Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Antonette Gulbrandsdotter - fødd på Ringsaker kring 1862 - til Amerika i 1880-åri - gift i Canton, SD 1887 - kven var ho?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #82317 frå det gamle brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/167653-82317-antonette-gulbrandsdotter-fødd-ringsaker-i-telemark-1862-til-amerika-1885/?tab=comments#comment-1432969

 

der eg først og fremst vil takka, seint, men like hjarteleg, for dei mange innleggi som kom i 2010!

 

Innleiingsinnlegget frå den gongen var følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

Frå Amerika får eg opplyst at ei Antonette Gulbrandsdotter ''Nettie Gulbrandson'' skal vera fødd 23.9.1862 i ''Ringsaker, Telemark''.  Ho skal ha utvandra i 1885 og gifte seg i Canton, SD 1887 med Andrew A. Urness frå Hafslo i Sogn!

 

* FT1900 oppgjev fødsli hennar til Sep. 1862 og utvandringsår 1885

 

* FT1910 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1885

 

* FT1920 oppgjev fødsli hennar til 1862 og utvandringsår ukjent

 

* FT1930 oppgjev fødsli hennar til 1862-1863 og utvandringsår 1895(!)

 

* Dødsattesten hennar frå 30.11.1950 oppgjev fødselsdato 23.9.1861, og nekrologen seier ho utvandra i 1880!

 

Utifrå desse opplysningane lyt me tru ho var fødd i september 1862 og at ho utvandra kring 1885, men KVEN VAR HO?

 

