Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arent (Henrikson?) Storch - fødd 1720 - prokurator og gjestgjevar i Marifjøra i Hafslo 1764-1775 - kvar vart det av han? - kva med stedotteri Anna Margrethe Thomasdotter Rein, fødd 1752?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne utfordringi vart første gongen drøfta i det gamle Brukarforum i 2005/2006 som tema #33335: https://forum.arkivverket.no/topic/118887-33335-arent-storch-gjestgjevar-i-marifjøra-frå-1764-til-1775-kven-var-han/

 

Den gongen vart opphavet til Arent godt sannsynleggjort, men lagnaden hans vart aldri funnen.  Kanskje kan det lukkast i dag?

 

Her er eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arent Storch Henriksen, truleg kjend som Arent Storch, opphavleg frå Strand i Nesna, var i so fall son av gardbrukar og skipper Henrik Abrahamson på Strand og kona Malena Arentsdotter Storch og vart døypt i Nesna 10.3.1720.

 

     ##### (endeleg stadfesting av dette opphavet?)

 

Arent Storch skal ha vore «prokurator» eller advokat i yngre år, men kvar han budde eller andre opplysningar om livet hans er ukjende.

 

##### (kvar hadde han butt??)

 

Truleg er det denne Arent Storch som først i 1760-åri dukka opp i Marifjøra og gifte seg her 18.12.1764 med Gjertrud Mikkelsdotter Asch, opphavleg frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

##### (fødd kring 1721, men kven var foreldri hennar?)

 

då enkja etter den føregåande brukaren, Thomas Witmanson Rein.  Arent tok over styring av landhandleriet på same tidi, og 20.10.1769 fekk han dessutan skøyte på Leirhola hjå Ole Arneson på Hunshammar.  Ikkje lenge etter vart det halde ny grenseforretning i Marifjøra, og det vart vedteke å flytta landhandelen noko lengre ut innanfor merket til Leirhola.  Truleg var det Arent Storch som sette opp det nye handelshuset som i dag er kjent som Tørvis hotell.  Men Gjertrud vart gravlagd frå Marifjøra 14.6.1772, og i 1775 selde han landhandelen med gjestgjevariet til eigaren av Leirhola.

Arent Storch flytte frå Hafslo att i 1775, men

 

##### (lagnaden hans?)

 

Arent og Gjertrud fekk ingen born i lag, men ho hadde tre born frå første ekteskapet med Thpomas Rein:

 1. Reinhold Witman Thomasson Rein (1750-1760).

 2. Anna Margrethe Thomasdotter Rein, døypt 13.2.1752, vart konfirmert i 1767.

Anna Margrethe Rein ser ut til å vera fari frå Hafslo i ung alder, men

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 3. Synneva Thomasdotter Rein (1753-1755).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at kanskje ein eller annan vil dra kjensel på denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kirstie, 1715

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006448604

 

Mor Malena introdusert: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/303/py00000000025813

 

Johanna, 1717

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006448996

 

Arne Storch, 1720

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006449677

 

Henric Abraham, 1725 - far: sl Henrich Abrahamson

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000006451191

 

Malene Storch introdusert 1725:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/303/py00000000026324

 

----------------------------------------------------------------------------------------

?????

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000016780

 

Sør-Trøndelag fylke, Å i Åfjord, Klokkerbok nr. 655C01 (1777-1788), Kronologisk liste 1782, Side 87-88
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070905680185.jpg
 

Han het Arnoldus Storch, så da faller han bort:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/321/pn00000000016949

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!

 

Det kan etter dette sjå ut som me har dåpen til Arent «på plass», og eg har endra innleiingsinnlegget mitt tilsvarande, utan at me har 100% prov på at det verkeleg var han som kom til Sogn...  Men me har vel heller ikkje so mange andre «kandidatar» å velgja mellom...?

 

Merkeleg kor «anonym» Arent synest å vera, både før og etter han var i Sogn.  Kan han ha vore i Danmark??

 

Kanskje kan stedotteri hans finnast ein eller annan stad og føra oss vidare til Arent?

