Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars «Louis» A. Hill (1863-1928) - busett i Washington state - andre vigsli hans kring 1902/1903 - seinare lagnad til første kona Constance?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

 

Dette er ei «underleg» utfordring frå staten Washington som eg vonar at nokon kan sjå på og kanskje hjelpa meg med å løysa?

 

Lars Andreasson Aasen alias Louis A. Hill, fødd i Hafslo 11.9.1863, utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg første gongen i Seattle, WA 15.11.1890 med Constance Emelia Lien, fødd i Renville Co., MN 23.11.1871.  Men dei vart skilde alt kring 1893.  Det er noko uklart kva som skjedde dei følgjande åri, men me veit at Louis ei tid budde i Juneau, Alaska!  I 1901 kom han heim på vitjing for i 1902 å utvandra på ny.

 

Han skal ifølgje etterkomarar i Washington ha gift seg kring 1903/1904 med Karoline Marie Andersdotter Aarnes frå Årnes i Lurøy, i Amerika kjend som Caroline M. Anderson.  Ho var f. i Lurøy 13.8.1874, men utvandra til Amerika i 1903.  Dei busette seg i Tacoma, Pierce Co., WA og to born vart fødde:

 

* Anna Bergitte Hill, fødd i Pierce Co., WA 23.11.1905 - etterslekt er kartlagd!

 

* Elmer August Hill, fødd i Pierce Co., WA 23.9.1908 - etterslekt er kartlagd!

 

Men det «underlege» er at denne vigsli ikkje er å finna nokon stad!  Derimot finn me at:

 

L. A. Hill of Alaska and Mrs. S. E. Satterwhite of Missouri løyste «marriage license» i Seattle, WA 29.9.1906: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89V6-88PC?i=41&cc=1534448

medan sjølve vigselsattesten seier han heitte S. A. Hill: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9F5-S3LR?i=72&cc=1534448

 

Kan det tenkjast at Louis A. Hill har ført eit «dobbeltliv» med ei kone i Seattle, WA og ei «kjæreste» i Tacoma, WA?  Eller er brudgomen i Seattle, WA ein heilt annan person?  Kvar er i so fall vigsli til Louis og Caroline Anderson??

 

Her er Louis Hill med kone «Leana» i Tacoma, WA i 1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYX-NRM?i=13&cc=1727033

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Skilsmissen fra C E Hill omtales 30 Jun 1896

1896.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Stine H Kvistad

4 Apr 1897 - The Seattle Post-Intelligencer, datteren het Mabel

 

 

Hill.JPG

Hill2.JPG

Hill3.jpg

hill4.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

11 Apr 1897

11 Apr 1897.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Name:Mabel Serena Hill

Gender:Female

Birth Date:13 Aug 1891

Birth Place:Stanwood, Snohomish, Washington, USA

Father:Louis A Hill

Mother:Constance E Lien

 

Name:Mabel S Crawford

Gender:Female

Age:94

Birth Year:abt 1891

Residence Place:King, Washington, USA

Death Date:24 Sep 1985

Death Place:King, Washington, USA

 

Home in 1920:San Francisco Assembly District 32, San Francisco, California

 

Household Members:

NameAge

James R Crawford41

Mabel S Crawford28

Constance A Parker48

Roy C Hill11

Emil Dietrich 42

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

16 Nov 1919 San Francisco Chronicle

 

 

16 Nov 1919.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Constance.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Herbert.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Stine for nye spennande og svært nyttige innlegg!

 

For det første kan me avskriva L. A. Hill «of Alaska» gift med Mrs. Satterwhite som «vår» Louis!

 

Då ser det ut til at Louis likevel ikkje først eit «dobbeltliv», men like fullt sit me att med spørsmålet om vigsli til Louis A. Hill med Caroline Anderson!?  FT1910 seier dei hadde vore gifte i 8 år, d.v.s. at dei gifte seg same år som ho utvandra - i 1902??

 

Elles var det overraskande å lesa om «kampen» mellom Louis og Constance om foreldreretten til Mabel.  Frå før veit eg at Mabel voks opp hjå mor si i San Francisco, CA, men som sagt, denne «maktkampen» var ny for meg!

