Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øllegaard Jansdotter Teiste (1631-1707) frå Kroken i Hafslo og hennar to ektemakar, Jens Andersson (d. 1660?) og Christopher Gjertson (Morgenstierne) (1628-1684) på Hovland i Årdal - kven var Jens og svigersonen Knut Lerche? - borni til Lerche?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny juleutfordring følgjer:

 

Øllegaard Jansdotter Teiste frå Kroken i Hafslo var etter segni gift to gonger.  Siste mannen er velkjend, Christopher Gjertson Morgenstierne på Hovland i Årdal, men eg har vanskar med å identifisera den første, Jens Andersson, som skal  vera avliden kring 1660.  Kan nokon hjelpa meg?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Gjertson (Morgenstierne) Hovland, ein yngre bror av futen Christopher Gjertson på Flahammar (1619-1679) og likeins ein bror av Maren Gjertsdotter (1632-1670), første kona til sorenskrivar Anders Sørenson på Talle (1630-1688), var truleg f. i Bergen kring 1628 og gifte seg kring 1663 med enkja Øllegaard Jansdotter Teiste, opphavleg frå Kroken i Hafslo.  Ho var f. på Ytre Kroken kring 1631 og hadde før vore gift med ein Jens Andersson som d. kring 1660. 

 

     ##### (kven var denne Jens Andersson? – opphav og opplysningar elles?)

 

Det ser ut til at Christopher og Øllegaard busette seg på dette bruket på Kroken kring 1668, og dei vart visstnok buande her fram til kring 1680.

Kring 1680 flytte Christopher Gjertson og Øllegaard til garden Hovland i Årdal der Christopher d. kring 1684.  Øllegaard d. same staden kring 1707.

Christopher og Øllegaard fekk seks born i lag:

 

##### (hadde Øllegaard born i første ekteskapet sitt med Jens Andersson? – opplysningar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld desse borni, vil eg i dag avgrensa meg til eine dotteri:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anna Christophersdotter (Morgenstierne), f. i Luster kring 1672,

Anna Christophersdotter flytte òg til Årdal med foreldri og vart der gift kring 1707 med Knut Lerche. 

 

##### (opphavet hans? – foreldri?)

 

Han var f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1683?)

 

og kom til Årdal først på 1700-talet som kolfut ved koparverket. 

 

##### (detaljar om dette?)

 

Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

medan Knut Lerche d. i Årdal 9.7.1762.  Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (detaljar om desse borni? – inkl. Christopher Christian Knutson Lerche, døypt i Årdal 15.12.1715)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Om fleire detaljar kan finnast om denne huslyden, ville det vera ei gigantisk julegåve for meg og mange andre, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn lenke til manntallet 1701, hvor jeg finner Øllegaard Jansdatter som proprietærenke på Hovland i Lærdal prestegjeld: 

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000630297

 

Jeg regner med at Søren, stodios, og Jens, stodios, er sønner av Øllegaard?  

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000630298

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000630299

 

Sønnene skal ut fra oppgitt alder være født ca. 1663 og ca. 1668, og kan Jens være oppkalt etter en mulig første ektemann Jens Andersen? Alternativt kan det kanskje også være etter Øllegaards far?

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Knut Lerche d. i Årdal 9.7.1762. 

 

Legger for ordens skyld inn lenke til dødsfallet - Knut var 79 år gammel: 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Døde og begravede 1761-1763, Side 244
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/246

 

Er dette samme mann som fadder ved en barnedåp i NK i Bergen i 1709??

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000005763165

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Om Knud Lerche, sakser jeg fra min persondatabase for Årdal kopperverk:

  • Knud Lerche var født i Danmark ca. 1675[1], trolig i byen Nyborg, og døde i Årdal 9. juli 1762. Han var sønn av Christen Jacobsen, borger og kjøpmann i Nyborg[2], og hans første kone Giertrud Knudsdatter. 
  • Knud Lerche skriver selv i et brev fra 1756 at han «har fra Aaret 1707 tiendt ved Aardahls Kaaberværk»[3]. I et annet brev fra 1720 der han søker om forfremmelse, skriver han at han hadde vært ansatt som kullfogd ved Årdal kobberverk i 14 år. Søknaden ble innvilget og han avanserte til proviant- og materialskriver. Rundt 1725 omtales han som gruveskriver. I et skifte etter søsteren fra 1755 kalles han «Kgl. mayst. Proviant og Material Skriver samt Hytteskriver, Protocollist og Anstaltsfører ved det Aardalsche Kaaber Verck». Knud var ansatt ved verket helt til driften ble innstilt omkring 1734 og var således den av verkets betjenter som var ansatt der i lengst periode.