Eg står ''bom fast'' og vonar på hjelp frå Brukarforum på å løysa dette problemet!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

~~~~~~~~~~

 

Eg har i dag studert denne saki på ny, og eg har observert følgjande:

 

Andrew og Nettie fekk seks born i lag, og det yngste av dei var født i 1899.  Elles har me til no teke det for «faktum» at Nettie i Noreg heitte Antonette, MEN ho KAN vel òg ha heitt Agnette?

 

Eg har vore borti fleire døme i Amerika på at særleg jenter «ljugde» på alderen sin, og dersom me skal tru at Antonette verkeleg var frå Ringsaker, vil eg henta fram at denne «kandidaten» frå innlegg #4 i det gamle emnet, presentert av Bjørg Hukkelberg:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9081/156

 

Denne Antonette Gulbrandsdotter var fødd i Tandeeiget på Ringsaker 16.9.1857 av foreldri husmann Gulbrand Monsson og kona Anna Larsdotter

 

Her er denne huslyden i FT1865 på plassen Midtimellom under Haavi vestre på Ringsaker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=005&bnr=0140&lnr=000

 

Og her er dei i FT1875 på ein plass under Haavind på Ringsaker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0412&kenr=005&bnr=0115&lnr=00

 

I innlegg #14 i det gamle emnet nemner Hilde Rossing ei Agnete Gulbrandsdotter (Ambli) som var fødd 26.9.1858 og som utvandra frå Ringsaker i mai 1880 - sjå øvst på høgre side her:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6014/318

 

Eg finn ikkje fødsli hennar i kyrkjeboki for Ringsaker, men her er huslyden i 1865 som gardbrukarar på Ambli på Ringsaker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=014&bnr=0036&lnr=000

 

Og her er dei i FT1875 på Amblirødningen, men då er ikkje Agnete nemnd:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0412&kenr=014&bnr=0045&lnr=00

 

Båe desse «kandidatane» er fødde nokre år «for tidleg», men dei har det til felles at dei er fødde nær 23.9., som er datoen oppgjeven for «vår» Nettie i Amerika.

 

Kanskje kan desse to «kandidatane» følgjast opp i bygdeboki for Ringsaker?  Kjenner ein lagnadane deira?

 

Det hadde vore «jettekul» om me greidde å identifisera «vår» Nettie Gulbrandsdotter i Amerika, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

AGNETTA STENDAL (HEDMARK)
Agnetta Amlee Stendal was born September 25, 1859 in Hedmarken, Norway, the daughter of Gudbran and Lisabeth Amlee. Her father passed away in Norway, but her mother with her family of three sons and two daughters came to America in 1880 and settled first in Black River Falls. Agnetta Amlee was joined in marriage to Ole Elias Stendal April 4, 1884 at Eau Claire. In 1887 Mr. and Mrs. Stendal moved to Fitch Coulee and settled on a farm. Here eight children were born to them: namely, Theodore, now of Whitehall; Oscar, Pigeon Falls; Archie, Pigeon Falls; Walter, Whitehall; Mrs. Kneeland Simons, Hammond, Indiana; Mrs. Fred Christoperson, LaCrosse; Mrs. Palmer Christianson, Arcadia, and Jennie who died at the age of 10 years. Mrs. Stendal was a woman of great energy. When she and her husband went to farming in 1887,they took over the homestead of Mr. Stendal’s parents with the understanding that they would care for them until death. His father was at this time totally blind and his mother was in such a crippled condition, she could not walk. This double burden fell equally on Mr. and Mrs. Stendal. The deceased was a member of the U.L. church at Pigeon Falls and the U.L. Ladies Aid as long as she was able. For the past several months, after her husband died, she had been living with her son, Theodore at Whitehall, where her health failed gradually until death relieved her of all suffering on December 16, 1931 when she had reached the grand old age of 72 years. Mrs. Stendal had led a long useful life but when this life held nothing more for her, she passed quietly away into the Beyond. Funeral services were held December 18 at the U.L. church, Pigeon Falls, Rev. Orke officiating. All her children were present at the burial services besides a very large number of other relatives and friends. Besides her seven living children, Mrs. Stendal leaves to brothers, O. Amlee of St. Paul and Nels Amlee of Pigeon Falls, and one sister, Mrs. O. Madsen of Menomonie to mourn her death. The third brother mentioned in the first paragraph died in the Philippine Islands during the Spanish-American War. THE WHITEHALL TIMES - JANUARY 14, 1932 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Da må det være denne jenta:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038031011286

Jf.: 

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

I innlegg #14 i det gamle emnet nemner Hilde Rossing ei Agnete Gulbrandsdotter (Ambli) som var fødd 26.9.1858 og som utvandra frå Ringsaker i mai 1880 - sjå øvst på høgre side her:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6014/318

 

