Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'tromsø'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 6 resultater

  1. Peder Sjurson frå Ottum i Luster var fødd i 1832, men flytte alt i 1849 til Nordland og sidan vidare til Tromsø, Han vart etterlyst i samband med militærtenesta si i 1854, men flytte nok ikkje heimatt på den tidi. I staden gifte han seg i Tromsø med ei jente frå Berg på Senja, som det finst svært lite opplysningar om(?), og dei utvandra straks til Amerika. Eg har hatt mykje bàl med å finna ut av denne huslyden i Amerika og vonar at det kanskje er nokon som kan ha gode tips å komma med? Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innkomne opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er endå ein huslyd som eg freista finna ut av på 1980-talet, og som eg den gongen følgde til Tromsø, men som eg aldri greidde å få «styr» på. I kveld har eg oppdaga at Ole og Anna Heggelund var ein tur i Amerika mellom kring 1860 og 1871. So kom dei attende til Trondheim for so å utvandra på ny i 1874. Dei hamna i McPherson Co., KS, men framleis manglar eg mange detaljar, ikkje minst om opphavet til Ole Carl Heggelund i Dverberg, og likeins om to av dei fire sønene deira i Amerika. No vonar eg på litt ekspertisehjelp i Brukarforum, og vil gjerne få syna fram eit fersk manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Her er huslyden i FT1870 i Story Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBG8-BQ Og her er dei i FT1880 i McPherson, KS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB6-9HJ Og so Anna Heggelund som enkje i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHFW-22D Ein «kuriositet» er testamentet som Anna skreiv i 1913, kort før ho døydde der kvar av dei to yngste sønene fekk 10 dollar kvar, medan den eldste fekk resten: https://www.ancestry.com/interactive/9065/007665691_00559?pid=114047&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DUSProbateKS%26h%3D114047%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=007665691_00696 Sonen Edward har eg finne ein del om: * 1900 Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCR3-669 * 1910 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVR-59M * 1920 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNJ-3RD * 1930 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZH-HPW Men Menotti finn eg ikkje noko om mellom 1900 då han var «postal clerk» i McPherson, KS og 1926 då han gifte seg på Manhattan, NY med Johanna Wright! Men ho døydde i Richmond Co., NY alt i 1929, og i 1930 var han enkjemann på Manhattan!! Kva som sidan skjedde, veit eg ikkje... Johanna sitt testament vart fullbyrda i 1929 (men utan at eg finn noko meir om ervingar etc....): https://www.ancestry.com/interactive/8800/005512810_00342?pid=12312333&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8800%26h%3D12312333%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11836%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11836&_phstart=successSource&usePUBJs=true So finn eg kan henda òrsaki til at Carl August fekk heile arven etter mori i 1913; ho ville sjå til at han fekk eit «betre» liv. Han ser ut til å ha vore pasient på mentalsjukehuset i Fergus Falls, MN i alle fall i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHN-KWP og døydde der i 1931: Name Carl A Heggelund Gender Male Death Date 03 Aug 1931 Death Place Fergus Falls, Otter Tail, Minnesota Age 72 Birth Date 1859 Father's Name Ole Heggelund Mother's Name Unknown Eg finn han elles ikkje nemnd nokon stad mellom 1880 og 1930, so kvar var han då?? Ein skikkeleg spennande huslyd dette! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Eg vil i dag få presentera ein «ny» huslyd, som eg jobba mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong aldri vart liksom heilt nøgd med. Moderne hjelpemiddel har gjort det mogeleg å komma litt lenger, men eg står likevel fast på ein del greiner og vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum! «Hovudutfordringane» her er: ** Lagnadane til dei to søstrene Elisabeth Olsdotter og Mari Olsdotter - som kanskje mest sannsynleg er flytte til Bergen? ** Lagnaden til Knut Olson Eide sin son og steson i Bergen? ** Soga om kona til Nils Olson i Bergen - Massie Johannesdotter og hennar eventuelle born? ** Lagnaden til Ole Olson Eide i Bø, opphavet til kona hans og lagnaden til dotteri Berthe Elisabeth!? Her følgjer so eit fersk oppdatert manuskript for denne huslyden der eg òg har teke med bakgrunnsopplysningar frå