  • [1]    Han sier i selv i en søknad datert 2. mars 1756: "... at andholde, hos Deris Excellence med samptlige Høye Herrer at ieg paa min gamle alder af 76 aar, som er geleydet med fattigdom og svaghed, naadigst maatte igien forundis nogenledis pangsion..."

  • [2]    Dette framgår av et skifte fra Nyborg i Danmark etter Knud Lerches søster Marie Christine Lerche som døde i København den 23. mai 1755.
  • [3]    Brev fra Knud Lerche til "Ober-Directionen" ved Årdal kobberverk datert 2. mars 1756. RA, RK, ROA. Pakke 36, innkommende brev til Årdal kobberverk 1755–1762. Journal nr 12.

Knud Lerche var altså ikke bare kullfogd; fra 1720 av var han proviant- og materialskriver. Tittelen fra 1755 ville jeg ikke ha lagt så mye vekt på, for i 1755 var det ingen regulær droft ved kopperverket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Om barna til Anna Christophersdatter og Knud Christensen Lerche har jeg disse opplysningene:

 

— 1. Øllegård Lerche ble trolig født i Årdal omkring 1710 og døde i Årdal den 5. oktober 1771. Hun var gift med Andreas Matiassen Schmidt (ca. 1707 - 1785) som fra 1728 var overstiger ved Årdal kopperverk.

— 2. Christoffer Christian Lerche ble født i Årdal i 1715 (dpt. 15. des.)[1]. Han flyttet til København der han etablerte seg som kjøpmann. Han fikk borgerbrev i 1755.


[1]    I tingboka for Indre Sogn fra 1730, fol. 100b, står det at «Christopher Christian Lerche lod for Retten tinglyse hans Odels- og løsningsræt til gaarden Mælum, som brukes af Erich Moen, samt til Bergs-Aggeren som bruges under Øfstetun, og derfor hans pengemangel denne ??? tilkiendegaf...»

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Knut for spennande og nyttige meldingar!  Dette er julegåver eg set verkeleg stor pris på!

 

Eg vil sidan komma attende med fleire detaljar om dei andre borni i denne huslyden, men har no gjort følgjande oppdatering av avsnittet om Anna gift Lerche:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Anna Christophersdotter (Morgenstierne), f. i Luster kring 1672,

Anna Christophersdotter flytte òg til Årdal med foreldri og gifte seg der kring 1708 med Knut Christenson Lerche frå Nyborg. Svendborg amt på Fyn, Danmark.  Han var son av kjøpmann og borgar Christen Jacobsen i Nyborg og første kona Gjertrud Knutsdotter og truleg f. i Nyborg på Fyn kring 1675.  Knut kom i 1707 som kòlfut ved koparverket, men vart sidan proviant- og materialskrivar same stad.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

medan Knut Lerche d. i Årdal 9.7.1762.  Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Øllegaard Knutsdotter Lerche, f. i Årdal kring 1710, d. i Årdal 5.10.1771.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Andreas Mathiasson Schmidt frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     Han var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? – kring 1707?)

 

     og d. i Årdal 2.4.1785.  Andreas Schmidt var frå 1728 overstigar ved koparverket i Årdal,

 

     ##### (seinare stillingar?)

 

     og han og Øllegaard budde på Midtun i Årdal. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst ei dotter Anna!)

 

b. Christopher Christian Knutson Lerche, døypt i Årdal 15.12.1715,

 

     ##### (kjøpmann i København – borgarbrev frå 1755 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det let seg gjera få på plass nokre av dei detaljane som framleis manglar her, i tillegg til opplysningar om Jens Andersson...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden og endå ein gong: God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
32 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Andreas Schmidt var frå 1728 overstigar ved koparverket i Årdal,

     ##### (seinare stillingar?)

     og han og Øllegaard budde på Midtun i Årdal. 

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogn, Ekstraskatt nr. 3418 (1762-1769), Dokumentside, Side 136

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/136
URN:NBN:no-a1450-rk10051111030143.jpg 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget med utdrag frå ekstraskatten frå Årdal.