Eg finn ikkje fødsli hennar i kyrkjeboki for Ringsaker, men her er huslyden i 1865 som gardbrukarar på Ambli på Ringsaker:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0412&kenr=014&bnr=0036&lnr=000

 

Og her er dei i FT1875 på Amblirødningen, men då er ikkje Agnete nemnd:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0412&kenr=014&bnr=0045&lnr=00

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Mhyhre

Denne Antonette GUlbrandsdatter f. ca. 1862 er ikke fra Ringsaker-. Det er bare 4 Antonette Gulbrandsdatter f. i Ringsaker, 1840, 1857, 1872 og 1876.

Skjønner ikke hva Agnete f, 25.09.1859 her med dette å gjøre. Hun er ikke f. i Ringsaker heller.

 

Endret av Hans Mhyhre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Grethe og Hans for nye spennande innlegg!

 

Etter det som du Sven har finne ut, er Agnette Gulbrandsdotter frå Amli tydeleg IKKJE ho me leiter etter, so då sit me att med:

 

Antonette Gulbrandsdotter, fødd i Tandeeiget på Ringsaker 16.9.1857

 

som einaste «kandidat», dersom Antonette verkeleg kom frå Ringsaker!

 

Som eg nemnde i innleiingi, har eg vore borti fleire tilfelle av jenter som «ljugde» godt på alderen i Amerika.  Kona til eit søskenbarn av oldefar min påstod til dømes ho var fødd i 1868, medan 1862 synte seg vera rett, og eg har òg gjennom bygdebokarbeidet for Luster råka borti eit par tilfelle der avviket var over 10 år!  Og sidan siste barnet til Antonette var født i 1899, KAN mori godt ha vore fødd i 1857!

 

Difor er eg svært interessert i å finna lagnaden til denne Antonette Gulbrandsdotter, fødd på Ringsaker i 1857!?  Kvar vart det av ho??

 

Eg ser forresten at ho vart konfirmert på Ringsaker i 1872, då busett i Grinieiget:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000001425622

 

og 10.5.1879 fekk ho som ugift innerst busett i Jølstadeiget ei «uekte» dotter Anna Marie Mathiasdotter:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010171049

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips når det gjeld Antonette!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Mhyhre

Ja jo men denne er da fra Telemark så hun er vel uaktuell.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
2 minutter siden, Hans Mhyhre skrev:

Ja jo men denne er da fra Telemark så hun er vel uaktuell.

 

Dette er hun som var gift med Andrew A Urness

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Mhyhre

Antonette Gulbrandsdattewr er åå Midtimellem i 1865 i Ringsaker med foreldre og søsken,

Endret av Hans Mhyhre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Hans for nye spennande meldingar!

 

Det er skikkeleg «forvirrande» at fødestaden til Antonette er oppgjeven til «Ringsaker, Telemark».  No er det slik at namnet Antonette er svært uvanleg i Telemark, i motsetnad til i Hedmark, og eg trur rett og slett at Telemark er ei «mistolking» av Hedemark...

 

Eg har søkt litt meir etter Antonette Gulbrandsdotter (1857) både i FT1900 og FT1910 i Noreg, men finn ikkje spor korkje etter ho eller etter dotteri som ho fekk i 1879!  Far hennar døydde på Ringsaker i 1913, og sjølv om han var fattiglem,

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24/236

 

kan me jo vona på at det finst ei dødsmelding?  Eg har sendt spørsmål om dette til Arkivforum - Statsarkivet på Hamar, so fær me sjå kva dei seier...

 

Men har ikkje bygdeboki for Ringsaker noko om denne huslyden?

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand for å løysa denne gåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Finner et bilde på Ancestry der hun er benevnt som Antoinette Kaja https://www.ancestry.com/mediaui-viewer/tree/1437934/person/-1941836339/media/7303b694-4655-4250-a553-efeea6770df3

 

Vielsesattesten sier hun var 24 år ved vielsen den  19. september 1887 https://www.ancestry.com/mediaui-viewer/tree/40279444/person/19472741026/media/4e319a9f-9b71-45a9-9bbf-6289cae5215f?_phsrc=PGP4084&_phstart=successSource

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit skikkeleg imponerande innlegg, og no lurer eg svært på:

 

* Kvar i all verdi fann du vigselsattesten, som eg har leitt etter i so mange år?  Eg ser ikkje noko tilvising til denne attesten på den sida som du referer til...

 

Det var ogso nytt at Antonette skulle ha Kaja som mellomnamn...

 

Nærmar me oss ei løysing på denne kjempeutfordringi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Mhyhre

Det er vel rett Agnete Gulbrandsdatter likevel  men hun er ikke f, 1861/1862 Ringsaker.  Familien er slik:

Gulbrand Oolsen f. 1818 Nes gift 21.10.1858 Nes Lisbeth Nielsdatter f. 1837 Nes.

Barn:

1.Agnete Gulbrandsdatter f. 26.09 dpt. 01.11. 1858 Rønnebæk Nes

2.Ole Gulbrandsen f. 03.01 dpt. 11.03.1860 Rønnebæk, Nes

3.NIels Gulbrandsen f. 13.01 dpt. 21.04.1862 Rolighet, Nes

4.Gustav GUlbrandsen f. 07.02. dpt. 15.04. 1877 Ambliødegaarden, Ringsaker

