Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Øyanes påskenøtt 2018 #5 - Tyri Estensdotter «frå Røros» - fødd i Os, Tolga 1869 - skal ha utvandra 1885 - kvar voks ho opp og kven var foreldri hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Dagens påskenøtt tek oss til Nord-Austerdalen og derifrå til Amerika:

 

Torger Johnson, fødd i Luster 7.1.1838, utvandra til Amerika i 1858 og vart som enkjemann attgift i Clayton Co., IA 20.3.1888 med ei jente som då kalla seg for:

 

TILDA OLSON.  Ho oppgav vera fødd på RØROS 7.5.1869 som dotter av Esten Olson og Eli Thorsdotter og skal ha utvandra i 1885(?).  Ho vart enkje alt i 1889, men gifte seg att og døydde i Richmond, CA 29.1.1953.

 

Eg har no oppdaga at denne jenta i røyndi heitte:

 

TYRI Estensdotter, og ho var fødd «uekte» i Os, Tolga 7.5.1869.  Foreldri var ungkar Esten Olson Oseng og jenta Elia Thorsdotter Faaset:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8907/104

 

Kan dette vera mori: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0436&kenr=005&bnr=0013

 

Kan dette vera faren: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0436&kenr=011&bnr=0005&lnr=000

 

Er det mogeleg utifrå dei føreliggjande opplysningane å svara på desse spørsmåli:

 

** På kva plass/gard voks Tyri Estensdotter opp?

 

** Kva år utvandra ho til Amerika?

 

** På kva plass/gard var faren Esten Olson oppvaksen og kvar budde han med kva yrke i vaksen alder?

 

** På kva plass/gard var mori Elia Thorsdotter oppvaksi og kvar budde ho med kva yke i vaksen alder?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ønskjer ein God Påske!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** På kva plass/gard var faren Esten Olson oppvaksen og kvar budde han med kva yrke i vaksen alder?

 

Bygdebok for Os : bygda og folket. B. 1 : Bygda og folket

 

5abd2c6d30ef3_Skjermbilde2018-03-29kl_20_07_54.png.293ee93f01d36611c49f2eccc2de9039.png

5abd2c74a70f8_Skjermbilde2018-03-29kl_20.06_20.png.2cfa47d84133e80a2e1f6039f61246a5.png

5abd2c77181ad_Skjermbilde2018-03-29kl_20_06_35.png.a73a1081b0845b37e9cbff02188e3fa8.png

 

5abd2c79626ef_Skjermbilde2018-03-29kl_20_05_47.png.8bb48be8eddcd1e3d3730d389ee0c678.png

5abd2c7ba09c4_Skjermbilde2018-03-29kl_20_09_28.png.34ae2ffda882ef119d0f2322a94af8f4.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** På kva plass/gard var mori Elia Thorsdotter oppvaksi og kvar budde ho med kva yke i vaksen alder?

 

Hun ser ut til å være omtalt i et bind av bygdebøkene som ikke er digitalisert ennå. I tillegg til Thyra fikk hun en datter Berit Kristine i 1878: https://media.digitalarkivet.no/view/22382/9

 

5abd2eafe393a_Skjermbilde2018-03-29kl_20_21_12.png.152f0803257e4f503b4c3cabed5b25e7.png

 

Elia utvandret sammen med Thyra i 1885 (jf. også lenken til kirkeboken i #5): https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000085850

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Kurt og Lars W. for interessante og nyttige innlegg.

 

So vidt eg kan sjå, er det kome svar på alle spørsmåli mine, og sjølv om det ikkje gjennom bygdeboki er stadfest at Elia Thorsdotter var frå garden Nøren, kjem det fram av referansen i innlegg #7 og dåpen hennar i innlegg #5.

 

Problemet er soleis løyst, og eg er kjempenøgd!  Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!  Fortsatt God Påske!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.