 

Det ser ut som om Andreas Schmidt på den tidi var busett på Midtun i Årdal, men kona Øllegaard Lerche er nemnd under Øvstetun:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/137

 

Kanskje dei skilde lag?  Eg finn ikkje noki skifte etter Øllegaard, men derimot er det eit skifte etter Andreas Smidt på Farnes i Årdal i 1785:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24142/119?indexing=

 

Her vert det oppgjeve «ei einaste dotter» Martha Andreasdotter gift med Jan Grundt i Bergen!  Denne Martha er nemnd i lag med mori på Øvstetun i 1762, men kven er då den Anna Smidt som i 1762 er nemnd i lag med Andreas på Midtun?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden og God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner dette ekteparet blant fattige i Bergen i 1800 - kan oppgitt alder være noe avvikende???

 

 

 

 

Grundt.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

kona Øllegaard Lerche er nemnd under Øvstetun:

 

 

Legg merke til at også Jan Grundt nevnt sammen med Martha Andreasdatter og Øllegaard i ekstraskatten:

 

 

Øllegaard.png

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Catharina Eleonora, 1760

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1760, Side 148
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/150

 

Øllegaard, 1763 - datter av Jan Grundt og Marthe Giertrud Schmidt:

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1763, Side 155
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/157

 

Margrethe, 1769

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1769, Side 172
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/173

 

Georg Mathias, 1773

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1773, Side 185
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/186

 

Ulricha Anthonetta, 1776

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1777, Side 89
https://media.digitalarkivet.no/view/11594/92

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Endelig fant jeg dåpen til Martha Gjertrud i Årdal:

 

Festi Michael 1732 - høyre side, venstre kolonne - ser ut til å være 29.09.1732 (http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_23s.htm)

 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1732, Side 55
https://media.digitalarkivet.no/view/11593/57

 

Monsr. og Mad. Lerche er blant fadderne.

 

Madame Øllegaard Schmidt ble introdusert 19. søndag e. Tref.  (19.10.1732): - høyre side, høyre kolonne

https://media.digitalarkivet.no/view/11593/57

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og interessante innlegg!

 

Etter kva du har finne, ser det ut til at Andreas Schmidt og Øllegaard Lerche berre hadde den eine dotteri, samstundes som eg i eit gamalt notat frå Knut Bryn finn ei nemning om at Andreas og Øllegaard sjak ha gift seg i 1731, men sjølve vigsli ser eg ikkje noko til...

 

Elles veit me jo at mor hennar Øllegaard heitte Anna, og i ekstraskatten er det i lag med Andreas Schmidt på Midtun nemnd ei Anna Smidt!  Om ho var dotter av Andreas og Øllegaard, må ho vera avlidi før 1785, men det hadde vore kjekt med ei stadfesting av dette...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskripti i innlegg #1 og innlegg #6:

