Gå til innhold
Arkivverket

Martha Eriksdotter Høgi - fødd i Hafslo 1831 - gift med Zacharias Andersson frå Røst (Værøy) - ho levde då far hennar døydde i Bergen 1881 - men kvar vart det av dei? - Troms eller Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Martha Eriksdotter Høgi var fødd i Hafslo 18.6.1831 som dotter av gardbrukar Erik Iverson og kona Kirsti Nilsdotter på garden Høgi i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/68

 

I 1847 flytte huslyden til Nordland, og me veit dei budde ei tid på Bardo i Troms, men kring 1860 busette dei seg i Knøsesmuget i Bergen.

 

Her er dei i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249008462

 

Her er dei i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295011314

 

I 1865 hadde dei buande hjå seg dotteri MAREN, 33 år gamal, men ho er sagt vera «gift» og neste person i huslyden, Hans Knudsen, var gift med dotteri KAREN, fødd i 1829!  Truleg er Maren ei feiltolking, noko som eg meiner går fram av originalen: https://media.digitalarkivet.no/view/38249/1594?indexing=

 

Erik og Kirsti fekk i alt sju born, men ein son døydde kort etter fødsli, medan ein annan son miste livet i ein storm utanfor Gamvik i Finnmark i 1869.  Han var gift og let etter seg ei dotter.  Fire av dei fem resterande borni har eg kontroll på, Karen, Kirsti og Iver i Bergen og Gjertrud i Davik (Nordfjord).

 

Kirsti Høgi døydde i Bergen 23.12.1879, og dødsmeldingi hennar fortel at ho let etter seg enkjemannen ERrik og «5 myndige Børn hvoraf 2 fraværende»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/24

 

Erik Høgi døydde i Bergen 20.5.1881, og dødsmeldingi hans fortel oss at han let etter seg «5 Børn der alle ere myndige»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/53

 

Den som manglar, er dotteri Martha.  Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta, men greier berre ikkje finna ho!  Ho er ganske sikkert eitt av dei to «fråverande» borni frå 1879!  Eg finn ikkje spor etter ho korkje i FT1865 eller i FT1875 - kan ho ha utvandra til Amerika frå Bardo?

 

NB: redigert - eg fann ho gift i Tromsø - sjå innlegg #2

 

Eg ville setja kjempestor pris på om nokon kan hjelpa meg finna lagnaden til Martha og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg på eigi hand greidd å finna vigsli til Martha.  Alderen hennar er rett nok ti år feil, men ho var fødd i Hafslo, og far hennar var Erik Iverson: https://media.digitalarkivet.no/view/299/252

 

Mannen Zakarias Andersson er fødd på Ystnes på Værøy 27.4.1827: https://media.digitalarkivet.no/view/16706/13

 

og her er vigsli til foreldri hans 26.5.1825 i Røst kyrkje: https://media.digitalarkivet.no/view/16706/66

 

Eitt einaste barn finn eg etter dei, Christine Kjerstine, fødd i Tromsø 2.8.1856: https://media.digitalarkivet.no/view/300/8

 

So er dei «borte vekk»!  Kan dei likevel ha utvandra til Amerika??

 

NB: Kanskje er dette dotteri Christine som i 1865 var pleiedotter i Tromsø: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387002341

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit fantastisk og imponerande innlegg!

 

Eg er overtydd om at du har finne rett huslyd, og her er Martha Anderson som enkje i FT1895 i Minneapolis, MN med dotteri Christine og mann hennar, Theo Gullickson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XGQ-VL8?i=2&cc=1503031

 

Og her er ei anna innførsle frå same teljingi, men med same namni: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XGQ-JVH?i=34&cc=1503031

 

Her er Martha Anderson i FT1905 hjå svigersonen Theodore Gullickson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-CBB?i=305&cc=1503056

 

Theodore Gullickson og Christine Anderson gifte seg i Minneapolis, MN 21.7.1888, og her er eit «family tree» på ancestry.com: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/37028118/person/19026914319/facts

 

Diverre finn eg ikkje Martha korkje i 1900 eller 1910 der utvandringsåret kjem fram, men kanskje det utifrå dei føreliggjande opplysningane er mogeleg å finna ut av dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av lagnaden til Martha Eriksdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har funnet Martha Eriksdatter Andersen i FT1865, 1875, 1885 og 1891. Se spesielt FT1875 hvor også Christine Andersen står oppført på det samme bostedet.