 

Eg lever i voni og takkar endå ein gong for alle gode tips for å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi frå i fjor.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å syna fram av opplysningar, men vonar at kanskje nye lesarar er komne til som dreg kjensel på desse namni.  Dei to «store» sakene er, no som før:

 

** Kvar vart det av prokurator Arent Storch (Henriksen) etter at han i 1775 forlet Marifjøra og landhandelen der?

 

** Kvar vart det av stedotteri til Arent, Anna Margrethe Thomasdotter Rein, fødd i Hafslo 1752 og konfirmert her i 1767?

 

Dei kan då vel ikkje berre «forsvinna»!?  Kan dei ha flytt til Danmark??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kvar vart det av stedotteri til Arent, Anna Margrethe Thomasdotter Rein, fødd i Hafslo 1752 og konfirmert her i 1767

 

At dette skal være rett dame det tror jeg ikke helt på selv, men man vet ikke før man har prøvd 🙂

 

Den til Forsendelse med de Kongelige Rideposter privilegerede Danske Statstidende - 16. oktober 1812

 

image.png.9ccbaad48b28c4c85be72bf842dc5b86.png

image.png.9587997d8a58fb55438d2adc35542a37.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

So vidt eg forstår, gjeld dette personar i Luster, og gardsnamnet Sande er nemnt.  Då kan eg ikkje forstå anna enn at det må vera tale om mori Kari Trondsdotter og dotteri Anna Thomasdotter, båe busette på Sande i Luster i 1801:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000574

 

Dette er folk eg har full «kontroll» på, so Anna Margrethe Thomasdotter Rein må nok søkjast ein annan stad...

 

Men hjarteleg takk til Ivar for freistnaden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
På 3.10.2018 den 0.24, Lars E. Øyane skrev:

* Kvar vart det av stedotteri til Arent, Anna Margrethe Thomasdotter Rein, fødd i Hafslo 1752 og konfirmert her i 1767?

 

Finner denne på Holmen i Bremanger - https://www.nb.no/items/fb0a82d85eb33f22052ded69110e695c?page=189&searchText=" anne margrethe rein"

 

 

 

image.png.68d00b59ff68282c30966a3af579317b.png

image.png.052719632f2951e504ab47e27eede36f.png

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg har registrert at Anne Margrethe Thomasdtr. Rein må ha giftet seg med Olav Rasmussen Bruland rundt 1780. Han var da enkemann etter sin første hustru Marianne Jensdtr. Munchlair 1739-1779.

I sitt ekteskap med Olav har jeg registrert barna Marianne 1783 - 01.04.1837. Hun ble gift 31.12.1804 i Bremanger med Johannes Steensen ca. 1772- 01.02.1853.

Og sønnen Olav Olavsen Bruland født omlag 1785- gravlagt 05.03.1797 på Holmen i Bremanger.

 

Olav Rasmussen Bruland må ha dødd rundt den tiden (1785).

 

Anne Margrethe giftet seg så på nytt 13.04.1789 med Mads Tybring Quale 1763-1840.

Jeg har ikke registrert barn i det ekteskapet.

Anne Margrethe Rein døde på Hauge i Bremanger 07.06.1841.

 

Skifte etter Mads Tybring Quale på gården Hauge 27.07.1840.

SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, Ad, 1836-1845, s. 294b-295a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127650298

 

1801 Tellingen for gården Hauge.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011437&gardpostnr=110&personpostnr=2397&merk=2397#ovre

 

Dødsfallet til Anne Margrethe i 1841.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogngrav

 

Dessverre ser det ut til at deler av kirkeboka for Kinn mangler. Jeg finner ingen oppføringer mellom nov 1780 og sept 1785. Dersom denne delen er borte for all fremtid, vil vi neppe finne Anne Margrethes første vielse ei heler dåpen til de to barna hennes eller dødsfallet til første ektemannen Olav Rasmussen Bruland.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Datteren til Anne Margrethe Thomasdtr. Rein, Marianne Olavsdtr. Bruland ble altså gift i 1804 med Johannes Steensen. De slo seg ned på gården Kongsvoll, Ørlandet i Sør-Trøndelag hvor Johannes var gjestgiver og fisker.

Marianne døde der 01.04.1837 og ektemannen Johannes Steensen samme sted 01.02.1853. Han var 81 år gammel ved sin død.

 De fikk i alle fall 7 barn sammen.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Rune for kjempespennande og sensasjonelle innlegg!  Du Ivar har greidd det nesten umogelege, å finna lagnaden til Anna Margrethe Rein.  Eg er storligen imponert!  Dette er igjen forsking på «høgste nivå»!

