Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Metta Marie Ottesdotter i Bergen, fødd i Sunnfjord på 1720-talet - kven var ho og kvar vart det av mannen Erik Iverson (Skophammer)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld, kvelden før kvelden, gjerne få henta fram att eit emne som første gongen vart drøfta for 13 år sidan som tema #25203 i det gamle brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/110862-25203-erik-iverson-gift-i-bergen-1775-med-metta-marie-ottesdotter-kvar-vart-dei-av/?tab=comments#comment-907002

 

Manuskriptet mitt for Metta Marie og mann hennar ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Erik Iverson (Skophammer), døypt 12.1.1738,

Erik Iversen flytte kring 1760 til Bergen der han 18.6.1775 gifte seg med Metta Marie Ottesdotter frå

 

 

¤¤¤¤¤ (Sunnfjord!)

 

 

Ho vart døypt

 

 

¤¤¤¤¤ (1722?)

 

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden deira? – ho i 1800 enkje, fattig spinnerske i 1. rode på Nordnes i Bergen!)

 

 

Metta d. i Bergen 17.2.1808.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Opplysningane om at Metta Marie var fødd i Sunnfjord og datoen for dødsfallet hennar kjem frå Svein Rindedal i det gamle emnet:

 

«Mette Maria fiines som nr.387 i liste over fattige i Bergen i 1800.Er født i Sunnfjord, 78år, enke etter Erik Iversen og ernærer seg som spinnerske. Bor i 1800 i 1.rode på Nordnes, begraves fra 1.rode nr.86 i 1808.»

 

Noko meir har eg ikkje greidd å finna ut om dette parfolket sidan den gongen, so alle tilleggsopplysningar vert mottekne med ein kjempetakk!

 

God Jul!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg vet ikke om det har vært nevnt før, men det ser ut som Mette Marie var fadder ved en barnedåp i KK i Bergen i 1768:

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000005883054

 

Hvis Metta kom fra Sunnfjord, omfatter det Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!

 

Det er tydeleg at Metta var i Bergen i mange år, men kvar ho kom ifrå synest vera ei kjempeutfordring...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi og God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har freista finna fleire spor etter Erik Iverson (Skophammer) i Bergen,

 

Han er nemnd nokre gongar som faddar først på 1770-talet, men ikkje etter at han gifte seg med Metta Marie i 1775.  Underleg...  Kan dei vera flytte frå Bergen attende til Sogn eller Sundfjord?  Kanskje Erik døydde der?

 

MEN, huslyden ser ut til å ha butt i Nykyrkjesokni, og eg ser at ein sjømann/matros Erik Iverson er nemnd som kommunikant i Nykyrkja med kone to gongar i 1790:

 

* https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000038899

 

* https://www.digitalarkivet.no/view/321/pn00000000040300

 

Har Erik sett livet til på sjøen??

 

Det hadde vore ei kjempemessig julegåve om lagnaden til Erik og/eller opphavet til Metta Marie kunne finnast, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

I 1. rode i Bergen i 1801 finner jeg en Mette Marie Olsdatter, 74 år, enke av 1. ekteskap, fattigpenger:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390000521

 

Kan dette være din Mette Marie, med litt feil patronymikon? Fødselsår (beregnet) 1727 - Men kanskje litt stort avvik mht farsnavn og fødselsår?

 

Denne Mette Marie Olsdatter er nok et feilspor, for jeg finner denne dåpen i Førde i Sunnfjord i 1729:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHZ8-8M8

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1729, Side 19
https://media.digitalarkivet.no/view/11403/19

 

Og det stemmer nok også at dette er et feilspor, for ei Mette Marie Olsdatter gifter seg i 1765 i Korskirken med Lars Rasmussen. Back to scratch.

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torodd Kinn

Ei moglegheit er jo å leite igjennom det som finst av skifte etter menn som heitte Otte (Odd, Ottar) i Sunnfjord på 1700-talet.

 

Ved manntalet i 1701 er det ca. 15 moglege kandidatar som er kalla Otte eller Ott:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&medbilete=&sokpostnr=11#a0

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Torodd for nye interessante innlegg!

 

No skal eg vera varsam med å påstå noko som helst, men eg tykkjer denne Mette Marie Olsdotter som du Grethe finn i Bergen 1801 busett i 1-81, høver svært so godt med «vår» Metta Marie, som ved dødsfallet i 1808 budde i 1-86!

