Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'knutson'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Det vart 21.9.1873 feira eit bryllaup i Goodhue Co., MN. Brudgomen var Christopher Hansson Haium, fødd i Luster 15.3.1848 Bruri var Emilie Olsdotter, òg kjend som Amelia Mabel Knutson. Dette parfolket flytte i 1879 til ein farm i Parnell township, Brookings Co., SD og FT1900 syner dei slik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XHLQ-3Z1 Amelia er oppgjevi fødd i Noreg i mai 1852 og utvandra i 1867, og far hennar, Ole Knutson, budde der i lag med dei, fødd i Noreg i mai 1821. FT1905 oppgjev utvandringsåret hennar til 1868: Name: Amelia Haium Gender: Female Race: White Marital Status: Married Age: 53 Birth Date: 1852 Birth Place: Norway Years in State: 26 Arrival Year in State (Estimated): 1879 Residence Place: South Dakota, United States Years in United States: 37 Arrival Year in the United States (Estimated): 1868 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway FHL Film Number: 2281586 Og her er gravstøtta hennar i Elkton cemetery, som syner fødselsdato 2.5.1852 og dødsdato 28.1.1909: https://www.findagrave.com/memorial/112565896 Eg finn berre eitt godt alternativ for denne Amelia Olsdotter med far Ole Knutson og fødselsdato 2.5.1852, nemlig fødd på Lyse nedre i Aker: https://media.digitalarkivet.no/view/570/395?indexing= attgjeve hjå FamilySearch: Name Emilie Olesdatter Gender Female Birth Date 02 May 1852 Christening Date 06 Jun 1852 Christening Place Oslo, Oslo, Norway Father's Name Ole Knudsen Mother's Name Karen Larsdatter Og her er vel vigsli til foreldri hennar i Aker 19.9.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/570/464 attgjeve hjå FamilySearch: Name Ole Knudsen Birth Date 1821 Age 24 Spouse's Name Karen Larsdatter Spouse's Birth Date 1820 Spouse's Age 25 Event Date 19 Sep 1845 Event Place Oslo, Oslo, Norway Father's Name Knud Olsen Spouse's Father's Name Lars Iversen Men her er vel huslyden i FT1865 som gardbrukarar på Lyse nedre i Aker: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0218&kenr=003&bnr=0047&lnr=000 Ut ifrå desse opplysningane, er det nokon som kan hjelpa meg med følgjande: ** Frå kva gard/plass hadde Ole Knutson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass hadde Karen Larsdotter opphavet sitt (utifrå vigsli skulle ein tru ho var frå Lyse nedre...?)? ** Kan utvandringsåret for denne huslyden stadfestast, 1867 eller 1868? Andre del av denne utfordringi gjeld Christopher Hansson Haium. Det vert nemlig fortalt at han som enkjemann etter Amelia skal ha flytt til Spokane, WA og der gift seg att, men ingen kjenner namnet til denne andre kona og heller ikkje kvar det vart av ho! Her er Christopher i Spokane, WA i 1910 som enkjemann hjå dotteri Clara Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-832 Eg finn han ikkje i FT1920, men i 1930 er han som enkjemann attende i Vance Creek township, Barron Co., WI (eg får ikkje òpna fili hjå FamilySearch, men her er ein utskrift frå ancestry): Name: Chris H Hanson [Chris H Haium] Birth Year: abt 1848 Gender: Male Race: White Birthplace: Norway Marital Status: Widowed Relation to Head of House: Father Home in 1930: Vance Creek, Barron, Wisconsin, USA Map of Home: View Map Dwelling Number: 133 Family Number: 134 Attended School: No Able to Read and Write: Yes Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Language Spoken: Norwegian Immigration Year: 1861 Naturalization: Naturalized Able to Speak English: Yes Household Members: Name Age Grant C Hanson 35 Ella Hanson 32 Bernice Hanson 9 Chris H Hanson 82 Berre ei utfordring ligg her «i lufti»: ** Er det mogeleg å finna ut kven andre kona til Christopher var og detaljopplysningar om ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Som det kjem fram av innlegg #21 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/203080-maren-christiansdotter-urnes-fødd-hafslo-1851-til-amerika-1854-gift-1870-med-peder-gulbrandson-lagnaden-deira-ei-skikkeleg-utfordring/?tab=comments#comment-1797922 skal den der etterlyste Maren Christiansdotter Urnes «Mary Gilbertson» (fødd 1851) ha slege seg saman med ein Severt Knutson i Fargo, ND i 1882. Mary vart skulda for prostitusjon, og lagnaden hennar er ei kjempestor utfordring. Men det ser ut til å vera ei minst like stor utfordring å finna ut kven denne mannen var, som ho hadde følgje med! Kan nokon hjelpa meg? Ser ein på FT1880, finn eg ikkje so altfor mange alternativ for denne karen: * Sever Knutson, f. 1855, bus. Udolpho township, Mower Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB5-QY?i=2&cc=1417683 * Sever Knudtson, f. 1848, bus. Clayton township, Mower Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB5-Q7?i=7&cc=1417683 * Sever Knudson, f. 1857, bus. Sioux City, Woodbury Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYB8-9XPC?i=24&cc=1417683 * Severt Knutson, f. 1857, bus. Albert Lea, Freeborn Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-3BM?i=6&cc=1417683 * Sivert Knutson, f. 1855, bus Kerkhoven, Swift Co., MN_ https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-T92?i=2&cc=1417683 Elles ser eg i FT1885 to spennande kandidatar som båe budde i Becker Co., MN - ikkje langt frå Fargo, ND: * Syvert Knutson, f. 1840, bus. Hamden township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D189-MCR * Syver Knutson, f. 1857, bus. Richmond township, Becker Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-D185-FY Alle desse personane var ugifte i 1880 - høvesvis 1885... Er det i det heile mogeleg å avsløra identiteten til «min» Sjur «Sivert» Knutson?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.