 

Men før eg går i detalj på Anna Margrethe og lagnaden hennar, vil eg gjerne få kommentera skiftet etter Gjertrud Storch frå Marifjøra.  Dette er eit langt og spennande skifte, sm eg ikkje før har studert i detalj, men som eg no har «skumlese» so augi vart «store og våte».  Eg er ikkje sikker på om eg har fått med meg alt her, men i futelista frå Sogn:

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Futar_i_Sogn

kjem det fram at Arnt Storch var konsitituert fut i Sogn etter Hans Leganger frå 1768 til 1769.  I skiftet etter Gjertrud kjem det fram ymse om Arent Storch, men eg får ikkje heilt tak i kva det er!  Er det slik å forstå at han var flytt frå Marifjøra kort etter at Gjertrud døydde og at han sidan sjølv var avliden?  Denne teksten på siste sida av skiftet (side 60 - lengst nede i første spalte og øvst i andre spalte) KAN tyda på det:

https://media.digitalarkivet.no/view/24142/61

 

«Paa Sorenskriver Fleischers Forespørgelse af 28de Nov. sist afvigte [1775] og 12te Martj indeværende Aar [1776] betrefende Skiftes Slutning efter den i Ytre og Indre Sogns Fogderie for hen Constituerede og nu ved Døden afgangne Foged Aren Storch Hustrues melder til efter Retning at de af be……..(?) Aaret aflagde Regnskabers Afgiørelse …»

 

Eg observerer eit problem i formateringi av denne teksten, so eg set punktum her og kjem attende med meir i neste innlegg...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Bare hyggelig Lars, og kjekt at Rune ble med "på dansen" 🙂

 

Sitter med en følelse av at Arent kommer fra en av Storch slektene i/rundt Bergen, og at Giertrud Mikkelsdatter Asch kommer fra en av de bergenske rikfolk sine storgårder på Ask i Askøy.

 

Her er en kandidat - Michel Rasmusen Asch - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006109478.

Skal kikke litt nærmere på det siden.

 

Blingset litt vedrørende giftemålene til Giertrud. Det er nå slettet

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er eg attende....

 

Hjarteleg takk til Ivar for innlegget som er komme i mellomtidi!  Eg ser du er inne på problematikken kring opphavet til Gjertrud Mikkelsdotter Asch, som eg òg har vore oppteken av.  Og denne Mikkel Rasmusson Asch som du nemner, er ikkje noko dårleg alternativ!  I skiftet etter Mads Tybring Quale er ho sogar omskrivi som Margrethe Rasmine f. Rein:

https://media.digitalarkivet.no/view/24209/298

 

Eg har no freista setja opp eit nytt manuskript for denne huslyden der eg har fletta inn opplysningane som er framkomne om Anna Margrethe Rein.  Dette ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #21 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
54 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Marianne Jensdotter Monclair frå

 

Trolig skifte  etter Marianne 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000624709

 

Det er en Mariane Moncler som opererer som fadder ved flere anledninger i Bergen på 1750 tallet

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005872528

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005879316

 

Men det er mulig det er hun som her står ført som Nicolaydatter

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005870289

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Olav Rasmussen Bruland skal være sønn av Rasmus Olsson Bruland i Utvik, Sogn og Fjordane og første kona Sigrid Larsdtr. Denne Rasmus Olsson Bruland giftet seg andre gang med Ingeborg Christensdtr. Wittrup 1711- 1789.

 

Ivar Moe.

 

Ja, det er skiftet etter første kona til Olav Rasmusson Bruland. De hadde barna Anne  Olavsdtr. Bruland 1773-1846, gift 16.09.1798 med Jacob Heljeson Fæster 1775-1840.

 

Og sønnen Johan Nicolai Olavson Bruland 1776-1869 gift med Rachel Elisabeth Jansen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
7 minutter siden, Rune Thorstensen skrev:

Olav Rasmussen Bruland skal være sønn av Rasmus Olsson Bruland i Utvik, Sogn og Fjordane og første kona Sigrid Larsdtr. Denne Rasmus Olsson Bruland giftet seg andre gang med Ingeborg Christensdtr. Wittrup 1711- 1789.

 

Ivar Moe.

 

Ja, det er skiftet etter første kona til Olav Rasmusson Bruland. De hadde barna Anne  Olavsdtr. Bruland 1773-1846, gift 16.09.1798 med Jacob Heljeson Fæster 1775-1840.

 

Og sønnen Johan Nicolai Olavson Bruland 1776-1869 gift med Rachel Elisabeth Jansen.

 

Vi lever i ett lite land.

