Gå til innhold
Arkivverket

Martha Eriksdotter Høgi - fødd i Hafslo 1831 - gift med Zacharias Andersson frå Røst (Værøy) - ho levde då far hennar døydde i Bergen 1881 - men kvar vart det av dei? - Troms eller Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD7M-KZR

 

Otto Gullickson

Minnesota Births and Christenings
Name Otto Gullickson
Gender Male
Birth Date 23 Jan 1893
Birthplace Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Name Note Supplemental birth report Filed 22 Nov 1921
Race White
Father's Name Theodore Gullickson
Father's Birthplace Norway
Father's Age 32y
Mother's Name Christina Anderson
Mother's Birthplace Norway
Mother's Age 36y

 

Fødselsdato stemmer, men dette er vel likevel ikke Otto Gullickson???

https://www.findagrave.com/memorial/17255051/otto-gullickson#

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XP8R-GTL

Minnie Gullickson

Minnesota Death Records
Name Minnie Gullickson
Event Type DEATH
Event Date 28 Apr 1899
Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Residence Place Minneapolis, Minnesota
Gender Female
Age 2
Race White
Birthplace Minnesota
Birth Year (Estimated) 1897
Burial Place Minneapolis, Minnesota
Cemetery Hillside
Father's Name Theo Gullickson
Father's Birthplace Norway
Mother's Name Christina Gullickson
Mother's Birthplace

Norway

 

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDMZ-C94

Gullikson

Minnesota Births and Christenings
Name Gullikson
Gender Male
Birth Date 16 Mar 1889
Birthplace Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Father's Name Theordor Gullikson
Mother's Name

Kristine

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for mange nye spennande innlegg!

 

Eg har alt skrive til Statsarkivet i Tromsø vedrørande sjømannsrullane, samstundes som eg spør etter dødsmelding for Zakarias Andersson, eventuelt den katolske kyrkjeboki for 1860-åri der dødsfallet hans bør vera innført (med mindre han rett og slett berre «stakk av»...).

 

Men dødsfallet til Anna har gjeve oss dei naudsynte opplysningane!  Skifteregistreringi etter Anna Gulliksen fortel oss, som Lars W. seier, at dei ikkje hadde høyrt gjete Theodor sidan jordskjelvet i San Francisco, CA i 1906, og det stemmer jo fortreffeleg med at han ikkje er å sjå i nokon amerikanske kjelder etter FT1905!  Han må vera faren til San Francisco for å ta arbeid der...

 

Eit par av utfordringane frå innlegg #15 ser då ut til å vera løyste, og me sit att med desse fem:

 

* Opphavet til Kirstina Olsdotter - Ørlandet?

 

* Dødsfallet til Zakarias Andersen?

 

* Utvandring til Theodore Gullickson?

 

* Lagnaden til Marie Zakariasdotter/Andersen?

 

* Lagnaden til Joseph Ansgar Zakariasson/Andersen?

 

Når det gjeld opphavet til Kirstina Olsdotter, ser me at ho i 1844 som enkje flytte til Ørlandet med yngste sonen Augustinus.  Ho er då kalla Moe og var 38 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/16706/97

 

Truleg er dette dødsfallet hennar på Ørlandet 11.6.1856 - ho er kalla Kirstine Oline Olsdotter Moe og er 54 år gamal.  Under bustad står det noko som eg har vanskar med å lesa, N......., Gr.......: https://media.digitalarkivet.no/view/2389/418

 

Sonen Augustinus Andersson vart konfirmert på Ørlandet i 1851 og budde då på Haarberg: https://media.digitalarkivet.no/view/2389/272

 

Kanskje nokon greier finna opphavet hennar på bakgrunn av desse opplysningane?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Truleg er dette dødsfallet hennar på Ørlandet 11.6.1856 - ho er kalla Kirstine Oline Olsdotter Moe og er 54 år gamal.  Under bustad står det noko som eg har vanskar med å lesa, N......., Gr.......: https://media.digitalarkivet.no/view/2389/418

 

Jeg tror det står "Nystykket Grande".

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. og Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg ser denne huslyden busett på «Haarberg eller Nystykke» på Ørlandet i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038313003322

 

Dette er den einaste bustaden på Ørlandet i 1865 med namnet Nystykket, og me skal hugsa på at Augustinus budde på Haarberg ved konfirmasjonen i 1851.  Kan dei vera i slekt med nokon av dei som i 1865 budde på Nystykket?