 

Kanskje bygdeboki for Førde kan gjera greie for den Metta Marie Olsdotter som var fødd der i 1729?  Me har vel ingen garanti for at det var ho som i 1765 gifte seg i Bergen med Lars Rasmusson...

 

Alt då dette emnet var oppe første gongen i 2004, var Grethe inne på tanken om å sjekka skiftene i Sunnfjord på 1700-talet for alle som heitte Otto.  No kan eg ikkje hugsa om dette vart gjort eller om skifteprotokollane i det heile var tilgjengelege på nettet den gongen, men det er klart at dette KAN vera den beste løysingi...  I desse høgtidsdagane sit eg diverre med eit svært so treigt og ustabilt internett, so eg har vanskar med å gjera dette sjølv, men kanskje nokon har høve til å hjelpa meg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi og fortsatt God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

24.03.1723 døper Otte Førde datteren Kirsti:

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Naustdal, Vevring, Haukedalen, Holsen i Førde, Ministerialbok nr. A 1 (1720-1727), Døde og begravede 1722, Fødte og døpte 1723, Side 20
https://media.digitalarkivet.no/view/11402/20

 

14.03.1732 døper Otte datteren Mari:

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1732, Side 38
https://media.digitalarkivet.no/view/11403/38

 

Fadderne til Mette Marie, datter til Ole Førde, ser ut til å være av "finere folk" - Nagel osv. Men en liten interessant observasjon: på høyre side av kirkeboka, det ser ut som det er 14. søndag etter Trefoldighet i Førde: introdusert Otte Førdes kvinne - 14.09.1732 (http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_27a.htm). 

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1729, Side 20

https://media.digitalarkivet.no/view/11403/20

 

Kan likevel Ole Førde være feilskrift for Otte Førde? Jeg er langt fra sikker, Lars, særlig fra ut fadderne i 1729 i forhold til 1723 og 1732. 

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Førde bygdebok 2 : 2

 

?????

 

 

Otte Borgersen .jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan Otte ved Søen var den samme som Otte Førde?

 

Ane, 1721

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Naustdal, Vevring, Haukedalen, Holsen i Førde, Ministerialbok nr. A 1 (1720-1727), Fødte og døpte 1721, Side 9
https://media.digitalarkivet.no/view/11402/9

 

 

Otte Borgersen 1701.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og interessante innlegg!

 

Jau, ser me på utsnittet frå bygdeboki (frå garden Førde?) og introduksjonen av Otto Førde's hustru etter barnedåp i 1729, nokre veker etter dåpen til Metta Marie, er det vel mykje som tyder på at det er «vår» Metta Marie som er døypt i Førde i 1729, men med feil patronymikon...  Er det kan henda eit skifte frå 1749 som er kjelda til oppstillingi av denne huslyden?

 

Med andre ord må Otto Borgerson og Martha Andersdotter (frå garden Førde?) vera foreldri?

 

MEN, finst det ikkje ein særskild omtale i bygdeboki for Førde under Sjøhola/Skei av denne huslyden?  Kanskje det der er fleire detaljar om Metta og søskeni hennar?

 

So ser det ut til at juli har bragt meg endå ei kjempefin julegåve frå deg, Grethe, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi som har lege meir eller mindre «urøyrd» i so mange år!

 

Fortsatt God Jul!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Førde bygdebok. 2 2 : Gardssoge og soga om folket

 

Folket på Skei 1.png

Folket på Skei 2.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Brithe,  04.03.1726

 

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Naustdal, Vevring, Haukedalen, Holsen i Førde, Ministerialbok nr. A 1 (1720-1727), Døde og begravede 1726, Fødte og døpte 1726, Side 33
https://media.digitalarkivet.no/view/11402/33

 

Dette er antakelig også en sønn av Otte:

 

Anders, døpt 7. søndag etter Tref. - 24.07.1735 (http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_20a.htm) - sønn av Otte ved Søen:

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Haukedalen, Naustdal i Førde, Ministerialbok nr. A 2 (1728-1748), Kronologisk liste 1735, Side 59
https://media.digitalarkivet.no/view/11403/59

 

Men hvor har bygdeboka hentet navnene Alis og Borgny fra? 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Ein liten kommentar til #2: Også gamle Bremanger kommune høyrde til Sunnfjord (medan Davik var i Nordfjord). Dessutan var Hyllestad og Øn sokn i Hyllestad ein del av Askvoll prestegjeld i Sunnfjord fram til desse + Bø sokn i Lavik blei Hyllestad kommune ein gong på 1860-talet. Også enkelte gardar i Solund har høyrt til Sunnfjord.