 

Eg har jobba mykje med biografien til Louis A. Hill og har no «reinskrive» manuskriptet mitt, der det går fram kva detaljar som nøyaktig manglar pr. idag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Andreasson {Aasen}, f. {i Hafslo} 11.9.1863,

Louis A. Hill utvandra til Amerika i 1883 og budde først nokre år som farmarbeidar («farm laborer») i Camp Lake township, Swift Co., Minn., men flytte kring 1888 vestover og gifte seg første gongen i Seattle, Wash. 15.11.1890 med Constance Emelia Lien, f. i Renville Co., Minn. 23.11.1871.  Louis var servitør («bartender»), og han og Constance budde ei tid i Stanwood, Snohomish Co., Wash., men flytte kring 1893 til Oakland, Alameda Co., Cal.  Louis og Constance vart skilde i 1896, og Constance gifte seg 20.3.1897 att i Seattle, Wash. med Herbert Montgomery Parker, f. i San Francisco, Cal. 11.6.1865, men oppvaksen i Olympia, Thurston Co., Wash.  Herbert var skipsførar («steamboat captain»), og han og Constance budde i San Francisco, San Francisco Co., Cal., men vart skilde 31.12.1900, «århundrets siste skilsmål», som avisa i San Francisco uttrykte det dagen etter.  Herbert flytte attende til Olympia, Thurston Co., Wash. og derifrå til Manchester, Kitsap Co., Wash., men d. i Seattle, Wash. 3.12.1947.  Constance flytte i 1901 i lag med Enrico, kjend som Rick DeBernardi, f. i San Francisco, Cal. 10.6.1870.  Rick og Constance vart buande ei tid i San Francisco, San Francisco Co., Cal. der Rick livnærte seg som vognmann («hackman»), men flytte kring 1908 til Reno, Washoe Co., Nev. der Rick DeBernardi var hotelleigar («hotel and resort owner and operator»).  Constance var i Reno, Nev. best kjend som Hazel Ward, men skreiv seg som regel Constance Parker.  Rick og Constance skilde lag kring 1918, men Rick vart buande i Reno, Washoe Co., Nev. der han sidan livnærte seg som ranchar, farmar og arbeidar («rancher, farmer and laborer»).  Han d. i Reno, Nev. 6.11.1948.  Constance flytte attende til San Francisco, San Francisco Co., Cal., men gifte seg att

 

¤¤¤¤¤ (date and place of Constance's last marriage? – after 1924/prior to 1929! – met Roy Cox in a lumber camp in Northern California!)

 

med Roy

 

¤¤¤¤¤ (middle name?)

 

Cox, f.

 

¤¤¤¤¤ (date and place of his birth?)

 

¤¤¤¤¤ (Oct 1929 census shows Roy Cox, 50 KY  US  US  road work contractor, wife Constance, 50 ND  Nor  Nor at Juneau, AK)

 

Han og Constance budde i Juneau, Alaska, men Constance d. i Stanwood, Wash. 10.4.1934.  Roy Cox vart buande i Juneau, Alaska der han

 

¤¤¤¤¤ (occupation in Juneau? – in the lumber business?)

 

¤¤¤¤¤ (date and place of his death? - 1950’s or 1960’s?)

 

Louis Hill flytte etter skilsmålet frå Constance til Everett, Snohomish Co., Wash. der han ei tid livnærte seg som krovert («saloon keeper»).  Louis kom første gongen heim på vitjing i 1901, men utvandra att i 1902 og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (date and place of his 2nd marriage? - Seattle about 1902/1903?)

 

att med Karoline Marie Andersdotter Aarnæs frå Årnes i Lurøy, Nordland, i Amerika kjend som Caroline M. Anderson.  Ho var dotter av gardbrukar og tømmermann Anders Andersson på Årnes, opphavleg frå Skotvold i Melhus, og kona Barbro Marie Mikkelsdotter Messing frå Stoksvik i Lurøy og f. i Lurøy 13.8.1874.  Ho utvandra til Amerika i 1903.  Louis arbeidde ei tid som snikkar («carpenter»), medan Caroline var syerske («dressmaking shop operator»), og han og Caroline budde i Tacoma, Pierce Co., Wash., men flytte i 1915 attende til Seattle, King Co., Wash.  Louis og Caroline vart skilde i

 

¤¤¤¤¤ (year of their divorce? - about 1918? - or maybe they just separated? - Caroline since a member of Emmanuel Lutheran Church in Seattle, Wash.)