 

Elles har eg no konstatert at INGEN av borni til Theodor og Christine Gullickson er å sjå i FT1910 nokon stad i USA, men dotteri Anna Martha Gullickson gifte seg i Minneapolis, MN 11.12.1911 med Conrad Emanuel Christiansen, og i FT1920 budde dei framleis i Minneapolis, MN.  Hjå dei var den ugifte broren Otto.  Dei andre borni ser me ikkje noko meir til...  Merkeleg!!  Kanskje Theodor hadde med seg dei eldste sønene til California i 1905/1906?

 

So er siste innlegget frå Grethe dukka opp, medan eg arbeidde med dette, og eg er imponert:  Marie Zakariasdotter er kommi «til rette»!  Her er originalvigsli på Bakklandet 3.4.1881: https://media.digitalarkivet.no/view/3034/31

 

Av originalen kjem det fram at steinhoggar Johan Peter Andersson, son av innerst Anders Pehrsson, var fødd i Stenkyrka socken i Bohuslän i 1854.  Bustaden hans var Kirkeslotten(?) på Bakklandet!?  Men eg kan ikkje sjå at dei fekk born på Bakklandet, so kvar vart det av dei?

 

PS: Denne utfordringi kring Johan Peter Andersson er i ettertid lagt ut som eige tema:

https://forum.arkivverket.no/topic/219850-johan-peter-andersson-frå-stenkyrka-socken-i-bohuslän-fødd-1854-ei-svensk-utfordring/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Av originalen kjem det fram at steinhoggar Johan Peter Andersson, son av innerst Anders Pehrsson, var fødd i Stenkyrka socken i Bohuslän i 1854.  Bustaden hans var Kirkeslotten(?) på Bakklandet!?  Men eg kan ikkje sjå at dei fekk born på Bakklandet, so kvar vart det av dei?

 

Hvis jeg ikke har bommet helt, så er dette dåpen til Johan Peter Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V72Q-ZMN

 

Vi kan følge ham i de svenske husholdningsundersøkelsene fra 1871-1881. I den siste står det at han fikk utskrevet attest for ekteskap i Trondhjem i 1881, og deretter er det notert at han har reist til Amerika:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLPP-BLDX

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLP5-B213

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLPR-V9NQ

 

5a9ab5a43627c_Skjermbilde2018-03-03kl_15_47_36.png.ec697436fcaa5d44360c66833713850e.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Opphavet til Johan Pet(t)er Andersson er med dette «på plass», men kvar vart det av dette parfolket?

 

Eg har no vore inne og studert passasjerlistene over Trondheim, og eg finn faktisk ei «spennande» person i denne:

 

Maria Anderss., gift arbeiderske på 25 år, utvandra november 1882 frå Trondheim til Minneapolis, MN med son Johan på 1/2 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=34991&merk=34991#ovre

 

Eg har etter dette funnet søkt samtlege kyrkjebøker for Trondheim fødde 1881/1882, men finn INGEN Johan fødde med mor Marie i heile byen!  So kvar kan denne fødsli vera innført?

 

MEN!!  Sjå kva eg no finn i Minneapolis, MN:

 

* 1885: John Anderson (Swe) 30 and wife Hattie(!) (Nor) 27 with children John (Nor) 4 and Hilda (MN) 1: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DRVH-Q5?i=1364&cc=1503044

 

* 1895: John Anderson, stone mason (Swe) 40 and wife Mary (Nor) 36 with children John B (Nor) 14, Mary M (MN) 11 and Arthur (MN) 6: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6XGQ-F4S?i=132&cc=1503031

 

* 1900: Marie Olson, wife (Nor) Sep. 1856 - em. 1882 - marr. 3 years to Oscar Olson, wood turner (Nor) Oct. 1872 - em. 1880 - she had 6 children, 3 living John B. Anderson (Nor) May 1881, Marie M. Anderson (MN) Dec. 1883 and Arthur A Anderson (MN) Mar. 1889: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6QT7-YMW?i=28&cc=1325221

 

John Anderson, poor farm, fødd Sverige 1853, døydde i Minneapolis, MN 24.5.1896 - KAN vera «vår» mann(?)