 

~~~~~~~~~~~~~ (NB: Manuskriptet oppdatert etter nye opplysningar frå Knut i innlegg #15)

 

Christopher Gjertson Hovland, ein yngre bror av futen Christopher Gjertson på Flahammar (1619-1679) og likeins ein bror av Maren Gjertsdotter (1632-1670), første kona til sorenskrivar Anders Sørenson på Talle (1630-1688), var truleg f. i Bergen kring 1628 og gifte seg kring 1663 med enkja Øllegaard Jansdotter Teiste, opphavleg frå Kroken i Hafslo.  Ho var f. på Ytre Kroken kring 1631 og hadde før vore gift med ein Jens Andersson som d. kring 1660. 

 

     ##### (kven var denne Jens Andersson? – opphav og opplysningar elles?)

 

Det ser ut til at Christopher og Øllegaard busette seg på dette bruket på Kroken kring 1668, og dei vart visstnok buande her fram til kring 1680.

Kring 1680 flytte Christopher Gjertson og Øllegaard til garden Hovland i Årdal der Christopher d. kring 1684.  Øllegaard d. same staden kring 1707.

Christopher og Øllegaard fekk seks born i lag:

 

##### (hadde Øllegaard born i første ekteskapet sitt med Jens Andersson? – opplysningar? - her følgjer i denne omgong dotteri Anna:)

 

 4. Anna Christophersdotter, f. i Luster kring 1672,

Anna Christophersdotter flytte òg til Årdal med foreldri og gifte seg der kring 1708 med Knut Christenson Lerche frå Nyborg. Svendborg amt på Fyn, Danmark.  Han var son av kjøpmann og borgar Christen Jacobsen i Nyborg og første kona Gjertrud Knutsdotter og truleg f. i Nyborg på Fyn kring 1675.  Knut kom i 1707 som kòlfut ved koparverket, men vart sidan proviant- og materialskrivar same stad.  Han og Anna budde på Farnes i Årdal

 

##### (stemmer bustaden?)

 

der Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Knut Lerche d. i Årdal 9.7.1762.  Me kjenner til to born etter dei:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Øllegaard Knutsdotter Lerche, f. i Årdal kring 1710, d. i Årdal 5.10.1771.  Ho gifte seg i Årdal 27.10.1731 med Andreas Mathiasson Schmidt frå Farnes i Årdal, truleg f. på Grorud i Aker kring 1707.  Han d. på Farnes i Årdal 2.4.1785.  Andreas Schmidt var frå 1728 overstigar ved koparverket i Årdal, men var frå 1738 overstigar ved koparverket i Selbu og frå 1742 hytteskrivar ved koparverket i Kvikne til han i 1753 kom attende som overstigar på verket i Årdal.  Parfolket budde på Farnes i Årdal og fekk minst to born i lag, men berre ei dotter levde att etter faren i 1785.

b. Christopher Christian Knutson Lerche, døypt i Årdal 15.12.1715,

 

     ##### (kjøpmann i København – borgarbrev frå 1755 – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Dødsfallet til Anna Christophersdotter (Morgenstierne) står framleis att som ei stor utfordring i tillegg til detaljar om Andreas Mathiasson Schmidt, for ikkje å gløyma Jens Andersson, men truleg vert det vanskeleg å finna ut særleg mykje meir om denne huslyden, eller...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden og fortsatt God Jul!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Bryn

Her er det mye å tilføye:

 

  1. Øllegaard og Andreas giftet seg ganske riktig i 1731, nemlig 27. okt. Kirkeboka har ikke opplysninger om hvor, - selv om Årdal krk. er mest sannsynlig, kan det ha vært i Tønjum krk.: Se helt nederst i venstre spalte på fol. 52b: https://media.digitalarkivet.no/kb20070514610650.
  2. Andreas Mathiassen Schmidt var sønn av Georg Mathias Schmidt (ca. 1674-1728) og hans kone Anne (ca. 1686-1767). Georg Mathias var overstiger ved Årdal kopperverk 1709-1728.
  3. Andreas var født ca. 1707, men det er uvisst hvor. Hans far var overstiger ved det Gothalfske kopperverk på Grorud i perioden 1704-1707, så det er mulig at Andreas ble født der. Det meste av 1708 oppholdt faren seg i København, og det kan også tenkes at Andreas var født der. Da faren døde etter en ulykke i 1728 overtok Andreas, til tross for sin lave alder, stillingen som overstiger ved Årdal kopperverk. Etter at driften ved Årdal kobberverk ble nedlagt, dro Andreas til Selbu der han var overstiger ved Selbu kopperverk fra høsten 1738. I 1742 flyttet han igjen på seg og ble hytteskriver ved Kvikne Kobberverk og Innset hytte. Såvidt vites, var han med enkelte avbrudd ved Kvikne kopperverk helt frem til 1753. Hans familie ble trolig igjen i Årdal i denne perioden. I 1753 var det forhåpninger om at driften ved Årdal kopperverk skulle tas opp igjen, og han reiste tilbake til Årdal. Han var så overstiger der fra 1756 til verket ble nedlagt for godt i 1761.
  4. I tillegg til Martha Gjertrud hadde Øllegaard og Andreas i alle fall sønnen Georg (Jørgen) Mathias som ble døpt i Årdal 10. mars 1737. Se høyre spalte på fol. 66b:

     https://media.digitalarkivet.no/kb20070514620010. Han ble konfirmert i Lærdal 22. mai 1753, men må som Lars skriver, være død før 1785.

     

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut for eit kjempespennande innlegg med mange gode detaljopplysningar!

 

Då ser eg på biografien til Øllegaard og Andreas Schmidt som komplett, og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #14 over.

 

Då sit me att med følgjande «hovudutfordringar», men desse vert nok ganske so vanskelege å finna...?

 

** Detaljar om Jens Andersson, første mannen til Øllegaard Jansdotter Teiste?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Anna Christophersdotter (Morgenstierne)?

 

** Fleire detaljar om Christopher Christian Lerche i København?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden og fortsatt God Jul!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×