Alexander Helleson Fæster ‎

Direkte ane (8 generasjoner)

1712

1743

 

Antar dette er samme slekt

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Ja det er nok samme slekten .Alexander er grandonkel til Jacob via sin søster Anne Heljesdtr. Fæster 1714-1776 gift med Hans Jonsson Ryland 103-1792. De fikk sønnen Helje Hansson Fæster 1745-1824 gift med Synnøve Rasmusdtr.Svarstad  1744-1794, som altså fikk sønnen Jacob i 1775. og i generasjonen før Alexander og Anne smelter slektene Fæster og Balchen sammen. Her var det mye sammenfallende interesser i handel og gjestgiveri, og sikkert eksempler på at det kanskje ikke nødvendigvis var kjærlighet som var grunnen til ekteskapene, men rene forretningsinteresser.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Her er skiftet etter Rasmus Olsen Bruland 14.05.1789.

 

Jeg har problemer med å lese det, men kanskje andre kan ha nytte av det.

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0019b: Skifteprotokollar, 1790-1795, s. 170b-171a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081201650174
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Rune for nye spennande og interessante innlegg!

 

Eg har studert innleggi og har ogso finne nokre ekstra opplysningar som har resultert i følgjande oppdaterte manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #15 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witmanson Rein, frå Bergen, men son av handelsmann Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein i Bergen, opphavleg frå Valaker i Hafslo, vart døypt i Bergen 30.7.1719 og d. i Marifjøra kring 1755.  Han flytte i ung alder til Hafslo og gifte seg her 3.3.1750 med ei Gjertrud Mikkelsdotter Asch frå

 

     ##### (opphavet hennar? – foreldri og fødestad?)

 

     Ho var f. kring 1721 og vart gravlagd frå Marifjøra 14.6.1772.  Thomas fekk 23.5.1749 skøyte på gjestgjevariet ved Marifjøra med alle husi med grunn hjå Peder Thomasson, og 30.5.1750 fekk han likeins kongeleg løyve til å driva øltapperi i Marifjøra.  Etter Thomas var avliden, fekk Gjertrud 20.7.1764 kongeleg løyve til å driva øltapperiet for Marifjøra og Jostedalen skipreider og Gaupne anneks vidare.  Gjertrud fekk 25.10.1764 likeins løyve til å driva kremmarhandel for same område.  Thomas og Gjertrud fekk tre born i lag:

 1. Reinhold Witman Thomasson Rein (1750-1760).

 2. Anna Margrethe, kjend som Margrethe Thomasdotter Rein, døypt 13.2.1752, vart konfirmert i Hafslo i 1767.

Margrethe Rein gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hennar? – truleg Bremanger kring 1782?)

 

med enkjemannen Ole Rasmusson, opphavleg frå Bruland i Utvik, Stryn, kjend som Ole Bruland.  Han var son av gardbrukar og sersjant Rasmus Olson på Bruland, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Ingeborg Christensdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Utvik

 

##### (dato for fødsli/dåpen hans? – kring 1747?)

 

Han gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hans? – kring 1772? – ikkje finne Bremanger!)

 

med Marianne Jensdotter

 

##### (farsnamnet kan henda Nicolaisdotter? – eller heitte faren Johan Nicolai??)

 

Monclair frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi? – Bergen?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1742!?)

 

og d. vart gravlagd som gjestgjevarkone frå Grotleberget i Bremanger 8.9.1779.  Ole Bruland fekk 4.8.1779 bevilling til å driva landhandel på Holmen, òg kalla Grotleberget under Hauge i Bremanger, men d. der alt 1.9.1780.  

 

##### (dødsfallet skal vel vera 1784? – skifte 9.3.1785!)

 

Margrethe gifte seg att i Bremanger 13.4.1789 med Mads Tybring Madsson Quale frå Smørhamn i Bremanger.  Han var son av

 

##### (yrket til far?)

Mads Tybring

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Quale på Smørhamn, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Maria Henriksdotter Bruus frå

 

##### (opphavet hennar? – vigde Bremanger 1.1.1758!)

 

og vart døypt i Bremanger 8.8.1763.  Mads fekk 8.10.1789 bevilling på Grotleberget under Hauge, som Bruland hadde drive og var dessutan losoldermann same staden.  Mads d. som gjestgjevar på Hauge 15.6.1840, medan Margrethe d. same staden 7.6.1841.  Ho fekk i alt to born, som båe var frå første ekteskapet med Ole Bruland, men Ole Bruland hadde òg to born frå første ekteskapet sitt:

a. Anna Nicoline Kirstine Olsdotter Bruland, døypt i Bremanger 20.5.1773, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje finne i Bremanger!)