 

Oscar Olson og Mary Anderson gifte seg i Hennepin Co., MN 26.6.1897: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939K-T5SS-VW?i=1212&cc=1803974

 

Oscar Olson, wood turner, fødd 1873, døydde i Minneapolis, MN 14.8.1901

 

Marie Olson, fødd 1858, father Anderson, husband Oscar, døydde i Minneapolis, MN 24.10.1922: https://www.findagrave.com/memorial/125427176

 

Eg ser elles at:

 

* Marie Madaline Anderson, dau of John and Marie, er fødd i Hennepin Co., MN 13.12.1883 - vart gift med Gustav Jonas Norstrom

 

* Arthur Ferdinand Alexander Anderson, son av John og Marie, er fødd i Hennepin Co., MN 11.3.1889

 

BINGO!  Dette er «våre» folk!

 

Då børjar me etter kvart å få eit bra oversyn over ætti til Marie, men er det mogeleg å identifisera:

 

** Oscar Olson, fødd i Noreg oktober 1872 og utvandra i 1880?

Han skulle då vel ikkje òg vera frå Sør-Audnedal...?

 

Name Oscar Olsen
Gender Male
Birth Date 10 Oct 1872
Christening Date 03 Nov 1872
Christening Place SPANGEREID, VEST-AGDER, NORWAY
Father's Name Rudolf August Olsen
Mother's Name Anne Guline Abrahamsdr

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #15 på førre sida:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Eriksdotter {Høgi}, f. {i Hafslo} 18.6.1831,

Martha Eriksdotter flytte likeins til Nordland med foreldri i 1847 og gifte seg i Tromsø 10.12.1854 med Zakarias Andersson frå Stamnes på Røst (Værøy), i Tromsø kjend som Zakarias Andersen.  Han var son av gardbrukar og klokkar Anders Magnus Knutson på Stamnes, opphavleg frå Ystnes, og kona Kirstina Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – fødd kring 1802-1803! – kan ho ha vore frå Ørlandet der ho flytte som enkje i 1844? – truleg den Kirstine Oline Olsdotter Moe, husmannskone, 54, som døydde på Ørlandet 11.6.1856!? - sonen Augustinus Andersson, fødd Værøy 1835 – vart konfirmert frå Haarberg på Ørlandet i 1851 – gift Moskenes 1860!)

 

og f. på Røst (Værøy) 27.4.1827.  Zakarias var arbeidar, og han og Martha vart buande i Tromsø der Zakarias d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – katolsk mellom 1861 og 1865!?)

 

Martha Andersen var som enkje i mange år hushaldar hjå den katolske presten i Tromsø til ho i 1894 utvandra til Amerika.  Martha Anderson busette seg hjå dotter si i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 20.12.1910.  Martha og Zakarias fekk to born i lag:

a. Christine Kjerstine Zakariasdotter, kjend som Christine Anderson, f. i Tromsø 2.8.1856, var ei tid syerske i Tromsø, men utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 21.7.1888 med Theodor Olson Gulliksen frå Vigeland i Sør-Audnedal, i Amerika kjend som Theodore Gullickson.  Han var son av bakar Ole Ingebrigtson Gulliksen på Vigeland, opphavleg frå Ånnerød i Solum, Telemark, og andre kona Anna Andersdotter frå Vettesdal og f. i Sør-Audnedal 14.9.1861, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret? – 1900 census suggests 1880!)

 

     Theodore var snikkar («carpenter»), og han og Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Christine d. 7.3.1900.  Theodore Gullickson d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1905! – San Francisco, CA 1906??)

 

     Dei fekk fire born i lag, men Christine hadde òg ein son frå før.

 

     ##### (to be verified they had no additional children? – Oscar 1889, Anna 1890, Otto 1893, Minnie 1897)

 

b. Marie Zakariasdotter, kjend som Marie Andersen, f. i Tromsø 28.9.1858, gifte seg på Bakklandet ved Trondheim 3.4.1881 med Johan Petter Andersson frå Stenkyrka i Bohuslän, Sverige.  Han var son av husmann Anders Pehrson på Krosskärr i Stenkyrka, opphavleg frå Budahlemyr i Stenkyrka, og kona Britta Johanna Nilsdotter frå Kollekärr i Stenkyrka og f. på Krosskärr i Stenkyrka, Bohuslän, Sverige 26.7.1854.  Han var komen som steinhoggar til Trondheim, men i 1882 utvandra parfolket til Amerika, og under namni John og Marie Anderson finn me dei att i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der John livnærte seg som gråsteinsmurar («stone mason»).  John d. i Minneapolis, Minn. 24.5.1896,

 

     ##### (to be verified!?)

 

     og 26.6.1897 gifte Marie seg att i Minneapolis, Minn. med Oscar Olson

 

     ##### (opphavet hans i Noreg? – fødd oktober 1872 og utvandra 1880!?)

 

     Oscar var tredreiar («wood turner»), og han og Marie vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Oscar d. 14.8.1901.  Marie Olson d. same staden 24.10.1922.  Ho fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ##### (to be verified?)

