Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'heggelund'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Dette er endå ein huslyd som eg freista finna ut av på 1980-talet, og som eg den gongen følgde til Tromsø, men som eg aldri greidde å få «styr» på. I kveld har eg oppdaga at Ole og Anna Heggelund var ein tur i Amerika mellom kring 1860 og 1871. So kom dei attende til Trondheim for so å utvandra på ny i 1874. Dei hamna i McPherson Co., KS, men framleis manglar eg mange detaljar, ikkje minst om opphavet til Ole Carl Heggelund i Dverberg, og likeins om to av dei fire sønene deira i Amerika. No vonar eg på litt ekspertisehjelp i Brukarforum, og vil gjerne få syna fram eit fersk manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Her er huslyden i FT1870 i Story Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBG8-BQ Og her er dei i FT1880 i McPherson, KS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB6-9HJ Og so Anna Heggelund som enkje i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHFW-22D Ein «kuriositet» er testamentet som Anna skreiv i 1913, kort før ho døydde der kvar av dei to yngste sønene fekk 10 dollar kvar, medan den eldste fekk resten: https://www.ancestry.com/interactive/9065/007665691_00559?pid=114047&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DUSProbateKS%26h%3D114047%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=007665691_00696 Sonen Edward har eg finne ein del om: * 1900 Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCR3-669 * 1910 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVR-59M * 1920 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNJ-3RD * 1930 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZH-HPW Men Menotti finn eg ikkje noko om mellom 1900 då han var «postal clerk» i McPherson, KS og 1926 då han gifte seg på Manhattan, NY med Johanna Wright! Men ho døydde i Richmond Co., NY alt i 1929, og i 1930 var han enkjemann på Manhattan!! Kva som sidan skjedde, veit eg ikkje... Johanna sitt testament vart fullbyrda i 1929 (men utan at eg finn noko meir om ervingar etc....): https://www.ancestry.com/interactive/8800/005512810_00342?pid=12312333&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8800%26h%3D12312333%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11836%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11836&_phstart=successSource&usePUBJs=true So finn eg kan henda òrsaki til at Carl August fekk heile arven etter mori i 1913; ho ville sjå til at han fekk eit «betre» liv. Han ser ut til å ha vore pasient på mentalsjukehuset i Fergus Falls, MN i alle fall i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHN-KWP og døydde der i 1931: Name Carl A Heggelund Gender Male Death Date 03 Aug 1931 Death Place Fergus Falls, Otter Tail, Minnesota Age 72 Birth Date 1859 Father's Name Ole Heggelund Mother's Name Unknown Eg finn han elles ikkje nemnd nokon stad mellom 1880 og 1930, so kvar var han då?? Ein skikkeleg spennande huslyd dette! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.