Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Knut Pederson Dahl - fødd i Valdres kring 1722(?) - gift i Land 1747 - døydde på Nes i Ådalen (Norderhov) 1790 - kven var denne mannen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som eg presenterte første gongen for over 15 år sidan som tema #7702 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/93656-7702-knut-pedersen-dahl-i-valdres-f-ca-1720-1725-h/?tab=comments#comment-772705

 

For kort å oppsummera:

 

Knut Pederson Dahl gifte seg i Land 10.2.1747 med Gudbjørg Tollefsdotter Djuve: https://www.familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Oppland&query=%2Bgivenname%3AKnut~ %2Bsurname%3APederson~ %2Bmarriage_year%3A1746-1748~ %2Brecord_country%3ANorway %2Brecord_subcountry%3A"Norway%2COppland" %2Brecord_type%3A(1)

 

Gudbjørg Tollefsdatter vart døypt i Land 7.4.1726 som dotter av gardbrukar Tollef Bjørnson på Djuve, av Frøysok-ætti frå Gol, og kona Mari Tollefsdatter fra Tøndrum i Nordre Land.

 

Mannskapsrullen for Landske Regiment frå 1748 fortel følgjande:  «Corporal Knud Pedersen Dahl, føed i Walders, 26 aar, gift, soldat i ett aar og corporal i 4 1/2 aar»

 

Knut og Gudbjørg budde nokre år på Grøv i Hedalen, Sør-Aurdal der dotteri Marik Knutsdotter vart døypt 26.11.1751.

 

Ekstraskatten frå 1762 syner at Knut då var busett som gardbrukar (og eigar) på Nes i Ådalen, og der døydde han i juli 1790, oppgjeven alder då 76 år!.  Han er stundom nemnd Dahl, stundom Berg eller berre Nes og opptrer rett som det er lånetransaksjonar i Ådalen!  Det kan sjå ut som om han ikkje var heilt utan middel då han budde i Ådalen...

 

Enkja Gudbjørg var i 1801 busett hjå dotteri Mari på Hovland i Lunder sokn, Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058270005304

 

der ho døydde i 1803.

 

Eg har i det gamle emnet frå 2002 lista opp fleire «kandidatar» for Knut Pederson Dahl, fødde i Valdres, men det er ingen som verkeleg seier «pang»!  Dei beste «kandidatane» synest vera dei som er nemnde i innlegg #10 (Knut Pederson frå Rundhaug i Sør-Aurdal, fødd 1720) og innlegg #11 (Knut Pederson frå Slidre, fødd kring 1721)...  Ekken kan han vera frå Dahl i Vang?

 

Knut Pederson Dahl er mellom forfedrane mine, og det hadde vore svært so gildt om det endeleg kunne lata seg gjera å identifisera denne mannen!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har ingen løsning på spørsmålet ditt, men jeg ser at Knut og Gudbjørg også hadde ei datter Berte, døpt i 1749:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4M3-WQS

 

Oppland fylke, Bagn, Reinli, Hedalen, Bruflat, Aurdal, Skrautvål, Ulnes, Svenes i Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1730-1762), Fødte og døpte 1749, Side 349-350
https://media.digitalarkivet.no/view/9361/178

 

Kan hun eventuelt være oppkalt etter farmor, siden søsteren Mari antakelig er oppkalt etter Gudbjørgs mor, Mari Tollefsdatter? 

En av fadderne til Berte heter Rangdi Pedersdatter Grof - men hun har antakelig ikke noe med Knut Pedersen Grof å gjøre. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 11.9.2017 den 20.32, Lars E. Øyane skrev:

Ekstraskatten frå 1762 syner at Knut då var busett som gardbrukar (og eigar) på Nes i Ådalen, og der døydde han i juli 1790, oppgjeven alder då 76 år!. 

 

Hvis Knut var 76 år gammel da han døde, gir det fødselsdår 1714. I mannskapsrullen er han 26 år, født ca 1722.