 

b. Joseph Ansgar Zakariasson, kjend som Ansgar Andersen, f. i Tromsø 13.3.1861,

 

     ##### (fosterbarn i Tromsø 1865 og 1875 – sidan sjømann!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne «mangslungne» huslyden der no følgjande utfordringar står att:

 

* Opphavet til Kirstina Olsdotter - Ørlandet?

 

* Dødsfallet til Zakarias Andersen?

 

* Utvandringi til Theodore Gullickson?

 

* Opphavet til Oscar Olson?

 

* Lagnaden til Joseph Ansgar Zakariasson/Andersen?

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld sete og spekulert på Martha Eriksdotter og kvar ho kan «gøyma seg» i FT1900.

 

So fann eg denne posten som på sett og vis kan «likna»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6QT7-RCL?i=20&cc=1325221

 

Nedst på sida les me:

 

1519 11th Avenue South

Erickson, Rena  born Norway Feb. 1869 - em. 1886 - widowed - 1 child/1 living - dressmaker

Erickson, Mattie  born Norway July 1832(?) . em. 1892 - widowed - 3 children/2 living

+ to leigebuarar

 

1900 Minneapolis, MN city directory seier Rena var seamstress og enkje etter Earl O. Erickson, medan dei påfølgjande city directories kalla mann hennar Carl E. Erickson!  Men «vår» Martha hadde vel ikkje nokon slik son, so då er nok dette eit «blindspor»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Oscar Olson, fødd i Noreg oktober 1872 og utvandra i 1880?

Han skulle då vel ikkje òg vera frå Sør-Audnedal...?

 

Name Oscar Olsen
Gender Male
Birth Date 10 Oct 1872
Christening Date 03 Nov 1872
Christening Place SPANGEREID, VEST-AGDER, NORWAY
Father's Name Rudolf August Olsen
Mother's Name Anne Guline Abrahamsdr

 

Jeg vil tro at denne Oscar Olsen er identisk med Oscar Olsen som er bosatt i Spangereid i 1910, så da må vi lete etter andre kandidater: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01036596000157

 

Jeg ser at det er to stk. Oscar Olson som står oppført som døde i Minnesota i 1901 (eller er det samme person med feil datoer?):

Oscar Olson, død 3.6.1901. Fars navn "Jno Olson": https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD62-687

Oscar Olson, død 14.8.1901 i Minneapolis: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDWP-V3B

 

Det blir litt spekulasjon, men "Jno Olson" som står oppført som fars navn kan være feilskrift for "Jens Olsen". Da er denne familien fra Grimstad veldig interessant:

 

Oscar, født 22.10.1873 i Grimstad. Foreldre Jens Olsen og Caroline Olufsdatter: https://media.digitalarkivet.no/view/807/39

Jens og Karoline Olsen med sønnen Oscar i Grimstad i 1875: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01052190000389

Samme familie i Minneapolis i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQF4-2YZ

Oscar Olson, "woodturner" i Minneapolis i 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQ64-M6M

Jens og Caroline i Minnesota i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M93M-L6L

 

Redigert: Ser at faren til Oscar står oppført som "Dreiermester" ved dåpen i 1873. Det er kanskje det samme som "wood turner"?

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld etterslekti etter Marie, so ser eg at ein etterkomar etter dotteri Maren Madaline Norstrom har levert ei ættetavle hjå ancestry.com, men vedkommande veit tydeleg ikkje noko om opphavet til slekti, so eg lyt vel ta kontakt for å spreia kunnskap...

 

Når det gjeld Oscar Olson, høyrest det verkeleg ut som om du har finne rette person.  Fødselsåret avviker rett nok med eitt år, men han var jo so mykje yngre enn Marie, so me lyt vel ha han unnskuld...

