Gå til innhold
Arkivverket

Sjur «Sivert» Knutson - nordmann i Fargo, ND i 1880-åri - kven kan han ha vore? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Som det kjem fram av innlegg #21 i følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1797922

 

skal den der etterlyste Maren Christiansdotter Urnes «Mary Gilbertson» (fødd 1851) ha slege seg saman med ein Severt Knutson i Fargo, ND i 1882.  Mary vart skulda for prostitusjon, og lagnaden hennar er ei kjempestor utfordring.  Men det ser ut til å vera ei minst like stor utfordring å finna ut kven denne mannen var, som ho hadde følgje med!  Kan nokon hjelpa meg?

 

Ser ein på FT1880, finn eg ikkje so altfor mange alternativ for denne karen:

 

* Sever Knutson, f. 1855, bus. Udolpho township, Mower Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB5-QY?i=2&cc=1417683

 

* Sever Knudtson, f. 1848, bus. Clayton township, Mower Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB5-Q7?i=7&cc=1417683

 

* Sever Knudson, f. 1857, bus. Sioux City, Woodbury Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB8-9XPC?i=24&cc=1417683

 

* Severt Knutson, f. 1857, bus. Albert Lea, Freeborn Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-3BM?i=6&cc=1417683

 

* Sivert Knutson, f. 1855, bus Kerkhoven, Swift Co., MN_ https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-T92?i=2&cc=1417683

 

Elles ser eg i FT1885 to spennande kandidatar som båe budde i Becker Co., MN - ikkje langt frå Fargo, ND:

 

* Syvert Knutson, f. 1840, bus. Hamden township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D189-MCR

 

* Syver Knutson, f. 1857, bus. Richmond township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D185-FY

 

Alle desse personane var ugifte i 1880 - høvesvis 1885...

 

Er det i det heile mogeleg å avsløra identiteten til «min» Sjur «Sivert» Knutson??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne òg få henta fram att denne utfordringi som har lege «urøyrd» sidan ho vart presentert i desember i fjor.  Eg har diverre ikkje noko meir å by på utover at ein Sivert Knudson som i 1880-åri vart saksøkt for «fraud» i Fargo, ND, hadde tilhaldet sitt i Ransom Co., ND.

 

Elles lyt me vera merksame på at Becker Co., MN ligg like nord for Otter tail Co., MN der Mary Gilbertson budde til ho i 1881/1882 «stakk av» med ein Severt Knutson til ND...  Dei vart nok aldri gifte, sidan Mary var gift frå før, og kanskje var Severt i 1885 attende i Becker Co., MN?

 

Det høyrer med til soga at eg ikkje har greidd å finna nokon «høvande» Severt Knutson i North Dakota i 1880/1885 eller 1900!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om identiteten til denne Sjur «Sivert» Knutson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg er framleis like «desperat» etter å finna ut av lagnaden til Maren Christiansdotter Urnes alias Mary Gilbertson i Amerika

 

sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1797922

 

og vil difor gjerne få henta fram att dette emnet om den sokalla «hjelparen» hennar som er nemnd i skilsmålspapiri frå 1887. 

 

««5th that the said defendant {Mary Gilbertson} did in the year 1881 at Fargo in the Territory of Dakota mary(!) one Severt Knutson, and that she did continue to cohabit with said Knudson for a long time thereafter as husband and wife»»

 

Eg har ganske god tru på, at dersom me greier å identifisera Sivert Knutson, so KAN det føra oss vidare til Mary og borni hennar!?

 

Den Sivert Knutson, som i 1880 vart dømd for dokumentfalsk i Fargo, ND, vart 23.6.1880 dømd til fengsel i Detroit (Lakes), Becker Co., MN!  Eg held ein «knapp» på denne karen frå MN 1885 census som «mest aktuell»:

 

* Syvert Knutson, f. 1840, bus. Hamden township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D189-MCR

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne kjempeutfordringi frå det norske Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Denne Mary Gilbertson var tydeleg òg fødd i 1851 med jentenamnet Christianson, men ho er utan tvil ein annan person.  Her er huslyden til Christian Gilbertson i

 

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6WMS-TPK

 

FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYK-91TQ

 

Og her er dødsattesten hennar, fødd i Drammen!

 

Name Mariane Gilbertson
Event Type Death
Event Date 09 Sep 1931
Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States
Address 5241 Montrose Ave
Gender Female
Age 80
Marital Status Widowed
Race White
Occupation Housewife
Birth Date 25 Mar 1851
Birthplace Drammen, , Norway
Burial Date 12 Sep 1931
Burial Place Chicago, , Illinois
Cemetery Graceland
Spouse's Name Christian Gilbertson
Informant's Name Edw Gulbrandson
Entry Number 26055

 

Men eg set stor pris på alle freistnadar, Ivar, og det hender jo at ein treff «spikaren» midt på hovudet!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips for å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

 

På 4.7.2018 den 13.15, Lars E. Øyane skrev:

Eg er framleis like «desperat» etter å finna ut av lagnaden til Maren Christiansdotter Urnes alias Mary Gilbertson i Amerika

 

sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1797922

 

og vil difor gjerne få henta fram att dette emnet om den sokalla «hjelparen» hennar som er nemnd i skilsmålspapiri frå 1887. 

 

««5th that the said defendant {Mary Gilbertson} did in the year 1881 at Fargo in the Territory of Dakota mary(!) one Severt Knutson, and that she did continue to cohabit with said Knudson for a long time thereafter as husband and wife»»

 

Eg har ganske god tru på, at dersom me greier å identifisera Sivert Knutson, so KAN det føra oss vidare til Mary og borni hennar!?

 

Den Sivert Knutson, som i 1880 vart dømd for dokumentfalsk i Fargo, ND, vart 23.6.1880 dømd til fengsel i Detroit (Lakes), Becker Co., MN!  Eg held ein «knapp» på denne karen frå MN 1885 census som «mest aktuell»:

 

* Syvert Knutson, f. 1840, bus. Hamden township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D189-MCR

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne kjempeutfordringi frå det norske Amerika!

 

Dette referatet frå innlegg #3 over meiner eg framleis er svært «relevant» i arbeidet med å identifisera «sambuaren» til Mary Gilbertson, og eg lurer svært på om det kan vera same mann som dukkar opp i dette nye emnet, som eg la ut i aftes:  https://forum.arkivverket.no/topic/238367-sivert-m-knudson-gift-i-goodhue-co-mn-i-1887-forsvinn-før-1891-kven-i-all-verdi-var-han/

 

Det er ei skikkeleg «kjempeutfordring» å finna ut av denne saki, men kanskje finst det avisskriverier om Sivert Knutson i Detroit (Lakes), MN frå den tidi?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.