South Dakota Naturalization Records Index: Second Papers 

 

1899_NAT_2nd.png

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje kor mykje opplysningar desse naturalization records inneheld; det varierer nok sterkt frå stat til stat, men uansett:  Me får i alle fall greie på at huslyden budde i Brule Co., SD alt i 1891.

 

Det er berre so underleg at dei ikkje er å sjå nokon stad etter 1900!  Dei ser ut til å vera «borte vekk»!  Kan dei ha endra ættenamn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å avsløra lagnaden til denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trond Pedersen

Vær klar over at  store deler av 1910 tellingen er uleselig og dermed ikke lagt ut. Amerikanske myndigheter makulerte papirutgaven av 1910 tellingen før de hadde kvalitetskontrolert  microfilmingen av den.  

Endret av Trond Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trond for siste meldingi!

 

Jau, eg er merksam på at 1910-teljingi er mangelfull, men det finst statlege teljingar frå South Dakota frå 1905 og 1915, og det er jo merkeleg at denne huslyden ikkje dukkar opp der heller...

 

Men eg vonar framleis på at dei før eller sidan vil komma fram i ljoset og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg la i aftes ut eit spørsmål om denne huslyden på den norsk-amerikanske Rootsweblista, og her er det komme eit svært interessant svar som mellom anna refererer til:

 

1906 census from Strathcona, Alberta:

SANDVIK, Hance  55  Norway  farmer  im. 1903

SANDVIK, Sopha  56  Norway  wife  im. 1903

SANDVIK, Henry  20  USA  son  im. 1903

SANDVIK, Anna  18  USA  dau  im. 1903

 

1921 census from Parkland, Victoria, Alberta:

SANDVIK, Hans  71  Nor  Nor  Nor  farmer  im. 1903

SANDVIK, Sophia  73  Nor  Nor  Nor  wife  im. 1903

 

BRATRUD, Alfred  35  US  Nor  Nor  farmer  im. 1902

BRATRUD, Anna  33  US  Nor  Nor  wife  im. 1903

BRATRUD, Alvin  7  AB  US  US  son

BRATRUD, Violet  5  AB  US  US  dau

BRATRUD, Clifford  3  AB  US  US  son

 

SANDVIK, Henry  35  US  Nor  Nor  farmer  im. 1903

SANDVIK, Bertha Florence  28  US  Nor  Nor  wife  im. 1903

SANDVIK, Eugen Lewis  3  AB  US  US  son

SANDVIK, Helen  2  AB  US  US  dau

 

Henry Theodore SANDVIK

born Mar. 18, 1886  SD

died Nov. 26, 1970  Vancouver, BC

spouse Beulah Schnare

 

Anna Gurina Sandvik BRATRUD

born Oct. 2, 1886  Brule Co., SD

died May 11, 1979  Ryley, Beaver Co., AB

(gravstøtte seier: Oct 2, 1887 - May 11, 1976!)

 

Alfred Olius BRATRUD

born July 17, 1886  Chamberlain, SD

died May 19, 1955  Ryley, AB

 

So har me gravstøttene til Hans og Sophie i Zion Lutheran cemetery nær Ryley, AB:

Hans Sandvik - Nov. 4, 1849 - Oct. 3, 1934

Sophie Sandvik - Dec. 27, 1847 - Nov. 29. 192(4?)

 

Alderen til Hans Sandvik stemmer dårleg, MEN FT1900 seier ganske klart at Hans var mange år yngre enn Sophia, og eg mistenker Hans for å ha «ljuge» litt på alderen!  Tross alt har fødselsDATOEN berre eit par dagars avvik...

 

Eg TRUR det kan vera Hans Henrikson frå Sandvik i Luster som kan «gøyma» seg attom denne Hans Sandvik i Alberta, menm høyrer gjerne andre syn på saki?  Kanskje er det nokon som har tilgjenge til andre kjelder som kan bidra med oppklaring?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

1911 Census of Canada - http://automatedgenealogy.com/census11/View.jsp?id=15619&highlight=20&desc=1911+Census+of+Canada+page+containing+Hans+Sandvik
Home / 1911 / Alberta / Strathcona / 19 Townships 47 / page 19 split view 
Transcribed by: Diane M. Sevigny

http://data2.collectionscanada.gc.ca/1911/pdf/e001932692.pdf

1911_Census_Can.png

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit interessant innlegg!

 

Det var kjekt at du fann huslyden i 1911.  Då budde dei altso framleis nær Strathcona, AB, men noko seinare, truleg før 1916, var dei truleg flytte til Victoria/Ryley, AB, men namni er kan henda so «misstava», at dei ikkje er til å kjenna att...?

 

Aldrane i 1911 er òg litt «off», men eg kjenner meg meir og meir sikker på at dette må vera «vår» Hans Henrikson, og eg har i mellomtidi, under denne føresetnaden, sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Henrikson (Sandvik), tvilling, f. i Luster 8.11.1857,

Hans Sandvik utvandra til Amerika i 1877 og gifte seg

 

#####(date and place of his marriage? – 1885?)