 

MEN, eg greier ikkje finna utvandringi til denne huslyden frå Grimstad, og ikkje heller finn eg vigsli til Jens og Karoline for å vera sikker på opphavi deira?  Eller er det eg som har «blingsa»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 2.3.2018 den 7.37, Grethe Flood skrev:

 

Serine Oline ble konfirmert i Værøy i 1848

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000045523

 

Hun giftet seg i Værøy i 1850

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001044473

 

Serine Oline døde i 1851

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000499936

 

Andreas Andersen giftet seg i Ørland i 1856:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000457477

 

I 1887 finner jeg Andreas i utflytterlistene for Meldal - han skulle flytte til Oppdal:

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000049007

 

Andreas giftet seg for andre gang i  Meldal i 1885:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000486409

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Når det gjeld Oscar Olson, høyrest det verkeleg ut som om du har finne rette person.  Fødselsåret avviker rett nok med eitt år, men han var jo so mykje yngre enn Marie, so me lyt vel ha han unnskuld...

 

MEN, eg greier ikkje finna utvandringi til denne huslyden frå Grimstad, og ikkje heller finn eg vigsli til Jens og Karoline for å vera sikker på opphavi deira?  Eller er det eg som har «blingsa»?

 

Jeg fant utvandringen, men vielsen klarer jeg ikke å finne.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=KRISTUT&gardpostnr=3102&personpostnr=3102#nedre

 

Emigranter fra Kristiansand 1873-1930
  Hamn Nr. År Dag Førenamn Etternamn Kjønn Stand Yrke Fødd år Alder Bustad
3097 Kristiansand 335 1882 18 Jens Olsen m G Sømand 1846 36 Eide I Sogn fglass.gif
3098 Kristiansand 336 1882 18 Caroline Olsen f G   1850 32 Eide I Sogn fglass.gif
3099 Kristiansand 337 1882 18 Oscar Olsen m U   1874 8 Eide I Sogn fglass.gif
3100 Kristiansand 338 1882 18 Carl Olsen m U   1878 4 Eide I Sogn fglass.gif
3101 Kristiansand 339 1882 18 Inga Olsen f U   1880 2 Eide I Sogn fglass.gif
3102 Kristiansand 340 1882 18 Caroline Olsen f U   1869 13

Eide I Sogn fglass.gif

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for nye spennande innlegg!

 

Det er jo heilt tydeleg at huslyden til Zakarias Andersson frå Røst har ei eller anna tilknytting til Ørlandet.  Eg ser at ogso Andreas gifte seg der i 1851 med bustad Grande!  Men eg kan ikkje sjå at mori er fødd på Ørlandet...!?

 

Elles var det kjekt å få på plass utvandringi til Oscar Olsen med foreldri.  So underleg at eg ikkje greidde å finna dei, men eg må ha «blingsa» på eitt eller anna...

 

Når det gjeld opphavi til foreldri hans, er det tydeleg ei utfordring i seg sjøl!  Eg observerer at mori Karoline er kalla OSOFSDOTTER ved fleire av barnefødslene i Grimstad, og det er nok ho som i 1845 var tenestejente i Mandal under namnet Karoline OSUF: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1002&kenr=0134&bnr=0135&lnr=000

 

Fødselsåret stemmer jo òg godt med FT1875, og no fann eg endeleg dåpen hennar i Harkmark sokn i Halse prestegjeld.  Ho er då kalla Karen Oline med fødselsdato 27.3.1845, og foreldri var Osuf Christenson og Anna Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9605/61

 

som ved FT1865 var busette som gardbrukarar på Holte i Halse/Harkmark: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1019&kenr=004&bnr=0013&lnr=000

 

Med namnet Karen Oline finn eg vigsli med dreiar Jens Olson i Arendal 27.11.1871: https://media.digitalarkivet.no/view/775/276

 

Han var son av Ole Besseson i Mandal, og hger er nok foreldri hans i 1865 på Røiseland i Halse/Harkmark: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1019&kenr=008&bnr=0022&lnr=000

 

Soleis er spørsmålet om opphavet til Oscar løyst!

 

Når det gjeld dødsfallet hans i Minneapolis, MN, so trur eg nok det er same person som er ført to gongar hjå FamilySearch, men for å vera sikker, har eg tinga kopiar!