 

     1846.  Anna gifte seg i Bremanger 16.9.1798 med Jacob Fæster Helgeson, kjend som Jacob Helgeson Fæster frå

 

     ##### (opphavet hans? – kvar i Bremanger oppvaksen?)

 

     døypt i Bremanger 17.12.1775.  Han d. som gardbrukar på Svarstad i Bremanger 26.1.1840. 

 

     ##### (yrke og bustad? – gardbrukarar Svarstad i Bremanger?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

b. Johan Nicolai Monclair, kjend som Jan Olson Bruland, døypt i Bremanger 28.4.1776, d. som reipslagarmeistar i Sandviken, Bergen 5.3.1867.  Han gifte seg første gongen i Bremanger 9.8.1800 med Rachel Elisabeth Jansdotter frå Bergen, døypt i Bergen 1.11.1774.  Ho d. som reipslagarmeistarkone i Bergen 24.4.1816, og Jan gifte seg 4.11.1816 att i Krosskyrkja i Bergen med Engel Marie Jansdotter Beyer frå Bergen, f. i Bergen 3.1.1793.  Ho d. som reipslagarmeistarkone i Bergen 27.11.1822, og Jan gifter seg tredje gingen i Domkyrkja i Bergen 10.11.1825 med Ida Sophie Christiansdotter Jæger frå Bergen, f. i Bergen 5.1.1809.  Ho d. som «Madame» i Bergen 21.10.1852.  Jan Bruland vart reipslagarmeistar og budde i Sandviken i Bergen.  Han fekk i alt

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ole Sandberg, døypt i Bremanger ?.8.1800

            * Rasmus, f. KK, Bergen 21.3.,1802

            * Martin Laurits, f. KK, Bergen 3.8.1803

            * Johan, f. KK, Bergen 19.11.1804

            * Oluf Johan, f. KK, Bergen 19.7.1817

            * Reinhard, f. KK, Bergen 23.6.1818

            * Maria Beyer, f. KK, Bergen 10.12.1820

            * Engel Maria Beyer, f. KK, Bergen 12.7.1826

            * Ane Rasmiune, døypt Bergen 1.2.1828

            * Marianne, f. KK, Bergen 7.10.1829)

 

c. Marianne Bruland, f. i Bremanger kring 1783, d. på Kongsvoll på Ørlandet 1.4.1837.  Marianne gifte seg i Bremanger 31.12.1804 med Johannes Stenson frå

 

     ##### (kvar var han oppvaksen?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – 1772?)

 

     Han d. som handelsmann på Kongsvoll 1.2.1853.  Johannes var fiskar, og han og Marianne var dessutan gjestgjevarar på Kongsvoll på Ørlandet.  Dei fekk sju born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born?)

 

d. Ole Olson Bruland f. i Bremanger våren 1785, vart gravlagd frå Holmen i Bremanger 5.3.1797.

 3. Synneva Thomasdotter Rein (1753-1755).

 

Arent Storch Henriksen, kjend som Arent Storch, opphavleg frå Strand i Nesna, var son av gardbrukar og skipper Henrik Abrahamson på Strand og kona Malena Arentsdotter Storch og vart døypt i Nesna 10.3.1720.

Arent Storch skal ha vore “prokurator” eller advokat i yngre år,

 

##### (bustad før 1764?)

 

Først i 1760-åri dukka Arent Storch opp i Marifjøra, og han gifte seg i Hafslo 18.12.1764 med Gjertrud Mikkelsdotter, enkja etter den føregåande brukaren.  Arent tok over styringi av landhandleriet på same tidi, og etter at han i 1768 til 1769 hadde vore konstituert fut i Sogn, fekk han 20.10.1769 dessutan skøyte på Leirhola hjå Ole Arneson på Hunshammar.  Ikkje lenge etter vart det halde ny grenseforretning i Marifjøra, og det vart vedteke å flytta landhandelen noko lengre ut innanfor merket til Leirhola.  Truleg var det Arent Storch som sette opp det nye handelshuset som i dag er kjent som Tørvis hotell.  Men Arent vart enkjemann i 1772, og i 1775 selde han landhandelen med gjestgjevariet til eigaren av Leirhola.