Luster: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstastta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Denne utfordringi kjem som ein del av følgjande tema,m som kanskje har vore oversett: https://forum.arkivverket.no/topic/219784-martha-eriksdotter-høgi-fødd-i-hafslo-1831-gift-med-zacharias-andersson-frå-røst-værøy-ho-levde-då-far-hennar-døydde-i-bergen-1881-men-kvar-vart-det-av-dei-troms-eller-amerika/ Martha Eriksdotter frå Hafslo og Zakarias Andersen frå Røst, busette i Tromsø, fekk ein son i lag: * Joseph Ansgar Andersen, fødd 13.3.1861: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000013216273 Både FT1865 og FT1875 refererer til guten under namnet Ansgar Joseph, so kanskje han nytta Ansgar til dagleg? Joseph Ansgar Andersen er registrert i sjømannsrullane i Tromsø der det kjem fram følgjande opplysningar, attgjevne i innlegg #43 i ovannemnde tema: «Joseph Ansgar Andersen, Tromsø, fødd 13.3.1861 i Tromsø, konfirmert i Katolske kirken: ** 19.7.1877 påmønstra Marie frå Tromsø til Arkangelsk, avmønstra eller avgått 10.12.1877 i Stavanger ** 13.8.1878 påmønstra Candace frå Arendal til Drammen og Irland, avmønstra eller avgått 15.10.1878 «Rømt i Liverpool Patentet hidsent meldt rulleføraren 17.10.1882» So då er det eit godt spørsmål kvar me skal leita vidare etter Joseph Ansgar! Ser me på FT1881 for England, finn me i Liverpool ein: Joseph Anderson, 21 years, sailor, born «Bergan, Norway», men fødestaden er skriven med gjentakingsteikn etter den føregåande Isic Hulborson, 19 years, sailor, so kanskje me ikkje skal ta dette med «Bergan» so høgtideleg...!? https://www.ancestry.com/interactive/7572/LANRG11_3615_3619-0095?pid=8752848&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7572%26h%3D8752848%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5445%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5445&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=LANRG11_3615_3619-0096 Lenger kjem eg ikkje med denne saki, men eg vonar at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høve til å sjå meir på denne utfordringi, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Kan henda har dette spørsmålet vore oppe før; eg er ikkje sikker, men uansett kan status ha endra seg i mellomtidi: Eg er på leiting etter opplysningar om ein huslyd i Tromsø som kring 1857 «konverterte» til katolisismen, men finn ikkje kyrkjebøker for den katolske kyrkjelyden i Tromsø frå den tidi. Er det mogeleg å finna ut kvar desse kan vera oppbevarte? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  6. Martha Eriksdotter Høgi var fødd i Hafslo 18.6.1831 som dotter av gardbrukar Erik Iverson og kona Kirsti Nilsdotter på garden Høgi i Hafslo: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/68 I 1847 flytte huslyden til Nordland, og me veit dei budde ei tid på Bardo i Troms, men kring 1860 busette dei seg i Knøsesmuget i Bergen. Her er dei i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249008462 Her er dei i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295011314 I 1865 hadde dei buande hjå seg dotteri MAREN, 33 år gamal, men ho er sagt vera «gift» og neste person i huslyden, Hans Knudsen, var gift med dotteri KAREN, fødd i 1829! Truleg er Maren ei feiltolking, noko som eg meiner går fram av originalen: https://media.digitalarkivet.no/view/38249/1594?indexing= Erik og Kirsti fekk i alt sju born, men ein son døydde kort etter fødsli, medan ein annan son miste livet i ein storm utanfor Gamvik i Finnmark i 1869. Han var gift og let etter seg ei dotter. Fire av dei fem resterande borni har eg kontroll på, Karen, Kirsti og Iver i Bergen og Gjertrud i Davik (Nordfjord). Kirsti Høgi døydde i Bergen 23.12.1879, og dødsmeldingi hennar fortel at ho let etter seg enkjemannen ERrik og «5 myndige Børn hvoraf 2 fraværende»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/24 Erik Høgi døydde i Bergen 20.5.1881, og dødsmeldingi hans fortel oss at han let etter seg «5 Børn der alle ere myndige»: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/53 Den som manglar, er dotteri Martha. Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta, men greier berre ikkje finna ho! Ho er ganske sikkert eitt av dei to «fråverande» borni frå 1879! Eg finn ikkje spor etter ho korkje i FT1865 eller i FT1875 - kan ho ha utvandra til Amerika frå Bardo? NB: redigert - eg fann ho gift i Tromsø - sjå innlegg #2 Eg ville setja kjempestor pris på om nokon kan hjelpa meg finna lagnaden til Martha og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.