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #32 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Eriksdotter {Høgi}, f. {i Hafslo} 18.6.1831,

Martha Eriksdotter flytte likeins til Nordland med foreldri i 1847 og gifte seg i Tromsø 10.12.1854 med Zakarias Andersson frå Stamnes på Røst (Værøy), i Tromsø kjend som Zakarias Andersen.  Han var son av gardbrukar og klokkar Anders Magnus Knutson på Stamnes, opphavleg frå Ystnes, og kona Kirstina Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – fødd kring 1802-1803! – kan ho ha vore frå Ørlandet der ho flytte som enkje i 1844? – truleg den Kirstine Oline Olsdotter Moe, husmannskone, 54, som døydde på Ørlandet 11.6.1856!? - sonen Augustinus Andersson, fødd Værøy 1835 – vart konfirmert frå Haarberg på Ørlandet i 1851 – gift Moskenes 1860!)

 

og f. på Røst (Værøy) 27.4.1827.  Zakarias var arbeidar, og han og Martha vart buande i Tromsø der Zakarias d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – katolsk mellom 1861 og 1865!?)

 

Martha Andersen var som enkje i mange år hushaldar hjå den katolske presten i Tromsø til ho i 1894 utvandra til Amerika.  Martha Anderson busette seg hjå dotter si i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 20.12.1910.  Martha og Zakarias fekk to born i lag:

a. Christine Kjerstine Zakariasdotter, kjend som Christine Anderson, f. i Tromsø 2.8.1856, var ei tid syerske i Tromsø, men utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 21.7.1888 med Theodor Olson Gulliksen frå Vigeland i Sør-Audnedal, i Amerika kjend som Theodore Gullickson.  Han var son av bakar Ole Ingebrigtson Gulliksen på Vigeland, opphavleg frå Ånnerød i Solum, Telemark, og andre kona Anna Andersdotter frå Vettesdal og f. i Sør-Audnedal 14.9.1861, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret? – 1900 census suggests 1880!)

 

     Theodore var snikkar («carpenter»), og han og Christine vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Christine d. 7.3.1900.  Theodore Gullickson d.

 

     ##### (date and place of his death? – after 1905! – San Francisco, CA 1906??)

 

     Dei fekk fire born i lag, men Christine hadde òg ein son frå før.

 

     ##### (to be verified they had no additional children? – Oscar 1889, Anna 1890, Otto 1893, Minnie 1897)

 

b. Marie Zakariasdotter, kjend som Marie Andersen, f. i Tromsø 28.9.1858, gifte seg på Bakklandet ved Trondheim 3.4.1881 med Johan Petter Andersson frå Stenkyrka i Bohuslän, Sverige.  Han var son av husmann Anders Pehrson på Krosskärr i Stenkyrka, opphavleg frå Budahlemyr i Stenkyrka, og kona Britta Johanna Nilsdotter frå Kollekärr i Stenkyrka og f. på Krosskärr i Stenkyrka, Bohuslän, Sverige 26.7.1854.  Han var komen som steinhoggar til Trondheim, men i 1882 utvandra parfolket til Amerika, og under namni John og Marie Anderson finn me dei att i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der John livnærte seg som gråsteinsmurar («stone mason»).  John d. i Minneapolis, Minn. 24.5.1896,

 

     ##### (to be verified!?)

 

     og 26.6.1897 gifte Marie seg att i Minneapolis, Minn. med Oscar Jensson Olsen frå Grimstad, i Amerika kjend som Oscar Olson.  Han var son av blokmakar Jens Olsen i Grimstad, opphavleg frå Røiseland i Halse, og kona Karen Oline, kjend som Karolina Osufsdotter frå Holte i Halse og f. i Grimstad 22.10.1873, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1882.  Oscar var tredreiar («wood turner»), og han og Marie vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Oscar d. 14.8.1901.  Marie Olson d. same staden 24.10.1922.  Ho fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

 

     ##### (to be verified?)

 

b. Joseph Ansgar Zakariasson, kjend som Ansgar Andersen, f. i Tromsø 13.3.1861,

 

     ##### (fosterbarn i Tromsø 1865 og 1875 – sidan sjømann!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her er utfordringane som no står att å løysa i denne huslyden:

 

* Opphavet til Kirstina Olsdotter - Ørlandet?

 

* Dødsfallet til Zakarias Andersen?

 

* Utvandringi til Theodore Gullickson?

 

* Lagnaden til Theodore Gullickson?

 

* Lagnaden til Joseph Ansgar Zakariasson/Andersen?