 

FT1865: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01038387001162

FT1875: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01052443002172

FT1885: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01053306002719

FT1891: https://media.digitalarkivet.no/view/53184/4315

 

Da må vi anta at Martha emigrerte en gang mellom 1891 og 1895, men jeg har ikke klart å finne emigrasjonen. Jeg har heller ikke funnet dødsfallet til Zakarias Andersen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt spennande innlegg!

 

Underleg at eg ikkje har finne Martha før, FT1865 seier jo tydeleg at ho var fødd i Hafslo!  Men uansett, ho er kommi «til rette», kg med dei opplysningane som no ligg på bordet, fann eg òg utvandringi hennar, i 1894:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=81570&merk=81570#ovre

 

og dette er nok dotteri Christine som utvandra i 1886 til New York med ein «infant» son Nicolai:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=45688&merk=45688#ovre

 

og her har me dåpen til Demetri Nicolai, fødd i Tromsø 31.10.1885 med russisk far:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6756/200

 

Når det gjeld Zakarias, vil eg tru at han må vera avliden i Tromsø kort etter dotteri var fødd, so truleg er det naudsynt å bla i kyrkjeboki..., men fram til soimmaren 1865 er han ikkje å sjå!

 

Derimot ser eg at arbeidsmann Sakarias Andersson på 34 år er utmeldt av statskyrkja 11.2.1857, medan kona Martha Eriksdotter på 29 år vart utmeld i 1859:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/300/277

 

So då er det eit godt spørsmål kvar dødsfallet hans kan vera innført?  Martha vart jo som me har sett katolikk, men kva med han...?

 

Kvar finst kyrkjeboki for den katolske kyrkjelyden i Tromsø?

 

Etter at alle desse nye opplysningane er komne til, har eg oppdatert manuskriptet mitt for Martha Eriksdotter og huslyden hennar slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye spennande oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 nedanfor!

 

Dei største utfordringane som no står att, er:

 

** Lagnaden (dødsfallet) til Zakarias Andersen?

 

** Opphavi til foreldri hans - som ikkje ser ut til å vera fødde på Røst (eller Værøy) nokon av dei...?

 

** Identifikasjon av Theodore Gullickson og lagnaden hans?

 

Når det gjeld Theodore, har eg sett litt på dei norske folketeljingane, og det er ikkje so mange alternativi som dukkar opp:

 

* Theodor Gullikson, fødd i Lardal 18.1.1858, busett i Lardal 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038124002896

   og i Larvik 1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053272001884

 

* Herman Theodor Gullikson, døypt i Strømsø 28.5.1855, busett i Drammen 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038081005371

   og same stad i 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052110008729

 

* Theodor Gullikson, fødd i Valle (S. Undal) 14.9.1861, busett i Sør-Audnedal 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038185002715

 

Kan det vera ein av desse som hamna i Minneapolis, MN??  Den siste hadde ANNA til mor, og det heitte òg einaste dotteri som Theodore og Christine fekk!!  Dessutan hadde Thedore og Christine sønene Oscar og Otto - oppkalling etter Ole Gullikson i Sør-Audnedal?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Zacharias, 1826 (født på Ystnes)

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004680412

 

Serine Oline, 1829

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004680497

 

Andreas, 1832

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004680854

 

Augustinus, f. 1835, døpt 1837

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004681124

 

Anders M. Knudsen, født på Nedre Nes, og Kristine Olsdatter, bosatt på Nes, giftet seg Røst 25.05.1825

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000352916

 

Dåpen til Anders Magnus:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004741740

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande og interessante innlegg!

 

Eg fann ikkje dåpen til Anders Magnus i databasen for Værøy, men har nok søkt på «feil» vis.  No fann eg dåpen, og eg ser hgan var fødd «uægte».  Faren er nok den Knut Gregerson, som du Grethe fann som fosterson i 1801, medan mori Sara Nilsdotter var tenestejente på Klak:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058481000347

 

Men fødselsregisteret for Værøy syner at ho var dotter av Martha (Marit) Olsdotter som i 1801 var gardbrukarkone på Ystenes, då i andre ekteskap med Daniel Pederson:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058481000371

 

Elles står det vel ikkje at Anders Magnus Knutson var FØDD på Nedre Nes då han gifte seg i 1825, berre at han var husmann under Nedre Nes!  Kvar Anders kan vera fødd og oppvaksen, er vanskeleg å seia, men det er vel ikkje usannsynleg at han i alle fall delvis kan ha vakse opp på Ystenes der mori var ifrå...?