 

med Sophia

 

##### (her Norwegian origin?)

 

i Amerika kjend som Sophie Johnson.  Ho var dotter av

 

##### (names of parents?)

 

og f.

 

##### (birthdate Dec. 27, 1847?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (year of her emigration? – about 1878?)

 

Hans og Sophie busette seg først i Chamberlain, Brule Co., S.D. der Hans livnærte seg som

 

##### (Norwegian for «stock raiser»?)

 

men i 1903 tok dei «homestead» nær Strathcona, Alta. for sidan

 

##### (after 1911!)

 

å flytta til ein farm nær Ryley, Alta. der Sophie d. 29.11.1924. 

 

##### (death year to be verified?)

 

Hans Sandvik d. same staden 3.10.1934.  Dei fekk to born i lag:

a. Henry Theodore Sandvik, f. i Brule Co., S.D. 18.3.1886, d. i Vancouver, B.C. 26.11.1970.  Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – Strathcona, AB about 1915?)

 

     med Beulah Florence Schnare, f. i Woodbury Co., Ia. 15.7.1894.  Ho d. i Victoria, B.C. 12.3.1964. 

 

     ##### (occupation and place of their residence – 1916: farmed near Battleford, SK – 1921: farmed near Ryley, AB – 1929: Big Valley, AB)

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Eugen Lewis Sandvik, f. AB 1918 – listed 1929

            * Helen Sandvik, f. AB 1919 – listed 1929

            * Wilma Sandvik, f. 1924 – listed 1929)

 

b. Anna Gurina Sandvik, f. i Brule Co, S.D. 2.10.1886, d. i Ryley, Alta. 11.5.1979. 

 

     ##### (verify death date? – 1976?)

 

     Anna gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – Strathcona about 1913?)

 

     med Alfred Olaus Bratrud, f. i Worth Co., Ia. 17.7.1886.  Han d. i Ryley, Alta. 19.5.1955. 

 

     ##### (occupation and place of their residence? – 1916: farmed near Victoria, AB – 1921: farmed near Ryley, AB – by 1945 at Battle River, Camrose, AB)

 

     ##### (number of sons and daughters? – incl.:

            * Alvin Bratrud, f. AB 1914 – listed 1916/1921

            * Violet Bratrud, f. AB 1916 – listed 1921

            * Clifford Bratrud, f. AB 1918 – listed 1921)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden og vonar på fleire «gullkorn»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter at eg no er komen i kontakt med canadiske etterkomarar etter denne ætti, vil eg i kveld gjerne få henta fram att dette emnet!

 

Det synest heilt klart at det verkeleg ER «vår» Hans Henrikson Sandvik som døydde i Ryley, AB 3.10.1934.  Rett nok er han oppgjeven med fødselsår 1849, men fødselsdatoen er nesten nøyaktig, og truleg ville han berre gjera seg litt eldre for å «matcha» alderen til kona Sophie!  Dødsattesten følgjer vedlagd, og her er gravstøttene deira i Earling cemetery nær Ryley, AB:

 

http://www.canadianheadstones.com/ab/view.php?id=28290
http://www.canadianheadstones.com/ab/view.php?id=28291

 

FT1900 gjev han elles noko nær «rett» alder: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY3S-C7X?i=1&cc=1325221

 

Det som no er den største utfordringi her, er utan tvil:

 

** Kven var kona Sophie Johnson, som på gravstøtta har fødselsdato 27.12.1847, og som i 1900 òg er oppgjevi fødd i Noreg i desember 1847 (MEN med alder 53 år...) og utvandringsår 1878?  Kanskje heitte mori Anna??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til løysing av denne «floki» og lever i voni...

 

Hans H. Sandvik death cert.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har sete og leitt litt etter alternativ for Sophie Johnson og fann denne:

 

Sophia Johannesdotter, fødd «uekte» i Frosta, Nord-Trøndelag 22.12.1848, døypt 7.1.1849 av foreldri Johannes Olson og Karen Anna Sivertsdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2467/53

 

Kan denne vera eit alternativ?  Eg finn ho ikkje i FT1865...

 

Eller kva med denne «pige» Sophie Jonsdotter på 33 år som i 1879 utvandra frå Bjørnør over Trondheim:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=17849&merk=17849#ovre

 

Eg finn ikkje dåpen hennar...

 

Kanskje andre har betre «leiteauge» enn eg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tykte denne Sophie Jonsdotter som i 1879 utvandra frå Bjørnør til Willmar, MN, såg spennande ut, og eg har no undersøkt ho litt meir:

 

Her er ho innflytt til Bjørnør i 1870:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/285/pi00000000048190

 

Ifølgje originalen heiter ho Haarstad og er fødd i Selbu:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6497/373

 

Og her er vel fødsli hennar i Selbu 21.6.1846:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/15709/34

 

Då stemmer årstidi for fødsli heller dårleg med den Sophia me leiter etter (som skal vera fødd i desember...), men sikre kan me jo ikkje vera...  Er det nokon som kjenner lagnaden til denne Sophia Johnsdotter i Amerika?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til å finna opphavet til «vår» Sophie Sandvik i Noreg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.