Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Maila Monsdotter frå Hamre (1842-1880) og ætti hennar i Amerika - ei skikkeleg juleutfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Opphavet til denne jenta var oppe til drøfting alt i det gamle Brukarforum i 2002 under tema #9999,

 

https://forum.arkivverket.no/topic/95910-9999-malena-monsdotter-1843-1880-frå-valestrand-hamre-til-wisconsin-–-opphav/?tab=comments#comment-787938

 

men etterslekti hennar har synt seg vera ei endå større utfordring, og desse spørsmåli står i dag framleis utan løysing.  Eg attgjev frå manuskriptet mitt for garden Hillestad i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Pederson (Hillestad), f. i Hafslo 12.2.1823,

Peder P. Hillestad utvandra til Amerika i 1869 og gifte seg første gongen

 

##### (exact date and place of marriage? - about 1876?)

 

med enkja Maila, kjend som Malena Monsdotter, opphavleg frå Morland i Fjell, då kjend som Malena Nelson.  Ho var dotter av gardbrukar Mons Gudmundson på Morland, opphavleg frå Skår i Hamre, og første kona Pernilla Johannesdotter frå Valestrand i Hamre og f. i Hamre 4.12.1842.  Malena gifte seg første gongen på Laksevåg (Askøy) 15.10.1865 med John Nilsson frå Myren, Laksevåg.  Han var son av gardbrukar Nils Nilsson på Myren, Laksevåg, opphavleg frå Sæterdalen i Bruvik, Haus, og kona Inga Gundersdotter frå Risnes i Manger og f. på Morland i Fjell 17.6.1835.  John og Malena utvandra til Amerika i 1866 og under namni John og Malena Nelson finn me dei att som farmarbeidarar (”farm laborers”) i Vienna township, Dane Co., Wis. der John d.

 

##### (exact date and place of his death? - about 1873?)

 

Peter og Malena Hillestad busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Peter var arbeidar (“laborer”).  Men Malena d. i McFarland, Wis.

 

##### (exact date and place of her death? - fall of 1880!?)

 

og Peter gifte seg 17.9.1881 att i Madison, Wis. med ei ny enkje, Ragnhild Andersdotter, opphavleg frå Tveiten i Manger, då kjend som Ragnhilda Monson.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Olson på Tveiten og kona Martha Ellingsdotter frå Toska og f. i Manger 13.10.1815.  Ho gifte seg første gongen i Bergen 18.5.1845 med Jørgen Petersen Olson Hjelmersteen frå Bergen.  Han var son av bøkkerarbeidsmann Ole Andreas Jørgenson Hjelmersteen Pedersen i Bergen og kona Margrethe Elisabeth Clausdotter Schrøder, òg frå Bergen, og f. i Bergen 15.2.1818.  Jørgen var murarbeidar, og han og Ragnhild budde i Bergen til dei i 1865 utvandra til Amerika.  Jørgen d.

 

##### (exact date and place of his death? - on the way over or shortly upon arrival?)

 

og Ragnhilda gifte seg so først att i Dane Co., Wis. 12.10.1866 med enkjemannen Lars Johan Monsson frå Myren, Laksevåg (Askøy), i Amerika kjend som Lars Monson.  Han var son av gardbrukar Mons Johannesson på Myren, Laksevåg, og kona Anna Stephensdotter frå Sætre og f. på Askøy 28.11.1825.  Lars utvandra til Amerika med første kona Kirsti Olsdotter og fire born i 1862.  Lars og Ragnhild busette seg i McFarland, Dane Co., Wis. der Lars d. 25.10.1878.  Peter og Ragnhilda vart buande i McFarland, Dane Co., Wis. der Ragnhilda d. alt 8.2.1883.  Peter P. Hillestad flytte i 1910 inn på ein gamleheim i Verona, Wis. der han d. 26.5.1911.  Peter fekk to born, båe frå første ekteskapet med Malena, men me tek òg med dei tre borni som Malena hadde frå første ekteskapet sitt:

a. Nils Martin Johnson, f. i Dane Co., Wis. 30.8.1866, d.

 

   ##### (date and place of his death? - shortly after birth?)

b. Inga Johnson, f. i Dane Co., Wis. 13.2.1868,

 

   ##### (was alive in 1880 - later destiny?)

c. Peder Johan, kjend som Peter Johnson, f. i Dane Co., Wis. 25.11.1871,

 

   ##### (was alive in 1880 - later destiny?)

 

d. Johanna, kjend som Hanna Hillestad, f. i Dane Co., Wis.

 

   ##### (exact date of her birth? - fall of 1876!?)

 

   1876,

 

   ##### (was alive in 1880 - later destiny? - died young?)

 

e. Peder Martin Hillestad, f. i Dane Co., Wis. 19.1.1879,

 

   ##### (was alive in 1880 - later destiny? - died young?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har leitt «høgt og lågt» etter desse borni, men ikkje finn eg nokon obituary etter faren frå 1911, og ikkje har eg greidd å finna dei i nokre av folketejingane, men kanskje er det nokon som har tips å komma med?

 

Det ville vore ei fantastisk julegåve å få svar på nokre av desse spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for all den bistand eg kan få!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I 1880 census er familiens etternavn skrevet Heldestad! Greit med en lenke til folketellingen. 

 

Peter Heldestad

United States Census, 1880
Name Peter Heldestad
Event Type Census
Event Date 1880
Event Place Mcfarland, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Age 54
Marital Status Married
Race White
Race (Original) W
Relationship to Head of Household Self
Relationship to Head of Household (Original) Self
Birth Year (Estimated) 1826
Birthplace Norway
Father's Birthplace ---
Mother's Birthplace ---
Sheet Letter A
Sheet Number 61
Person Number 0
Volume 2
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Peter Heldestad Self M 54 Norway
Malena Heldestad Wife F 33 Norway
Inga Heldestad Daughter F 11 Wisconsin, United States
Peder Heldestad Son M 7 Wisconsin, United States
Hanna Heldestad Daughter F 3 Wisconsin, United States
Peder Heldestad Son M 1 Wisconsin, United States

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.