 

Elles kan eg ikkje sjå at Kirstina Olsdotter var fødd på Røst (Værøy), og ho vart heller ikkje konfirmeret der, so ho er nok innflyttar...  Men med eit so vanleg namn, vert det nok helst «vanskeleg» å finna opphavet hennar...

 

Med omsyn til Theodor Gullikson vert eg meir og meir overtydd om at den beste «kandidaten» so absolutt er Theodor (Olson) Gullikson frå Vigeland i Valle, Sør-Audnedal: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001443157

 

Kanskje finst det ei bygdebok derifrå som kan stadfesta dette?

 

Eg ser at søsteri Ingeborg Gulliksen Vigeland utvandra 25 år gamal i 1878: https://media.digitalarkivet.no/view/6200/94

truleg ho som her er kalla Ingeborg Legsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=KRISTUT&gardpostnr=733&merk=733#ovre

 

og broren August Gulliksen var i 1900 gardbrukar og sjømann på Vigeland i Sør-Audnedal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037235001210

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eitt einaste barn finn eg etter dei, Christine Kjerstine, fødd i Tromsø 2.8.1856: https://media.digitalarkivet.no/view/300/8

 

Kan det være samme paret som døper sønnen Joseph Ansgar i Tromsø i 1861. (Tromsø/Dissenter) Født 1861-03-13

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216274

 

SATØ, Tromsø sokneprestkontor/stiftsprosti/domprosti, G/Ge/L0067: Dissenterprotokoll nr. 67, 1856-1882, s. 5
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060504020169
 

 

Pleiebarn i 1865

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387004260

 

Fostersønn i 1875

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052443001426

 

Endret av Ivar Moe
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

45 minutter siden, Ivar Moe skrev:

Kan det være samme paret som døper sønnen Joseph Ansgar i Tromsø i 1861. (Tromsø/Dissenter) Født 1861-03-13

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216274

 

Troms fylke, Tromsø i Tromsø, Dissenterprotokoll nr. 67 (1856-1882), Fødte barn av dissentere 1860-1862, Side 5
https://media.digitalarkivet.no/view/4298/5

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for skikkeleg spennande og interessante innlegg!

 

Denne sonen Joseph Ansgar kom ikkje fram då eg i aftes søkte i Digitalarkivet - «Avansert personsøk» i «Troms*» med far «Za*» eller «Sa*», men ved å gå inn på den spesielle kyrkjeboki fann eg fødslene både til Joseph Ansgar og til endå ei dotter:

 

Marie - fødd 28.9.1858: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216153

 

Som fosterborn i Tromsø 1865 finn eg både Marie: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387004297

 

og Ansgar Joseph: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387004260

 

I 1875 finn eg IKKJE Marie, men Ansgar Joseph er «på plass»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052443001426

 

Men korleis skal me tolka denne sjømannsrullen?  Kven sit med detaljerte opplysningar der?

 

Elles er eg forundra over at me ikkje kan finna noko dødsfall for Zakarias Andersen i Tromsø, heller ikkje i dissentarprotokollen!  Der burde han jo i alle fall ha vore med...  Kan det tenkjast at «gubben» rett og slett «stakk av»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne «frustrerande» huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er etter kvart vorten ganske so overtydd om at det verkeleg var Theodor Gulliksen frå Vigeland i Sør-Audnedal som gifte seg i Minneapolis, MN i 1888 med Christine Anderson, sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/219822-bygdebokoppslag-eller-lokal-kunnskap-garden-vigeland-i-sør-audnedal-bakar-gulliksen-frå-1800-talet/

 

og vil gjerne få syna fram eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #32 på neste side!

 

Dei store utfordringane i denne huslyden er no desse:

 

* Opphavet til Kirstina Olsdotter - Ørlandet?

 

* Dødsfallet til Zakarias Andersen?

 

* Sjekka opphav og utvandring for Theodore Gullickson?

 

* Lagnaden til Theodore Gullickson?

 

* Lagnaden til Marie Zakariasdotter/Andersen?

 

* Lagnaden til Joseph Ansgar Zakariasson/Andersen?

 

Det er heilt utruleg kor langt me er komne på so kort tid når det gjeld kartleggjingi av denne gåtefulle huslyden, men eg vonar det framleis er mogeleg å fylla nokre av dei resterande hòli og takkar på ny for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men korleis skal me tolka denne sjømannsrullen?  Kven sit med detaljerte opplysningar der?