Jeg synes for øvrig det står 74 år gammel på Knut Pedersen Næs i 1790:

 

Buskerud fylke, Norderhov, Haug, Lunder, Viker (Ådal), Hønefoss i Norderhov, Ministerialbok nr. 6 (1789-1811), Kronologisk liste 1790, Side 20 - venstre side, ca midt på siden:

https://media.digitalarkivet.no/view/8526/22

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for skikkeleg spennande og interessante innlegg!

 

Det er nok ein prenteleif frå mi side med alderen til Knut Pederson Næs i 1790.  Eg er samd med deg: det står heilt tydeleg 74 år!

 

Ellers hadde eg ikkje sett at Knut og Gudbjørg ogso hadde ei dotter i 1749 med namn Berte, og det er ikkje usannsynleg at ei farmor her er vorti oppkalla, men hjelper det med omsyn til å spora opp han Knut?  Ingen av «kandidatane» frå det gamle emnet frå 2002 synest ha hatt ei mor Berte...

 

Men so har du òg oppdaga ein faddar med namn Rangdi Pedersdotter Grøv i 1749, og denne jenta KAN vera meir spennande enn du trur!  Eg finn ikkje nokon Rangdi/Randi Pedersdotter i Valdres som synest høva med denne jenta i Hedalen, korkje som døypt eller vigd, MEN eg ser at ei Rangdi Pedersdotter gifte seg i Norderhov 2.1.1756 med ein Anders Christopherson Hønnefoss:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8523/241

 

Dei får to born som båe er døypte i Norderhov hovudsokn:

 

* Christopher, døypt på Hønnefoss 13.8.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/14

 

* Anne, døypt på Hønnefoss 3.8.1760: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/47

 

Pussig nok finn eg IKKJE noki truloving for Anders og Rangdi dei siste sju-åtte månadane før januar 1756, og heller ikkje finn eg noki Rangdi Pedersdotter døypt i Norderhov mellom 1715 og 1740.  Kanskje denne Rangdi er identisk med ho som i 1749 var faddar i Hedalen?  Kanskje er ho søster til Knut?  Kom dei til Norderhov i lag kring 1755?

 

Saki har teke ei spennande «vending», og no vonar eg sjølvsagt at nokon kan ha nye tankar og tips å komma med?  So vidt eg hugsar (eg kikka i boki ein gong for mange år sidan...), er bygdeboki for Hedalen heller «spinkel» når deg gjeld huslydane som budde der på 1750-talet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å knekka denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Pussig nok finn eg IKKJE noki truloving for Anders og Rangdi dei siste sju-åtte månadane før januar 1758

 

2. januar 1756:

Buskerud fylke, Norderhov, Haug, Viker (Ådal), Lunder, Hønefoss i Norderhov, Ministerialbok nr. 3 (1740-1757), Kronologisk liste 1756, Side 236
https://media.digitalarkivet.no/view/8523/241

 

Trolovet 2. desember 1755??

Buskerud fylke, Norderhov, Haug, Viker (Ådal), Lunder, Hønefoss i Norderhov, Ministerialbok nr. 3 (1740-1757), Kronologisk liste 1755, Side 234
https://media.digitalarkivet.no/view/8523/239

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt interessant innlegg.

 

Du har nok finne den rette trulovingi.  Brudgommen heitte då altso Lundstad, og so vidt eg kan sjå, var Lundstad ein husmannsplass under garden Aure i Sokndalen (Lunder sokn).  Om det er rett, er me ikkje so langt unna bustaden til Mari Knutsdotter, dotteri til Knut Pederson Dahl, rett «over skauen» frå Nes i Ådalen, og frå Grøv i Hedalen!!  Kanskje er det likevel ei søster av Knut denne Rangdi Pedersdotter?