 

og Louis var sidan televerksarbeidar («telephone company worker»), men både han og Caroline vart buande levetidi ut i Seattle, King Co., Wash.  Louis Hill var heime på besøk fleire gonger, i 1922, 1924 og siste gongen i 1926, men fór kvar gong attende til Seattle, Wash. der han vart skoten og drepen på ope gate 16.1.1928.  Caroline Hill d. same staden 26.11.1961.  Louis Hill fekk tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre, men første kona adopterte òg ein son:

a. Mabel Serena Hill, f. i Snohomish Co., Wash. 13.8.1891, d. i Redmond, Wash. 24.9.1985.  Ho gifte seg i San Francisco, Cal. 15.11.1919 med James Robert Crawford, f. i Lamoille Co., Vt. 25.4.1878.  Han d. i Seattle, Wash. 12.1.1964.  James Crawford var sjøkaptein («sea captain»), men han og Mabel budde først ei tid i San Francisco, San Francisco Co., Ca. der James livnærte seg som pelshandlar («furtrade manager»).  Sidan flytte dei til Stanwood, Snohomish Co., Wash. og derifrå til Seattle, King Co., Wash.  Dei var barnlause.

b. Roy Constant Hill, adoptivson av Constance, var f. i San Francisco, Cal. 29.11.1908 og d. i Seattle, Wash. 4.9.1976.  Han gifte seg første gongen i Olympia, Wash. 27.3.1933 med Mildred Edna Miller, f. i Erie Co., N.Y. 23.1.1912.  Ho d. i Goliad, Tx. 31.5.2001.  Dei vart skilde i 1935, og Mildred flytte til Juneau, Alaska der ho i 1942 gifte seg att med William Barron.  Roy gifte seg att i Seattle, Wash. 10.2.1936 med Virginia Margaret Barnes, f. i Multnomah Co., Ore. 4.6.1913.  Ho d. i Leavenworth, Wash. 19.1.2014, vel 100 år gamal.  Roy Hill var tannlækjar («dentist») og budde i Portland, Ore., medan han var gift med Mildred.  Sidan var han mellom anna busett i Waitsburg, Walla Walla Co., Wash., på Honolulu, Hawaii og i Nebraska, men budde i mange år i Stanwood, Snohomish Co., Wash. og sidan i Bellevue, King Co., Wash.  Han fekk to born, ein son frå første ekteskapet og ei dotter frå det andre.

c. Anna Bergetta Hill, f. i Pierce Co., Wash. 23.11.1905, d. i Tacoma, Wash. 21.4.1987.  Anna gifte seg første gongen i Tacoma, Wash. 3.1.1931 med Velmer Afton Winn, f. i Douglas Co., Wash. 20.6.1906.  Velmer var byggmeister («building contractor»), og han og Ana budde i Tacoma, Pierce Co, Wash. der Velmer d. 3.1.1944.  Anna gifte seg 14.12.1950 att i Tacoma, Wash. med enkjemannen Rexford Nathaniel, kjend som Rex N. Harrington, f. i Mitchell Co., Ks. 23.12.1893.  Han d. i Tacoma, Wash. 26.5.1973.  Ogso Rex var byggmeister («building contractor»), og han og Anna budde òg i Tacoma, Pierce Co., Wash.  Anna fekk to søner, båe frå første ekteskapet, medan Rex hadde tre døtrer frå første ekteskapet sitt.

d. Elmer August Hill, f. i Pierce Co., Wash. 23.9.1908, d. i Seattle, Wash. 12.6.1993.  Han gifte seg første gongen i Seattle, Wash. 6.5.1939 med Ailleen Odetha DeVault, f. i King Co., Wash. 26.10.1908.  Ho d. i Seattle, Wash. 24.2.1969, og Elmer gifte seg att i Seattle, Wash. 23.12.1971 med Helen Virginia Thode.  Ho var f. i Peoria, Ill. 4.4.1905 og d. i Seattle, Wash. 29.5.1989.  Helen var kontordame («office supervisor»), medan Elmer var sjukehusstyrar («hospital manager»).  Han budde levetidi ut i Seattle, King Co., Wash. og fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

I tillegg til vigsli mellom Louis og Caroline manglar eg òg detaljar kring Constance Hill Parker's siste ektemann, Roy Cox, men let det seg gjera finna ut meir om han?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Stine H Kvistad

Feb 1928.JPG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for siste innleggi som gjeld drapet på Louis Hill i 1928.  Det går mange soger om dette drapet, ogso i Noreg, men me lyt vel halda oss til dei «nakne» faktaopplysningane...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank Marton Pedersen
Skrevet (endret)

 

Seattle Daily Times

Tuesday, January 17, 1928
Seattle, Washington
Page:  
2

 

 

 

 

 

 

Capture - Del 1.PNG

Capture - Del 2.PNG

Endret av Frank Marton Pedersen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.