 

Sjømannsruller oppbevares i statsarkivene. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner dette i bygdebok for Sør-Audnedal, bind 2, Gnr. 56 Øvre Vigeland, Gnr. 56 Bnr. 3, side 223:

 

 

Gulliksen .jpg

 

Men jeg finner også dette i samme bygdebok, side 243 - Gnr. 57 er Nedre Vigeland. 

 

 

Gulliksen 2.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vest-Agder fylke, Spangereid i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 2 (1848-1867), Viede 1849, Side 132 - nr. 10:

https://media.digitalarkivet.no/view/939/142

 

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 7 (1855-1876), Viede 1859, Side 221 - nr. 7
https://media.digitalarkivet.no/view/957/223

 

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 7 (1855-1876), Døde og begravede 1857, Side 259 - nr. 30

https://media.digitalarkivet.no/view/957/261

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsfallet til Ole Gulliksens enke i 1914:

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Klokkerbok nr. B 6 (1893-1915), Døde og begravede 1914, Side 263 - nr. 19

https://media.digitalarkivet.no/view/5136/252

 

For ordens skyld - dødsfallet til Ole Gulliksen, 09.02.1878

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 8 (1876-1881), Døde og begravede 1878, Side 85
https://media.digitalarkivet.no/view/6200/80

 

Hvis det finnes en dødsfallsprotokoll/dødsmelding fra Valle for Anne i 1914, kan kanskje den inneholde litt flere opplysninger om barn/arvinger og hvor de befinner seg. 

 

For ordens skyld - her er også Theodor Gulliksens konfirmasjon:

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 7 (1855-1876), Konfirmerte 1875, Side 253
https://media.digitalarkivet.no/view/957/255

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Hans Andreas Tobiassen og Anne Andersdatter i folketellingen 1891, tellingskrets 11, husliste nr. 10:

Vest-Agder fylke, Lyngdal i Lister, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 4872
https://media.digitalarkivet.no/view/52904/4872

https://media.digitalarkivet.no/view/52904/4873

https://media.digitalarkivet.no/view/52904/4874

 

Hans Andreas døde 26.12.1901

Vest-Agder fylke, Å i Lyngdal, Ministerialbok nr. A 12 (1894-1918), Døde og begravede 1902, Side 295
https://media.digitalarkivet.no/view/1021/288

 

Her er giftermålet - se nr. 10

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 9 (1880-1895), Viede 1886, Side 148
https://media.digitalarkivet.no/view/1026/152

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Grethe Flood skrev:

Dødsfallet til Ole Gulliksens enke i 1914:

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Klokkerbok nr. B 6 (1893-1915), Døde og begravede 1914, Side 263 - nr. 19

https://media.digitalarkivet.no/view/5136/252

 

For ordens skyld - dødsfallet til Ole Gulliksen, 09.02.1878

Vest-Agder fylke, Valle i Sør-Audnedal, Ministerialbok nr. A 8 (1876-1881), Døde og begravede 1878, Side 85
https://media.digitalarkivet.no/view/6200/80

 

Hvis det finnes en dødsfallsprotokoll/dødsmelding fra Valle for Anne i 1914, kan kanskje den inneholde litt flere opplysninger om barn/arvinger og hvor de befinner seg. 

 

Her er skiftet etter Anna Gulliksen. Det er oppgitt at sønnen Theodor bor i Amerika, men at de ikke har hørt noe fra ham siden "St. Fransiskoulykken":

 

https://media.digitalarkivet.no/view/35229/110?indexing=

 

Endret av Lars Waaltorp
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

to be verified they had no additional children? – Oscar 1889, Anna 1890, Otto 1893, Minnie 1897)

 

????

Theodore Gallickson

United States Census, 1900
Name Theodore Gallickson
Event Type Census
Event Year 1900
Event Place Election District 6 Minneapolis city Ward 9, Hennepin, Minnesota, United States
Gender Male
Marital Status Widowed
Race White
Race (Original) W
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Birthplace Norway
Immigration Year 1880
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Theodore Gallickson Head M   Norway
Metre Gallickson Son M 15 Norway
Oscar Gallickson Son M 11 Minnesota
Anna Gallickson Daughter F 10 Minnesota
Otto Gallickson Son M 7 Minnesota
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.