Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Lars Andersson - fødd i Luster 1817 - utflytt til Byrknes i Gulen i 1833 - men forsvinn for oss! - kvar i all verdi vart det av han?


Recommended Posts

Lars Andersson (Høyum) vart døypt i Luster 10.8.1817 som «uekte» son av Martha Larsdotter frå plassen Frydenberg under garden Bruheim i Jostedalen (1786-1861) og seinare husmann Anders Torbjørnson i Bjørkestegen under Hengesteg i Luster (1781-1867).  Lars voks opp utan søsken, og i 1833 flytte han til Byrknes i Gulen for å tena:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/277

 

Han vart konfirmert i Gulen same år:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11451/147

 

Ein Lars Andersson frå Byrknes på nesten same alder gifte seg i Gulen 23.7.1844, men han kan det vel ikkje vera:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11452/221

 

Kvar vart det so av den unge guten frå Luster?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
  • 4 uker senere...

Her er det en Lars Andersen med samme dåpsdato som "din" Lars som flytter fra Gulen til Bergen i 1841.

 

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 20, 1837-1847, s. 330
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070305360062

 

Hjarteleg takk til Carsten for eit spennande innlegg!

 

Då kan me i alle fall følgja Lars eit «steg» vidare, til Bergen, men kvar kan han so ha gjort av seg?

 

Eg har ikkje finne noki vigsle for han i Bergen, men det finst jo mange alternativ for kva han kan ha finne på i neste omgong!

 

Det vert utan tvil ei kjempeutfordring å finna lagnaden til denne guten frå Luster, men eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte!  Eg vert so ofte positivt overraska over alt de greier å finna...!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.