5.Karen Gulbrandsdatter f. 07.02. dpt. 15.04.1877 Ambliødegaarden Ringsaker. 

Alle disse barna reiste fra Ringsaker til Amerika 1880.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
3 timer siden, Hans Mhyhre skrev:

Alle disse barna reiste fra Ringsaker til Amerika 1880.

 

Reiste sammen med moren som var enke - http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=21855&merk=21855#ovre

9e3875d0d31f40244b377ff34c82034d.png

 

MEN; dette er ikke hun som giftet seg med Andrew A Urness > Hans Mhyre, så jeg forstår ikke hvorfor du skriver "det er vel rett Agnete Gulbrandsdatter likevel...."

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The Canton Advocate (Canton, South Dakota) 22 Sep 1887, Page 4

The Canton Advocate (Canton, South Dakota) 22 Sep 1887, Page 4.jpeg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
På 26/10/2017 den 14.43, Lars E. Øyane skrev:

nekrologen seier ho utvandra i 1880!

 

Legger inn OBIT hvor det står; "she came to this country when a girl"

 

Blanchardville Blade, Blanchardville, WI, 14 Dec 1950, page 1 and 2

Blanchardville Blade, Blanchardville, WI, 14 Dec 1950, page 1.jpeg

Blanchardville Blade, Blanchardville, WI, 14 Dec 1950, page 2.jpeg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Mhyhre

Ja ja du får si hva du vil men det var nok denne f, i Nes som reiste fra Ringsaker 1880. Agnete ble Nettie, ganske så vanlig der borte.

De ble gift 1887 i Canton, SD. Deres første barn  Adeline f. 02.02.1888 Canton SD, nr. 2)  Curtiss Garfield f. 08.05.1890 Iowa Co, WI.

Egil J. Hvem medner du det var som giftet seg i 1887 i Canton med Andrew Urness da?

Endret av Hans Mhyhre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
18 timer siden, Hans Mhyhre skrev:

Ja ja du får si hva du vil men det var nok denne f, i Nes som reiste fra Ringsaker 1880.

 

Ingen som betviler det - men det var IKKE hun som giftet seg med Andrew A Urness - se post # 3

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Hans og Egil for nye spennande og interessante innlegg!

 

Aller først ein kommentar til Hans sitt innlegg om huslyden frå Ambli på Ringsaker; alt i innlegg #3 påviste Sven at den Agnette det der er tale om, som utvandra i 1880, gifte seg med Ole Elias Stendal og er soleis IKKJE jenta me leiter etter!

 

Vigselsattesten frå 1887 gjev oss diverre ikkje so mykje nytt, men eg har sett litt etter dei som var forlovarar til Anders og Nettie i 1887, Mrs. and Mrs. A. Engelbretson of Beloit, Lyon Co., IA.  Eg trur eg har oppdaga dei i FT1900 for Lyon township i Lyon Co., IA som

 

* Amund Engerbretson, born Norway June 1849

* Anna Engerbretson, born Sweden Aug. 1841

vigde i 27 år med 8 born, 7 i live, ei nemnd:

* Clara Engerbretson, born Iowa Oct. 1882

Amund og Anna utvandra i 1881:

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120108_00638?pid=14610612&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4264%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DBeloit,%20Lyon%20County,%20Iowa,%20USA%26msrpn%3D1836%26msrpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C18%7C0%7C1836%7C0%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D94%26h%3D14610612%26recoff%3D%26fsk%3DBEF3GiUIgAAdsgCWcoY-61-%26bsk%3D%26pgoff%3D%26ml_rpos%3D95&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4264&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og her har me vigsli deira i Gamle Aker, Christiania 14.4.1873:

Amund Ingebrigtson, møllar, fødd i Nes, Hedmark 1849 - son av Ingebrigt Larsson

Anna Kajsa Nylander, fødd imKolo, Värmland 1841 - dotter av Anders Nylander

https://media.digitalarkivet.no/view/595/259?indexing=

 

AHA!  Amund var med andre ord frå Nes på Hedmarken, nabobygdi til Ringsaker!!  Kan han ha vore i slekt med Antonette??

 

Dette vert berre meir og meir spennande, og eg trur me nærmer oss ei løysing!?

 

Kunne me berre greidd å finna lagnaden til Antonette Gulbrandsdotter, fødd i Tandeeiget i 1857??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne «kjempeutfordringi»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg ser no at Amund Engebretson i 1875 er oppgjeven vera fødd i Nes på Romerike:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0301&kenr=040&bnr=2238&lnr=00

 

Men her er mannen med foreldri sine i FT1865 på Faldet i Nes, Hedmark:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0236&kenr=013&bnr=0086&lnr=000

 

Men her er foreldri hans vigde 19.11.1836 i Nes på Romerike:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/533/185

 

Men er ein av dei i slekt med Antonette??

 

Eit lite poeng: Kan det tenkjast at Antonette «ljugde» på alderen sin so ho skulle vera «jamngamal» med mann sin og ikkje fire-fem år eldre??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å nøsta opp i denne floken!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.