Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Øyanes påskenøtt 2018 #1 - Johannes Christopherson Mørkrid - fødd i Luster 1840 - konfirmert i Luster 1856 - kvar i all verdi vart det av denne guten? - Amerika eller Gudbrandsdalen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Gardbrukar Christopher Andersson (1806-1896) og kona Gjertrud Sørensdotter (1814-1871) på garden Mørkrid i Luster fekk fem born i lag; fire av dei var:

 

* Anders alias Andrew Christopherson (1837-1912) - utvandra til Amerika i 1862 og farma i Vernon Co., WI

 

* Søren Christopherson Mørkrid (1839-1875) - tok over heimebruket, var gift, men døydde barnlaus.

 

* Metta Kirstina alias Kirstina Christophersdotter (1842-1897) - gifte seg med gardbrukar Hans Schjeldrup Otteson Fjøsne (1832-1909) og var frå kring 1877 gardbrukarar på Austreim i Vågå, Gudbrandsdalen.

 

* Ingvald alias Ingwald Morkri (1845-1937) - utvandra til Amerika i 1870 og farma i Crawford Co., WI

 

Femte barnet var denne sonen:

 

* Johannes Christopherson, fødd i Luster 19.11.1840.  Han vart konfirmert i Luster i 1856 (#38): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/129

 

Eg finn ikkje Johannes korkje gift eller avliden i Luster, so då er spørsmålet kort og godt:

 

* Kvar i all verdi vart det av han?

 

Følgde han broren Anders til Amerika eller kanskje flytte han til Gudbrandsdalen der søsteri budde og der også faren budde dei siste leveåri sine?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!  God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Er det Ulvig han flytter til i 1861 ? (nr. 257)

 

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1860-1870, s. 235
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070305670369

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Carsten for eit kjempemessig innlegg!

 

I samband med ei utvandringsanalyse som eg gjorde for Luster i 1973 eller 1974, gjekk eg detaljert gjennom utflyttingslistene for Luster for å plukka ut alle emigrantane til Amerika, og no oppdagar eg at presten har lurt meg på denne «gjengen» frå 1861!

 

Det står nemlig at Endre Gauteson Væverlie, fødd 26.4.1843, flytte TIL ULVIG i 1861, MEN det som tydeleg er meint, er at Endre Gauteson Væverlie, fødd 26.4.1843 I ULVIG (for det var han!!), utvandra til AMERIKA i 1861, for der dukka han nemlig opp eit par år etter som farmar i Crawford Co., WI.  Og ser me på dei neste fire personane på lista, Gjertrud Gjertsdotter Yttri, dotteri Kari Trondsdotter samt dei to døtrene hennar, Gjertrud Olsdotter og Johanna Johannesdotter, so flytte dei òg til Amerika på same tid, utan at eg har før har finne noko nøyaktig utvandringsår på nokon av dei!

 

Denne oppdagingi er soleis heilt eineståande, og eg er svært glad for at du Carsten fann denne innførsli!  Det må nemlig vera slik at ogso Johannes Christopherson Mørkrid og den etterfølgjande Anders Asbjørnson Lindgjerde òg utvandra til Amerika i 1861!  Johannes var soleis den første som fór av denne søskenflokken frå Mørkrid, og leitingi etter lagnaden hans kan soleis konsentrerast i Amerika!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av lagnaden til denne unge mannen frå Luster og fortsatt God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.