 

Eg har forresten i dag teke opp kontakt med ein etterkomar etter Otto Gullickson og vonar at vedkommande kanskje kan kasta ljos over lagnaden til Theodore og dei eldste gutane i denne huslyden.

 

So mange fleire detaljar er det vel elles ikkje so lett å finna om denne huslyden, men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld motteke ein kopi av dødsattesten til John Anderson frå Minneapolis, MN som døydde 24.5.1896.  Han var gift og døydde av tuberkulose.  Adressen er oppgjeven til 125 Nicollet (Avenue).  Denne adressen stemmer ikkje med nokon av dei fem/seks svenske John Andersons som i 1895 budde i Minneapolis, MN på den alderen, so me er vel i grunnen «like langt», men han er den EINASTE John Anderson på den alderen som døydde i Minneapolis, MN mellom 1895 og 1897, so eg vil framleis halda ein «knapp» på at det er «vår» John...!

 

Eg har òg motteke ein kopi av dødsattesten til Martha Anderson som døydde i Minneapolis, MN 20.12.1910, og ikkje overraskande er det dotteri Marie Olson som er informant, og der budde ogso Martha...  Ho må ha vore «gløymd» i FT1910...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i arbeidet med å kartleggja denne huslyden!

John Anderson death.jpg

Martha Anderson death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I kveld har eg so motteke dei to dødsattestane til dei to Oscar Olsons som døydde i 1901.  Båe er på same alder, men ein av dei døydde i Polk Co., MN (han var fødd i MN!), medan hin (fødd i Noreg) døydde i Hennepin Co., MN...

 

MEN, det heiter om båe at dei var SINGLE, so då er det eit godt spørsmål om me har finne den «rette»...?

 

Eg trur me lyt leita litt vidare...

 

Minneapolis City Directory 1900 syner Oscar Olson, turner Mpls Furn Co., res. 637 N E Spring

Minneapolis City Directory 1901 syner Oscar Olson, wood turner Mpls Furn Co., res. 637 Spring

Minneapolis City Directory 1902 syner Oscar Olson, mach opr Mpls Furn Co., res. 208 Cedar

Minneapolis City Directory 1903 syner Marie (wid Oscar), seamstress, res. 717 3rd Ave NE

Minneapolis City Directory 1905 syner Mary (wid Oscar), seamstress, res. 717 3rd Ave NE

 

Eg finn ikkje Marie i FT1905, men det kan vel ikkje vera so mykje tvil om at ho vart enkje i 1902/1903, so kvar er dødsfallet hans Oscar??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Oscar Olson, Polk Co., MN.jpg

Oscar Olson, Hennepin Co., MN.jpg

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke svar frå Statsarkivet i Tromsø med omsyn til eit eventuelt dødsfall eller skifte etter Zakarias Andersen, men diverre; dei har ingen kyrkjebøker for den katolske kyrkjelyden eldre enn den som ligg skanna på Digitalarkivet, og skftematerialet deira går ikkje langt nok attende...

 

MEN, sjømannsrullen for Joseph Ansgar Andersen har dei sendt, og denne er jo spennande.  Fili er for stor til utleggjing i Brukarforum, men her er kva som står:

 

Joseph Ansgar Andersen, Tromsø, fødd 13.3.1861 i Tromsø, konfirmert i Katolske kirken, meldt rulleføraren 17.10.1882

 

og på neste side:

 

19.7.1877 påmønstra Marie frå Tromsø til Arkangelsk, avmønstra eller avgått 10.12.1877 i Stavanger

13.8.1878 påmønstra Candace frå Arendal til Drammen og Irland, avmønstra eller avgått 15.10.1878 «Rømt i Liverpool Patentet hidsent»

 

So då er det eit godt spørsmål kvar me skal leita vidare etter Joseph Ansgar!  Ser me på FT1881 for England, finn me i Liverpool ein:

 

Joseph Anderson, 21 years, sailor, born «Bergan, Norway», men fødestaden er skriven med gjentakingsteikn etter den føregåande Isic Hulborson, 19 years, sailor, so kanskje me ikkje skal ta dette med «Bergan» so høgtideleg...!?

 

https://www.ancestry.com/interactive/7572/LANRG11_3615_3619-0095?pid=8752848&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7572%26h%3D8752848%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx5445%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx5445&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=LANRG11_3615_3619-0096

 

Kanskje har andre brukarar tankar kring dette?

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.