Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'dverberg'.



Flere søkevalg

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Arkivverket
    • Spør Arkivverket
  • Digitalarkivet
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Annet
    • Tekniske tilbakemeldinger

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Dette er endå ein huslyd som eg freista finna ut av på 1980-talet, og som eg den gongen følgde til Tromsø, men som eg aldri greidde å få «styr» på. I kveld har eg oppdaga at Ole og Anna Heggelund var ein tur i Amerika mellom kring 1860 og 1871. So kom dei attende til Trondheim for so å utvandra på ny i 1874. Dei hamna i McPherson Co., KS, men framleis manglar eg mange detaljar, ikkje minst om opphavet til Ole Carl Heggelund i Dverberg, og likeins om to av dei fire sønene deira i Amerika. No vonar eg på litt ekspertisehjelp i Brukarforum, og vil gjerne få syna fram eit fersk manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under! Her er huslyden i FT1870 i Story Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBG8-BQ Og her er dei i FT1880 i McPherson, KS: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB6-9HJ Og so Anna Heggelund som enkje i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHFW-22D Ein «kuriositet» er testamentet som Anna skreiv i 1913, kort før ho døydde der kvar av dei to yngste sønene fekk 10 dollar kvar, medan den eldste fekk resten: https://www.ancestry.com/interactive/9065/007665691_00559?pid=114047&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DUSProbateKS%26h%3D114047%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=007665691_00696 Sonen Edward har eg finne ein del om: * 1900 Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCR3-669 * 1910 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVR-59M * 1920 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNJ-3RD * 1930 Portland, OR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZH-HPW Men Menotti finn eg ikkje noko om mellom 1900 då han var «postal clerk» i McPherson, KS og 1926 då han gifte seg på Manhattan, NY med Johanna Wright! Men ho døydde i Richmond Co., NY alt i 1929, og i 1930 var han enkjemann på Manhattan!! Kva som sidan skjedde, veit eg ikkje... Johanna sitt testament vart fullbyrda i 1929 (men utan at eg finn noko meir om ervingar etc....): https://www.ancestry.com/interactive/8800/005512810_00342?pid=12312333&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8800%26h%3D12312333%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11836%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11836&_phstart=successSource&usePUBJs=true So finn eg kan henda òrsaki til at Carl August fekk heile arven etter mori i 1913; ho ville sjå til at han fekk eit «betre» liv. Han ser ut til å ha vore pasient på mentalsjukehuset i Fergus Falls, MN i alle fall i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHN-KWP og døydde der i 1931: Name Carl A Heggelund Gender Male Death Date 03 Aug 1931 Death Place Fergus Falls, Otter Tail, Minnesota Age 72 Birth Date 1859 Father's Name Ole Heggelund Mother's Name Unknown Eg finn han elles ikkje nemnd nokon stad mellom 1880 og 1930, so kvar var han då?? Ein skikkeleg spennande huslyd dette! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen ikkje greidde å gjera so mykje med grunna manglande kjeldetilgong. Eg var meint på å ta huslyden opp til drøfting for fleire år sidan, men eg trur det vart gløymt, og eg vil difor no gjerne få henta han fram att frå «gløymsli». Kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Øksnes og/eller Dverberg og Sortland som kan bidra med lite vetta hjelp til å gjera dette manuskriptet meir komplett? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg med kjempefine opplysnngar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Kanskje er det eg som gjer ein feil,. men eg har i fleire dagar freista komma inn på følgjande database, utan å lukkast: https://www.digitalarkivet.no/source/16740 Her skal det vera eit søkberrt register for fødde, vigde og avlidne for perioden 1801-1815. Vigde og avlidne fungerer, men eg får ikkje noko fram når eg går inn på føddebasen: https://www.digitalarkivet.no/search/76/16740 Forklaring? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
  4. Dette er ein huslyd som eg grubla veldig på i 1980-åri, men som eg aldri greidde å verta «klok» på! Kan tidi no vera kommi? Torkild Salomonson og Inga Eriksdotter kom båe i ung alder som tenestefolk hjå Bisgaard i Amla i Sogndal, han frå Luster og ho med ukjent opphav. Etter nokre år gifte dei seg og fekk slå seg ned på husmannsplassen Haugen under Amla. Men gleda varte ikkje so lenge. Torkild døydde alt i 1785, og ikkje før var mannen avliden, forsvann Inga frå Kaupanger med dei fire attlevande sønene deira. Ho gifte seg att og fekk to born til, men kven ho gifte seg med og kvar dei budde, er ei kjempeutfordring! Me veit i grunnen berre at tre av dei fire sønene etter Torkild og Inga alt i 1801, mellom 19 og 23 år gamle, var flytte til Vesterålen, Salomon til Øksnes og Ole og Otto til Dverberg. Det vart i 1821 halde skifte i Dverberg etter Ole Torkildson på Skaugvold i Dverberg, som då hadde drukna i lag med broren Otto og 28 andre personar (må ha vore ein stor båt!?), og me får greie på dei to halvsøskeni. Slik ser denne huslyden ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter oppdatering av opplysningane om denne huslyden er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg står ganske so «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.