 

Kan Dahl-namnet ha bakgrunn i HeDALen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Garden Aure i Lunder sokn er heller ikkje langt frå Krødsherad og Flå i dåverande Nes prestegjeld, og ved nærare ettersyn finn eg ei:

 

Rangdi Pedersdotter døypt i Nes 14.5.1731.  Far hennar heitte Peder Guttormson:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8541/95

 

Men kanskje er eg heilt på villspor...?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag blatt lite vetta i kyrkjebøkene for Norderhov og finn konfirmasjonen til Mari Knutsdotter Næs i 1768:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8524/176

 

Derimot finn eg IKKJE at søsteri Berte er konfirmert i Norderhov, so kan henda døydde ho i ung alder?

 

Elles vonar eg framleis at noko kan hjelpa meg identifisera Rangdi Pedersdotter og syna om ho var søster til Knut Pederson Dahl/Næs...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste spennande innlegg!

 

Eg har òg vore inn og leitt etter denne Peder Guttormson på FamilySearch, og so vidt eg kan tolka dei opplysningane som ligg føre, var det anten to ulike personar i Nes med same namn på om lag same tid, eller same mann var gift to gongar?  Sonen Knut, som han fekk (med andre kona Margit?) i 1737, er sjølvsagt alt for ung til å vera «vår» mann på Nes i Ådalen, men han KAN jo godt ha hatt ein son med same namn fødd i første ekteskapet sitt?  Underleg er det likevel at me ikkje kan finna noki vigsle i Nes for foreldri til dei eldste borni i denne søskenflokken, og eg kan ikkje sjå noki vigsle i Valdres heller...!

 

Bygdeboki for Nes vil truleg ha svar på dette, om ein kan finna omtalen av denne huslyden!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å spora opp opphavet til Knut Pederson Dahl!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg har fått ei melding om at eit fattigregister frå Ådalen dagsett 1742 skal innehalda namnet:

 

Rangdi Pedersdotter, 10 år gamal, foreldrelaus

 

Dette ser jo mistenkeleg ut i retning jenta som vart døypt i Nes i 1731!?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand til å spora opp denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no motteke ei melding om kva bygdeboki for Nes seier om Peder Guttormson og huslyden hans, teke frå band II side 562 spm går ut på at:

 

Peder Guttormson frå Devegge, fødd 1704, død 1773, gift med Eli Eivindsdotter frå Tolleivsgard, død 1766, flytte i 1731 frå Devegge til Rudningen/Persmoen og vart buande der.  Mellom dei i alt elleve borni deira er nemnde:

 

* Rangdi Pedersdotter (1731-1808?) - gift 1758 med Ole Larsson Tolleivsgard - budde der «ei tid»!

 

* Knut Pederson (1737-1801) - gift 1764 med Gjerrtrud Mikkelsdotter frå Merudningen - bu!dde der

 

Den Peder Guttormson som er nemnd gift i innlegg #9 ovanfor, er med andre ord ein annan Peder, og ser me nærare på den vigsli, fann ho stad på GOL!

 

Elles fortel dette avsnittet frå bygdeboki heilt tydeleg at den i dette emnet etterlyste Knut Pederson Dahl IKKJE høyrde til denne huslyden frå Nes, og det gjorde nok heller ikkje den Rangdi Pedersdotter som er nemnd i innlegg #11 som fattig og busett i Ådalen!

 

Konklusjonen min er følgjande:

 

** Knut Pederson Dahl er nok likevel fødd i Valdres, slik militærmanntalet seier, kan henda i Hedalen!

 

** Rangdi Pedersdotter, nemnd som fadder på Grøv i Hedalen i 1749 (sjå innlegg #2 og #4), og ogso som «fattig» i Ådalen i 1742, kan godt vera ei søster av «vår» Knut, og kan godt vera ho som i 1756 gifte seg i Norderhov med Anders Christopherson (sjå innlegg #4)!?

 

Men kven var foreldri deira?

 

Dette er soleis framleis ei skikkeleg «kjempeutfordring», og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×