 

Bremanger var ein del av Kinn prestegjeld fram til slutten av 1800-talet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
On 12/24/2017 at 10:51 AM, Grethe Flood said:

Jeg vet ikke om det har vært nevnt før, men det ser ut som Mette Marie var fadder ved en barnedåp i KK i Bergen i 1768:

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000005883054

 

Hvis Metta kom fra Sunnfjord, omfatter det Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. 

 Pluss den delen av dagens Bremanger kommune som tidlegare tilhøyrde Kinn prestegjeld. Dette vil i praksis seie Bremangerlandet minus Berle og Oldeide samt fastlandsdelen av kommunen frå Svelgen og vestover. Resten (Davik, Rugsund, Ålfoten, Berle og Oldeide) høyrer til Nordfjord.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Torbjørn og Thore for nye spennande innlegg!

 

Eg har dei siste dagane «tygga» litt på opplysningane som herkjem fram, og eg finn det overveiande sannsynleg at det verkeleg er Metta Marie Ottesdotter frå Sjøhola under Skei i Førde som i Bergen gifte seg med Erik Iverson frå Skophammar i Hafslo.  Far hennar, Otto Borgerson, var tydeleg husmann i Sjøhola, og han var nok derifrå plassen, medan mori Martha Andersdotter høyrer til huslyden omskriven av Grethe i innlegg #9, men eit spørsmålø står att der:

 

* Kva gard er dette utsnittet frå Førde bygdebok teke i frå?  Garden Førde?

 

Elles sit me òg att med denne kjempeutfordringi, som eg har freista skriva om i innlegg #4:

 

* Kvar vart det av Erik Iverson?  Er det han som eg finn att som kommunikant og matros i Nykyrkja i 1790?  Eller kanskje døydde han ein annan stad utan å vera innført i kyrkjeboki i Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne utfordringi og Godt Nytt År!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thore Senneset
4 hours ago, Lars E. Øyane said:

Hjarteleg takk til Grethe, Torbjørn og Thore for nye spennande innlegg!

 

Eg har dei siste dagane «tygga» litt på opplysningane som herkjem fram, og eg finn det overveiande sannsynleg at det verkeleg er Metta Marie Ottesdotter frå Sjøhola under Skei i Førde som i Bergen gifte seg med Erik Iverson frå Skophammar i Hafslo.  Far hennar, Otto Borgerson, var tydeleg husmann i Sjøhola, og han var nok derifrå plassen, medan mori Martha Andersdotter høyrer til huslyden omskriven av Grethe i innlegg #9, men eit spørsmålø står att der:

 

* Kva gard er dette utsnittet frå Førde bygdebok teke i frå?  Garden Førde?

 

Elles sit me òg att med denne kjempeutfordringi, som eg har freista skriva om i innlegg #4:

 

* Kvar vart det av Erik Iverson?  Er det han som eg finn att som kommunikant og matros i Nykyrkja i 1790?  Eller kanskje døydde han ein annan stad utan å vera innført i kyrkjeboki i Bergen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne utfordringi og Godt Nytt År!

 

Garden Grethe omtalar må vere  Halbrend bnr 7, Ytre Halbrend. Førde bygdebok side 297 om "Skei bnr 17 mm Sjøahola" stadfestar dette:

 

5a46533867eef_ScreenShot2017-12-29at15_35_17.png.0f396e7e203e2a6b22621f57daa1679e.png

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Thore for siste innlegget, som då gjev svar på det første spørsmålet mitt frå innlegg #17.  Garden var altso Ytre Halbrend i Førde!

 

Etter dette sit me att med kjempeutfordringi kring lagnaden til Erik Iverson frå Skophammar, men er det i det heile mogeleg å komma noko nærare der?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne utfordringi og fortsatt Godt Nytt År!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld, før band XII av bygdebokserien for Luster går i trykken, å henta fram att dette emnet der me no manglar berre ein detalj:

 

* Kvar vart det av Erik Iverson (Skophammer), døypt i Hafslo 12.1.1738?  Er det han me finn att som kommunikant og matros i Nykyrkja i 1790?  Eller kanskje døydde han ein annan stad utan å vera innført i kyrkjeboki i Bergen?

 

Dette er ei skikkeleg kjempeutfordring, men om nokon kan løysa floka, trur eg beste staden er Digitalarkivet.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×