Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Hermundsdotter x 2 - ei fødd i Hafslo 1739 og ei fødd i Luster 1741 med bror Aamund Hermundson, fødd 1738 - hamna dei alle i Bergen eller i Sund?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er to eldre saker som eg gjerne vil ta opp i lag, ikkje at dei har noko med kvarandre å gjera, men me har med dei same uvanlege namni å gjera:

 

* Hermund Ingebrigtson (1712-1764), gardbrukar på Veum i Hafslo, var gift tre gongar, og første kona Kari Olsdotter (1716-1740) let etter seg ei dotter:

 

** Gjertrud Hermundsdotter, døypt i Hafslo 27.7.1739, levde i 1741, men er elles ukjend.

 

* Hermund Aamundson (1691-1760), gardbrukar på Bolstad i Luster, var òg gift tre gongar og hadde med siste kona Britha Andersdotter (leveår ukjend) mellom anna desse to borni:

 

** Aamund Hermundson, døypt i Luster 20.11.1738, vart konfirmert i Luster i 1756: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456757

og forsvinn herifrå kort tid etter, lagnad ukjend.

 

** Gjertrud Hermundsdotter, døypt i Luster 13.8.1741, ukjend lagnad, men konfirmantlistene for Luster manglar for 1760 og 1761!

 

Ein enkjemann Aamund Hermundson gifte seg i Årdal i 1760 og vart gardbrukar på Midtun i Årdal, men han var fødd i 1725 og er soleis ein heilt annan person.  Andre mannspersonar med denne namnekombinasjonen finn eg ikkje i heile Noreg på den tidi!!

 

Bortsett ifrå ei Gjertrud Hermundsdotter fødd i Flom i Aurland i 1734, som vart gift i Aurland og budde der, finst det ifølgje FamilySearch INGEN Gjertrud Hermundsdotter fødde på heile Vestlandet mellom 1725 og 1755 anna enn dei to eg har nemnt over, og so er det at augi mine fell på desse to vigslene i Bergen og i Sund:

 

*** 24.6.1769 i Domkyrkja i Bergen: Nils Olson og Gjertrud Hermqndsdotter, enkje: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000992449

https://media.digitalarkivet.no/view/8640/45

 

*** 5.7.1772 i Sund: Johannes Olson Lokøen, enkjemann og Gjertrud Hermandsdotter Næsse: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000837706

https://media.digitalarkivet.no/view/11688/19

 

At Gjertrud Hermundsdotter frå Veum i Hafslo hadde tilknytting til Bergen, kjem fram av det faktum at yngste halvbror hennar, Ole Hermundson «Hermansen» (1752-18??) var skolappar og budde i Bergen!

 

Merkeleg nok finn eg INGEN born fødde av nokon av dei to pari vigde i Bergen 1769 eller i Sund 1772!

 

No vonar eg at nokon i Brukarforum kanskje dreg kjensel på desse namni?  Kanskje einkvan med lokal kunnskap i Sund har høve til å sjekka ut identiteten til denne Gjertrud Hermandsdotter Næsse som gifte seg der i 1772?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

28 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

*** 5.7.1772 i Sund: Johannes Olson Lokøen, enkjemann og Gjertrud Hermandsdotter Næsse: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000837706

https://media.digitalarkivet.no/view/11688/19

 

Johannes Olsen Lokøen døper en datter Synneve 11.oktober 1772. En av fadrene er Brithe Hermansdtr. https://media.digitalarkivet.no/view/11688/31

 

Skifte etter Johannes Olsen Lokøen nevner enken Gurie Hermandsdtr og 6 barn https://media.digitalarkivet.no/view/24080/189

Guri i FT 1801, gift andre gang, alder er oppgitt til 60 år http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011245&gardpostnr=77&personpostnr=1797#nedre

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Utifrå dei opplysningane som du Lars har finne om jenta i Sund, er det tydeleg at ho IKKJE kan vera nokon av dei to «kandidatane» mine.  Namnet ved vigsloi er tydeleg feilskrive, Gjertrud i staden for Guri, og ingen av dei to «kandidatane» mine hadde noki søster Britha!

 

Og med omsyn til Gjertrud Hermundsdotter gift i Bergen som enkje i 1769, spekulerer eg på om dette kan ha vore ho som alt 1.1.1739 var enkje og som då gifte seg med ein John Arneson:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=2187&merk=2187#ovre

 

Ein John Arneson døydde i Bergen og vart gravlagd 11.4.1767 - kanskje var han mann hennar?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=13523&merk=13523#ovre

 

Når det so gjeld dei to «kandidatane» til deg Ivar, so er jenta i Stangvik SVÆRT interessant.  Det var ei viss flytting frå indre Sogn til Møre og Romsdal på den tidi, og utan å vita om det finst mogelege alternativ i Stangvik for fødsli til denne Gjertrud, bør me nok studera ho litt nærare...

 

Elles ser eg hjå FamilySearch at det var ei Gjertrud Hermundsdotter døypt i Trondheim 27.12.1739, og ogso ei døypt på Leka 15.11.1739, so kanskje det var ei av dei som er nemnd på tukthuset i Trondheim i 1768?

 

Som sagt, Gjertrud Hermundsdotter i Stangvik er interessant, og hjå FamilySearch finn me i alle fall to av vigslene hennar:

 

* Stangvik 22.10.1786 med Ole Einerson: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001626022

 

* Stangvik 22.5.1791 med Johannes Olson: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001626198

 

No ser eg at kyrkjebøkene for Stangvik ikkje børjar før i 1784, so det kan vera ei òrsak til at me ikkje finn nokon dåp for Gjertrud der!?  Eg ser av FT1801 berre ein annan Hermunds-son eller -dotter i Stangvik, ein Johan Hermundson på 57 år:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058430001879

 

Han kan jo teoretisk ha vore ein bror...?

 

Kanskje finst det ei bygdebok for Stangvik som kan hjepa oss vidare?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av desse huslydane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.