Arent Storch flytte

 

##### (flytte frå Hafslo i 1775, men kvar vart det av han?? – seinare lagnad?)

 

Arent og Gjertrud fekk ingen born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det høyrest ut som om du, Rune, sit med ein del opplysningar om denne huslyden, og eg vonar du er viljug til å dela dei med oss...  Ættar du kan henda ned frå dei?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplkettera denne biografien som fo0r mindre enneit døgn sidan var so ufullstendig!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Mariane er datter av Jan "Jean" Nicolay Monclair fra St. Martin, Frankrike og Ane Jansdatter Hardt f. 1707, Bergen.

 

 

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Det er dessverre mange huller i kirkebokoppføringene i Kinn, dermed får vi aldri svar på eksakte datoer for dåp og vielser etc.

Når det gjelder Anne Nicoline Bruland, er jeg ikke sikker på hvor hun ble født. I bygdeboka for Bremanger bind I står det at da Jørgen Balchen døde i 1777, skøytte enken Johanne Nilsdtr. Lax eiendommen på Holmen og Grolsberget over til Olav Rasmusson Bruland fra Nordfjord. Hvor Olav hadde oppholdt seg før 1777 står det ingenting om.

Men i følge databasen for Stryn fra 1750 er ikke Anne Nikoline døpt der.

Jacob Helgeson Fæster ble nok født på Svarstad. Faren Helge Hansson Fæster satt på bruk nr. 5 fra 1772 til 1797. Han giftet seg 06.08.1775 med Synnøve Rasmusdtr. Svarstad 1744-1794.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14371689&gardpostnr=1303&personpostnr=2605&merk=2605#ovre

 

Jacob ble døpt på Svarstad 17.12.1775.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14371729&gardpostnr=2795&personpostnr=5633&merk=5633#ovre

 

Når det gjelder dødsfallet til Anne Nicoline, så dør hun 25.12.1846 som Anne Olsdtr. Dødsfall nr.1 i det nye kirkeåret, men årstallet er altså 1846.

 

SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 11, 1841-1855, s. 27
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310388
 

 

Når det gjelder barn i ekteskapet mellom Jacob og Anne har jeg kun registrert datteren Olave Susanne som ble døpt 10.02.1799, gift 13.07.1823 med Stephen Jørgenson Klungreset 1802-1885. Jeg har  ikke registrert dødsdato/år på Olave Susanne, men hun var i live i 1865.

 

Jeg vet ikke noe om hvor eller når Johannes Steenersen ble født. I databasene for det gamle Digitalarkivet over Ørlandet har jeg funnet  7 barn døpt. Jeg har navn og fødselsdato om det er av interesse. Men kan i alle fall si at her finner vi en Johan Nicolai, en Johan Mads Tybring Qvale og en Johanna Massine Tybringdine Qvale, og en Margrethe Rasmine Rein. Så det er ikke vanskelig å se slektsforbindelsen her.

 

 

Marie Krisine Henrichsdtr. Bruus var døpt i Bergen 30.11.1732 som datter av Henrich Bruus gravlagt 31.08.1744 i Bergen og Kirsten Helt, født i Bergen 1697- gravlagt 28.12.1747 i Bergen.

 

Mads Tybring Qvale skal være sønn av Paul Qvale og hans første hustru Ingeborg Elisabeth Henriksdtr. Busch f. 1701 - gravlagt 22.07.1737 i Molde. Jeg vil tro at Mads må være født på Nordmøre. Det skal visstnok være en gård som het/er Qvale der oppe.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Lars

Jeg fant denne på leting etter Monclair.  Far Hermund er vel fra Luster ?

image.png.4d575100046f19507db86550ca6b5431.png

 

Monclair - https://no.wikipedia.org/wiki/Monclairhuset

http://fotomuseum.origo.no/-/sandbox/archive/180416_fotomuseum?tag=Monclairhuset&ref=checkpoint

 

 

I følge dette emne så skal Mariane Monclair være godt utredet i en av bygdebøkene fra Bremanger. Men den er tydeligvis ikke tilhgjengelig i skannet utgave. Så om noen kan gjøre ett oppslag så er det fint

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

 

 

Her er skifte etter Paul Quale:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000617691

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 6 (1752-1767), Skifteprotokollside, Side 369b-370a
https://media.digitalarkivet.no/view/24191/373

https://media.digitalarkivet.no/view/24191/374

 

Borgar i Bergen 1742, fra Romsdal.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/37/pc00000000022393

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.